Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
fredag 24. april 2026
Då verda sletta kvitosten
Eg stirer rett ned på den kvite bordflata. Eg veit han ligg der. Eg har nett halde han i handa, kjent den kalde, voksaktige overflata mot fingrane. Men nå? Borte. Bordet er ei flate av absolutt ingenting. Eg mønstrar kvar kvadratcentimeter som om eg leita etter ein bortkomen atompartikkel. Det er då eg hentar fram mi faste livsløgn: «Menn kan ikkje leita, det er berre slik me er skapte.» Det er lettare å tru på det enn på at røyndomen driv og slettar objekt frå synsfeltet mitt.
Men fingrane veit betre. Dei vandrar over bordet, søkande, heilt til dei støyter mot noko fast og kaldt midt i det store, tomme tåkefeltet. Der er han jo. Kvitosten.
Det er ikkje berre på kjøkkenet det dukkar opp slike hol i tilværet. Den gode, gamle boka har òg blitt eit offer. Å bla i papirsider er i dag mest som å stirre inn i ei kvit skodde. For å finna att gleda ved litteraturen, må eg over på skjerm – der bakgrunnslyset skin sterkt og fontane er store nok. Lydbøker? Nei, dei frustrerande opplesarane gjer meg berre uvel med sine merkelege tonar og tempo. Eg vil ha orda sjølv, om eg så må blåsa dei opp til plakatformat.
Rundt om i huset har eg lenge hatt små, digitale hjelparar som leitar for meg og som eg samtalar med. Eg ser på dei som eit slags stille beredskap. Glaukomen har nemleg sin eigen takt, ein stødig marsj som eg ikkje har kontroll over. Han spør ikkje om lov; han berre flyttar om på verda mi i sitt eige tempo.
Så skjer det i stova. Ei umerkeleg rørsle med handa, og så lyden av porselen som smell mot parketten. Ein mørk foss av kaffi breier seg utover. Eg såg ikkje koppen før han låg der i bitar.
Ned på alle fire. Kneet finn ein våt flekk, og eg byrjar å krypa. Eg dreg fingeren over golvet, kjenner etter fukta, og tørkar opp det vesle eg klarar å få auge på. Der sit eg, ein vaksen mann på kne, og prøver å berga det som er att av ettermiddagsfreden medan eg leitar etter svarte flekkar på eit mørkt teppe.
Det er i desse stundene, med kaffi på buksa og ein kvitost som leikar gjømsel, at alvoret bit mest. Og då førarkortet vart liggjande att i skuffa for godt. Eg er ikkje lenger han som styrer maskina; eg er passasjer i min eigen kvardag, avhengig av at teknologien og hendene mine finn vegen som auga av og til nektar å sjå.
Men når eg reiser meg opp att, noko stiv i knea og med kaffilukt i nasa, må eg smile. Verda er kanskje i ferd med å bli litt meir tåkete, men ho er i alle fall aldri kjedeleg.
Ha ei god dag – og hald godt fast i både fontstørrelsen og kaffikoppen!
Å måle nissen på fotefara
Det er rart korleis dei djupaste sanningane ofte gøymer seg i det aller minste? Vi skrur tida tilbake til slutten av 1960-talet. For meg var dette ei formande tid i grunnforskinga sin verden, prega av ei rein sanningsøking etter strukturane inne i atomkjernane. Teoretikarane sat jo på kontora sine og klekte ut dei mest finurlege modellar for korleis universet fungerte, men papir er no eingong papir. Nokon laut jo faktisk brette opp ermane og teste ut om desse modellane stemte med røyndommen.
Grunnforsking er eit puslespel der fleire hender må til. Vi var eit lite, men dedikert team: ein god medstudent og meg sjølv, med to professorar i ryggen – éin norsk og éin amerikansk. Saman utgjorde vi eit fellesskap av eksperimentalfysikarar. Eg bidrog på mitt vis, og det gav ei djup glede å få leggje ein handfast stein på lasset i denne kunnskapsbygginga.
Men, før eg slår på lyset i mikroskopet, må eg spola ørlite tilbake. For korleis hamna eg eigentleg der i femte etasje på Fysikkbygget i Bergen, med stiv nakke og stirrande blikk?
