Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 23. mai 2016

Skikkelege folk på tur

Eg sit i avgangshallen på flyplassen i Alicante. Dei såg i nåde til meg idag, sikringsvaktane. Etter at bagasjen min blei køyrd fram og attende på bandet eit par gonger, gav dei blaffen og slapp meg forbi. Ikkje avdi innhaldet i håndbagasjen min var tryggare å sjå til enn til hans som gjekk før meg. Men han var afrikaner i lang kjortel og blå topplue. Det er skilnad på folk.
Gamle gråhåra nordmenn, med statspensjon og koffert frå Europris, vert ikkje vurdert som potensielle sjølvmordsbombarar på Norwegian flyet frå Spania til Bergen. Etter 10 dagar i sola og eit mageinnhald som er gjennombløtt av vino tinto, er jo alle gråversdepresjonar viska vekk. Og når yr.no melder om at drittværet heime snur til sol og glede nett idet eg skal gjennom passkontrollen på Flesland, då går eg med lette steg og heva hovud gjennom sikringskontrollen her.
Afrikaneren derimot gjer ikkje det. Han har ingen statspensjon eller koffert frå Europris. Han ber tinga sine i ein bylt på ryggen. Kanskje det er alt han eig som er i den. Han veit at alt må pakkast opp og visast fram. Han veit at dei saumfarer kvar føflekk på kroppen hans, og at magen må blottast. Han har gjort det før. Han undrar seg ikkje lenger over at han blir grundigare sjekka enn mange andre. Han synes det er greitt.  Han vil heller ikkje mista livet 30000 fot over bakken, fordi sikringsfolka ikkje gjer jobben sin. Han veit kanskje og at flyet på veg frå Paris til Egypt, i staden gjekk til helvete sist veke.
Godt at slike folk blir grundig sjekka, seier folk. Dei er ikkje til å lita på, seier dei og.
Hadde dei enda hatt håndbagasje koffert frå Europris, og statspensjon i banken slik skikkelege folk har...

søndag 3. april 2016

Ein vekkar

Etter eg kom frå Vietnam for ein månad siden, har eg lese boka "De blindes paradis" av den kvinnelege, vietnamesiske forfattaren Duong Thu Huong.
Ho er fødd i 1947, og som 20 åring forlot ho studenttilvære,og gjekk frivillig inn i krigen mot amerikanarane. Ho var nesten 7 år av krigen i jungelen og i tunnellane ved den mest bombardert regionen i Binh Tri Thiên. Ho vart ein av tre overlevande av dei ialt førti frivillige i hennar gruppe. Ho var og med i 1979 i den korte kinesisk-vietnamesiske krigen. Duong Thu Huong var ein sann kommunist. Men i perioden etter Vietnam si gjenforening i 1975, blei Dương stadig meir frittalande og kritisk til den undertrykkande atmosfæra som den kommunistiske regjeringa skapte. Ein dag fann ho seg sjølv sitjande på fortauet i Saigon og tenkte: Kva er det vi har gjort? Kva er det vi har påtvunge folket her i sør. Dei hadde fridom, kva har dei nå? Ho begynte å snakka mot den kommunistiske regjeringa. Boka "De blindes paradis" utkom i Vietnam i 1988,
og blei ein bestselgar. I 1989 blei boka forboden, Duong vart ekskludert frå kommunistpartiet og fengsla. Idag bur ho i Hanoi. Boka blei som første vietnamesiske bok oversett til engelsk, og i 2003 utkom ho på norsk på Pax forlag. Boka er ei dramatisk familiehistorie og ei forteljing om endringar i det vietnamesiske samfunnet over ein periode på førti år. I kjølvantnet av jordreformene på 50-talet blei gamle føydalstrukturar brotne opp, men slo raskt tilbake i ny form. I sentrum av forteljinga står tre kvinner. Den unge kvinna Hang er på 80-tallet arbeidar ved ein russisk tekstilfabrikk. I slummen i Hanoi bur mora Que, der ho overlever som gateselgjar. I landsbyen bur tanta Tam, som ikkje kan gløyme fortida, på godt og vondt. Oppe i det politiske systemet er mora sin bror Chinh, ein mann som har mykje på samvetet. Dette er ei skarp politisk roman og ei forteljing om menneske og landskap, lydar og lukter. For meg som var ein overbevist motstander av amerikanarane si krigføring i Vietnam, blei dette ein tankevekkar. Eg har ikkje reflektert så mykje omkring Vietnam sin lagnad etter krigen, anna enn undra meg noko over det store talet på båtflyktningar frå dette landet. Nå skjønar eg noko meir av kva dei flykta frå. Ei leseverdig bok frå ein verdsdel eg ikkje kjente til noko litteratur frå tidlegare. Blogglistenhits

