Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 26. mars 2010

12. Post Scriptum

Me går inn i den stille veka nå. Det gjer og bloggen min. Eg har gjennomført det eg sette meg føre i bloggen : Grava djupare i "Mi Tid" . 
Takk til dei som lot høyra frå seg med morosame, avklarande eller kristiske kommentarer til dei siste 11 bloggane mine. Hyggeleg at nokon orka lesa mine navlebeskuande, og ofte altfor lange innlegg.
Likevel, eg skreiv dei mest for min eigen del. Ein måte for meg å bruka ei rekonvalesens tid på. Og ein slags terapi også for ei forvridd sjel, som ennå knaskar antibiotika, men er komfortabel med det.
God Påske!

11. Leva - men og vera budd på å døy

Dette er punkt 11 av bloggen ”Mi Tid”.

Å leva er heftige greier. Varsellyset  ”Fasten Seatbelt” med eskorterande påminningspling, skulle vel vore tend oftare gjennom åra. Om flykapteinen hadde vore våknare, og kabinpersonalet strengare, hadde eg ikkje alltid fått vasa rundt som eg gjorde. For det har gått både opp og ned, framover og bakover. Gjennom turbulensar og frie fall. Nokre gonger nakkebrot, andre gonger salto med positiv skru. Men det jamnar seg ut, ting roar seg igjen. Det er visst slik livet er.
”Skal du kunne se lyset, må du ha vært i mørke ei stund.
Vil du finne veien opp av dypet, må du ha skura noen ganger mot bunn”.  
Jonas Fjeld og Henning Kvitnes  i ”Noen Speller Willin’ ” frå albumet ”Den gamle veien”. Klart dei veit det dei. Gamle karar har røynsle. Kontrastane må ein få med seg. Utan dei, får livet ein nummen smak. Dei er som saltet i grauten: Ein kan klara grauten utan salt, men ein kjenner at noko manglar. Så om du aldri har skrapt mot bunnen, har du kanskje ikkje dukka djupt nok. Eg er ikkje ferdig med djupdykka mine. Ikkje ennå. Ikkje på lenge
Men eg fekk montert eit gyroskop i hovudet mitt. Det er designa av foreldrene mine, og sett på plass alt ved svangringa.  Det har vore godt å ha. Det  indikerer, retningsstabiliserer og gir ny kontroll. Held rørslemengda mi på rett kjøl, når djupna blir for stor.
”Jo  meir eg tenkjer på det, jo klarare ser eg at livet ganske enkelt er til for å levast”, sa Goethe. Ein grei måte å tenkja på. Upretensiøst og på same tid spennande, for han seier ikkje at livet skal levast enkelt. Kvar får finna sin måte, kvar får setta sine mål. Skjønt mål, for denne "turen" er ein ting tydleg for meg: Reisa er gjevare enn målet.
Å bu seg, er noko eg kan. Mitt liv som pedagog, lærde meg  løyndomen  i det å væra vel budd. Det handlar om meistring.  ”Han møter alltid godt budd til timane sine”, skreiv gamlerektor på attesten min i 1975. Den tok eg hand om. Kjekk å visa for seg. Her er  ein kar som ikkje sluntrar unna. Som nok, om han berre får tid på seg, kan klara det meste.
Eg kjenner ingen som gir meg attest på at eg er godt budd på å døy. Eg må stola på eiga dømekraft her. Men det blir som det ofte blei, når eg skulle bu meg. Følte aldri eg vart skikkeleg ferdig. Syntes alltid det var noko meir eg burde sjekka opp i, før eg gav meg for kvelden.
I morgon er ein ny dag. Eg skal bruka han på og med nokre av dei eg er glad i. Eg skal så langt eg maktar, gi av meg sjølv og vera eit positivt medmenneske. For meg er dette å leva.  Men kanskje det og er å leggja att minne om meg sjølv til andre, som varer utover mi tid. Som å setja fotspor. Kanskje det såleis er ei god  førebuing også. For døden.  I såfall får eg både i pose og i sekk.

torsdag 25. mars 2010

10. Reisa - men vita kor eg kjem frå

Detter er nr 10 frå bloggen "Mi Tid"

