Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 28. desember 2010

Ambivalente tankar i romjula

Romjula er ikkje så heilag som resten av jula.  Eg har forstått det slik at nokon til og med er i arbeid desse dagane mellom jul og nyttår. Eg er ikkje det, og har heller aldri  vore det. Mitt yrke gav ikkje høve til å jobba i romjula. Eg slapp dei tingingane som mange andre må igjennom,  for å skaffa seg ein feriedag eller ein avspasseringsdag i denne veka. Å få juleferie i mitt yrke var avtalefesta.  Eg er usikker på om det var ein god avtale for meg. Kona mi, som hadde eit anna yrke, virka ofta litt oppstemt dei dagane i romjula då ho pakka matboksen og strauk på dør. Då hadde ho stått på kjøken og  kokkelert i dagavis, og syntes visst det var ålreit å få litt fri frå slikt. Forventningspresset på meg vart høgt desse dagane. Eg skulle vera både far, bestefar og kokk gjennom heile dagen.
Nå er det nye tider. Å vera kokk gjennom heile dagen er greitt nå i romjula. Kjøleskapet bugnar av pålegg på fat, ferdigkokt pinnekjøt, ribbe og juleøl. Å laga mat er eit for sterkt uttrykk å bruka på kjøkenaktiviteten. Det blir meir å setta fram godsakene som har oppstått i skapet. Lågkarbolivet har tatt juleferie og alt er enkelt.
Ute ligg snøen opp mot ein alen høg. Han reflekterer alle fargane i sollyset, og er difor skinande kvit. Men lyden absorberar han. Snøen dempar lyden, og verda blir så stille i slikt ver. Det er som om tida stoppar opp og freden trer så tydleg fram at han nesten er høyrbar. Høyrer du freden, seier eg til kona. Til og med brunsneglane har roa seg.
Eg har kokt delfiafett med solsikke- , lin- og sesamfrø i. Klumpen heng ute i forsythiabusken. Eit titals småfuglar sit takksame og hakkar i godsakene.  Det er rart korleis hugen kan endra seg med årstidene. Om sommaren kjeppjagar eg trasta som et opp rips-  og jordbæra mine. Om vinteren matar eg dei som best eg kan. Å både ha positive og negative kjensler for andre, er det som vert kalla ambivalens. Så er eg vel  ambivalent då, iallfall i høve til trasta og snøen. Han er vakker snøen,  men glattare enn såpa på badegolvet.
Slik er livet. Det har fleire sider. Ei framside,  ei bakside og ei beste side. I kveld tek eg fram bestesida mi. Då skal eg på julemiddag hos yrkesaktive vener. Ambivalensen er heilt borte. Eg gler meg.

søndag 26. desember 2010

Ein flott julekveld

Det er ennå jul, og alt for tidleg å seia vel overstått. Ein veit jo ennå ikkje for sikkert kva som kan skje.
Så langt har det meste gått etter planen, slik det skal gjera i jula. Nissen kom, ungane blei gladredde og magen vart luftig.  Gåvene var mjuke og harde, mange og spennande. Særleg høgt verdsette eg alle dei sjølvlaga tinga som kom til morfar/farfar frå barnebarna. Det var alt frå smelta stearin i ein klump til julenissar av  trolldeig, bomull og sjølvstrikk. Aldri har eg vel nokon gong hatt så mange pakkar å opna.
Ein tydleg og signifikant observasjon i år var at dei små gjevarane utstrålte vel så mykje glede når andre opna pakkane sine frå dei, som når dei opna eigne pakkar. ”Å eg glede meg til å sjå når du opnar den”, høyrde eg sagt. Då tenkte eg på Arnulf Øverland si Hustavle, redigerte ho litt i hovudet, til eg fekk denne versjonen:
Det er en lykke i livet
som ikke vendes til lede:
Det at du gleder en annen
det er den fineste glede.
Arnulf Øverland som var ateist, kommunist og riksmålsmann. Eg fraus litt på ryggen. Tenk å minnast han ein julekveld i Kvinnherad. Difor lot eg straks tankane gli over til folkehøgskulerektor Mikael Aksnes sitt kjende sitat:
Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad.
Eg var på trygg grunn igjen. Det var dette me så ofte skreiv i minnebøkene til kvarandre i oppveksten min. Så her følte eg meg på eit godt og rett spor.  Merkeleg nok slo og denne regla frå dei bøkene ned i hugen:
”Når du vert gammal og ingen vil ha deg, så sett deg på taket og la kråka få ta deg”.
Men eg lot straks dei tankane fara, og muntra meg opp med det me bruka skriva i jentene sine minnebøker
”Elsk din mann og stopp hans hoser, så skal du vandre på røde roser”.
Etter all denne poesien vart julekvelden gledeleg, fredeleg og livsbejaande. 
Ha ei fortsatt god jul!!

torsdag 23. desember 2010

God Jul

Me førebur oss som du ser her, men tjuvstarting på jula er det ikkje snakk om hos oss. Me er strenge på slikt.  I alle dei åra eg kan hugsa, har me vore nøye med  det. Me blei opplærde slik på 40-50-talet. Ikkje snakk om å dela ut førjulspresangar eller å spretta juleskinka før jula var der på skikkeleg. Slik var det på Jesu tid og. Profetane hadde annonsert denne fødsel i århundrer, men dei tre vise menn delte ikkje ut gåver før tida var inne for slikt. Korkje røkelse eller myrra. Det skulle tatt seg ut!
Me starta ikkje feiringa før klokka 17 den 24. desember. Sølvgutane song jula inn på NRK då. Mor mi tende alle lys,  og far min kom inn frå eit tidleg fjøsstell. Me ungane hadde vore tvangslagde i nystappa halmsenger, for å sova i nokre timar før dette. Då skulle me  klara oss lenger utover julekvelden, sa dei vaksne. Me sovna aldri då, men skjøna jo litt etterkvart at det også var for at mor mi trengte litt tid for seg sjølv i juleførebuingane. Ikkje å undra seg over eigentleg. Det vart nok eindel tøffe tak før englane dala ned i skjul. Og når me kom ned loftstrappa med kvit skjorte,  slips og anna finstas, var juletorsken alt i gryta, appelsinene og dei heimeavla nøttene på  bordet og ingen krok var mørk.
Me førde denne tradisjonen vidare i eigen familie, når me sjølve blei vaksne og fekk ungar. Ei etablert sanning som det aldri vart stilt kritiske spørsmål ved. Ingen julemat på bordet før Sølvgutane hadde gitt løyve til det. Men akk, tida går og nye tider kjem. Når ungane våre kom seg ut i verda, fanga dei opp nye trendar. Me ante ingen ting om forfallet, før det som lyn frå himmel med eit vart gjort kjend  at fleire var fallen i synda. Det kom vedkjenningar frå fleire kanter at både pinnekjøt, ribba og sylta ikkje berre var prøvesmakt, men hadde vore på bordet fleire gonger lenge før jul. Det vart og sagt at ”alle gjorde slik”, liksom for å blidgjera oss.
Men sjølve held me stand. Noko førjulsbesøk i håp om å få prøvesmaka på godsakene,  har vore til fånyttes hos oss. Den skap- og  fryseboksansvarlege er streng. Det er vel difor at folket strøymer til i hopetal i  romjula og ved nyttår. Dei veit at på Husnes er det framleis att av julegodtene.  Hos oss varer nemleg julebaksten heilt til påskeferien, og me har ribbe med oss på hytta til påskeafta. Slik får me ei effektiv resursutnytting i både gode og vonde dagar.
Idag, vetle julafta, er eg så glad for at det berre er ein dag att til alt dette gode skjer.  Den gleda  eg kjenner ved dette,  vonar eg  fyller hugen din og kjære blogglesar. God jul til deg.