Heile historia starta tvers over Atlanteren, ved MIT i Boston. Der borte hadde dei maskinkrafta som skulle til for å leika med sjølve byggjeklossane til universet. Målet var grunnstoffet Tellurium. Ammunisjonen vår, D₂, henta vi frå noko som truleg er mest kjent frå krigshistoria, nemleg som ein del i tungtvatnmolekylet – D₂O. Eit slikt deuteron er ein kompakt liten kjerne som består av eitt proton og eitt nøytron. Desse skaut vi i ein rasande fart rett mot Tellurium-blinken.
Når eit slikt deuteron smeller inn i ein kjerne avTellurium, skjer det ein heilt spesifikk kjernefysisk stripping-reaksjon, som det heiter på fagspråket. Det er ei elegant lita utveksling. Telluriumkjernen opptrer grådig, svelgjer nøytronet og innlemmar det i seg sjølv. Men protonet frå deuteronet får ikkje vere med på festen; det susar vidare og blir sendt ut av reaksjonen med ein spesifikk fart.
Om ein klarer å fange dette utgåande protonet, sit ein brått med fasiten. Spora etter protona vart fanga på små fotografiske glasplater – og det var desse platene eg hadde tatt med meg heim att over havet i eit firepropellars SAS-fly som var for stort til å lande på Fornebu, men på Flesland var det plass. Så det høvde jo meg godt.
Det låg ein skarp, rein dunst av sprit i skannerommet. For å unngå falske observasjonar under lupa, måtte den fotografiske emulsjonen vaskast og rensast med den aller største varsemd. Til dette brukte vi rektifisert sprit. Som eit lite apropos kan ein vel nemne at denne spriten var av ein slik sjeldan høg kvalitet at han heilt fint kunne nyttast til andre, meir sosiale formål enn reinhald òg – men det blir ei heilt anna historie. Nå var det uansett berre plater og presisjon som gjaldt.
Ute var det 1968. Viss eg hadde opna vindauget og spissa øyrene, kunne eg kanskje ha innbilt meg eit fjernt ekko av taktfaste rop og brustein mot asfalt nede i Europa. Der ute bygde jamnaldrande studentar barrikadar. Dei raste mot systemet og ropte på samfunnsomvelting. Men eg sat her oppe i den stille eimen av framkallingsvæske og sprit, bøygd over ei lita glasplate, og let meg velte heilt over ende av eit atom.
Eg rulla metallhjulet på mikroskopet ein brøkdel av ein millimeter til venstre, og der, midt i den mørke emulsjonen, låg det. Eit syltynt spor av sølv.
Eg flytta blikket sakte langs sporet. Lengda av sporet kunne ved hjelp av litt matematikk, seia noko om energien protonet hadde hatt. Det fanst ingen blinkande dataskjermar med enorm kapasitet, ingen kunstig intelligens til å ta dei tunge løfta og rekne ut svara for meg. Det var berre meg, eit stykke glas med fotografisk emulsjon på, ein skarp blyant, ein bordreknemaskin og eit stykke papir.
Eg noterte lengda på sporet. Dette var restenergien. Så byrja eg å rekna.
I det blyanten vandra over papiret, fann eg roen ved at matematikken gjer akkurat det han skal, heilt utan fakter og store ord. Der eg voks opp i bibelbeltet, vart ein gjerne fortalt at ein laut ha blind tru på ting som verken kunne sjåast eller vegast. Men kjernefysikken lærte meg at du treng slett ikkje tru på nissen viss du har verktøy for å måle fotefara hans. Matematikken driv ikkje med mystikk, og han krev inga blind underkasting. Tala lyg aldri, og dei skiftar ikkje meining alt etter kven som ropar høgast i forsamlingshuset.
Matematikken trekte berre ein beinhard, logisk strek frå sølvsporet på filmen og rett inn i hjartet til den nyskapte telluriumkjernen. Tala synte meg nøyaktig kor mykje energi nøytronet hadde lagt att, og korleis det hadde funne sin faste plass i sin rette bane inne i atomkjernen. Alt gjekk opp.
