Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 4. juni 2012

CHIKKELAKKE,CHIKKELAKKE!!

Eg hadde tinga vekking klokka 04.30 den 17. mai 1962. Me skulle ut å vekke gymnaslærarane på Haugesund Kommunale Høgre Almennskole. Eg var russ.
Det piska regn på ruta då eg stod opp. Hadde eg ikkje hatt avtale med far min om å låna Folkevognkassen til byen, trur eg turen hadde gått attende til senga. Men eg kom meg ut, og starta på innsamlingsturen rundt i byen. Det var plass til mange i Folkevognbussen. Ein heil gjeng vart samla opp frå eit telt oppslått på gymnasplenen. Dei hadde overnatta der, og var blaute i klærne og fuktige i hovudet. 
Laurdag den 2. juni 2012 traff eg gjengen igjen. 25 år etter 25års jubileet, vart det eit rendezvous som også blei ein test på reduksjonen av mine kognitive funksjonar. "Eg er Jon," sa ein tilårskommen gubbe som eg kunne sverga på aldri å ha sett før. "Javel, Gunnar her," sa eg. Men så lett slapp eg ikkje unna. Fyren ville vita om eg hugsa han, og kva etternamnet hans var. For i 1962 kalla vi alle kvarandre berre med etternamn. Eg skjøna snart at skulle eg komme ut av dette med litt ære i behald, måtte eg skaffa meg den same jukselappen som alle andre bar på i smug. Ei klasseliste frå gamle dagar.
Russestyret hadde hatt fleire møte, og opplegget var strålande. Klokka 12 på Bakarøynå med omvisning og sildabord hos Kyvik. Eg lurte fram ein boks Hansa, sidan opplegget var slik at dei som ønskte det, måtte ha drikke med. "Har du ikkje anna enn øl med," vart eg spurd. Professoren i Nordisk på eine sida av meg, og kirurgen som framleis skar i folk på Rikshospitalet, flirde og rista på hovudet. "Til sild må ein ha akevitt," sa kirurgen. "Ja og Brennivin," sa den nordiske. "Då treng eg jo 2 snapsglas," sa eg. Og det fekk eg.
Klokka 16 var eg i seng på hotellet. Gamle folk treng kvile midt på dagen. 
I 1962 hadde vi den såkalla Grisefesten på Odd Fellow i Hagesund. Der skulle og jubileumsmiddagen serverast. Eg stilte frisk og opplagt til bordsetet, med nypugga deltakarliste inni hovudet, og brylkrem på utsida. Nå gjaldt det å plassera seg strategisk, og unngå ekstremitetane.
Eg var heldig i så måte. Dessutan tiltok kjensla av godhug og velvilje for einannan etter som  timane minka. Me starta med Gaudeamus Igitur og endte med chikkelakke. Då svinga folk spaserstavane sine like heftig som russestavane suste omkapp i 1962. Professoren snakka gammalnorsk, og kirurgen dissikerte ei gammal vennine. 
Ei inspirerande attføding til eit nytt jordeliv. Slik kjendes det. Men det var på laurdag...


PS: Fleire kunne ikkje få gitt hotellet nok godord. Særleg sørvisen var framifrå, ettersom fleire våkna om morgonen påkledd og klar, om enn ubarbert...