Eg har eit minne om det eg hugsar som mi første reise. Eit godt minne. Tidleg 50-tal, trur eg det var. Sundagstur i robåt på Førdesfjorden til Høieholmen. Ikkje berre ein robåt, men tre. Ein heil armada. Ikkje berre ein, men mange familiar. Ein heil skokk med folk i alle aldrar. Det som overskygga alt anna eg hugsar, var at foreldra tok seg tid til slikt. Det var liv og røre ombord, spennande å leika i stranda på holmen, ei stor oppleving å eta maten som vart varma på grua, men at dei vaksne tok seg tida til dette, var det som fekk oss ungane til å stråla mest av alt.  Her var det ikkje berre målet, men det å vera på reise saman og dela tida med små og store, som vart reiseopplevinga.
”Kvifor likar dei fleste menneske å reisa”, var den stilen eg valde å skriva til eksamen artium i norsk sidemål . Mi reiserøynsle var avgrensa. Utanom nokre berturar, fisketurar, turar etter kyrne på beitet, og friarturar på Karmøy, kom turen til Høieholmen til å forbli noko av det store for meg i lang tid frametter. Den vart difor gjennomgangstema i stilen eg leverte. Eg fekk G på den stilen. Trur ikkje sensor skjøna heilt kva eg skreiv om. Men det kan jo og ha vore rettskrivinga og kommabruken. For eg skreiv jo som Goethe: ”Reis ikkje for å komma fram, men for å reisa”.
Eg trur sensor var ein gammal gubbe som syns reisinga var eit slit, og at det var ein lette å koma fram til målet.  Må jo medgi at eg stundom og har kjent det slik, men helst i toalettkøen på flyet. Men likevel, å komma fram, ta ankerdrammen, pakka ut og så utforska reisemålet. Det er ei god oppleving.
”Å reisa er å leva”, sa H.C. Andersen.  
”Nu siste reis meg forestår, Avsted til himlen farten går”, sa Wergeland. Så folk har ulikt syn på det å forflytta lekamen sin, og ulike mål for reisene sine.
Eg ønskjer å fortsetja reisedilla eg har lagt meg til dei siste åra. Må kompensera for all den bufasta, som dominerte oppveksten min.
Men sjølvsagt må eg vita kor eg kjem frå. Om ikkje, finn eg ikkje heimatt. Om ikkje, veit eg ikkje kva kvote eg har i bagasjen, kva plattform eg  står på i møte med dei andre, kva måleeining eg skal nytta på opplevingane mine. Eg vil vera open, men ikkje ukritisk. Eg vil motta nye impulsar, men tyggja dei med eigne tenner, før eg svelgjer dei.
Og så er det heimen då. Heime best men borte bra, gjeld ei god stund etter  returen. Iallfall ein månadstid. Då tek eg fram reisenettsidene igjen, og studerer valtuakursane. 
”Hadde vore kjekt...”, seier eg til kona ein kveld. ”Ja, nå må me ha oss ein tur snart”, seier ho. ”Kofferten står klar”.

onsdag 24. mars 2010

9. Drøyma - om det gode i livet, og få styrke frå draumen.

Detter er nr 9 frå bloggen "Mi Tid"

”Du må ikkje drøyma deg vekk”, seier eg. Eleven sit fjern i blikket, og ser ut gjennom glaset. Det er mattetime i VKI. ”Du må følgja med, dette er viktig for deg som drøymer om å bli ingeniør”, seier eg, og teinkar ennå ein vektor på tavla. ”Eg trur kanskje den draumen ryk”, seier han.
Neste veka står pulten hans tom. Eg høyrde han hadde gitt seg med realfag, og byrja med noko meir utsvevande. Visstnok innanfor  filologien. Ein reinspikka realist drøymer ikkje.

Eg drøymer, og draumane er ofte urealistiske. Eg drøymde at eg ein gong i livet skulle bli rik. Det blei eg ikkje. Korkje Hordaland Fylke,  NAV eller Statens Pensjonskasse ville det slik.
Eg drøymde og ein gong at eg skulle byggja meg eit slott. Slik bei det heller ikkje. Kommunen sa under takseringa i vinter, at ingen hus i gata var mindre verd enn mitt.
Draumen er ein utru tenar. Han lovar og lyg. Fer med juks og fanteri.

