Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 26. mars 2010

12. Post Scriptum

Me går inn i den stille veka nå. Det gjer og bloggen min. Eg har gjennomført det eg sette meg føre i bloggen : Grava djupare i "Mi Tid" . 
Takk til dei som lot høyra frå seg med morosame, avklarande eller kristiske kommentarer til dei siste 11 bloggane mine. Hyggeleg at nokon orka lesa mine navlebeskuande, og ofte altfor lange innlegg.
Likevel, eg skreiv dei mest for min eigen del. Ein måte for meg å bruka ei rekonvalesens tid på. Og ein slags terapi også for ei forvridd sjel, som ennå knaskar antibiotika, men er komfortabel med det.
God Påske!

1 kommentar:

  1. All ære til deg som kan, vil og tør opne deg på denne måten for alt folket. Vonar det er unødvendig med fleire operasjonar og påfølgjande rekonvalesenstid for at me skal få høyre meir frå deg på bloggen!

    God påske!

    SvarSlett