lørdag 12. mars 2016

Ei reise til Vietnam

Det var kona som ville det. Ho har sikla etter Vietnamtur dei siste 10 åra. I år blei den endeleg realisert.
Turen vart planlagt heime i Norge, som eit haleheng på vinteropphaldet vårt i Hua Hin,  Thailand.  Vi ville ikkje melde oss på ein organisert gruppetur. Vi ville det skulle være ei reise der med sjølve bestemte både lengd, innhold, reisemåte og hotell. Å følgje etter ein guide i dagevis, med lite tid til personlege avvik, er noko vi har gått lei av så ofte. Vi ville velge utfluktene sjølve , når vi var der og då. Vi ville være frie til å slentre gatelangs, og prøve å få kontakt med lokale folk, eller tillate oss ein vietnamesisk øl på eit fortau, når tørsten krevde det. Og slik blei det.
Tidsramma var trang. Vi la opp til ei vekes avstikkar frå Bangkok til Vietnam.  På den tida ville vi sjå dei to viktigaste byane i landet, Ho Chi Minh byen og Hanoi. Me tinga flyreise med Vietnam Airlines, ein rundtur som altså starta og enda i Bangkok. Vi ville først til Ho Chi Minh byen, for så å få Hanoi seinast råd i mars. For nord i Hanoi kan det vera kaldt på denne årstida.
Vietnam airlines er ikkje noko billegselskap, slik vi kjenner slike i Europa. Her vert servert gode måltider, uansett kor kort turen er. Selskapet er statseigd, med hovedbase i Hanoi.  Vår rundtur, som altså var på tre flyreiser, kosta kr 2250 for oss to tilsaman. Eg synes det er ein grei pris. Flyturen Bangkok - HCMC tok 1 time og 10 min, HCMC - Hanoi 2 timar og omtrent det same på strekket Hanoi - Bangkok.
Flyplassane i Vietnam var ryddige, reine og til å finne fram på.

Sjølv folk i  min høge alder vil lett kunne orientere seg i korridorar og "gatar". Og når ein blir henta av hotellet sin sjåfør med plakat i handa, var dette inga utfordring i det heile. 
I HCMC ligg flyplassen berre 7 km frå sentrum , men i Hanoi vart det lenger køyring, rundt 30 km.
Turen frå flyplassen til vårt hotell i HCMC gjekk i ein stim av mopedar. Ei sjokkarta oppleving når ein ikkje har vore i Vietnam før. Vi som kom rett frå 2 mnd. opphald i Hua Hin, Thailand, trudde vi hadde vent oss til mange tohjulingar i gatebilete.  Vi hadde ikkje det.
Trafikken såg kaotisk ut, eg klarte aldri å gjennomskua kva normer som galdt i trafikken. Men trafikken flaut jo på eit vis. Mi første kryssing av gate i byen var ei nervepåkjenning. Eg og kona stussa såpass lenge ved fortaukanten,  at ein vietnamesar kom og følge oss over. Han gjekk rett ut i trafikken, bestemt og utan nøling. "They are not supposed to run you down", sa han. Og det resulterte i ei slags oppdemming, slik Moses laga i Rødehavet. Dei var hjelpsomme folk desse buddhistane. Eg fekk høyre seinere at den vietnamesiske buddhismen,  Mahayana retninga,  har ein filosofi som seier at å hjelpe andre gir ei form for syndstilgjeving, og auka såleis sjansane for å oppnå Nirvana. Kanskje det var slike folk som stod på gatehjørnet. Penger tok dei ikkje imot. Ikkje rundstjal dei meg heller.
I Ho Chi Minh byen budde me på Silverland Central Hotel&Spa. 
Ein framifrå plass å bu med gode, reine rom og ein god restaurant.  Frukosten framsto med buffet av både europeiske og asiatiske retter, og kokkar som laga varmrettar etter ynskje. I resepsjonen var det mykje hjelp og råd å få om det meste. Her melde me oss på utflukter til stader me ønskte å oppsøke. Dei vietnamesiske guidane snakka brukbart engelsk, og hadde ofte svært ulike livssyn.  Me opplevde katolske kapitalistar ein gong (HCMC)  og buddhistiske kommunistar ein annan gong (Hanoi).  Så landet si nære historie hadde sett sine spor i menneska. Vietnamkrigen som dei kalla Amerikakrigen, er jo ikkje langt unna.
HCMC var ein travel by. Eg fekk inntrykk av at landet ikkje har brukt så mykje av ressursane sine her i sør, som dei burde. Dette er jo landets største by, men stadvis kunne den virka både skitten, sliten og til nedfalls.
Me reiste nordover til Hanoi og opplevde eit temperaturfall frå 34 grader i HCMC til 24 i Hanoi. Turen frå flyplassen inn til sentrum gjekk på gode fleirfelts motorvegar med beskjeden trafikk. Hanoi er hovedstaden i Vietnam,  og her synes det å ha blitt lagt ned meir resursar for å få byen til å framstå oppgradert og moderne. Ei rar oppleving å sjå alle vietnameserane med spisse hatter, som planta ris i oversvømde risåkrar,  mens vi susa forbi på motorvegen gjennom rismarkene.
Eg opplevde Hanoi som ein vakker by. Våre hotell var bygd i fransk
kolonistil og kalla Pearl Hotel Hanoi. Det var pompøst og vakkert.  Spora etter den franske kolonitida var tydlege i bygningsmassen,  og folket var stolte av byen sin. Dei var og stolte av å ha nedkjempa 3 av verdas største krigsmakter gjennom tidene: Kina, Frankrike og USA. Dei var stolte over fridom sin og over den nedfrosne presidenten sin, som me besøkte i Ho Chi Minh mausoleet.
Eg opplevde at folket møtte oss med eit gjestfritt og opent sinn. Når eg tenkjer på kor kort tid som er gått sidan Vietnamkrigen, skulle ein tru at vi vestens folk kunne møte skepsis og kanskje hat frå mannen i gata. Men det gjorde vi ikkje. Og dei sa at slik var det ikkje.
Dei ville ikkje bere på hatet lenger, sjølv ikkje mot amerikanarane, sa dei.
Det var kona mi som ville til Vietnam.  Nå veit eg kva eg hadde gått glipp av om eg ikkje hadde vore med på det. Vietnam var verd eit besøk.

