Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 23. mai 2016

Skikkelege folk på tur

Eg sit i avgangshallen på flyplassen i Alicante. Dei såg i nåde til meg idag, sikringsvaktane. Etter at bagasjen min blei køyrd fram og attende på bandet eit par gonger, gav dei blaffen og slapp meg forbi. Ikkje avdi innhaldet i håndbagasjen min var tryggare å sjå til enn til hans som gjekk før meg. Men han var afrikaner i lang kjortel og blå topplue. Det er skilnad på folk.
Gamle gråhåra nordmenn, med statspensjon og koffert frå Europris, vert ikkje vurdert som potensielle sjølvmordsbombarar på Norwegian flyet frå Spania til Bergen. Etter 10 dagar i sola og eit mageinnhald som er gjennombløtt av vino tinto, er jo alle gråversdepresjonar viska vekk. Og når yr.no melder om at drittværet heime snur til sol og glede nett idet eg skal gjennom passkontrollen på Flesland, då går eg med lette steg og heva hovud gjennom sikringskontrollen her.
Afrikaneren derimot gjer ikkje det. Han har ingen statspensjon eller koffert frå Europris. Han ber tinga sine i ein bylt på ryggen. Kanskje det er alt han eig som er i den. Han veit at alt må pakkast opp og visast fram. Han veit at dei saumfarer kvar føflekk på kroppen hans, og at magen må blottast. Han har gjort det før. Han undrar seg ikkje lenger over at han blir grundigare sjekka enn mange andre. Han synes det er greitt.  Han vil heller ikkje mista livet 30000 fot over bakken, fordi sikringsfolka ikkje gjer jobben sin. Han veit kanskje og at flyet på veg frå Paris til Egypt, i staden gjekk til helvete sist veke.
Godt at slike folk blir grundig sjekka, seier folk. Dei er ikkje til å lita på, seier dei og.
Hadde dei enda hatt håndbagasje koffert frå Europris, og statspensjon i banken slik skikkelege folk har...