Kven treng vel brennande buskar eller himmelske katedralar når universet opnar heile maskinrommet sitt på ein krakk i Bergen? Røyndommen var ingen gåte ein måtte halda seg passiv og undrande til.
Då lyset i mikroskopet endeleg vart slått av for dagen, vart eg sitjande litt i halvmørkret. Eg laut berre puste ut. Summere opp og få ting på plass i hovudet. Kjenne at eg verkeleg tok inn over meg alt det dette enkle kikeholet nettopp hadde synt meg. Det brusa av ei intens, rein glede i brystet, ei djup ro over at alt faktisk hang logisk saman. Verda var ikkje overlaten til lunefulle makter.
Eg pakka sakte saman papira mine. Ute gjekk kanskje sola ned over rykande barrikadar og rasande massar nede på kontinentet. Dei store slaga stod sikkert i gatene, og barrikadane i Paris fekk berre vere. Eg reiste meg frå krakken og kjende at den aller største og vakraste omveltinga hadde funne stad akkurat her inne – i ei lita stripe av sølv, og i mitt eige hovud.
Det var blitt seint. Utanfor instituttet stod mopeden min. Eg tråkka han i gang og navigerte heim mot studenthybelen. Grunnforsking er ingen ni-til-fire-jobb.
lørdag 18. april 2026
Med heimabrygg, trasiga skor og Cornelis på nachspiel
Han var sju år eldre enn meg, men då han gjekk på scena på NHH i Bergen midt på 60-talet, fanst det ingen avstand mellom oss. Cornelis var allereie lydsporet til ungdomstida vår, og visene hans svirra tungt i studentmiljøet. Vi kunne tekstane på rams, strofe etter strofe. Dei sat som støypt.
Når vi samla oss til fest på Hatleberg, var oppskrifta alltid den same, og ho slo aldri feil. Det sat alltid ein eller annan i kroken med ein kassegitar i fanget, det gjekk raust i heimabrygg frå ymse kantar, og det var heilt garantert meir enn éin av oss som trødde rundt i «trasiga skor». Vi var midt i vår tid, og Cornelis sette ord på alt saman.
Men det som verkeleg har brent seg fast, var det som skjedde etter konserten den kvelden. Sjølvaste Cornelis vart like godt med oss vidare på nachspiel. Tett på, i eit rom fylt av sigarettrøyk, studentar og natt, greip han gitaren. Eg hugsar enno tyngda i stemma hans då han song at du kan ingenting ta med deg dit du går.
Det låg ei djuptfølt sanning i dei orda, spesielt når dei kom frå han. For Cornelis levde verkeleg slik han song. Det var liten forskjell mellom liv og lære. Han gav alt til musikken og folket, og det vesle han eventuelt klarte å samle seg av jordisk gods, det kom futen raskt og tok frå han.
Då han altfor tidleg gjekk ut av tida i 1987, var lommene hans kanskje tomme, men du verda for ein rikdom han la attende til oss andre. Mannen er borte, men musikken lever i beste velgåande, like slitesterk og ærleg i dag.
I kveld skal eg på konsert igjen for å høyre desse visene. Eg gler meg stort. Det blir eit gjenhøyr med gamle vener, og kanskje kjem eg til å lukke auga eit lite sekund for å mane fram smaken av heimabrygg og lyden av ein ekte trubadur på eit studentrom i Bergen
søndag 12. april 2026
Kunsten å eta tørrfisk aleine
Fingrane famla i det kvite rimet heilt nedst i fryseboksen før dei lukka seg om noko hardt og knudrete. Eg lyfta han opp i lyset. Ein liten bit til ein svolten mann. Vi stod der og følte på kvarandre; to vêrbitne karar med tørr hud og mange år på baken. Kven av oss som var mest uttørka, fekk bli ei sak mellom meg og speilet, men det var han som hamna i skåla for utvatning.
Eit døgn seinare gav han etter. Den treharde motstanden var bytt ut med noko mjukt og ettergjevande med oppblåst volum. Det var i alle fall han som endra seg mest.