onsdag 24. februar 2016

Eit piss i havet

Ein lege eg møtte i middagslag hos bror min her i Thailand, hevda at urin er noko av den reinaste væska som er å oppdrive. Kanskje eit underligt tema å drøfte over ein nydelig, raud biff med tilhøyrande raud drikke, men assosiasjonar og mimring kan ofte føra ein langt vekk frå nuet. Ved å smake på urin, kan legen avgjerde om pasienten har diabetes, meinte han. Dette hadde legen fått demonstrert av professoren i studietida. Professoren stilte på førelesing med to glas urin, og inviterte studentane til å komme fram og dyppe fingeren i glasa for å diagnostisera prøvane. Sjølv dyppa han ein finger nedi først, og smatta reflektert. Ein av dei mest ambisiøse studentane kom fram, dyppa fingeren ned i urinen og slikka på den ikkje utan synleg gremming. Dette flirde professoren godt av og sa: Om studenten hadde fulgt nøye med under førelesinga, ville han sett at eg dyppa peikefingeren i urinen, men at eg slikka på langfingeren. Idag gjekk eg strandtur frå Hua Hin til Khao Takiap. Det er ei strand rundt 6 km lang, som er særleg fin å trimme på om onsdagane. Då er alle solstolar fjerna, etter styresjefane sine ordre. Då skal allemannsretten gjelde. Alle skal fritt kunne forflytte seg i sanden, utan å bli hindra av slapsige europearar på solseng, eller thailandske masøser som vil tena pengar på kroppen din. Aldri er det så trivelig på stranda som om onsdagane. Kva er det eigentleg med ungar og sand, tenkjer eg. Eit universelt fenomen dette. Overalt på kloden driv ungar med denne same kreative aktiviteten, bygge slott, borger, kanalar og små innsjøar. Side om side ligg dei frå ulike land og kontinent. Dei bygger sågar saman. Dei driv samhandling og oppnår resultat utan å kunne kommunisere med ord. Denne eigenskapen veks ein av seg med åra, diverre. Eg vadrar vidare på stranda og oppdagar at også
strandhestane kviler idag. Det er vanligvis stor business for thailandske hesteeigarar å tilby rideturar på stranda. Kundane plar oftast vera barn, men og fyldige falangar kan ein sjå dissande avgårde på desse stakkars små hestane. Idag var hestane parkerte. Eg såg ein som kosa seg i skuggen under eit palmetre litt oppe i strandkanten. Idyllisk og velfortent, tenkte eg. Men det var før det gjekk opp for meg kva øket holdt på med. Om eg hadde hatt så stor reiskap, og trukke han så langt ut når eg skulle slå lens, hadde eg nok og søkt ly under palmebuskane. Ein stor takk til legen som rundt middagsbordet, opplyste meg om at urin er ei av verdas reinaste væsker. Det redda dagen min då eg fotserte den stride straumen som rann frå hesten og ut i Siambukta. Idag gjekk eg likevel turen utan å avkjøle meg i sjøen på vegen... Blogglistenhits

søndag 21. februar 2016

Med finnar på fest

Bror min har fleire gonger med stor innleving, framført ei finsk drikkevise for meg her i Hua Hin. Det er ei vise for ikkje-songarar, ho er kort og bør helst framførast ståande med eit glas i handa. Den går slik: NU!! 

 Laurdagskvelden hamna eg ved eit slumpetreff i
finsk lag, der mange titals finnlenderar var ute og svinga med svansen. Uterestauranten var så befolka at kona og eg måtte dela bord med eit finsk ektepar på rundt vår eigen alder. Dei kom frå nord i Finland der språket er finsk, og der den obligatoriske svenskundervisninga ikkje alltid ber frukter. I Finland er jo svensk og finsk jamstelde språk, som begge står på timeplanen i den finske skulen. Våre nye vener vart litt brydde då dei skulle forklare kvifor dei hadde fått så lite med seg av svenskundervisninga som barn. I engelsk var dei ørlite dyktigare, iallfall kona. Ho fungerte og som tolk for mannen. Musikken var vekslende og vokalistane var meir enn det. Det gjekk etter kvart opp for meg at me var på finsk karaokekveld. Disc jokeyen hadde lappar med namn på dei som på førehand hadde meld seg på. Og det var mange. Repetoara gapte frå Elvis via Arja Saijonmaa til polka og finsk tango. Og dei andre finnane dansa med, inspirerte og lealause. Berre kona og eg var ute for å eta middag. Dei
andre hadde glas og flasker som einaste pådekking. Mens me meska oss med kamskjell, hummar og spicy thaifisk, leska finnane seg med drikke av varierende styrke og kvalitet.
Etter maten fann eg tida mogen for å framføra den finske drikkevisa eg hadde lært av bror min. Eg heva glaset, reise meg og uttrykte med høg grad av artikulasjon: NU!! Eg er usikker på om det vart nokon suksess. Iallfall blei eg ikkje oppfordra til å komma fram til mikrofonen å framføra denne for oss i Norge, kjente finske drikkevisa. Eg trur ikkje finnane syntes ho passa seg som karaoke. Synd det, for eg følte meg så sikker på teksten...