Eg må legga om. Må drøyma om det gode livet, der kroppen fungerar og hovudet sit på rett plass. Drøyma dei oppbyggande pensjonistdraumane om at magen skal vera god og regelmessig, og at tanngarden klarer seg gjennom ennå ein sommar med halvsteikte kotteletter på utegrillen.
Eg traff eleven att mange år seinare. ”Du blei aldri det du drøymde om”, sa eg. ”Vel, drøymde og drøymde. Den draumen var nok ein illusjon. Ein kjem lengst med å vera realistisk”, sa han.  
Ein filologisk ordkløyvar av det vridne slaget. Eg kjenner sorten.

tirsdag 23. mars 2010

8. Leika - med meg sjølv og med andre

Detter er nr 8 frå bloggen "Mi Tid"     (Alle bilete kan forstørrast, om du syns det er stas)

"Leik odlar mannen". Om ikkje det er eit sitat frå Håvamål, vert eg undren.  Etter eg sette leiken i framsete, kjenner eg det slik. Det blir slik som Bob Dylan syng i My Back Pages.  "Ah, but I was so much older then, I’m younger than that now".


Leiken går over stokk og stein. 


Med ord og tal:


med



og med



Eg leikar med eigen kropp

I skjemt,                                                                   I blodig alvor,
med tiltru til dei fysiske lovene                     med tiltru til Helse Fonna 
                                                                                              

       


mandag 22. mars 2010

7. Tenkja - på det positive i folk rundt meg

Dette er punkt 7 av bloggen ”Mi Tid”.

Sør for svingen. Der som sikta langsetter den rette delen av Fv 831, forsvann i ein høgresving då eg var barn. Dit det var forbudt å gå. Der dei budde, som me ikkje skulle blanda oss med. Syndarar, drankarar og stygge menn. Sa dei vaksne.
Me trudde ikkje at fanden, budde nede i Helvete. Me visste han budde sør for svingen.
Eg har hatt det i meg heilt til det siste. Den vantrue haldninga mot dei eg ikkje kjenner. Dei eg veit lite om. Eg har prøvd å styra stega mine vekk frå det ukjende.
Fyrste gongen eg skjøna det gjekk an å vera annleis, var då eg flytta utanlands. Ikkje langt vekk, berre til Nederland. Heime var eg van med at når nye folk flytta inn i nabohuset, stod me bak gardinet og lurte. Nyfikne og skeptiske. Ikkje slik der. Dei kom meg i møte med hollandske tulipaner og nerderlandske taarten. Overraskande, men litt skummelt. Kva var deira agenda, ska tru?
Etterkvart, eller i det siste rettare sagt, har eg sett i aukande grad at der finns rett mange folk som faktisk har positive tankar og er venleg innstilt. Også om dei ikkje kjenner meg.
I Thailand krydde det jo av slike. Der smilte dei. Mange både med munnen og med hjarta. Det må vera Buddha si lære som slår til der. Eikene i dharma-hjulet, som vert teken på alvor.
Eg skal og prøva å bli meir positiv. Gå frå minus til pluss, kan ein seia. Som eit elektron i ei elektrisk leidning. Når elektronet flyttar seg slik, seier me i fysikken at det flyttar seg til eit høgare potensialnivå. Eg vil og det. Flytta meg til, om ikkje eit høgare potensialnivå, så iallfall til eit høgrare moralnivå. Starta å tenkja positivt om folk. Men eg skal gjera det i kontrollerte former. Liksom elektronet, må ein flytta seg kontrollert. Det trengs ein minimumsresistans på vegen. Elles vert det kortslutning.
Kortslutningar er risikable. Dei kan gi både brannsår og hjartestans, så ein må jo passa seg.

søndag 21. mars 2010

6. Lytta - med øyre, med auge og med kropp

Dette er punkt 6 frå bloggen "Mi Tid".

