Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 27. februar 2010

Dobbelbursdag

Stor fest på Samlebu. "Happy birthday" runga mellom snøfennene, berre avløyst av "Hurra for deg". Tvillingane, fødd 26. feb 2007"', var i fokus. Sjeldan har stemningen stått så høgt over pipa som då.
Også sola delte ut nokre strimer.
--
Sendt fra min mobile enhet

torsdag 25. februar 2010

Her er det og snø

På Samlebu er det vinter. Aldri har vel hyttetaket tålt meir snø enn
iår. Om eg ikkje hadde klatra opp med spaden idag, hadde eg sove
dårleg i natt. Snødjupne over meteren. Lite straum å få frå gravlagde
solcellepanel på taket.
"Trur eg heller satse på hus i Thailand", seier eg mellom spataka.
Kona som står nede mens eg hiv søv ned på henne, er enigare enn eg har
høyrd på lenge.
--
Sendt fra min mobile enhet

tirsdag 23. februar 2010

Flyktar til fjells

Brøytekantane i innkøyringa mi er 3 meter høge nå. Ein himla jobb å halda det køyrbart.
 Me drar på hyttå. Eg har von om mindre snø der. Og parkeringsplassen tek Mesta seg av.

lørdag 20. februar 2010

Om å treffa holet.

Under opphaldet i Thailand i 2007, fekk eg nase for mange av dei lokale dassa, som eg rett ofte måtte nytta.  Under turen dit i år var besøka på desse småromma i restaurantar og kafear ikkje sjeldnare. Og standaren var framleis variabel. Eg sleit til tider med å treffa holet. Men etter det min ven, båtbyggar Arne i Kina, kunne fortelja, var Thailand også på dette feltet reine luksusen i høve til kinesisk standard.  I Kina har ein berre hol i golvet der vatnlås sjølvsagt ikkje finns, og der lukta opp av holet såleis er intens og bedøvande. Men Arne gav meg ei oppskrift for holtreffsuksess, som eg nå har innøvd. Då eg skjønar at dette kan vera til nytte for andre, deler eg raust dette knepet her:

Ein måler seg sjølv frå anus til kneet.  Dette målet set ein av frå holet i golvet og bortetter golvet, og set ein kritstrek, a,  på golvet der. Så treiknar du ein strek, b,  frå golvholet vinkelrett på den første streken. Ein har då dette bilete på golvet:


Den vidare framgangsmåten er slik: 
Set beina på tverrstreken a, sikt med midtorganet ditt slik at det er rett over streken b.  Bøy knærne og la det stå til. Då treff du holet garantert, gitt at du sit på huk med 90 graders vinkel i knærne. Om du ikkje gjer det, kjem cosinusrekning inn i bilete om du skal få blink. Det vert alt for komplisert, og du drit deg sannsynlegvis ut.
Denne metoden nytta Arne konsekvent i YiChang i Kina, der han og Solveig har budd dei siste 2 åra som einaste europearar.

Eg prøvde metoden på ovanståande  dass i Hua Hin. Ein luksussak i høve til Arne sine Kinahol som du kan studera her. Eg kan innestå for at det vart ein suksess.
Ein reinsleg måte å få letta på trykket, utan å grisa til skoa med eige produkt. Nedspylinga med blå bøtte frå bedriten vasskum, høyrer ikkje med til denne soga. 

