Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 15. mars 2010

Mi tid











Eg vil ikkje gi bort heile tida mi til andre. Eg vil styra det sjølv.  Eg har såleis tenkt å belasta  tidskontoen min, og bruka uttaka også til desse eigen-aktivitetane i åra som kjem:


  1. ·         Elska - meg sjølv og andre
  2. ·          Hata - men berre urettferd
  3. ·          Le -  av meg sjølv og av andre
  4. ·          Grina -  av det eg framleis har tårer til
  5. ·          Lesa - og evna å bli engasjert og å bli rørt
  6. ·          Lytta - med øyre, med auge  og med kropp
  7. ·          Tenkja - på det positive i folk rundt meg
  8. ·          Leika - med meg sjølv og med andre
  9. ·          Drøyma - om det gode i livet, og få styrke frå draumen
  10. ·          Reisa - men vita kor eg kjem frå
  11. ·          Leva - men og vera budd på å døy

    I tillegg til dette vil eg snikra eindel. Det bur jo ein Josef i oss alle - i det minste i meg.

    2 kommentarer:

    1. Vakkert og rørande. Men eg håpar det ikkje var Josef Stalin du meinte. (Me har kanskje litt av han og.)

      SvarSlett
    2. Litt usikker på etternamnet til den Josef eg tenkte på.
      Med sjanse for å bli forveksla med Sinatra, kallar eg han likevel for "Gudfaren".

      SvarSlett