Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 5. april 2010

Pjusk på påsketur

Det toppa seg på snøscooterhengaren i år. Han var lasta tett og effektivt frå botnen av. Baggane, som med kjøpte på Europris i 2002, låg nederst. Kona sa det gjekk an. I dei var det korkje egg, kjeks eller boksøl. Det var der ho hadde pakka potetene, safta og dopapiret. Neste lag var sekkane med truser, bh-ar og bleier. Så kom egga, påskeliljene, akkevitten og boksølet. Og så kom eg. Som kongen på haugen sat eg i full påskemundur med faktor 6 i panna, 20 på nasen og skia under armen med vinterferiesmurningen framleis på plass. Definert av Helse Fonna som ”Ikkje kapabel  å gå på snø med ski og stavar”.  Det var meg.
I tauet bak hang ungane. Dei hadde fått instruksjon om å sleppa, dersom dei tryna. Men det gjorde dei ikkje, tryna meiner eg. Resten av laget  fulgte på  for eigen maskin i fin stil med innlagde glippetak. Vel inne ved Samlebu, avtala eg med Gunleiken å bli henta, når eg ville heim att. Han undra seg storlegen, telemarkingen, over denne latsabben.
Eg og Vårherre hadde gjort eit godt førearbeid. Terrassen var snøfri og ryddig. Eg hadde spadd i vinterferien og Vårherre hadde nok tatt nokre spatak fram mot påske. Frå taket rann snøen i dråpeform ned i takrenna og vidare ned på bakken. Ei bøtte på rett stad, og eg sparer kona for ein tur til vatnpumpa, som ligg 100 m borte. Og kvinnfolka skal ein spara på. Det er kjekt å ha dei i form til anna førefallande oppdrag.
Påskeferien, om pensjonistar kan bruka slike namn, er igang. Og han driv frametter dag for dag. Det snøar tett. Vinden er og på farten. Stundevis ular det rundt nova. Men folk må ut. Skitur. Slikt skal ein gjera i påsken. Dei kledde seg etter Lars Monsen metoden, var varme og forkavde når dei gjekk ut, kom innatt og såg ut som om dei hadde vore med Nansen over polen. Men det var greitt dei kom attende. Det er gjevare med after skiing når fleire er med, syns eg. Sjølv levde eg og etter Monsens råd:  ” Unngå å dusje hver dag. Da beholder man et lite skittlag på kroppen som utgjør en stor forskjell når det gjelder å holde på varmen. Da er det ikke så kaldt å gå ut på terrassen med en øl”, seier friluftsguruen.
Påskeafta ringde eg Gunleik. Eg vil ikkje meir, sa eg. Kan eg godt skjøna, sa han. Eg køyrde meg bort oppe ved Rassteinutane idag, sa han. Knuste vindskjermen på scooteren og skamslo aksla mi, men eg puslar meg innover og hentar deg.
I all verdens rike, tenkte eg og såg ein kort augneblink  for meg at eg måtte spenna på skia. Blei både forbitra, forfjamsa og fortørna. Men til fånyttes. Returen gjekk som fot i hose.

1 kommentar:

  1. No vart eg endå gladare for at eg ikkje har kasta vekk tid, krefter og pengar på påsketur. Betre heime i sofaen.

    SvarSlett