”Nå skal du høyra”, seier kona. Au då, tenkjer eg. Dette kan bli skummelt. Eg set meg litt opp i stolen, og ventar. ”Høyrer du?”, seier ho. ”Um hm”, seier eg. ”Så sjå på meg då”, seier ho. ”Nei, eg brukar øyrene når eg høyrer”, seier eg. 
Ho sluttar å snakka til meg. Har erfaring frå mi passive lytting frå før. ”Det har eg aldri høyrd”, plar eg i ettertid å seia.  ”Jo, eg har sagt det til deg”; seier ho. Javel. Seier eg.

Kommunikasjon er så vanskeleg. Det er som andre sine tankar skal flyta inn i hovudet mitt, og ta bustad der. Og ikkje berre slå seg til der, dei skal virka på kroppen min. Dei skal påverka adferda mi.  Ja, om eg høyrer etter då.
Det som er poenget, er at kona vil eg skal sjå på henne når ho snakkar til meg. Ho vil sjå om vindauget  inn til sjela mi, er open. Ho vil tolka kroppsspråket mitt. Vurdera den ekte reaksjonen min, som ho seier. Jakta på den minste spasmen i lekamen, som kan avsløra kva eg eigentleg meiner om saka. Vil ikkje berre høyra mine retoriske svar og motinnlegg. Ho vil eg skal lytta med heile kroppen. Det er det som er så skummelt.
Og slitsamt. Kan eg ikkje berre få lov å lytta på min måte, og la det bli med det? ”Nei”, seier kona. ”Mine tankar om deg og om kjøttkakene,  er med og formar  livet ditt”. ”Du må respondera og reagera på det eg seier”.  Javel. Seier eg.
Klart ho har eit poeng. Men likevel må eg seia at eg stundom tenkjer  med  avundsjuke på min stavangerske svoger. Han som kan skrua av høyreapparatet. ”Du vett det e alle desse  beskjedane som komme”, seier han. Får ha hovudet sitt for seg sjølv, og sparar  eindel på det.

Nå er det ikkje mange i mitt miljø som har Demosthenes sine evner. Dei har ikkje så lett for å ordleggja seg, som han. Dei har ikkje trent stemma i motvind med steinar i munnen, heldigvis.  Men eg har gjennom åra registrert at mange blir flinkare  til å få fram bodskapen sin, om eg er flinkare  å lytta til dei. Om eg tek meg tid til å halda augekontakt, smila, nikka og ikkje avbryta i utide, så kjem eg nærare tankeverda deira. Då må eg lytta til dei, ikkje berre med øyre og auge, men med heile kroppen. Med hjarta og.
For eg er nyfiken på kva som bur i folk. Eg er spent på korleis verda ser ut gjennom deira auge. Eg må vita det for å bli eit medmenneske. For å kunna kjenna empati.For å kunna bryta eigne tankar mot andre sine oppfatningar. For å læra å kjenna meg sjølv.
For å byggja mi eiga verkelegheit rett og slett.
Det er slik eg trur det er. Edelt? Jo, men med grove innslag av egoisme. 

lørdag 20. mars 2010

5. Lesa - og evna å bli engasjert og å bli rørt

Detter er nr 5 frå bloggen "Mi Tid"