onsdag 22. desember 2010

Eg har fått juleferie

I går var det avslutning før jul på den gamle arbeidsplassen min. Eg har delteke på dei fleste slike avslutningar sidan 1974. Då eg lot meg pensjonera for tre og eit halvt år sidan, var eg fast i tru og overtyding på at slikt skulle eg halda meg vekke frå deretter. Det var ein avslutta epoke i livet mitt. Eg ønskte ikkje å setja meg til framsyning ved pensjonistbordet. Dette rollebyte frå å vera yrkesaktivist til å bli  pensjonistpassivist og likevel delta på  slike seremoniar, virka kontradiktorisk og sjølvmotseiande. Kva hadde eg å avslutta nå som heile livet jo vart eit samanhengande tilvære av sommarferiar, juleferiar og påskeferiar. Då alle kalenderdagar vart raude.
Eg fekk invitasjon til deltaking i år og. Så igår møtte eg fram. Eg har jo vikariert ei veke og to kvart år sidan eg gjekk av, som det heiter. Det vart den offisielle grunngjevinga som eg nyttar om folk vil vita kvifor eg har endra haldning til det å menga meg med dei yrkesaktive.
Men eg nyttar ikkje denne forklaringa for å overtala meg sjølv. Eg finn beint fram glede i å møta tidlegare kollegaer anten dei då var vener, fiendar, meiningsfeller eller kverulantar. Eg får nyfika mi stetta på så mange slags vis. Det er greitt å halda seg oppdatert om pensjonistane sitt tilhøve til NAV og til eigen prostata. Eg syns det er spennande å observera endringar i psykososiale relasjonar, og å leita etter teikn på individuelle identitetskriser.  Åra på arbeidsplassen har visst sett spor, ikkje berre hos meg.

mandag 20. desember 2010

Ein amerikanar i garasjen

Eg har ein amerikanar i garasjen. Ikkje ein firhjuling. Dei lagar knapt nok slikt i Amerika lenger. Detroit, som eg vitja i 1969, ligg med brukken rygg. Denne  kongen i bilverda, har abdisert. Samlebandarbeidarane sit svoltne att, og Henry Ford snur seg i grava.
Min amerikanar er av eit anna slag. Fornybar, resirkulerbar og justerbar. Ei fjelledelgran. Førebels ligg ho innpakka i plastikknett og er korkje grøn eller glitrande. Fjelledelgrana har forvilla seg frå Rocky Mountain til Haugavegen. Nålene er så  blågrøne at ein skulle tru dei er smitta av kapitalistiske haldningar frå junaiten. Stamma er så tjukk at eg lurer på om treet kanskje høver betre som ved i omnen på ein dag som denne, då temperaturen ute ligg på minus 10 og vedlageret i boda forvitrar. Men det får gjera jobben som julepyntbærar og rotasjonsmidtpunkt for oss i kappgangen rundt ein einerberbusk først. "Så går vi rundt om ei fjelledelgran ..." vert det vel i år.
Juletreseljaren er ein driven kramkar. I år stod han i kuling frå aust mens temperaturen låg rundt 5 minusar. Folk bestemte seg fort for kva dei skulle ha. Ja den er perfekt , sa kona. Ho orka ikkje å dryga utvalsprosessen slik ho plar gjera når me handlar tre. Og vips så stod eg med ei fjelledelgran i neven og ei tom pengebok i baklomma. Dei har sine knep desse juletreseljarane. Men det visste eg jo. Yngste bror min lever Herrens glade dagar eit par månader rundt jul. Han er den fødte juletredyrkar og juletreseljar. Og om ikkje det er nok, har eldste sonen min også kasta seg inn i marknaden. Om det er lagnaden eller legninga som styrer dette, veit eg ikkje. Men juletida er jo Herrens glade dagar, så dette er i god kristleg tradisjon.
Onsdag skal eg ut i garasjen å skjæra vekk nettembalasjen rundt fjelledelgrana med snekkarkniven min. Eg skal kvessa øksa, finna ein 2x4'' plank å leggja som hoggeunderlag på golvet, for så å gå igang med å øksa til nedste del av stamma, slik at ho glir greit ned i juletrefoten. Så hentar eg fram Biltema-saksa, og klipper dei greinene som sit for langt ned mot golvet. Eg tek meg ein krypetur på det iskalde betonggolvet i garasjen for å sikta, og for å finna ujamne greiner som må vekk. Eg reiser meg og prøver ofte fåfengd å rista av meg barnåler og vese gras, som har sett seg fast i fleecejakka og i nakkehåra. Alt må vera skikkeleg gjort, før eg ber treet inn i stova. Eg vil ikkje risikera å bli send ut att i kulda for å gjera jobben ein gong til. Det er både pinleg og øydeleggjande for julestemninga.
Eg vonar amerikanaren er samarbeidsvillig. I prinsippet hatar eg alle juletre amerikanske som europeiske,  før dei er ferdig pynta og står inne i stova. Då syns eg det er stas. Særleg feien vert eg om eg får auge på nokre pakkar under treet. Då kjenner eg at noko er på gang.
Men to ord kvernar tydligare og kraftigare inni hovudet mitt for kvar desembermånad som kjem. Dei vil liksom ikkje sleppa taket og gi meg fred. Plastic, fantastic. Dei står flotte på Europris. Eg trur den sorten og kjem frå Amerika. Ikkje fornybare, men evigvarande. Dei kjem med påmontert fot og stjerne i toppen. Dei kan rotera og spela Christmas songs og Stars and stripes. Jammen har me mykje å takka amerikanarane for. Eg får sjå til neste år...