  Blogglistenhits

torsdag 18. februar 2016

Kvalitetsdag

Onsdagen starta grå. Mellom frukost og lunch var det ingen spor av sol korkje høgt eller lågt. Eg skjøna at sjansen for værsjuke var tilstades. Om ikkje sola let lyset renna inn langs vinduskarmen klokka 7 om morgonen, kan ofte sinnets munterhet reduserast, og stega mine ut i bassenget bli slepande og avkorta. "Blir det regn"?, spør naboen. Slikt svarar eg ikkje på. Eg vil ikkje framprovosere ei mogleg værsjuke. 

 Det vart kvinnene som redda dagen. Kvinner veit kva ein kan ta seg til for å friske opp sinnet på ein gråversdag. "Me dreg på handel", seier svigerinna mi i telefonen. Eg veit ho kjenner dei fleste, og også dei beste krambuene over mange kontinent. Eg veit ho driv "fair trade", utan å prutte fattigfolk inn til beinet. Men eg veit og ho kan oppsøke luksus butikkar, der ein må betale meir enn det Nav har tatt høgde for då pensjonen min vart kalkulert. "Outlet I Cha Am", seier Harriet. Me bli med, meiner kona. Når me entrar bilen deira, skin sola på himmelen om kapp med forventningsfulle fruer i nedkjølt bil. Me karane gjer som karer flest, handar unna på "no time". Me visste kva me ville ha, som karar flest jo veit. Så fann me ein plass i skuggen, der og andre menn hadde søkt tilflukt. Der var det godt å leske seg. Vel er det alreit med sol inn vinduet om morgenen, men ein skal ikkje overdrive. 

 I skuggen av pengebingane i Outletlandsbyen, hadde og Arne søkt tilflukt. Eg har ikkje treft denne kinesiske båtbyggaren frå Bergen/Hamarøy på 6 år. Også den gongen her i Thailand. Ein frodig kar med mykje sanning,fiksjon og bløff på lur. Kona hans, Solveig, er og nordlending, men og som våre koner, kvilelause men i fin form å sjå der dei runda hjørner i landsbyen med stadig aukande bør. Men akk - kvinner kjem og til handlegrensa. Ikkje avdi dei eigentleg er ferdige, men dei treng  mat for å vinna nye krefter.

 Bror min vil eta lunch i klokkerestauranten i Cha Am. Trip Advisor har lite å stilla opp med i høve til bror min. Han har ei memoliste i skallen, der kafear og restaurantar er kvalitetsrangerte og adressetagga. Denne lista har gyldigheit over fleire kontinent. Eg spurte thaidama på restauranten kva klokka var. Ho smilte ikkje, men gav meg eit svar på thaimålet. I Thailand er det vel og slik at vitsar tapar seg om dei er brukte før. 

 Vel heime etter ein dag som starta tregt men som enda i nyting, glede og strålande sol. Kona og eg måtte  prøva innkjøpa. Eg mitt eine, ho eit av sine. For på dette feltet må eg tilstå å koma til kort. Men så er det jo ikkje alltid kvantiteten som gjeld. Stor takk til Harriet som tok initiativet, og til Salve som navigerer så sikkert både i trafikken og i gourmetverden. Det blei ein kvalitetsdag.

  Blogglistenhits

lørdag 13. februar 2016

Thaifolket drikk ikkje vin

Eg er ved nærbutikken på gatehjørnet. Det er tidleg kveld, eg treng å handle inn litt proviant og snask for kvelden. Innehavaren har samla drikkegjengen rundt seg. Som alle kveldar sit dei ved bordet framføre butikkdøra. Dei wayar og hoyar til meg. Dei ler høgt og  uhemma. Eg er usikker på om eg skal le med. Eg gjer det. Då skrattar dei ennå høgare, og hevar øl og spritflaskene sine.
I butikken styrer kona. Ho er edru, smiler og gir meg den beste service.  I Thailand er kvinnene ved roret, særleg på kveldstid. Då er det dei som styrer skuta. Då er mange menn gått under dekk.

