Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 11. juli 2026

Heimveg

hits

Kaffien skvulpar faretrugande i pappkruset medan flyet ristar av seg dansk jord. Eit ekko av trombone og lystige pianoriff, bunde saman av Kira Martini, surrar framleis i hjernebarken. Denne faste, årlege pilegrimsferda til jazzen i Kongens by gjer eit og anna med eit aldrande hovud. Kvar er eg eigentleg på veg no? Når ein fyk over land og strand slik me har gjort dei siste månadene, byrjar det indre kompasset å fuske. Juli, ja. Då er eg vel i Danmark, i følgje kalenderen. Som dei amerikanske turistdamene med blått hår ofte slår fast over hotellfrukosten: «Oh, it's July! Then this must be Denmark!» Eg slår meg til ro med den logikken. Heimveg, altså.

Til venstre for meg sit Magnhild, mitt kjære og stødige reisefølgje, og pustar fredeleg ut etter festivaldagane. Men snur eg hovudet den andre vegen, er landskapet eit anna. Til høgre, framføre og bak meg er eg fullstendig omringa. Vi er Norwegian sitt skandinaviske alibi i ein massiv, kvinneleg flokk frå Midtens rike. Språket som kvitrar over seteradene går i frekvensar eg berre kan drøyme om å dekode.

Eg prøver å tjuvkikke på skjermen til kvinna framføre meg. Ein vil jo gjerne fange opp noko universelt. Men fingrane hennar piskar over glaset i eit tempo som trassar all friksjon. Skjermen er eit rotihop av strekar, prikkar og penselstrøk. Utanfor flyvindauget glir kvite bomullsskyer og knallblå himmel forbi, men slikt ofrar dei ikkje eit blikk. Her opererer ein tydelegvis berre med to modular: anten febrilsk sveiping på mobilskjermen, eller komatøs søvn.

Naboen min til høgre har stilt seg inn på det siste. Hovudet hennar heng tungt. Tyngdekrafta gjer jobben.

Så kjem den smilande flyverten glidande med avfallsposen. Eg lener meg fram og strekkjer meg over det høgre armlenet for å kvitte meg med pappkruset. Det er akkurat då fysikkens lover krev sin rett. Ein liten beige drope med kaffimjølk klamrar seg til kanten, slepper taket, og startar eit fritt fall. I nådelaus slow-motion spinn han i lufta, teiknar ein perfekt parabel over kneet mitt, og landar med eit lydlaust, blautt plopp midt på ermet til den tungt sovande kineserinna.

Eg frys. Så blir eg varm. Eg ser på Magnhild. Skal me slå alarm? Prikke den sovande kineserinna på skuldra, vifte med serviettar og by på ei orsaking?

Ho dreg pusten djupt inn. Ho rører litt på den eine skuldra og glir om mogleg endå djupare inn i draumeland. Ikkje ei rykning i andletet. Magnhild, eg og den kabintilsette møter blikka til kvarandre. Vi inngår ei stum, pragmatisk pakt der og då, og avbles heile redningsaksjonen. Vi lèt kvinna kvile i si salige og fullstendig kunnskapslause ro. Det er trass alt sant som dei seier: det ein ikkje veit, har ein absolutt ikkje vondt av.

Eit par timar seinare høyrer me drønnet når hjula treffer asfalten på Flesland. I det same flyet bremsar ned, skjer det noko utruleg. Eit stumt, usynleg startskot går gjennom den asiatiske delegasjonen. Mobilar forsvinn brått, søvn blir rista av, og i éin synkron, presisjonsinnøvd rørsle smett munnbinda på. Stroppane blir smekka bak øyrene, og det kvite stoffet blir drege langt og grundig oppover naseryggen, nesten heilt opp i augevippane. Her skal tydelegvis ikkje eit gram av den lumske vestlandslufta få sleppe inn i systemet.

Eg klemmer handa til Magnhild, flirer stilt for meg sjølv, og kjenner at jo – det er i grunnen ganske godt å vere heime.

onsdag 1. juli 2026

Føtene ber, håret gror og jorda snurrar

hitsKaffikoppen varmar i neven og speilegget smiler til meg frå asjetten. Eg sit ved kjøkkenbordet og lar morgenen varma ansiktet. Ikkje noko stress, inga klokke som tikkar meg i nakken. Bare den rolige dampen frå koppen med lukta av kaffi og ein ny dag.

​Eg pustar sakte ut og lar skuldrene senka seg. Pustar med magen roleg inn og rolegare ut. Det er rart, og ganske fint, korleis kroppen finn rytmen sin. Vagusnerva. Denne fantastiske, biologiske bremsepedalen me alle ber på – gjer nøyaktig det ho skal. Ho sug til seg roen og sender beskjed til hjertet om å slå i ein jamn og riktig takt. Det kjennest som ei velkjend likning der alt endeleg går opp. Det er rett og slett ingenting å stressa med.

​Eg set frå meg koppen og reiser meg for å henta nettbrettet. Det knakar kanskje ørlite grann i ei hofte, men føtene ber meg. Eg vaggar litt avgarde men eg stoler på dei som plantar seg stødig i golvet. Desse beina, som har trampa gjennom livet, i uvær og finvær . Gjennom skog og over fjell, som har farta rundt og halde meg oppe i alle desse åra, dei gjer jobben framleis. Dei veit nøyaktig kvar tyngdepunktet ligg. Det er ein liten, men viktig seier i det, å kjenna at grunnmuren held liksom.

​Inne på badet kastar eg eit blikk i speilen. Eg dreg begge hendene gjennom manken. Og joda, det veks! Det er jo rart, at desse cellene trassig held fram med å dela seg og produsera hår kvar einaste dag, sjølv om ein har samla ei god mengd år på baken. Eg må humra litt for meg sjølv. Av det store alvoret me så ofte pakkar oss inn i, av bekymringane for alt som kanskje, muligens kan gå gale, men som nesten aldri gjer det.

​Når eg slår opp i den digitale avisa, og overskriftene skrik om ei verd som verkar spinna galen, merkar eg at panikken uteblir. Hovudet fangar opp understraumane, greier å sortera støyen og skjøna kva som er kjernen. Det vil helst gå bra. Hjernen har eit heilt livsverk av eit referansebibliotek å spela på. Det gir ei eiga, djup ro å sjå bølgjene slå, og vita at jorda tross alt held fram med å snurra.

​Dette er i grunnen det aller finaste med å bli eldre. Ein sluttar å jaga etter det som ligg rundt neste sving, og startar å dvela ved det som er her og no. Å kjenna takksemd for å vera eit levande, pustande hylster av karbon og stjernestøv. For den rolege kjærleiken i kvardagen, og for å ha ei varm hand frå kjærasten min å halda i når kvelden kjem. Livet er her, akkurat nå, og det er i grunnen fantastisk å få vera med på ferda.