torsdag 16. desember 2010

Observasjon og tolking rundar år

Kalenderen min syner at eg har blogga på denne sida i eit år idag. Eg er usikker på kvifor eg starta denne hobbyen. Kanskje eg sakna å bruka pc-en til noko anna enn berre å flaksa rundt på nettet. Eg hadde jo i fjor vore heiltidspensjonist i drøye to år, og trongen til å produsera eit eller anna vakna til live att. Ikkje det at eg produserte så mykje dei 33 åra eg veiva rundt kateteret, men eg hadde alltid mellom øktene hatt ei roleg stund for meg sjølv for å summera opp, og planlegga neste undervisningsdag. Førebuing, kalla me det. Eller ofte berre buing.
Det å setja seg ned med eigne tankar, la dei driva gjennom siste dagars hendingar, assosiera, setja ord på  refleksjonar og få ha hovudet mitt heilt for meg sjølv, var kanskje det eg oppsøkte når eg starta med bloggskrivinga. I tillegg ville eg gøyma meg vekk når husreigjeringa herja som verst.
Det har blitt 164 innlegg sidan eg starta. Rundt rekna er dette 164 A4 sider. I høve til Knausgård sin produksjon på 3000 sider i løpet av 2,5 år, er dette småtteri. Men Karl Ove har jo både skrivestove og blottarlyst. Hos han, berre renn det meste ut av seg sjølv. Eg må  pressa orda fram, og hjelpa meg både med nynorsk ordliste og med Wikipedia. Knausgård seier at siste åras produksjon, "Min Kamp", er livsverket hans. Han trengde å skriva dette i eit forsøk på å finna ut kva han har vore med på hittil i livet, og korleis det har bygd/øydelagd sjela hans. For eigen del har eg ikkje slike ambisjonar med skrivinga. Men ein viss terapi ligg det nok i den.
At folk les bloggen min er kjekt, men underordna. Innlegga veks fram som ein konsekvens av at eg ønskjer å halda hovudet over vatnet. Ønskjer å fordriva demensteikna. Og når eit innlegg er ferdig, får eg ein slags kjensle av at no er eg klar til å møta ein ny dag. Eg er på ein måte budd. Nett som i jobben. Når førebuinga var ferdig, møtte eg i klasserommet og såg sanninga beint inn i auget. Oppreist, stødig og glad.
Men ein seier jo at augene er det første ein blir blind på så kanskje eg såg syner, og at det heile berre var hallusinasjonar. Det gjer ingen skildnad for meg. Livsløgn er oftast eit betre fundament enn all livsens sanning.

tirsdag 14. desember 2010

Dette las eg i år

Eg sparar på pensjonen. Bøkene er så dyre, så det er sjeldan eg kjøper slikt. Eg melder meg inn i diverse bok- og bladklubbar, mottek dei gratiseksemplara som eg kan velgja meg ved innmeldinga, og mottek i tillegg ei velkomstgåve. Så avbestiller eg dei bøkene som er til sals for resten av abonnementsperioden. Eg må sjølvsagt passa nøye på at ikkje månadens bok hamnar i postkassa mi, men slikt er ikkje problem for ein pensjonist med god tid og mange passord bak øyra.
Velkomstgåvene utanom bøkene, er fine gåver. Berre dette året har eg motteke to sett med biffknivar, ein mp4-spelar, ein Fm-transmitter og ein handholdt gps-navigator.
Dei fleste bøkene eg les, betalar Kvinnherad kommune for. Eg reserverer dei på nettet og hentar dei på bilioteket når sms-meldinga derfrå seier at bøkene er ledige. Det har blitt til at eg brukar i aukande grad å reservera lydbøker om dei finns for det eg ønskjer å lesa. Det er jo slik at det første ein blir blind på ikkje er øyrene, men augene. Iallfall hos meg.
Historikken på biblioteksida mi," Mappa mi" som det heiter der i gården, viser at eg har jobba meg gjennom desse bøkene i år:

Roy Jacobsen:                Vidunderbarn
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 1
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 2
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 3
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 4
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 5
Lars Saabye Christensen: Maskeblomstfamilien
Gunnar Staalesen:          Vi skal arve vinden
Lars Saabye Cristensen: Visning
Karin Brunk Holmqvist: Potensgiverne (der eg førebels berre er klar for start)


mandag 13. desember 2010

Når nissen kjem

Det er 11 dagar til julekvelden. Spørsmålet om kor kona og eg skal hen då, er forlengst avklara.  I den livsfasen me nå er i, er det ikkje lenger sjølvsagt at ungane kjem til oss på julekvelden. Det er lenge sidan fleire av dei sa nok er nok, og ville skapa eigne tradisjonar i eigen heim med eigen ektefelle og eigne barn på julekvelden. Nett slik deira foreldre gjorde seint på 60-talet.
Som student i Bergen frå 62 til 68, og barnlaus fram til 66, var det ein sjølvsagt sak at ein i god tid før julekvelden sette seg på Nattruta, som då var den viktigaste kommunikajonen mellom Bergen og Stavanger, med anløp mellom anna i Haugesund. Det var ein guffen tur med mykje folk og masse fe. Ikkje alle vart fulle på turen, berre dei fleste. Å spandera på seg lugar, vart for råflott. Turen sørover starta kl 22 frå Nattrutekaien i Bergen, og kl 05 la båten til i Smedasundet. Så det blei å traska rundt og prøva å finna rolege avlukke for å få sova litt. Ein gong fann eg eit mørkt, avskjerma kott å slappa av i. Eg kvelva meg nedpå det eg i mørket syntes å gjenkjenna som ein slags skipskasse. Ei slags julekrybbe så og seia.  Der duppa eg av, og oppdaga ikkje før etter ein times tid at Nattruta og transporterte likkister med innhald. Etter den turen vart det Vingtor og eller Sleipner for meg.
Men når me nærma oss 1970 ville me ikkje reisa heim til julekvelden lenger. Mor mi klaga og lokka det ho var god for, og det var jo ikkje småtteri, utan at det hjalp. Me var ikkje til å flytta av flekken i den saka. Så me byrgja bygge eigne julekveldtradisjonar, kona, eg og dei 2 gutane, som var vår familie den gongen.
Nå er det andre som har overteke dette byggearbeidet. Sjeldan er det at nokon av dei ønskjer å dra frå eige hus julekvelden. Men me sit likevel ikkje aleine, kona og eg. Alltid vert me sjekka opp tidleg i desember. Kva er juleplanane? spør dei. Nei, seier eg. Veit ikkje ennå. Så ordnar det seg alltid med ein juleinvitasjon. Eg kjenner ikkje spelet i kulissane. Kanskje dei kommuniserar saka seg imellom og finn ut kven som skal "ha dei iår", for alt det eg veit.
Men så kjem romjula, og då blir det alltid folkerikt i heile huset hos oss. Slik også iår. Me syns det er greitt at me på denne måten slepp å sitja aleine når julenissen kjem.

fredag 10. desember 2010

Fredsprisen

Dei festar i Oslo idag. Nokre kinesarar har skrive eit så framifrå manifest, at mange meiner ein av dei skal heidrast. Liu Xiaobo vart den heldige. I vesten likar me slikt. At nokon står fram og opponerar mot styresmakter som ikkje styrer etter våre køyrereglar. Det syns me er modigt, klarsynt og rettvist. Kinesiske styrersmakter må få fingeren ut. Demokratiseringa går for seint. Dei økonomiske reformene som starta i 1980-åra, er ikkje fulgt opp av politiske reformer. Her er både Vesten og dissidentmiljøet i Kina einige.
Dei styrande i Kina undrar seg, eller rettare sagt er forbanna. Denne klovnekomiteen som eit år gir fredsprisen til presidenten i ei krigførande stormakt, for så neste år å skapa globalt kaos ved å gi prisen til ein kriminell, slik dei ser det. Dei liker ikkje dette, og dei likar ikkje Norge lenger. Stoltenberg hatar dei, og gjorde som om dei ikkje ein gong såg han i Cancun hin dagen. Og han som trivdes så godt i Beijing at han på ekte norsk vis kasta seg på sykkelen, og tråkka gjennom gatene der. Kinesarane likte ikkje det heller. Slikt gjer ikkje ein statsmann på besøk i Kina. Men stakkars Jens kjende ikkje den kinesiske kulturen. Eg har tilgjeve han.
Men så kom han og med sine sosialøkonomiske analyser av landet: "Knapt noe annet land har gjennomgått så store endringer over en så kort periode som Kina", sa Jens i 2007."Økonomien i Kina har gjennomgått en revolusjon. Det har skjedd mer på et par tiår enn på et par hundre år i den vestlige verden", sa han og. 
Men så er det dette med demokrati då. I Norge er me under fem millionar menneske som alle meiner å ha rett til å hevda meiningane våre. Det vil bli nokre fleire meiningar som skal fram om 1,3 milliardar kinesarar skal hevda alle sine. 
Nobelkomiteen meiner det skal vera mogleg. Prisen i år " var både nødvendig og formålstjenlig ", seier Jagland i nobeltalen sin i dag, og blir heidra for å ha halde ein god og balansert tale av dei vestlege ekspertane.  Sjølv er eg usikker. Kan ein gigant som Kina eksistera med eit styresett etter vestleg demokrati-modell, skal tru? Det finns døme på misslykka forsøk på slik tilpasning andre stader. 
Eg kjenner ingen kinesarar. Difor veit eg ikkje kva kinesaren i gata syns om tilværet sitt. Ein og annan kineser har vel kanskje fått med seg at det finns eit land som heiter Norge. Men mange skjønar ikkje kva me driv på med. Ein kinesar på gata sa det slik: "Xiaobo er ingen kjend person for oss, det går jo ikkje an å googla på han eingong".
Me får sjå kva som skjer. Kritikken blir vel helst av politisk karakter. Så eg reknar med at for bror min sin del blir det "business as usual". Få nordmenn kjenner Kina som han, og han veit å sno seg den karen.





