Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 17. februar 2022

Då heile verda velta

Eg legg den broderte duken på kjøkkenbordet, seier Svanhild. Trur du det hjelper, spør eg. Tja seier ho, kanskje om eg set tekanna eg arva frå mor oppå duken. 
Så ringer det på døra. Visninga er igang. Det strøymer på med store familiar. Storfamiliar. Dei skal saumfara heimen vår, sjå om den er verd å satsa pengar på. 
Heimen vår der me har fostra 3 born, levd, krangla og elska i 44 år.
Heimen vår, der me fann styrke, glede og vilje til å leva. Der vi fann livsgleda.
Folk myldrar rundt oss frå kjellar til loft. Svanhild står ved sida av meg i stova. Ho er spent og rettar litt på bordduken. Ho smiler og svarar folk på spørsmål. 
Så tek ho meg i armen. Ho senkar stemmen og seier som om ingen andre skal høyre det. Ho vil ikkje øydelegge for visninga. 
"Eg blei så svimmel" seier ho. Sett deg, seier eg..
Og så datt ho. 

Heile verda datt. Verda rasa saman. Det var heile huset som brast, heile forstanden som skaka i hovudet mitt. 
Ring, ropte ein. Kva skal eg ringa, sa ein annan. 113, gaula eg. 
Eg knyta nevane saman og tenkte hjerte massasje, kordan var no det. 
Eg høyrer raske bein komma opp frå kjellaren. Ein ambulansearbeidar som trudde ho var på visning. Ho var ikkje det. Ho var på livredning. Ho redda Svanhild frå å døy på stovegolvet i heimen vår søndag 30.01.22 kl 13.30. I heimen vår i Haugavegen. 
Joda. Ambulansen kom, helikopteret kom, ho var på Haukeland etter kort tid, dei opererte den sprengde hovedpulsåra. Det var mange heltar. Men kvinna på golvet i heimen vår som pumpa og pumpa på Svanhild sitt hjarta, var ho som tok døden bort frå Svanhild. Ho jaga han vekk denne døden som elles ville gjort meg  så ulideleg vondt. 

Er det eit helikopter? undra Svanhild seg alltid når ho høyrde rotorslaga som braut sund vinden på helikopterplassen ofte nederst i Haugavegen. Ho hadde stor medkjensle med dei som var i ein slik tilstand at dei måtte fraktast avgårde i slik ei hast. Denne gongen høyrde ho ikkje helikopteret, nå var det ho som hadde det travelt. Etter 13 minutt og fleire hjertestansar var ho framme på Haukeland. CT, aorta disseksjon type A og 5 timar på operssjonssalen. 
Det var ein vanskeleg operasjon, sa to av kirurgane som snakka til meg etterpå. Takk, tenkte eg. Det var ein vanskeleg operasjon, gjentok dei. Takk, sa eg. 
Dotter mi køyrde meg til Bergen. Ferja over fjorden har aldri hatt dårlegare framdrift. Vegen over Hålandsdalen har aldri vore smalare og svingane aldri så forbaskade uoversiktlege. 
Vi fant pårøranderommet. Når eg opna døra og kjende varmen frå bergenske barn og barnebarn som alt var komne, gav eg meg ende over. At familien er viktig visste eg, men at dei kunne være til slik støtte, visste eg ikkje. Nå veit eg det. 
Me fekk møta Svanhild berre timar etter operasjonen. Då låg ho til oppvarming. Heile lekamen vart nedkjølt under operasjonen. Ho hadde slangar inn i dei fleste kroppsåpningar og inn alle dei andre plasser der opningar vart laga etter behov. Eg såg ikkje slangane, eg såg ikkje skjermane, eg høyrde ikkje  surklelydane. Eg såg Svanhild. Eg såg at ho levde. Såg at kona mi som eg traff i 1959, ikkje hadde gått frå meg denne iskalde januardagen i Bergen.