Eg kjem frå ein møblert heim. Men han var ikkje møblert med bokhyller. ”Har du lest leksene dine?” spurde dei vaksne. ”Ja”, sa eg. ”Kva er det du les nå da”, spurde dei. Det stakk meg i samvitet  at eg sat og las, når det var så mykje arbeid å gjera ute. ”Ikkje sit her inne og tulla vekk tida då”, sa dei.
Eg prøvde meg fram med ulik litteratur: "Den ensomme øya",  "Lurvenøste og struperen" og "Mette og Tom i hulen". Fekk låna dei på skulebiblioteket. Seinare gjekk eg i løyndom over til teinkeserien Vill Vest der Kaptein Miki var lett på avtrekkaren, og etterkvart Cocktail der dei fleste var lette både her og der. Denne literaturen låg ikkje på nattbordet mitt. Den låg under madrassen, og eg las dei under dyna. Men lesing var å kasta bort tida, meinte dei vaksne. Madrassen vart endevendt, litteraturen brend, og eg hamna i forhøyr. Så det blei med Nordahl Rolfsens lesebøker etter dette, men ofte som omslag rundt dei andre.
Eg gjekk på gymaset, og sidan studerte eg realfag på UiB. Då blei det lesing. Men eg las avdi det var pensum. Å tulla vekk tida med å lesa, når leksene var gjort og studiedagen var over, gadd eg ikkje. Pensumstresset øydela interessa mi for bøker. Det var ei tid eg ikkje las anna enn tala på straummålaren og prisane i Clas Ohlson katalogen,
Prostataen auka og hjernen skrumpa. Med andre ord, tida gjekk. Når leserommet i hjernen var på minimum, trur eg knapt  det var  plass til Herta Muller si bok ”Også  den gang var reven jeger ”. Det var ei bok eg seinare pløgde gjennom, og fant både fragmentert og håplaus. Så lite som sat igjen etter den, trollbandt ikkje mange  hjerneviklingar.
Nå har eg sula meg innatt, til bøkenes verden. Leselysta er, som ei mengd andre lyster, på veg oppatt. Særleg etter eg vart ferdig i yrkeslivet. Tenk å få lesa utan forpliktelser. Eg er slik skrudd saman at det eg må, det gjer eg. Men det eg ikkje må, det eg berre har valgt å gjera av fri vilje, det gjer eg med attrå.  Eg vart engasjert av lesing igjen. Engasjementet toppar seg jo når eg les Skattelistene. ” Fy søren”, seier eg. ”Dette er sterkt”.  ”Det finns inga rettferd i verda”, seier eg og.
Eg lånar lesebøkene mine på bibliteket nå. Der finn eg og lydbøkene. I fjor las eg som tidlegare nemnd gjennom lista eg laga her. Nå les eg Knausgård: Min Kamp. Er ved nummer 2.  Sterke saker. Ja det er slik det er, tenkjer eg. Kjenner meg att i sinnstemningar og hendingar, som eg ikkje likar å bli minna om. Stundom vert auga mitt stort, og  kinnet mitt vått. Innhaldet i Kleenex-eska minkar. Eg må gå over til lydbøker. Men søren, nå har også øyrene begynt å drypla. Eg må skaffa meg Q-tips.
Men det får stå til. Kva kan vel måla seg med ei kvalitetsbok ein sur, vestlandsk,  drittdag. Når regnet slår mot ruta og hjarta dryplar blod ned i sjela.
Det måtte i såfall vera eit glas raudvin. Det kan vera ei løysing til kvelden. Kva med både bok og raudvin. Kombinera det beste frå to verdenar. Då får eg påfyll både i hjarta og i blæra. Ein genial ide.

fredag 19. mars 2010

4. Grina – av det eg framleis har tårer til.

Dette er punkt 4 av bloggen ”Mi Tid”.

”Du er for gammal til å flipa”, sa dei vaksne. Eg var jo blitt skulegut. Slik gjer ikkje store gutar.
Du skal tørka tårene. Du skal svelgja gråten. Sa dei. Det vart det 11. og 12.  bodet i heimen. Det var like viktig, som dei andre 10 boda Moses fekk med seg på steintavlene, trudde eg.
Eg skjønar det nå. I det naturalhushaldet eg var fødd inn i, kunne ein ikkje unna seg slik luksus, som å la tårene få renna fritt. Det kunne gå ut over den viktige fettprosenten i melka om ein skulle la denne tårevæska, ei blanding av vatn, salt, protein, fett, sukker, sitronsyre og bakteriedrapende stoff,  få fritt utløp mens ein sat og melka slik ein den gongen gjorde, for hand med hovudet i lysken til kua, og såleis over bøtta. For ikkje å snakka om kva det kunne medføra om turrhøyet, som hadde henge på hesja i 5 veker og endeleg blitt turt, skulle øydelagst av tårer. Nei her måtte ein stå på, både vaksne og born. Det gjaldt livet, eigentleg.