onsdag 8. desember 2010

Mosjon med meining.

Vinterens første snø kom i natt. Ikkje store mengder, men nok til at det irriterte meg i dag tidleg, når frosten beit tak i den våte snøen og klaka han til eit hardt glasurlag i innkøyringa. Det kan koma meir, tenkte eg. Då er det utrivleg med slikt i botnen.
Snø i innkøyringa er det berre eg som ser på som ei utfordring. Korkje firhjultrekkaren, kona eller naboen lar seg merkje med slikt. Dei let humla suse, og skrevar seg til og frå huset i den tru at slikt høyrer vinteren til. Det er ei feiloppfatning av verkelegheita. Hadde Vår Herre meint det slik, hadde han ikkje gjennom Fiskars stilt til rådvelde eit breitt sortiment  snøskuffer med aluminiumsskaft og ergonomisk grep.
Eg har utstyret i orden, men manglar mosjon. Nett som på 1990-talet. Då kasta eg meg på joggebølgja, og halsa rundt i den såkalla Kvinnherad-karusellen på jagt etter betre puls og meir svette. Eg skulle trena meg opp og få ein sunn kropp i ein sunn lekam. Utbytte var magert. Det likna litt på aksjeutbytte mitt på den tida. Mykje investering, lite avkastning. Den einaste eg hadde bak meg i mål var redaktøren for lokalavisa. Ei heller skrinn måloppnåing og lite å vera stolt av.
Då er det heilt annleis med den mosjonen eg får ved snørydding i innkøyrselen. Der ligg eg i teten frå start til mål. Transpirasjonen er fullt på høgde med den eg hadde i Kvinnherad-karusellen, og eg kjem sliten men glad i mål. Dette kallar eg meiningfyll mosjon for musklane,og estetisk nyting for resten av kroppen .
Let it snow, let it snow.

søndag 5. desember 2010

På isen.

Nå har frosten herja i tre veker rundt meg og mitt pensjonisttilvære. Eg har verna meg som best eg kan, med dobbel ullbrok, øyreklaffhua og gode om ikkje vakre, vetter. Eg har bygd meg opp eit isolerande fettlag både rundt vomba og under brystvortene. Fettlag som har vore gode å ha når vinteren har bite frå seg med blåe og tosifra Celsiustal.
"Alle" vatn i Hordaland er skeiseklare, med unnatak av vatnet vårt som framleis er usikkert. Dette vatnet der Jonas Lie langt ute på ein holme, fridde til kusina si Thomasine. På holmen som går under namnet "Ja"-holmen, svarte Thomasine ja i følgje sagnet. Hadde ho noko valg skal tru. Det er langt frå Ja-holmen og inn til land utan båt. Mange ror ut dit sommarstid, og ikkje alle er ukyssa når dei ror attende.
"Isen er utrygg", har Sør Norge Aluminium på plakaten sin ved nordenden av vatnet. Dette er til stor glede for badande svanepar og ender, som ennå kan vaska skiten av seg i open råk der. Men det er til stort vonbrot for ungar, som har investert bursdagspengene sine i nyinnkjøpt skeiseutstyr. Sjølv syns eg dette har vore berre greitt. Eg har vakse utav skeisene mine, og har gløymd Fred Anton Maier stilen. Sjølv om eg framleis, eg meiner utan skeiser, kan gå med armane bak på ein framoverlutande rygg, er liksom elegansen forsvunne. Eg reknar skeisekarriera mi som avslutta. Eg har definitivt lagt opp.
Men igår fekk eg meg ein støkk.  Barnebarn ringde på døra mi med nye skeiser dinglande i skolisser rundt halsen. Blir du med på isen morfar? Nei isen er utrygg , seier eg, og sender ein varm tanke til Norsk Hydro, som ennå ikkje har avvikla alu-verket, og som fortset og pumpar oppvarma kjølevatn ut i nordenden av vatnet. Men skulen har sprøyta fotballbanen, me skal dit, seier dei. Søren og, tenkjer eg. Har ikkje desse skulevaktmeisterane anna å gjera på? Må dei driva å isleggja store opne plassar i nærmiljø der ungane skal spela fotball. Desse nymotens Valle Hovin greiene med kunstisbanar, høyrer ikkje heime hos oss.
Eg har ikkje skeiser, seier eg. Det gjer ikkje noko. Kjekt om du blir med likevel, meiner dei. Då smeltar det djupfrosne hjarta mitt, og eg kler meg. På med dobbel ullbrok, øyreklaffhua og gode om ikkje vakre, vetter. Ta på deg gode glisko, seier dei. Det er kjekt å skli bortover isen. Det prøvde me igår. Og så må du ha hjelm på. Det har lærarane på skulen sagt.
Svarten. Alt det lærarane skal leggja seg borti nå om dagen. Før i tida skulle skulen gi ungane ei kristleg oppseding, og gjera dei til gagns menneske. Nå tek dei heile ansvaret frå elevar og foreldre. Ikkje berre skal dei matast av skulen, dei skal og kle seg etter vedtekne føresegner.  Eg har ikkje hjelm, seier eg. Men eg har eit godt og sterkt hovud.
Så la vi avstad. Avstad for å skriva skeisehistorie. Eg og dei to barnebarna. Det var deira debut i dag. Dei skulle debutera i den edle skeisesporten. Noko heilt nytt for dei. Og eg? Jo min jobb var å vera med, og med min jubel "å skyve løperne frem", som Jan Erik Vold formulerte seg ein gong.