Ein stor takk til Arne, som nå er attende i YiChang. Så vidt eg skjønar har metoden ingen copyright.

fredag 19. februar 2010

Attende

Det er langt frå Hua Hin til Husnes. 3 timar med drosje til Bangkok, 12 timar med fly til Amsterdam, 1t og 20 min til Bergen og så 2 timar med båten til Husnes. Med ventetid tok turen ialt 23 timar. 
Jetlag er eit uttrykk for den fysiologiske reaksjonen som inntreff, når kroppen si døgnrytme vert endra. Det har eg idag. På beina klokka 04, etter ei natt med stykkevis soving. Andre i familien har eg ikkje sett på beina ennå. 
Eg sov nok betre på Bangkokflyet, enn i eigen seng. Eg sov godt der, heilt til eg brutalt blei vekka av ei nokså kraftig kvinne i fanget mitt. Ei kvinne som eg ikkje er i slekt med. Etter ein snartur innom fanget mitt hamna ho i golvet med eit brak, og var nokså medvitlaus. Stor ståhei med oppliving. Ho klarte seg, men eg fekk ikkje sova på ei stund etter dette. 
Så sit eg her då, i eiga stove. Ute er temperaturen -6. Brutalt dette, når ein kjem frå utetemperatur på + 30. Men inne er det bra, og i dag slepp eg å grisa meg til med slik faktorkrem. Kaffien er av den gode Frieletypen. Den hjelper mot jetlag, kjenner eg. Eg er klar for å gå vidare - i snøen. 

tirsdag 16. februar 2010

Panikken breier seg

Det er nest siste dagen her. Og vi er ikkje klare for heimreise ennå. Nå gjeld det å få med seg resten av moglege opplevingar, og maksimalt utbytte av gratis bagasje kiloar på KLM.
Såleis brukte vi det meste av dagen i går til å tråla gjennom sør Thailand mot grensa til Burma. I den store nasjonalparken Khao Sam Roi Yot, berget med tre hundre toppar, opplevde me eit makalaust landskap av frodige sukkertoppar, som var grønne heilt til topps. Våtmarker, saltsjøar og risåkrar. Me kasta oss på elvebåtturar, grotter og tempel. Me vitja markeder og bensinstasjonar. Strender og gatekjøken.
Idag startar pakkinga. Det skal pakkast, vegast, handlast og vegast på nytt. Ikkje eit gratis bagasjegram skal me tapa.
I kveld går turen til Cha-Am. Middag med dei før omtala "kinesarane".
Så det er full fart her. Me står på heilt til kl 18 i morgon. Då tek drosjen oss til flyplassen

søndag 14. februar 2010

Bollesundag

Det er ikkje mange forunt å bli invitert på fastelavensboller i Thailand. Sjølv om mjølet er kjøpt på den lokale butikken nedi vegen, og fløyten er snippa av merkelege, kuliknande vesen hos Thaibonden, var bollesmaken fullt på høgde med dei eg plar nyta heime. Harriet kan det. Med munnbind pga hennar mjølalergi, stod ho på og baka idag.
Me var der saman med Solveig og Arne, denne "kinesiske" nordlendingen og tromsøværingen. Desse fargeklattane, som har 14 dagar ferie frå båtbyggarjobben i Kina.
Ikkje kvardagskost for dei heller dette.

Grilling

Stille i gata. Berre ein katt smyg seg forbi hageporten. På musejakt, trur eg. Den har lurt seg forbi vakten i inngangsporten til landsbyen. Denne vakten som sprett opp og helsar, kvar gong kona og eg passerer. Anten med er i bil, på sykkel, eller til fots, viser han oss like flott honnør. Så han gjer ikkje forskjell på Kong Salomon og Jørgen Hattemaker.
Men kattar skal ha jo ikkje sleppa inn idag. Me har rett nok fått melding om at "monthly pest control service" skal komma. Men det var jo mandag eller tirsdag.  Lurer på om katten har bomma på dagen.

Lørdagskvelden er den store grillkvelden her i landsbyen. Det er H &  S som inviterer for tredje lørdag på rad. Då går det på T-bone, biff og koteletter. Innkjøpt hos den franske slaktaren i Hua Hin. Der får ein gode varer hos kjekke folk. Salatane laga av Harriet og Svanhild, inneheld mykje god kvitløk og ein god del anna som ganen min ikkje kjenner, men nyt.
"Skal Ni grilla", spør svenskenaboen når han ser oss på veg til broderen med raudvinsflaska. "Det blir vel norsk ribba då", seier han. "Her har vi biff", seier han også svensken, og kneggar. Har funne ut at eg kjem best utav det med å le i slike situasjonar. Fyren eig jo store deler av ei verdsomspennande hotellkjede. Slike folk kan ein ikkje vippa av pinnen med ein kvinnhersk replikk likevel. Men eg kjenner meg litt grilla.