I gravferder gjaldt ei naudlov, trur eg. Då var det lov å visa kjensler og litt våte kinn. Men offentleg hulking passa seg ikkje. Det blei i såfall omsnakka i vekevis. Folk må styra seg.
Kva gjorde ein så? For folk er jo folk, og tilsiget til dei kjeldene som tårene spring ut frå, var jamt og sikkert. Det flaut over den gongen og. Men ein gjorde det i einsemd. Under dyna om kvelden eller bak utedassen om dagen.  Også på låven om vinteren, når eg stundom sat aleine med 5 tonn vinterkål utetter låvegolvet, halvrotne kålblad som skulle reinskast av før levering på Gartnerhallen. Då fraus eg på fingrane, og grein ein skvett.
Men kroppsveskene, også tårene sine, skulle ein spara på. Eg vart difor etterkvart ein tilsynelatande tørrpinn, når det gjaldt augeveske. Og sidan eg også vart blind på eine auge, kunne eg ikkje tillata meg å gjera synet gjennom andre auget dimt av tårer.
Sorga kom for alvor inn i livet mitt, då far min forsvann ut av livet mitt. Eg var ikkje klar for det då, slik ein vel aldri er. Den ettervinteren fekk eg tappa ned kjeldene mine skikkeleg. Etter det måtte eg spara i mange år. Men tilsiget var der, og eg rasjonerte ut skvettar i høvlege samanhengar.
Når så eldste barnebarnet blei påkøyrd av bil og alvorleg kvesta, opna alle sluser seg. Ingen sorg kan for meg måla seg med slikt. Ingen gråt kunne stoppast då. Gråten var god å ta til, eg hadde tårer, men tok dei helst fram når eg var aleine. Eg vart lærd opp slik.
Ein vert etterkvart eldre. Ein tørkar inn, også på dette området. Vonde kjensler kan framleis framstå, men dei blir etterkvart meir gjenkjenlege, og kanskje difor lettare å handtere. Ein veit kva som kan arkiverast med ein gong, og kva som må handsamast før dei kan leggast i rett skuff.
Så eg sparer på tårene. Eg treng dei vel eingong.

torsdag 18. mars 2010

3. Le - av meg sjølv og av andre.

Dette er punkt 3 frå bloggen "Mi Tid"


Eg har aldri vore flink til å le. Det fysiologiske har liksom ikkje spela på lag med det psykiske. To, i høgda tre, grynt med frekvens rundt 30 Hz, og styrkenivå omkring 40dB, har vore lite å spreida glede rundt seg med.
Eg må få latteren til å starta lenger nedanfrå trur eg. Det er visst mellomgolvet som skal aktiverast. Og så må eg gapa, sleppa det ut til folk. Å le med lukka munn, blir som å skåla med tomt glas. Alle ser at ein vil noko, men ingen skjønar heilt kva.  Rett nok syns eg det har løsna litt dei siste åra. Muskulaturen er blitt slappare, munnen fell lettare opp. Kanskje det hjelper. For dette. 
Eg fekk ikkje latteren i dåpsgåve. Presten var streng, han lo ikkje. Han stokka om på dei to førenamna mine, også på dåpsattesten. Det var ingen spøk.  Og sidan livet starta i krigen, vart det blodig alvor frå fyrste skittbleie. Vil han overleva denne guten, ottast dei unge foreldra etter femte lungebetennelse på rekordtid.  Men ”Vi overlever alt”, som Øverland skreiv i 1945. Både krig, sjukdom og gravalvor.
Å le av seg sjølv, er vanskeleg nok. Å ha mistanke om at andre ler av meg, er verre. Den gongen eg datt ned frå hyttetaket mitt under legging av shingel, og hamna i den ennå halvopne grøfta frå utedoen, var i så måte ei påkjenning. Påkjenning, avdi det slo meg at kanskje nokon hadde observert fallet. Det første ein gjer i slike situasjonar, er å komma seg raskt på beina, og så te seg som om ingenting har hendt. Sjå seg raskt rundt, og sjekka om nokon ler. Redsla for dette, overskygga heilt at eg jo visste at det ikkje var folk i mils omkrins. Å reinska driten frå skrubbsåra, kom i andre rekke. Eg hatar å bli ledd av i det eg oppfattar som pinlege situasjonar. Skal nokon le av meg, vil eg væra med og legga premissane for latteren. Premissar, som eg sjølv kan akseptera, og ein påfølgjande latter som eg såleis har styring på.
Men etter eg las det Sverre M. Nyrønning, forleggar og programsjef i NRK, skreiv om saka, skjønar eg at å le av seg sjølv, er noko anna og meir vitaliserande enn det eg gjennom åra har praktisert. Han skriv:
Å le av seg selv er latter av en helt annen kvalitet enn å le av andre; den viser selvironiens befriende tilstedeværelse, evnen til å se seg utenfra med et fordomsfritt blikk, viljen til å leke uhøytidelig med seg selv, aksepten av egne svakheter, beviset på egen styrke og trygghet. Selvironien er et sivilisatorisk tegn, et preg av dannelse.
Dit vil eg. Om det å le av seg sjølv, reflekterer slike eigenskapar, skal eg ikkje berre smulka. Eg skal opna kjeften og gapskratta. Og om andre høyrer meg, som vel er litt av poenget, vonar eg dei ler med. Og det gjer dei nok, for latter er smittsamt. Då kan eg sleppa mellomgolvet laus, auka desibellen og heva frekvensen. Men utan å nærma meg det feminine.
For jenteknising er ikkje mi greie.

