Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 15. august 2020

Ei reise til Sogn

Vi gjorde som Erna sa: Turist i eige land. Episenteret for reiseliv i Sogn er Balestrand.Tyske keiser Wilhelm II fann det ut rundt 1890. Han var her 23 ganger, lenge før  Kilroy var født.
Balestrand har reiseliv som hovudnæring og ingen industrialisering som attåtnæring. Cruise skipa finns heller ikkje her. Turistane kjem med båt frå Bergen, andre kjem langs landevegen eller med ferja frå Vangsnes/Hella.
Fridtjov den frøkne står i Vangsnes på sokkel. Han er 10.5 m høg og keisar Wilhelm II sette han oppå ein 12m høg sokkel. Stakkars karen får ikkje vera med ferja over for å leite opp si vakre Ingebjørg. 
I Balestrand meiner dei å ha folk frå 22 nasjonar buande. Så her snakkar dei fleste bale-engelsk som er ein forenkla versjon av sognamålet. 
I Balestrand vart Kviknes hotel leiren vår. Dette hotellet som kan skryta på seg tradisjonar attende til 1752. Her er keisarlege og kunstnarlege skrømt og målarstykke oppsiktvekkande til stades. 
Vi drog ein dag over Gaularfjellet. All ros til Statens vegvesen for opprustinga av dei nasjonale turistvegane med sine utsiktsplatformer og urinaler. Her kan ein stå høgt og pisse langt. Utsikten er framover, nedover og framifrå. 
Me vitja Skei og Fjærland, bremuseet og bokbyen.
I Sogndal har dei Fosshaugane og den høge skulen. Studentane utveksla ølflasker og cobid19 rundt om på plenane. Vi drog attende til Kong Bele si bygd. 
Over fjorden pendlar ferja. Norled sine gamle fartøy tapte heldigvis alle anbod i Kvinnherad. Nå slit dei seg fram og attende over noregs lengste, djupaste og vakraste fjord. Dei gjer jobben, men vakre er dei ikkje. Vi heiv oss på. Dragsvik - Hella - Vangsnes.
Gamalosten og bringebærsafta i Vik var ei tøff oppleving. Eksklusivt å nyta, utfordrande å svelja. Miksa og mogna ved Tine meieri avd Vik , einaste gammalost produsenten i landet vårt nå. Om ikkje opplevinga var heilt på høgde med cidersmakinga på ciderhuset Balholm, hadde ho likevel den fordelen at ein var i betre balanse på heimvegen. 
Me reiste med turistruta Bergen - Flåm - Bergen. Også dette ei Norled rute som gjorde turen litt meir spennande enn vanleg rutebåt. Attraksjonane langsmed leia vart omtala og stoppa opp ved. 
"Wunderschön", sa alle turistane som kom frå Tyskland. Så sa Wilhelm II for 130 år siden også.
Eg er nok pittelitt einig.