Det vart endå ein flott grillkveld. Neste gong eg grillar, blir mest sannsynleg på andre breddegrader og til andre årstider. Men kven veit: Kanskje det blir norsk ribba på rista.

fredag 12. februar 2010

Botanikk - nærast eit vulgært ord å bruka om dette.


I eit land der ei kvar utmark kan konkurrera med ein gjennomsnittleg hage heime på Husnes, kan ein undra seg på kva utfordringar som må ligga i å opparbeida og stella ein hage her i Thailand. Det er ikkje dei blå temperaturane eller dei brune sneglane som er utfordringane her. Eigentleg er mulighetene tilnærma uendelege når det gjeld det meste innanfor botanikken. Det er vel helst snakk om å avgrensa og tilpassa utvalet av planter. Det meste veks her.
I dette landet er det ein gammal tradisjon å dyrka planter i potter. Denne tradisjonen skuldast trongen for at plantene var berbare. Det var avgjerande når store, ofte årlege flaumar herja. Då måtte plantene berast opp på opne verandaer. Anten det nå var frukttrær, urter eller godlukt-blomar, som Thai kvinna trong  for å pynta seg med, smaksetta mat og luktsetta klær, eller for ofring til familien sitt Buddha-bilete.

Eg kjenner ei kvinne i Thailand, som har sine røter på Sotra. Veit du kva landsby ho bur i, er det ikkje mogleg å gå forbi hennar hage utan å stansa opp og nyta syn, lukter, og lydar. Som ei ekte Thaikvinne, steller og ho sin hage med kjærleik og attrå. Som på ekte Thaivis, deltek mannen i hagearbeidet i avgrensa grad. Men han deler nok hennar glede over resultatet, og likar når ho pyntar seg og huset med godsaker frå denne Thailandske sereptakrukka.

Eg og fotoapparatet mitt fekk vandra med Harriet rundt i hagen hennar ein dag. Eg fekk berre med eit utval av alt som er å nyta der. Du kan sjå lysbileteserien der vekstene er namnsett av Harriet, ved å klikka her. God fornøyelse

onsdag 10. februar 2010

Ei blodig historie

Kelnarane kjem inn med to kobraslangar i ein sekk, opnar og spør kva for ein gjestene ønskjer seg. Slangane krøllar seg, hevar framre del av kroppen, klar for å bita frå seg.  Det blir å plukka ut den feitaste, som då vert avliven ved sida av bordet.  
Gjestene som alt har fått kvar sin shochu, ein kinesisk akevitt laga av destillert risvin og poteter,  får   dråpar frå kobraen si pulsåre oppi glaset. Ein Bloody Mary for tøffe karar.
”The guest of honour” får ennå ein lekkerbisken i sin drink. Det ennå bankande slangehjerta vert skåre ut og lagt i glaset hans. Hjerta ligg og pumpar i glaset, og stakkaren er forventa å eta det i seg før bølgjene i glaset slår alt for høgt.
Resten av slangekroppen vert teken ut på kjøken for tillaging, og blir etter ei stund servert i dei lekraste variantar. Kottelettar, steik og sideflesk. Kokt , grilla og fritert. Alt med nydeleg smak.