Takka være dei mektige familiane som står bak øl og spritproduksjonen i landet, er desse drikkevarene billige her. Avgiftspolitikken ivaretek det.
For vin er situasjonen ganske annleis. Eit godt glas god vin kostar meir enn ei flaske sprit. Det meste av vinen er imponert, ofte frå Australia. Å dyrke vindruer på våre tropiske breddegrader, er mogleg men vanskeleg. Difor all denne vinimporten som både juntaen og kartellene vil ha vekk.
Den vinen som det vert seld mest av i landet, har likevel klart å lura seg gjennom eit smutthull i avgiftssystemet. Ved å importere druekonsentrat frå Sør Afrika, og la den gjære saman med thailandske fruktjuicar, har ein fått fram ein nokolunde drikkbar vin i fleire fargar. Denne Mont Claire vinen er ofte einaste vintilbodet ein finn på folklege restaurantar. 100 bath (25 kroner) for eit glas er likevel dobbel pris av ei flaske god øl på same staden.
Når eg har handla frå meg i butikken, vil drikkegjengen ved døra ha kontakt igjen. I den gjennomsiktige plastposen ser dei at eg har kjøpt ei flaske raud Mont Claire. Buddhistar skal ikkje peike på folk, men desse har lagt bort den skikk og bruk regelen i kveld. Dei peikar og ristar på hovudet. Held opp øl- og spritflaskene sine for å markere at i Thailand drikk ein ikkje slikt skip som eg har i posen. Eg smiler brydd, og traskar heimover i mørket. Berre hundane er bortom og snusar på bæreposen min, men heller ikkje dei syner særleg interesse...


tirsdag 9. februar 2016

Harry er stadig på tur - Harrytur.

Til eksamen artium i 1962 skreiv eg stil i sidemål. Mitt sidemål var den gongen nynorsk, og emne eg vart utfordra på, var om reising. I våre dagar likar mange menneske å reisa, stod det. Drøft kvifor mange er så glade i å reisa i vår tid. Dei andre stiloppgåvene var umoglege for meg skriva noko om, så denne vart  redningsplanken min. 

Bakgrunnen for mine kjensler omkring reising, var spinkel. Røynsla mi hadde eg stort sett frå turane med skulebussen, og frå eitpar turar i robåt over fjorden ved heimstaden min. Dette var reiser som gav eit sørjeleg spinkelt grunnlag for å drøfta kvifor folk var så glade i å reisa. Eg skjøna beintfram ikkje kvifor nokon lot seg pirre av slikt. Så det blei som så ofte elles, å basere meiningsytringane på tankar laga i eige hovud, meir enn å basere seg på empiri. Eg fekk karakteren t (tilfredstillende) i norsk sidemål til eksamen artium i 1962. Eg ser på det som eit under idag.

 Ettersom eg har eldast, har eg sanka meir røynsle, kunnskap og glede ved det å reise. Eg har farta omkring og storkost meg med å oppleva nye stader, nye folk, nye matretter og nye varmegrader. Eg har ofte då tenkt på stilen eg skreiv i 1962, og kor hjelpelaus og umoden analysen min var den gongen. Men kva kunne ein eigentleg vente at ein 19 åring skulle kunne om reising. 

Idag reiser alle. Alle veit nå kor ein skal reise, og framfor alt veit mange kor ein ikkje skal reise. For reising er ikkje noko ein gjer berre for å kosa seg sjølv, ein skal imponera andre og. Det er blitt ei eskalerande øving i å vera kreativ både geografisk, kulturelt og økonomisk. Og så er det avgjerande at denne Harry ikkje har vore der før deg. Å reise i fotspora til Harry, er å bli fråteken all vørnad i vennekrets og nabolag når ein kjem heimatt. Ein må vera på vakt og vera årvåken når ein tingar turar til fjerne himmelstrok. Skal eg tru VG, er nå Harry kommen til Gran Canaria. Eg er glad eg reiste til Thailand i år, men glad eg styrde utanom Phuket. Eg har høyrd rykter om at Harry er på veg dit og. 

 Reising blir etterkvart ei travelt tidtrøyte. Med Harry i helane på seg, skal det noko til å halda seg i forkant. Om han kjem hit til Hua Hin, drar eg vidare. Eg har høyrd om både naboland og land i Indokina som Harry ennå ikkje har tinga billett til. Eg skal lura han....

Blogglistenhits

lørdag 6. februar 2016

Eg møtte morfar i Thailand

I 1950 var eg 7 år gammal. Morfar hadde då overført gården sin til dotter si og til mannen hennar. Dei var mine foreldre. 
Morfar trivdes aldri som bonde. Han likte mekanikar-faget, eller skal eg heller seie at han likte altmuligmann-faget. Han fekk seg arbeid på det som vart kalla flytedokken på Bakarøynå i Haugesund. Der fekk han olje på hendene, istadenfor for kumøkk. Der fekk han ei lita regelmessig vekeløn, istadenfor ei usikker og variabel innkome frå meir eller mindre laussal av gårdsprodukt. Eg trur han opplevde det som eit stort framsteg.

 Dei første åra etter han slutta som bonde, budde han med mormor, dotter m/ mann og tre barnebarn i eit lite hus berre eit steinkast frå vårt gardshus. Det minner ikkje så lite om korleis mange thaifamiliar bur her i Hua Hin idag. Lurveleven, glede, tårer og latter. I kjellaren hadde han verkstaden sin. Den stod ulåst, men det var ulovlig  for oss barn å fara der  på eiga hand. Å få vera med morfar i verkstaden, var ikkje dagligdags. Når det skjedde vart med ungane høgtidstemte og imponerte. Her var mykje å oppdage og mykje å spørje om. Morfar kunne fikse det meste i verkstaden sin. Han var ein altmoglegmann, med unntak av bonde då.