I kasserollen tjukna kålstuingen, medan baconet i panna sende små, varme spritar av feitt mot kjøkkenflisene. Brått skar ein skingrande tone gjennom rommet. Komfyrvakta var ikkje nådig; han tolte ikkje den feite, tunge steikeosen som steig i spiralform den strake vegen mot taket.
Midt i spetakkelet song dørklokka. Då eg glytta på døra, velta ein frisk søraustleg vind inn i gangen, men han kom ikkje lenger enn til dørstokken. Der møtte han veggen. Den fortetta dunsten av kokt tørrfisk og baconfett stod som ein usynleg mur heilt ut til terskelen.
Dei spontane gjestene bråstoppa. Auga deira smalna i osen, og nasen krølla seg på ein måte som ikkje lét seg misforstå. Eg stod der med sleiva i handa, midt i mi eiga salige boble av damp og svult. Dei kasta eit blikk på grytene, så på kvarandre, før dei mest snubla i eigne bein for å nå altandøra. Med eit synkront drag over brystet reiv dei opp glasdøra og kasta seg ut i den friske altanlufta, som om dei akkurat hadde sloppe ut frå eit røykfylt maskinrom.
Eg vart ståande att i osen. Berre meg og ein middag. Dekka på til ein.
To raude poteter fekk selskap av ein kvit, fløyelsmjuk haug med kålstuing. Eg lyfta fisken varsamt opp; han var ikkje lenger ein pinne, men eit stykke natur som var vakt til live. Ein raus porsjon med sprøtt, salt bacon på toppen var krona på verket.
Eg nappa ut eit gjenstridig bein og såg korleis kniven glei gjennom det kvite kjøtet. Det flaka seg i reine, blanke skiver under gaffelen. I det tennene møtte den første biten, hadde eg gløymt både pipinga frå komfyrvakta og praten frå altanen. Tennene mine gliste av glede, og verda utanfor døra var brått svært langt borte.
Å, mm...
fredag 10. april 2026
Blått lys og raud ro
Sola dreg seg ned bak Stordfjella og let det kneppa i metallbeslaga på altanen. Det er lyden av material som må utvida seg, som må ha alburom i varmen. Eller kanskje dei trekk seg saman. Eg veit ikkje.
Sjølv sit eg heilt stille. Ytterkleda ligg som ein fargelaus haug på golvet; dei trengst ikkje no. Infra raude stråler frå Mills omnen og frå sola over Stord fekk opp temperaturen.
Eg reiser meg frå kosekroken, og ser korleis krøllene i saueskinnet eg sat på sakte lyfter seg att når tyngda mi forsvinn. Eg tek fram børsten. For kvart tak reiser ulla seg, mjuk og rein, men hendene mine hugsar noko langt grovare. Dei hugsar taket i mosegrodde steinar og lungene som brann då eg kasta meg etter ein flokk som hadde sett seg i hovudet at fjellet var deira, ikkje mitt. Blodsmaken i munnen var ein fast fylgjesvein i bakkane på 50-talet, når desse ullfirkantane trossa alt som heitte fornuft og sprang kvar sin veg.
Men så, når skuggane vart lange og den siste bjølla endeleg klang mot sauefjøset – den tunge, varme freden som seig i kroppen då alle ulldottane var i hus til kvelden. Det er den same roa eg børstar fram no. Sjølv om sauen er dau, sit handlaget i meg. Eg veit kva dei treng.
Ute i skumringa skiftar Opsangervatnet ham. Det djupe blå sig inn over speglflata. Er det eit lite vink frå ein skapar, eller er det berre lyspartiklar som vert brotne og kasta rundt i atmosfæren før mørket tek over? Når eg fyller eit glas frå kjøkenkranen, er vatnet jo berre klårt og gjennomsiktig, heilt utan trolldom.