PS: Idag melder dei lokale nettavisene at vatnet er trygt. Eg gjer meg klar til å utvida arenaen. Og med den omtala varmestova like ved vatnet (http://www.husnesnett.no/no/nyhende/1215/), skal eg nok la meg lokka med.

torsdag 2. desember 2010

Elektriske knep

Harald Hårfagre hadde ein visjon. Han ville samla Noreg til eit rike. Han kjempa for livet i Hafrsfjord. Ved å sigra der i 862, utvida han kongeriket sitt frå berre å vera Sogn, til å verta heile Vestlandet frå Rogaland til Stadt. Denne biten av Noreg er det Statnett i dag kallar NO5. Den femte biten av Noreg.
Eller slik dei seier det: "Det er de nordvestlige delene av Rogaland samt vestlige deler av Hordaland og Sogn og Fjordane som fra i dag (mars 2010) er et nytt markedsområde, NO5".
Statnett har altså fragmentert kongeriket attende til Hårfagre si tid. På det viset kan dei marginalisera inntjeninga. Tyna mest mogleg ut av eit frysande folk. Nett slik kongane på Hårfagre si tid og gjorde. 
Ingen høyrer på Terje Riis-Johansen som vil ha eins straumpris i landet. Den karen får liksom ikkje noko ting til lenger. Han må som Harald Hårfagre, finna seg i at det ikkje berre er han som styrer i Noreg. Ikkje eingong på det feltet han er sett til å styra.
Men eg skal lura Statnett og tek alle middel i bruk. Eg følgjer spotprismarknaden dagleg. For inneverande veke var variasjonen i straumprisen slik figuren til høgre viser. For to dagar sidan var pristoppen høg, og eg var ikkje sein om å setja hengelås på vaskemaskin, tørketrommel, oppvaskmaskin og andre straumslukarar den dagen. Kva skal me ha til middag?, spør kona. I dag blir det kaldtbord, seier eg. Så les eg av målaren, og rapporterer gjennom nettsida til energileverandøren min om mitt vetle straumforbruk denne dagen.
På dei dagane då kurva ligg lågt, er aktiviteten høg i huset. Då durar og går alt av elektriske apparat til ein rimlegast mogleg pris. Eg les av målaren og rapporterar inn på nytt.
Innraportering av straumforbruket vil eg gjera kvar dag. Ingen skal få det på meg at eg brukar mykje av den dyraste straumen. Så når eg brukar mange Watt vert det bokført til lågast mogleg pris. Ein bieffekt av denne aktiviteten min er all mosjon desse opp og nedturane i trappa til målaren gir meg. Det er og noko som varmar.  
Og om det så skulle visa seg at kona trumfar gjennom ein klevask på ein dyr dag, ja då finn eg fram magneten min. Det vert ikkje mykje rotasjon i teljaren når eg set den karen på plass. Og så vert det fred i huset.
Som sagt, eg tek alle midlar i bruk. I mi verktykasse er det mange reiskap, og eg har ikkje skada meg på nokon ennå.

onsdag 1. desember 2010

Adventskalenderen min.

I dag, den 1. desember, ber eg adventskalenderen min ned frå loftet. Eg fekk han til bursdagen i november 2008. Den er laga av dorullar, og bak produksjonen står fleire av barnebarna mine. Det er den delen av dorullen som er att når alt papiret er oppbrukt, som er råmaterialet. Den harde, brune rullen som eg stundom fortvila prøver å flengja frå kvarandre i trengjande stunder når det kvite, mjuke papiret er oppbrukt og nye rullar ikkje er å oppdriva.
Desse dorullane er nå vakkert kledde med farga papir, og fylte med snop og med papirlappar som ofte har overraskande meldingar. Gi mormor ein klem, kan det stå. I dag kjem vi på kaffibesøk, kan det stå på andre. På slike dagar er den tilhøyrande dorullen rikeleg påfylt med sjokoladebitar. I åra som har gått etter produksjonsåret i 2008, har eg teke vare på denne gåva etter at adventtida er over og snopet og beskjedane er ekspedert. Kvart år er difor påfyll til denne adventskalenderen blitt ein fast del av bursdagspresangane mine i november.
Adventskalenderen er ein gammal tysk skikk frå tidleg 1900-talet. Eg hugsar den gamle typen kalender der det var luker, ei for kvar dag. Bak lukene var det fromme bilde med motiv frå bibelhistoria. For oss som var barn på 1950-talet, var slike adventskalenderar spennande og nervepirrande opplevingar. Me prøvde ofte å få opna ei luke utanom tur. Det var ikkje enkelt å få til, for foreldra var nøye på at reglane vart følgde. Å klara opne ei luke utan å rive lokket sund, var ikkje enkelt. Perforeringsteknikken under produksjonen var svært primitiv på 50-talet. Og så var det dette med å klara skjule at ein hadde tjuvkikka i den luka som det stod 24 på lenge før tida. Ofte vart det lagt stor kløkt for dagen for å klara avsløre syndaren.
I våre dagar er det ikkje bibelhistoria som openbarar seg i adventskalenderane, korkje i dei ein kan kjøpa til hunden sin eller dei elektroniske som e-postkassa er full av for tida. Eitkvart reiseselskap med respekt for seg sjølv, og utallege butikkkjedar freistar med det dei kallar julekalender med flotte premiar. For meg vert dette ikkje berre i overkant, men langt utanfor interesseområdet.
Eg kosar meg med dorull-kalenderen. Den er meir enn god nok for meg. Eigentleg litt i overkant den og, når eg tenkjer på karbohydratane. Men klemmen til mormor skal eg nok manna meg opp til å gi.

søndag 28. november 2010

Tradisjonsbygging

Me er inne i den tida av året då tradisjonar i større grad enn elles, styrer livsførselen. Nokre av desse tradisjonane har eg båre med meg frå barnsbein av, andre er av nyare dato ofte utforma og implementerte av buisnissane.
I min familie har me ein definisjonen på tradisjon som seier at om ein sosial aktivitet har gått av stabelen 3 år på rad, ja så blir den utnevnt til tradisjon i familien. Aktiviteten er blitt eit samlingsmerke som me heng opp på den mentale oppslagstavla vår. Me har såleis eit kort tidsperspektiv her.
På dette viset er rakfiskmåltidet kome inn i livet vårt og altså blitt ein nybygd tradisjon i adventstida. Auren som  tidleg om hausten vart lagt ned i salt oppi Valdres, er ferdig handsama av enzymene opp mot jul. Lukta er då forferdeleg, men smaken er fortreffeleg. Han får ligga å lufta seg i nokre timar i kjellaren, før han hamnar på førjulsbordet.
Nå er han i magen. Iår tilliks med før om åra, vart det eit gastronomisk og sosialt høgdepunkt.
I dag skal eg lufta i kjellaren.

lørdag 27. november 2010

Første laurdag i advent

I morgon er det første sundag i advent. Då skal det tennast lys. Det er usikkert kor og kva tid denne skikken med å tenna adventslys oppstod. I Wikipedia les eg;
"Tradisjonen med å markere adventstidens gang ved å tenne lys hver av de fire søndagene er gammel, men det er usikkert når den ble innført. En myte forteller om en tysk dame som ville lage en kalender for sin funksjonshemmede sønn, som gledet seg sånn til jul. Hun fant opp adventstaken, og tente lys for å telle ned til jul" 
Lenge heldt eg meg frå dette med å pynta tre i hagen med lysslynger i adventstida. Eg syntest det vart for "amerikansk", men gav etter for press for fem - seks år sidan. Alle andre tende jo lys på busken sin. 
Så idag var tida der for å henga LED-lyslenka rundt einerberbusken, som vekst framføre garasjen. Den er rundt seks meter høg, så det trengs både balansekunst, smidighet og kløkt for å vikla lyskjeda rundt i representative spiralar. Kona har balansekunst og smidighet. Eg står for kløkten. Dei andre naboane nyttar seg av meterhøge småbuskar, som dei trer eit slags lysnett over. Det vert for enkelt og puslete for meg. Hos meg skal det vera storslått. Eg har arva litt av dette familiære gigant-genet som har gått frå ættledd til ættledd i slekta mi.
Så nå er alt klappa og klart. Kl 17 kjem barn og barnebarn. Då skal julelysa på busken kveikjast. 
Det skal syngjast for å koma i julestemning. Sangen iår vert slik:

Så set vi lys på ein einerbærbusk
einerbærbusk, einerbærbusk
Så set vi lys på ein einerbærbusk
tidleg på laurdags kvelden

Så gjer vi så når vi innatte går
innatte går, innatte går
Så gjer vi så når vi innatte går
der er det saft og kake
Noko skal ein jo kosa seg med ein kald laurdagskveld i november. Eg har ei kjensle av at dette blir bra

fredag 26. november 2010

Ein lyrisk inkarnasjon.







Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.

 Slik skreiv Olav H. Hauge i 1966. Dei seier han var ein klok mann, noko eg ikkje vil motseia. Eg traff han midt på 1970-talet. Han vitja arbeidsplassen min, som då var Kvinnerad gymnas. Gamlerektor måtte sykla ned til utsalet på kaien, dit Hansa sende ølkassane til tørste kvinnheringar. Hauge hadde ymta frampå at han kunne tenkja seg ein skvett øl etter skulebesøket.
Den billause, gamlerektor Døssland, sykla heimatt med ølkassen på bagasjebrettet. "Kven syklar der", spurde folk. "Dei seier han er rektor, men han ser ikkje slik ut", vart det svara. Han høvde godt saman med Olav H. Hauge, som heller ikkje såg ut som det han var: ein av noregs største lyrikarar.
Men kva så med katten? Jo, i dag sat han utanfor huset mitt, som ein inkarnasjon av diktaren sitt kattedikt. Ikkje i tunet, men på sjølvaste altanen tett ved stoveglaset. Det var minus 12 grader ute, så katten hadde kroa seg oppå putekassen, som er laga av polyamid og difor har ein låg varmeleiingevne. Eg gjekk ut og snakka med katten.
Kvifor ligg du der katt, spør eg. Katten rører seg ikkje. Olav H. Hauge sa eg skulle snakka med deg, seier eg. Difor vil eg seia deg pusekatten min at du ikkje må pissa på putekassen min.
Katten glyttar på meg med bedande auge. Det er kaldt, meiner han. Frys på beina og er skjelven. Ja, men hadde du ikkje fore hylande rundt på natteelsking men heller sove då, hadde du vore i betre form, seier eg. Nå kjem du deg iallfall vekk frå kassen. Eg skremmer han med eit kraftig "HUTJ", og veivar med armane. Katten geipar til meg, men hoppar idet han synes seia: Det var ikkje slik diktaren meinte du skulle snakka til katten, din råtass. 
Olav H. Hauge fortalde berre halve sanninga. Katten er ikkje berre "han som er vardast i garden", han er og den som er frekkast i kjeften, og som hittil idag har gitt meg den største bondeanger. 
F... ta katten.

PS. Ver snill mot dyra

onsdag 24. november 2010

Slepp Forsvaret fram

At Forsvaret slit med å halda budsjettet, er ikkje unikt. Eg meiner, kven gjer ikkje det? Alle offentlege etatar har i årevis blitt fortald at ein må organisera seg på klokare måtar og driva meir rasjonelt. Det er strukturelle endringar som må til. Staten kuttar bevilgningane og forventar at aktivitetsnivået skal haldast oppe i etatar og i kommunar.
Forsvaret har teke dette på alvor, og viser stor vilje til å tenkje nytt. Det er klart det kostar å førebu seg til krig. Og skal ein kunna føra ein billeg krig, må ein gjera noko med mellom anna logistikken. Det må øvast inn optimale rutinar for forflytting av utstyr og personell.
"Kvifor betala på bussen, han går jo uansett", tenkte mannen som sneik på bussen. Men han blei teken av kontrolløren og fekk seg ei skikkeleg skrape.
Slik tenkte Forsvaret og. "Kvifor køyre bombene den lange vegen sjølv, SAS går jo uansett". Men så var det desse hersens sekuritassane då. Eg har kjent dei maktsjuke kroppsvisitørane på kroppen, og har stor sympati med Forsvaret. Her vert det prøvd ut nye metodar, billege løysingar, som kanskje kunne vore utvikla vidare. Neste steg kunne vera å plassera bomber på SAS-flya frå t.d. Oslo til Bangkok. Dei fyk jo over Afganistan. Det skulle såleis vera unødvendig at Nato må senda eigne fly ned dit for å sleppa bomber. Det gjeld, ikkje berre å sjå mulighetene, men å nytta dei og.
Så vert ein altså stoppa i eit så perspektivrikt prospekt av nokre vakter på Flesland, som veit lite og sannsynlegvis ingenting om strategisk krigføring. Det endar vel med at Forsvaret, til liks med busspassasjeren, får seg ei skikkeleg skrape. Og då er spørsmålet om dei giddar å kriga i det heile. Og då står vi der, eller kanskje ligg vi der, før vi anar det.

fredag 19. november 2010

Eg og Jens

Då Jens Stoltenberg vart askefast i New York sist april, publiserte kontoret hans eit bilete av statsministeren og hans nyaste elektroniske duppedings, ein iPad. Etter at han kom seg til Spania, vart han køyrd heim på mi rekning. Han sat i baksetet under turen og styrde landet som dei sa, via sin iPad. Eg er ven med Jens på Twitter og Facebook. Eg kan nå røpa at det han eigentleg gjorde, var å senda hyggjelege meldingar til meg og andre av sine vener. Han sa kor han var, kva han såg og kva han tenkte. Han storkosa seg såg det ut som. Saka fekk internasjonal merksemd. Berre sjå t.d. her.
At eg og Stoltenberg kommuniserte, og at eg i løpet av hans lange køyretur gav han gjentagne positive oppmuntringar underveis, har vore ukjend for media til nå.
"iPad er eit fantastisk teknologisk verktøy som eg gledar meg til å bruka meir", fortalde han meg den gongen. Sidan det har eg sikla etter eit slikt nettbrett, eller tablet som utlendingane seier. Sjølvsagt ville eg helst ha ein iPad, men prisen gjorde meg mørkredd. Frå 5 til 7 tusen kroner er mykje for ein som korkje har statsministerløn,  stortingspensjon eller sjølvråderett. Eg får handla der det er billeg å skaffa seg duppedingsar. Det er i Hong Kong. Mykje rart har eg fått for ein slikk og ein ingenting hos http://www.dealextreme.com/. Der sel dei varene til pensjonistprisar, og sender dei gratis til Norge. Eg handla ein slik du ser her. Han kom hit igår. Så natta blei alt for kort for meg inatt.
Dette blir knas å ha med seg på reise. Den går greitt ned i parkaslomma mi, og er lett nok til å ha med seg på ein Ryanair-tur. Og om eg skulle bli askefast, kan eg venta til neste fly. Då skal eg chatta med Jens.