Slikt opplever ein ikkje i Hua Hin, men i Hanoi i Vietnam. Bror min fortalde meg historia ein vakker kveld på restauranten  ved fiskepiren i Hua Hin. Ein varm  januar kveld, då månen stod opp frå Siambukta og kelnarane trakterte oss med alt det dette havet har å gi.
Bror min var med der i Hanoi. Han var ”The guest of honour”.
Dette er guten som på sjølvaste konfirmasjonsdagen sin, var så kresen at han ikkje skulle eta anna enn pølsa frå Gilde. 

Møte med ein munk

Tirsdag. Eg er privatsjåfør for Harriet og Svanhild. To av oss ville til Khao Luang Cave, mens Harriet skulle av i Chaam, ein by ca 50 km nord for Hua Hin. Der skulle ho møta Solveig og Arne, som hadde 14 dagars ferie frå sitt arbeide nord i Kina. I tillegg skulle ho plukka opp 6,5 kg kinesisk ullgarn, som Solveig hadde streva med seg dit frå Kina. Harriet er ein strikkefantast. Lurer på om ho skal finansiera opphaldet sitt her ved å produsera spøtasokkar til thaiane.


Etter ennå ein 50-60 km var vi to andre halveges til Bangkok, og altså i dette utrulege Buddhatempelet som ligg inne i ei grotte. 
Khao Luang Cave er ein av Thailand sine godt gøymde juvelar. Området her, Phetchaburi, har nokre av Thailands mest enorme tempel og munkekloster, samt nasjonalparken Kaeng Krachan. Utan Garmin bilnavigator, hadde vi nok streva med å finna fram.


Vi ville inn i grotta, som er eit tempel/mukekloster. Dit kom vi sjølvsagt ikkje med sko på. Det blei på sokkeleisten. Ein blir alltid like overvelda av å sjå kontrasten mellom den rike estetikken innanfor, og dei som strevar for livet utanfor. Inne lever munkane sitt slaraffenliv, mens kvinnene med sine salsboder utanfor håpar at iallfall nokre skal høyra deira rop om gode tilbod på drikke og frukt. 
"Where are you from"? spør ein munk som viser seg ikkje å vera ei statue. "From Norway", seier eg. "Norway - north of China?", spør han. "Yes". "Its another world", seier han. "Yes, it's on the top of the world", seier eg. Han ler, og synes lika konversasjonen. 
Etter å ha tråla grotta opp og ned av trapper, tatt enormt med foto (du kan sjå nokre av dei her) og latt meg imponera av Buddha og hans likesinna i alleslag utgåver, treff eg min ven munken på nytt. Han held ei slags bøn/velsigning for eit ungt thailandsk par. Eg bivonar diskret. Når han har avslutta, vinkar han meg til seg. "You can make a picture", seier han. "Oh I have made a lot of pictures". Han vert forlegen. "Picture of me", seier han. Han smiler, eg knipsar. " Khaawp khoon khrap", seier eg, og tenkjer mitt. 
Etter eg kom ut frå tempelet, trefte eg han igjen. Han hadde fått avløysing og hadde røykepause. "Is this your car", seier han og peikar på Toyota Camryen. "Yes", bløffar eg. "You must be a rich man", seier han. Og eg tenkjer meg om, og svarar ærleg denne gongen. "Not me, but my brother". 
Eg forlet staden, og undrar på kva spor eg har sett etter meg i Khao Luang Cave. Eg vonar munken tek meg med i si neste velsigning. Når han er ferdig med røykepausen.

mandag 8. februar 2010

Te- og kaffistund på Sofitel



Det er sundag. Harriet og Salve inviterer på bytur. Te-stund på ærverdige Sofitel Central Resort i Hua Hin. Dette er namnet på det gamle jernbanehotellet i byen. Bygd på begynnelsen av 1900-talet i viktoriansk stil. Om ein ønskjer å bu her, må ein plussa på ein tusenkroning meir per natt enn på dei meir lokale alternativa. Me skal berre snusa på atmosfæren og smaka på godteriene i te- og kaffisalongen. 
Historia sit i veggene her. Den gamle delen er intakt og smakfult renovert: høgt under taket og staslege golvflater. Elegant havutsikt og ein hotellhage ned mot havet som kan ta pusten frå nokon kvar.Men så var det kaffisnasket då. Alt frå varmt til kaldt, frå surt til søtt, frå vakkert til elegant, frå nobelt til lukseriøst. Synd at magevolumet er avgrensa, for augene blei aldri "mette". Noko av det eg såg, og noko av det eg åt, kan du nok missunna meg.
Du kan sjå alle bildene eg tok på Sofitel ved å klikka her                                                                                      