Då er det noko anna med glaset på altanbordet. Der er det ingen tvil. Det lyser raudt mot meg i solnedganen.
lørdag 4. april 2026
Påske, blåtonar og eit ubedt uvêr i kjømda
Det er lenge sidan eg var med og fylte hytta i Vinjefjella til randa av ungar og storfamilie. Slik skulle det heller ikkje vera i år. Likevel kjenst det godt å vite at tømmerveggane framleis er i familien, og at hytterommet mitt no husar yngre kroppar. På telefonen tikka det inn bilete som viste at tradisjonane blir haldne ved lag, og at påskevêret er akkurat like lunefullt som før. Også sonen min på Kreta melder om at den greske sola glimrar med sitt fråvær; grå skyer stengjer for alt som minner om badeliv. Flokken har spreidd vengene og floge ut, nøyaktig slik det er meint å vera.
I Heiamyro hos meg flaut dagane i sin eigen trygge, rolege rytme. Det klirra jamt i asjettar; døra gjekk stadig opp for vener som stakk innom på lunsj og føremiddagskaffi. Kaffimaskina fekk knapt trekkje pusten før ho måtte til pers og trylle fram ein ny cappuccino. Men dei aller finaste stundene låg i dei heilt uforstyrra mellomromma. To kaffikoppar som fanga det første morgonlyset. Ein varm fot som fann min under bordet medan gjestene lo av ei historie. Eit kjapt, samforstått blikk over kanten av glaset – den lune, nesten umerkelege kjensla av å dele det heile med nokon, noko som gjer at veggane heime kjenst akkurat passe tette.
Utanfor dørstokken fann me kontrastane. Ein kveld slo seige gitarriff mot brystkassa inne på Kulturhuset; blåtonane kraup under huda og fekk foten til å vippe i bluestakt i eit lunt og tettpakka rom. Ein heilt annan klang rørte ved oss under kyrkjekonserten i Husneskyrkja, der songen fylte rommet heilt opp under taket og sende frysningar nedover korsryggen.
Me fekk brukt kroppen også denne påsken. Støvlane fann trufast tak i grus og mold langs den gamle postvegen, i ei taktfast vandring heilt til fjorden opna seg ved Utåker og lungene vart fylte av skarp, vårkald luft. Eit anna stykke grovt handverk fann me då lukta av ferskt, tjørebreidd tømmer reiv herleg i nasen ved stavkyrkja til Lothepus. Fingrane glei over dei djupe utskjeringane, medan nakken måtte bøyast langt bakover for å sjå treverket som reiser seg stolt mot skyene.
Så mørkna horisonten. Stormen Dave kom ikkje snikande – han melde sin åtkomst med Gislefoss først i Dagsrevyen. Det var som om meteorologen og stormen hadde inngått ein allianse for å jage fjellfolket heim i ein fart. Vinden kom til å ule som eit rasande udyr rundt hushjørna, og vegane kom til å likne Sodoma og Gomorra, varsla Yr.no. Stressa hyttefolk heiv sekkar og ski inn i bagasjeromma og lét raude baklys forsvinne inn i kvite kolonnekøar fortare enn snøggt.
Sjølv sit eg trygt i Seniorsenteret. Den innglassa altanen knakar rett nok under presset og set beint fram sjøbein for å halde seg ståande mot vindkasta. Innanfor rutene legg den djupe, raude gløden frå dei infrarøde Mills-omnane seg over golvet, og planen var eigentleg å late Dave herje heilt frå seg ute i mørkret. Men Gislefoss på skjermen, med rynka panne og eit kart bada i farevarsel av alle valørar, gjorde jobben sin litt vel grundig. Dommedagsprofetiene skremde rett og slett vekk det fine besøket mitt. Før eg heilt skjønte kva som skjedde, vart bagasjen boren ut, bilen starta, og avreisa framskunda lenge før det som kjekt var. Påsketida for to vart skoren vekk i eit jafs.
No sit eg att åleine i stova. Vinden pustar enno roleg – skal han snart dra seg til, mon tru? Førebels står huset støtt. Med kaffikoppen innan rekkjevidd sit eg fordjupa i snekring og finpussing av orda og minna frå dagane som gjekk. Eg lèt inntrykka falle på plass medan eg kjenner på ei lun takksemd for alt påsken romma, trass i det brå oppbrotet. Og det raraste av alt er at når eg kikkar på kalenderen, så er det framleis fleire dagar att av høgtida.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