tirsdag 16. november 2010

Kjøken i nytt lys

Lysarmatur med lysstoffrøyr har lyst meg opp på kjøken i over 30 år. Den gode gamle typen med to 36 W røyr og tilhøyrande tennarar, har vore ei framifrå lyskjelde. Den har gjort meg kapabel til å skilja mellom sukker og salt,  kanel og peppar, morgenkoppar og ettermiddagskoppar, og  mellom ven og fiende på mørke morgonar og i skumle kveldstimar. Eg har lært meg å bli glad i dette takarmaturet som har gitt meg så mykje lys for ein billeg penge. Om eg berre skifta røyr og tennarar år om anna, og plukka ut dei daue flogene som enda livet sitt i lysande glede mellom deksel og lysrøyr, så fungerte dette godt. Ja etter mi meining då.
Men etter som åra har gått, og nye tider har kome, er dette lyset blitt eit stridseple i heimen. Det bråkar, seier kona. Det durar. Nei, eg høyrer ingenting, seier eg. Då har du defekter i det indre øyra, seier ho. Om ikkje skuldast det nevrale forhold. Ho har kursa seg mykje kona, og tydlegvis plukka opp eindel medisinske uttrykk.
Eg kjem til kort. Eg reiv ned taklampa idag, for å setja opp eit av desse moderne spotlysa med halogenpærer, som kan vriast i alle himmelretningar. Kjøpt med medlemsrabatt på OBS i Haugesund.
Men akk. Det var ikkje så enkelt. Taket må malast før ny lampe kjem på plass. Ikkje berre eit strøk, men to. Og så kan eg like godt rulla over gangtaket når eg først er igang. Og så er det vinduskarmane på kjøken då, og så, og så...
Det blir ei tøff før-adventstid. Takka meg til å vera avløysar på Karmøynå. Då kunne eg rusla ein tur ned i fjosen, når det drog seg til inne.





knyttet til defekter i det indre øret eller nevrale forhold

tirsdag 9. november 2010

Ein dofiksjon

Å gå på do i store byar som Haugesund, gir andre opplevingar enn i heimbygda. Nå skal du høyre kva som skjedde på eit av dei uttallige handlesentra her i byen.
Eg måtte tre av på naturen sine vegne, noko folk stundom må. Dobåsen var av den ikkje heilt innelukka typen. Veggene gjekk ikkje heilt opp til taket, og då veit eg av erfaring at lydane ein utstøyter lett finn vegen til naboen. Eg er alltid usikker på om eg skal kremta eller hosta for å gjera eventuelle do-naboar merksam på at dei ikkje er aleine, iallfall ikkje i akustisk forstand. 
Denne gongen merka eg med ein gong at der var nokon i nabobåsen. Eg hadde knapt nok fått satt meg på skåla og sloppe ei due, før eg høyrer ei mannestemme seia:
God dag..har du det bra?
Eg vart overraska, og visste ikkje heilt korleis eg skulle takla dette. Eg er ein moden mann rik på erfaringar, men dette var nytt.
Jo takk bra, sa eg etter ei stund. 
Kva gjere du på? kom det frå nabobåsen. 
Det same som du, reknar eg med, sa eg. 
Høver det at eg kjem innom ein tur, høyrde eg sagt frå naboen. 
Nei, det høver dårleg, sa eg. 
Til mi store overrasking høyrer eg stemmen frå nabobåsen seie: Eg er på toalettet nå. Vent til eg kjem ut så ringer eg deg oppatt. Det sit ein tulling på nabotoalettet og svarer på alle spørsmåla eg stiller deg.
Eg kjende med ein gong at urinen fraus i uretra, og at rectum slo knute på seg. Eg vart handlingslamma og musestille. 
Eg gav meg sjølv 10 minutt før eg lista meg ut av toalettet, og prøvde så raskt som mogleg å mingla meg med dei andre travle kundane på senteret. 
Det tok si tid, sa kona. Ja den diareen. Du veit korleis det kan vera, sa eg.

mandag 8. november 2010

Avløysaren 3

Papegøyar er underlege dyr. Med sitt krumme nebb og sine framover- og bakovertær, er dei istand til å klatra både vassrett og loddret. Med hovudet opp og med hovudet ned. I roleg passiar under burtaket, eller i rasande tempo langs burveggen.
Som avløysar har eg fått ansvaret for Cato, oppkalt etter Cato Zahl Pedersen. Eg er usikker på kva suksesskriterier som er lagt til grunn for dette navnevalet, men fuglen sjølv er nøgd med det navnet.
Ein skal vera varsam i omgangen med Cato. Han er lunefull. Best som han er i strålande humør, seier hallo og spør om eg "holde koken", så kan han i neste augneblink bita av meg fingeren om eg byr han den. Difor held eg fingrane frå fatet, fuglefatet.
Han snakkar Karmøydialekt. Det har han lagt seg til ved å tjuvlytta til eigarane sin konversasjon på både gode og vonde dagar. Ved å opphalda meg her i huset i ei veke, får eg såleis eit godt bilete av korleis komunikasjonen mellom familiemedlemmene plar å føregå.
Etter eit par dagar har han taket på ringelyden på mobilen min. Ikkje berre det at han lagar ringelyden, men han "tek" samtalen og. "Hallo", seier han då. "Jada, jada", seier han. "Hadet". Og det lenge før eg har funne ut kor telefonen min ligg hen.
Cato må ha stell. Det er ei utfordring. Lama og sauer er som lam, i forhold til det å nærma seg Cato. Å opna buret hans er ei nervepåkjenning. Han sit klar og vaktar over sin arena. Likar å få mat, men vil ikkje at eg skal tru at eg "er noko".  "Værsegod", seier eg når skåla hans er fylt opp med Catomat. Han høyrer ikkje på det øyra. Iallfall svarar han meg ikkje. Har dei ikkje lært han å takka, mon tru?
Men om kvelden er han grei. Når klokka dreg seg mot sporten i Dagsrevyen, spør han: "Ska me legga oss"? Det har han nok etter husbonden. Eg veit at han og hatar sport. Eg finn fram det store pleidet som han ønskjer å ha over buret når det kveldar. Då sovnar han inn, og er roleg fram til frukosten. Om eg då ikkje er rask nok til å fjerna pleidet, masar han: "hallo, hallo". "velkommen".
Greitt på sin måte å vera avløysar for dyr som veit kva dei vil. Å stella lama krev meir mental kapasitet. Eg må hugsa på tinga sjølv der. Må setja mobilen min på ringing for ikkje å forsømma meg då. Det er ikkje slik med Cato. Han gir beskjed. Har er tydeleg og presis. Han finn seg ikkje i noko slendrian. Eg kan lika slike vesen...
KLIKK; KLIKK HER