 I går trefte eg sjelebror til morfar
igjen. På jakt etter ein sykkelverkstad her i Hua Hin, som kunne skifta slange i det punkterte sykkelbakhjulet, kom eg over ei bruktsjappe med ein verkstad som innheldt alt mogleg av alt mogleg. Mannen, ein middeladrande thai med olje på hendene og solskin i augo, skjøna kva eg ville. Han gav med ein stol å sitje på midt i verkstaden, mens han endevende sykkelen. Det vart ei tidsreise bakover i tida til morfar sin verkstad på 1950 talet. Eg lot meg fasinere av det enkle verkøyet og det sikre handalaget til morfar og til thaien. Det ikkje dei to karane kan fikse på, er ikkje verd å kunne fikse på. Etter eit lite kvarter var sykkelen så god som ny. Då var ny slange på plass og begge hjula fullte opp med luft. Og prisen: 100 bath som er 24 kroner. Så ikke berre verkstaden var 1950-tals. Det kan ein nesten seie om prisane og. Men så var han jo sjelefrenden til morfaren min då...

Blogglistenhits

mandag 1. februar 2016

Dei er så ulike oss

Vær budd, seier speidarane. Eller Be Prepared, som Baden-Powell sa då han fekk lure initialene sine inn i speidarmottoet. Vær førebudd, sa rektor på lærarrommet før me gjekk til timen for å undervise, eller vise under, som ein kollega sa. I Thailand må ein vere budd/førebudd på at det mest uventa kan skje. Ein er i ein kultur, langt borte frå den norske.  Ja frå den europeiske også. 

Nokre døme:

Ein hevar ikkje stemmen her. På  ekte thai restaurant,  snakker ein, lågt og oppfører seg audmjukt.  Å heve røysta, blir oppfatta som om ein har mista kontrollen og er aggressiv. Dette står i sterk kontrast til oppførselen til dei kvite som ein kan oppleva på turistrestarantane. Der ligg lydnivået nær opp mot det eg hugsar i kantina på min tidlegare arbeidsplass. Om folk sat å mumla der, blei det oppfatta som om dei dreiv med hemmelig sladder. Og det gjorde dei vel...

Ta alltid av deg skoa før du går inn til folk. Dette er ein ufråvikleg regel i Thailand. Sjølv om verten seier det ikkje er naudsynt, skal ein gjere det. Også på dei lokale thai butikkane på hjørnet, gjer ein det. Sameleis hos frisøren, for ikkje å snakka om i tempelet. Å trakke inn der i sandaler, med Buddha statua rett imot, og munken sitjande ein eller annan nesten usynleg stad i tempelrommet, er å vannæra trua deira. Det er som å banne i kyrkja. Men når sant skal seiast, set eg pris på at gjestene mine heime og, tek av seg skoa før dei takkar inn på parketten min. Og det gjer jo mange...

Vær budd på trøbbel om du rører borti hovudet på folk. Sjølv ikkje barn utanfor familien skal ein klappa der. Hovudet er å sjå på som den heilagste delen av kroppen, i motsetnad til føtene som har lågaste rangen på lekamen. Kongen sitt hovud er det heilagste av alle hovud. Og sidan han er avbilda på bath setlane, skal ein vera varsam med korleis ein håndterer dei. Å ha pengeboka i baklomma, er eit lovbrot som kan straffast. For når ein då set seg ned, har ein ikkje berre konghovudet, men heile kongebilet under ræva. Ei grufull majestetsfornærming. Det er på tide at Thailand utvida sin bruk av betalingskort...

I Thailand peikar ein ikkje på folk. At ein utlending gjer det, blir tilgjeve. Thaiane skjønar vi har meir primitive omgangsformer. Men ikkje peik på munkar, og slett ikkje på nokre frå kongefamilien. Då ligg ein tynt an. Og kongefamilien er jo i nærmiljøet her me bur. HMK har sitt sommarslott i strandkanten i Hua Hin, så me må vere varsame. Skal ein peike på legfolk her, nyttår ein håndflata med fingrane retta mot bakken, og handflata mot den aktuelle personen. Ei øving som ein kan knekke handleddet på. "Ikkje peik på folk", prøvde mor mi å læra meg i oppveksten på 1940-talet. Lurer på om ho hadde vore i Thailand? 

Slik han ein forsette å leite etter kulturskildnader og undre seg over kvifor menneska er så ulike. At det er andre måtar å leve og tenke på som også kan fungere. Tenke over kvifor vi stundom kjenner på at andre folkeslag ikkje er på vårt europeiske/norske nivå. Kjenne på at menneskeverd og livskvalitet ikkje primært dreier seg om velstand og høgmoral. 

Ein kan få slike tankar ved å leve stundevis under andre himmelstrøk, og opne opp for nye inntrykk og andre måtar å takle livet på. 
Så skal ein bu seg på slikt før ein reiser. Tja til ei viss grad, men det viktegaste ein kan pakka med på turen, er vel eit opent sinn...