                                                                                

lørdag 6. februar 2010

Ei vermelding

Det er ikkje slik det er:





Det er mykje betre.

Vandring og sjelevandring

Hos oss er det himmel eller helvete. Desse hinsides arenaene der  sorteringa er strengare enn karakterskalaen eg nytta ved fysikkprøvane. Det er ikkje snakk om å verta vurdert som ein trear. Nei anten er det 6 eller 0. Hos St Peter slepp berre dei med 6-ar inn. Nett som på odontologistudiet i Bergen i 1963. 
I Buddhaverda er ein meir fleksibel og pragmatisk. Ein finn tilpassa løysingar for den einskilda. Heile karakterskalaen blir på eit vis nytta. Har ein nådd Nirvana er det greitt, mest som å få ein 6-ar. Då slepp ein den runddansen som sjelevandringa inneber.  Denne samsaraen som plasserer dei svakare i eit evig kretslaup, der sjela etter dauen vert gjenfødd i andre kroppar. Og her kjem det med bruk av heile skalaen inn. Det beste ein kan oppnå etter Nirvana, er å bli gjenfødd i ein ny menneskekropp. Ein 5-ar så og seia. Mindre sjeleleg kompetente, hamnar i dyrekroppar av varierande status alt etter kor på skalaen ein har gjort seg fortent til å vera. 
Eg treff dei  stadig her, dei gjenfødde, på mi vandring utanfor landsbyen. Mange har hamna i hundekroppar, ser eg. Nokre av dei er mannevonde. Dei angrip, men eg snertar etter dei med den bambusstaven eg fekk av bror min. Då roar dei fleste seg. For vonde sjeler er ikkje alltid modige.
Ein av dei eg traff idag, var ilter. Eg tenkte, då eg såg han i augene, på om det kunne vera ein tidlegare elev. Syns eg kjende att det frekke blikket og den sleipe kjeften. Eg svingde pisken fleire gonger, som om det skulle vera peikestokken frå skulestova. Han gav seg då tilslutt, slik dei pleide å gjera desse urokråkene.

Eg gjekk uforstyrra vidare. Den gongen med Einsteins relativitetsteori. 
Denne gongen med  letta sinn, og ei viss glede over å ha meistra situasjonen.

Ein pensjonert realist som ennå har taket på elevane, tenkte eg.

fredag 5. februar 2010

Kveldsleik



Nirvana

Ein ny dag i Manora Village. Eg våknar av fuglekvitter frå terrassen. Også dei lokale firfislene blandar seg inn. Desse små gekkoane med den utruleg sterke røysta. Om kvelden gassar dei seg med myggen vår, og difor likar vi dei.

Eg står opp. Dusjar meg. Gårkveldens rester av myggkrem og Chang skal av og utav kroppen. Eg hatar når slikt gammalt får liggja og røra i lekamen min etter soloppgang. Eg smører meg inn med ny faktor 12, men Changen får venta.

Ei kvarter seinare putrar kaffien og egga hoppar i det kokande vatnet.
Bordet er dekka av alt ganen kan lysta og magen kan tåla av kjøtmat, grønnsaker og ikkje minst frukt.
Så er det å vekka kona og freista henne med alt dette. Det tek si tid å få henne på beina. Men ho klarer det idag og.