søndag 7. november 2010

Avløysaren 2

Sauer er ålreite dyr, sa Liv Finstad i 1983. (berre sjå her). Eg seier meg samd med Liv i det. Iallfall i november månad, når graset framleis er like grønt på heimebeitet, som det er på andre sida av gjerdet. Då held dei seg på rett side, og gjer livet greitt for ein avløysar.
Eg tok ein runde på beite for å telja dei idag. Men då dei såg meg, bad dei meg om å halda avstand og passa mine eigne saker. Dei kjende ikkje denne typen som bræka mot dei med ein alt for avslipen haugalanddialekt. Dei sprang og gøymde seg mellom bakkar og berg ut med havet her på Vest-Karmøy. Greit nok for meg at dei vil klara seg sjølv. Eg kan telja sauer seinare i kveld. I senga.
Om vinteren er det meir arbeidskrevjande å passa sauene. Då skal dei matast. Store siloballar skal køyrast ut på marka, og før ein har fått skore vekk plasten, står dei og hoppar og gjer seg til oppå ballane. Slik hadde eg det ein gong før i mi avløysartid her på bruket. Andre hoppa over gjerdet, som i teorien skulle vera umogleg, for å finna betre gras på andre sida. Slikt er enerverande for  ein gjetar, som er aldri så lite opp i åra. 
Å springa etter sauer var noko er var ein hylar til for 55 år sidan. Då sende far min meg langt opp i utemarka for å sanka flokken saman kvar kveld. Då skulle dei sova inne. Det var tida før gjerarhunden kom til gards. Kva skulle far min med slikt. Han hadde jo 4 søner. Å springa etter sauene då, var greitt nok. Men å telja dei var like håplaust som nå. Å koma heim med ein sau for lite, var mest som blasfemi å rekna. Og då kunne det bli lang dags ferd mot natt.
Men ein lærer så lenge ein lever. Bonden på gården her, som no er min ferierande son, har lært meg eit triks. Ei skranglande bøtte akkompagnert av brækelydliknande karmøymål skal gjera jobben, seier han.
Det skal eg øva meg på i kveld. Så kanskje er får talt dei før eg sovnar.

lørdag 6. november 2010

Avløysaren 1

Ei veke skal eg vera her. Dei kallar det avløysar, bøndene. Det er ei ordning som er komen i stand m.a. fordi det skal vera mogleg for bønder å få ferie og fritid. Det er dyra som treng stell og pass.
Eg starta med lamaflokken idag. Var ein snartur bortom dei frittgåande dyra, presenterte meg og prata litt drit med dei. Så var det å leia ut den stakkaren som flokken, særleg gamlefar, ikkje vil akseptera. Han står i tjor på dagtid, og i fjosen på nattestid. Difor må eg geleida han til og frå beitet. Han er grei. Kjenner meg sikkert att frå sommaren 2009, då han var såkalla alelama. Mora døydde og han måtte matast av folk. Så mens gardsfolket var i Dublin og leska seg med Guinnes, leska eg lamafolen med utblanda melkepulver. Han var ikkje overmåte begeistra for dette innsteppet mitt, og bestemte seg for å slutta med tåteflaska i løpet av den sommarveka.Nå skal eg leia han ut på beite kvar morgon, og innatt om kvelden. Vonar han syns det er greitt, og ikkje bestemmer seg for å slutta med grasetinga denne haustveka. Han trivdes iallfall i dag. Berre klikk her og få verifisert det
Det eg ikkje syns noko om, er at gamle lamafar, herskaren i flokken, står på beitehaugen og strekkjer lang hals mot den tjorde unglamaen. Han vil nok over gjerdet å pryla ungdomen slik at han skjønar kor landet ligg. Hoppar den karen over gjerdet, er eg fortapt. Eg kan verken kappspringa eller kappspytta med den kroppen.

torsdag 4. november 2010

Statistikk med Bob Dylan

Når ein er blitt 67 år, har ein "slikt" å ta seg til. Eg har moroa meg med å laga grafar ut frå det materialet som er sett opp i dei tre føregåande innlegga. Mens eg gjorde dette, var det ei strofe som kontinuerlig rulla rundt i hjerneviklingane mine. Og ikkje berre der. Dei fann vegen fram til munnhola og nynna seg fram gjennom nasen under heile matematikk økta.
 Garafane for dei tre åra som bursdagsjubilantane denne veka var fødde i, blei slik:








Strofa som rulla var av Bob Dylan. Sanneleg har han rett, tenkjer eg: " ... the times they are a-changin' "
Dette sa han om saka:
Come gather ’round people

Wherever you roam
And admit that the waters
Around you have grown
And accept it that soon
You’ll be drenched to the bone
If your time to you is worth savin’
Then you better start swimmin’ or you’ll sink like a stone
For the times they are a-changin’


Kunne Bob Dylan statistikk skal tru? 
Iallefall, flott sak. Høyr den 65 år gamle gruvearbeidarsonen, Bryan Ferry si tolking. Eg syns den er outstanding.  Klikk berre her




onsdag 3. november 2010

Flottaste bursdagsbarnet denne veka


Dette seier Statistisk Sentralbyrå om året 2001:
  Folketalet i Norge er 4 503 436.
  56 696 barn blir fødd.
  0,4 prosent av nyfødde døyr før dei fyller eit år.
  Ein nyfød gut kan venta å bli 76 år, ei nyfødd jente 82 år.
  Dei mest populære namna på nyfødte er Julie, Sara, Ida og Emilie for jenter 
      og Markus, Kristian, Martin og Andreas for gutar
  Det er 22 967 par som gifter seg og 10 308 som skiljer seg.
  Gjennomsnittleg alder ved første giftemål er 29,3 år for kvinner og 32 år for menn.
  Det er i underkant av 76 670studentar ved norske universiteter og høgskolar.
  Det er 469 personbilar per 1000 innbygjarar.
  Eit kilo kjøtdeig kostar  76,85 kroner.

I dette året var Emilie eit av dei mest populære namna å bruka på jenter. Vår Emilie blei då også ei svært populær jente, mykje etterspurd som vennine og som gjest på overnattingsbesøk rundt omkring.
Ho vart fødd på Husnes ikkje lenge etter at foreldra kom hit frå Bergen. Sameleis som bror hennar, var ho nok også med på flyttelasset, om enn i ein litt anna innpakking. Ho slapp å sitta i barnestol i bilen under flyttinga.
Emilie er eit litterært vesen. Ho kosar seg med boklege syslar og er så skuleflink at ein pensjonert pedagog som morfar, vert stolt og rørd.
Rundt bursdag- og juletider produserer ho ønskjelister over fleire A4-sider, med alskens ønskjer frå strikkarmbånd til PC. 
Hennar store problem, syns eg då - men ikkje ho, er evna til å retningsorientera seg utandørs. Ho slit med å finna fram, men lar seg ikkje plaga av det, trur eg. Men eg syns ho burde hatt navigator på ønskelista.
Om ho skal følgja statistikken for det som var vanleg i hennar fødeår, så giftar ho seg om 20 år. Eg har ikkje høyrd om planane ennå for dette bryllupet, men så trur eg ikkje at ho er så oppteken verken av planlegging eller av giftarmål. Førebels lever ho sin lykkelege barndom, i sterk konkurranse om merksemda blandt 3 andre sysken.
I 2001 blei det etter kva eg veit, fødd 3 prinsesser. Det var:
Elisabeth, prinsesse av Belgia
Aiko, prinsesse av Japan
og Emilie, prinsesse av Røsslandslia.


For at du er ei prinsesse kan alle sjå som klikkar her
Gratulerer masse med torsdagen Emilie. Det er din dag, og me er så glad i å dela den med deg.