  Blogglistenhits

søndag 31. januar 2016

Buddhistane later seg ikkje om søndagen

Det er søndag i Thailand, og det er siste dagen i januar 2016. Eg sit i skuggen på terrassen og bloggar. Temperaturen er 29 grader, og vifta i taket over meg snurrar. Det gjer viftene hos naboane og. Det gjeld om å kosa seg utan at varmen tek kvelartak på ein. Då Vår Herre hadde skapt verda på 6 dagar, kvilde han på den 7. dagen. Dette er grundig dokumentert i Det Gamle Testamentet. Ein glimrande ide, som heile den kristne verda har trykka til brystet sitt og verna om. Fagrørslene rundt om i den vestlege verda har utvida dette med ennå ein dag, så nå har vi gjort oss enda meir maklege enn vår Gud. I Thailand trur ein ikkje på Gud. Iallefall ikkje over 90% av folket her som er buddhistar. For Buddha var ingen Gud som skrytte på seg å ha skapt verda. Buddha var ein riking som fann ut at velstand ikkje førde til lykke. Den som vil bli lykkelig må overvinna uviten, hat og grådigheit. Han gjorde seg sjølve fattig på jordisk gods og gull, og tok til å misjonera sine tankar for folket. Edle tankar, men det blir ikkje kviledagar av slikt. Sjølvsagt om Buddha nok kunne det å slappa av og. Han er iallfall hogd i både edle og mindre edle materialer i avslappa stillingar.
Det er skilnad på søndag og mandag, lærde dei vaksne oss då vi vaks opp. Om søndagen kledde vi oss i finstasen, og satt inne i stova og høyre gudstjenesten i radioen. Etter middagen, som ofte var noko med brun saus til, gjekk dei vaksne og kvilde. Då vart ungane skyssa ut for å slå ball eller jeppa pinne. Verda skulle befolkast. Kyrkja kalde det kviledagen. Gerhardsen sa at Noreg skulle byggast opp att etter krigen. Dei vaksne tok del i begge prosjekta. Særlig om søndagane. Thaiane kviler ikkje om søndagen. Dei søv på alle moglege og umoglege stader, anten det er søndag eller kvardag. Og barn lager dei såmenn overalt. Men når eg vil slappa av på terrassen ein søndag føremiddag, då ligg dei på nabotaket og kuttar takstein med vinkelslipar. Eg trur ikkje det var dette Buddha hadde i tankane då han predikerte lykkelæra si. Eg trur det trengs ein reformasjon av theravada buddhismen slik at me kan få litt ro her om søndagen. Buddhismen treng sin Martin Luther, meiner nå eg. Blogglistenhits

tirsdag 26. januar 2016

Redda av dei låge temperaturane

Eg har endevendt kofferten. Dei kortarma t-skjortene blei i tynnaste laget i går kveld. Då middagen som me hadde tinga heim til oss frå næraste Thai restaurant, kom på døra, hadde eg dekka opp innandørs. Ute var det berre for hardhausar å sitje då. Været har vore det store samtaleemnet dei siste to dagane. Nordmenn i nabolaget kappast i å hugse når det sist var slike værtilhøve her. Dei hugsar ikkje. Anna var vel heller ikkje å vente. Det er jo ikkje mange her under 70 og hugsing er ikkje der ein er kvikkast lenger. Og dei unge bebuarane har nok med å trøyste babyane sine. Dei unge er jo her på pappapermisjon og/eller utvida morspermisjon. Babyane storkosar seg i det kjølige været, men er vetaskremd av alle dei gamle som skal diggediggedigga med babyane. Dei unge tek babyane med opp på apefjellet. Der får dei nærkontakt med naturen apekulturen. Då roar dei seg. Me har vore på sykkeltur i dag. Kona og eg. Ja og så bikkjene da. Dei har me ofte som kjeftande haleheng. Eg trur me luktar annleis me som kjem frå Husnes, enn thaiane gjer. Eg er usikker på kva
bikkjene eigentleg vil meg, men innbillar meg at den kvite leggen min må vera ein lekkerbisken for ein flokk utmagra thaibikkjer. Slike fantasiar vert det trim av. Eg meiner å ha satt ny krinsrekord i soi 94 frå Norway Garden til Market Village i høgste gir på bror min sin hybridsykkel i går. Nett då vart tuktuk folket nokre sinker. Eg vann racet igår. Men så sykla eg jo med norsk sommartemperatur rundt øyrene, og vart såleis redda av styggveret. Aldri så galt at det ikkje er godt for noko.... Blogglistenhits