Under frukosten herskar det ein tilstand av ro, harmoni, fred og glede. Nærare Nirvana kjem eg neppe. Denne stunda mellom natt og dag då berre smattinga blandar seg med fuglekvittringa. Stunda då alle mine sinnsgifter er fråverande.

Hos ein ekte buddhist  er Nirvana ein permanent tilstand.
Når kona avbryt stunda, reiser seg og seiar at oppvasken står for tur, skjønar eg at min Nirvana berre var ei flyktig lykkekjensle. Men eg er jo heller ikkje buddhist, så eg får nøya meg med det.

torsdag 4. februar 2010

Halvgått løp

Det må bli eit kort innlegg idag. Eg ser halve tida mi i Thailand er forbi. Kan ikkje kasta resten vekk med tasting, tenkjer eg. Det er så mykje anna eg må rundt å observera, fotografera og dokumentera. Smaka og lukta på. Slik som igår t.d då eg var på apeberget. Apekattane som satte slik pris på meg, at dei nappa i pengeveska mi. Ville vel ha seg nokre slantar. Iallfall satte dei pris på denne kvite slektningen frå Husnes.

Om kvelden taxa me til byen. Det vart vestleg mat på tallerken for eingong skuld. Heilt vanleg T-bone steik, men med dugande sausar og jordbær med krem som punktum. Me labba rundt på nattmarkedet etterpå. Småhandla og snusa på rare lukter og svette folk. Me blei praya av ein pirattaxi som køyrde oss heim for ein slikk og ein ingenting.
Eg vil vera lenge her skjønar eg, etter å ha lese Reidar sin blogg om glattå i Kvinnherad. (Sjå den lesbare blogg her: http://reidarfk.blogspot.com/ )
Spør om eg har spart meg ved i vinter og snømåking.
Nå skal eg ha min ikkje sjeldne trim tur på stranda. 5km kvar veg. Berrføtt.

tirsdag 2. februar 2010

Fiskaren






Når båtfiskarane hadde fortøyd, traff vi denne vadefiskaren. Han bar nota si i belte. Han kasta ho ut på stranda og fekk grådigt med fisk, som han pakka i ei veske han hadde rundt livet.

Handling og kundebehandling

"Oh Papa, welcome to my shop", seier den vakre kvinna med fillipinsk opphav bak disken i optikarbutikken. "I've been her before", seier eg. "Oh you are an old customer Papa, then you are very special to me", kvitrar dama. Det var da som søren med dette Papa-greiene.
"Yes, I was here about a hundred years ago", seier eg. "Oh Papa, so nice", seier ho, og skjønar litt for seint at den replikken var meir ein tåpleg høflegheitsfrase enn eit fornuftig innlegg i samtalen. Ho ler og roar seg etterkvart noko ned med desse høfligheitsgreiene.
Eg handlar med nye briller. Eg svik Specsavers på Husnes, og grunnar litt over kvifor Gertzen måtte leggja ned optikarbutikken sin der.
"Best quality in Thailand", kvitrar kvinna. Eg trur ho trur eg trur henne.
"Welcome back another time, Papa". Søren der begynnar ho igjen.
 "Yes I'll be back within a hundred years", seier eg. Ho smiler og ler. "You are very welcome", seir ho, og godttar seg over ein kunde som berre klarde å prutta prisen 1000 bath ned.

Eg går vidare med skreddarbutikk i blikket. Ein skulle tru det syntes på meg. På det eine kvartalet å gå vert eg forsøkt stansa av 5-6 skreddarar. Dei vil ha meg inn i sin butikk. Eg rettar ryggen og smiler avvisande. Eg skal til min skreddar. Denne nepalske fagmannen som har sånt lunt vesen og så kaldt drikkevatn. Der butikklokalet luktar av ull og silke, har aircondition og mjuke skinnsofaer.
"Long time no seen", seier eg. Han ser litt usikkert på meg, før eg er "plassert".
Ein ny handel er igang.