fredag 22. januar 2016

Å ha skeia i rett hand

I Thailand får ein ikkje utan vidare kniv på middagsbordet.Her er det skei og gaffel som gjeld. Kniven er historisk sett å oppfatta som eit våpen, og har difor lite å gjera på matbordet.
Skeia er hovudreiskapen. Den skal ligga i den sterke handa, som også her er den høgre for dei fleste. Gaffelen i andre handa, blir ikkje brukt som stikkereiskap, men til å skuva med. Maten vert måka inn på skeia, som ein så hevar mot munnen og oftast treff hullet før godsakene fell av. Det meste av thai maten er jo kappa i småbitar, så vanlegvis fungerer metoden. Men når maten er i store stykke, slik som heil fisk eller store grønnsakstykke, slit thaiane. Då riv og slit dei med sin gaffel og si skei. Men igår opplevde eg eit sjeldant unntak. Hos den amerikanske kyllingkjeden KFC, satt Thaiane og åt med kniv og gaffel. Eta kyllingbein med slik reiskap er ikkje effektivt. Sjølv satt både eg og mi kjære med kvart vårt kyllinglår mellom fingrane. Ei kort stund følte eg meg primitiv. Skjøna ikkje heilt korleis eg burde gå vidare i måltidet. Men når eg først var tilgrisa på hendene, holdt eg fast på min metode. Eg hadde dumma meg ut. Det var forseint å "ta skeia i ei anna hand", som ein seier. Seinare har eg høyrd at dette er ein av mange rare sprell thaiane kan finna på ved bordet, og som vi europearar ikkje skal prøva på å forstå. Blogglistenhits

tirsdag 19. januar 2016

Ein fuktig kveld i Thailand

Det blenkjer på svarthimmelen i sør. Sola forsvann for eit par timar sidan, me sit på terrassen og kveitjer oss opp for ein "ut å ete middag" tur. Kva i allverden, seier eg. Tenkjer litt på det naboen som eg slett ikkje fester lit til, varsla i 15 tida idag. Det kjem regn, sa han. Ikkje huen, sa eg. Me var berre såvidt utanfor porten, så skjedde det. Ikkje slik som heime. Nei her opna Buddha kranen på fullt med ein gong. For her er det han som styrer været. Heime er det Vårherre. Han gir oss ein sjanse. Budbringeren hans, som me pleier kalla Gislefossen, varslar alltid i god tid når me skal ha med paraply. I gata sprang hundane i ly. Eg har aldri vandra ei så hundefri gate i Thailand før. Eller sprunge er rettare ordet. Det hølja ned, og kona var nær ved å drukna. Når me nærma oss Yellow House, kom vertskapet mot oss med paraplyar. Oh sorry Papa, sa dei til meg. Dei gav meg badehandkle og kam for å kjemma luggen. Eg vil ha eit glas raudvin, sa eg til kona. Eg og, sa ho. Og så vil ha vatn til, sa ho og. Nei søren heller. Ikkje vatn, ikkje ikveld. Eg tørka nasedryppen bort med handduken.
Så blei det kjøttkaker, kålstuing, gulrot, blomkål, brokkoli og poteter. Og tyttebærsyltetøy. Utan vatn til. Heimatt gjekk vi arm i arm og beundra stjernehimmel, Thailandnatta og gatebikkjene. Og elles så går nå dagane... Blogglistenhits

søndag 17. januar 2016

Det regnar sjeldan når himmelen er blå

Me ler av yr.no her i Hua Hin.  Nå meldes det regn for 2 dag på rad.  Men her skin sola, og eg salvar meg inn med solkremen som aldri før.  Trur ikkje Det norske meteorologiske instituttet har greie på været sør for Skagerrak og aust for Kjølen. Iallfall ikkje her.

Skal det regne i Thailand må det skje ved under,  ved trolldom eller kanskje ved meir eller mindre vitskaplige metodar. HM Kongen her har lenge vore aktiv innan forskningsfeltet: regnlaging.  I mai 2005 skreiv Klassekampen dette om den saka:
"Ellers finnes det selvfølgelig mange mer uvitenskapelige bevis på at regnlaging virker. Blant annet fra Thailand, der kongen har vært en pioner. Han har studert dette temaet siden femtitallet, og har til og med tatt flere patenter på sin spesielle metode, der skyer både oppe og nede sprøytes i en sandwich-strategi. I år, med en tørke som har rammet over ni millioner mennesker, har Thailand foretatt over 575 regnsåingstokter med fly fra ni ulike flyplasser. Og de påstår det har hjulpet, men slikt er selvfølgelig vanskelig å bevise, fordi regnet kanskje kunne kommet av naturlige grunner".

Nå er kongen gammal.  Men ein tøff kar som ikkje gir opp korkje livet eller regnet.  I juli 2015 skreiv Thainytt. no følgjande:
"I Thailand er det nå igjen satt inn fly for å skape kunstig regn. Et hovedmål er å øke vannreservene i damanlegg for å kunne forsyne jordbruksland og husholdninger. 
Dette er gjort tidligere, etter initiativ fra HM Kongen, og det er han som nå også står bak to flyenheter, plassert i henholdsvis Chiang Mai og Nakhon Sawan."

Rengfokuset mitt idag tyder ikkje at eg lengtar etter regn.  Det er for tidleg på reisa mi til å komma med slikt. Skal eg fukta meg nå, skjer det i Siambukta eller på Chang-kneipa.  Så til så lenge vonar eg at HM Kongen ikkje lukkast med trollskapen sin.

PS.  I dag vandra eg mellom dei spredande plenvatnarane.  Greitt nok det...

Blogglistenhits