onsdag 17. mars 2010

2. Hata - men berre urettferd

Dette er punkt 2 frå bloggen "Mi Tid"


Hata har eg, mangt og mykje. Hata både folk og fe. Særleg fe. I oppveksten, fekk eg ofte oppgåver eg ikkje var vaksen nok for. Difor blei eg både sparka av hestar, stanga av oksar, biten av griser og pikka av høns. Gu som eg hata det. Eg hata meg sjølv og, som viste for meg sjølv og for heile verda, at eg ikkje var vaksen nok for oppgåvene som dei vaksne delegerte til odelsguten. Men eg vaks på nederlaga. Det var då eg fekk ambisjonane mine, då eg fann ut at eg skulle vise verda at eg aldri gir meg.
Eg er gammal nå. Eg vil ikkje gå rundt å hata folk og fe lenger. Særleg ikkje høns. Eg elskar høner i alle valørar, og alle dei hugnadstundene dei har gitt meg ved frukostbordet.. Men hatet mot urettferd, vil eg halda fast ved. Kva nå urettferd er. Eg syns det er vanskeleg å få skikkeleg innsikt i emnet. Å vera objektiv og å gi klare akademiske definisjonar, maktar eg ikkje. Er ein urett  som rammar individet akseptabelt, om berre fleirtalet går klar? Er rettferd for den einskilde mindre verd, enn ein slags demokratisk fleirtallsrettferd?
"Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv," sa Øverland. Han stod opplagt på individet si side.
Eg skal hata - men berre urettferd. Ei slags programerklæring, som er ambisiøs. Slekta mi har ikkje hatt lett for å styra sinnet sitt.  Terskel for det  å irritera seg over  folk , som i deira auge ikkje kan te seg, kle seg og ta i eit tak,har vore låg. Latingane, snyltarane og dei som er annleis. Å kalla det å hata, er å strekkja omgrepet litt langt, men eg trur grensa ligg like ved.
Eg skal hata - men berre urettferd. Søren, at eg sette meg det målet. Alle genene mine strittar jo imot ei slik avgrensing. Skal eg leva opp til dette, må eg stålsetta meg. Bli tolerant og raus. Akseptera at  ikkje eg aleine, har krav på sanninga. Ein ting er å obervera, men eg må ikkje tru at mi tolking er den einaste moglege.
Men urettferd, slik eg opplever den, skal eg klara å hata. Eg kan ikkje verja meg mot denne kjensletilstanden, som hat er. Denne intense kjensla av å mislika at utsette menneske vert trakka på avdi andre menneske er grådige, truande, havesjuke, onde eller kva det nå er. Eg vil forsvara dei svake, og hata overgriparane. Ha sympati med den eine, som står mot dei mange.
Og eitrane forbanna, har eg framleis lyst til å bli. Slik som far min kunne bli, men ikkje så ofte som han blei det. Og ikkje for dei same tinga.  Han var liten av vekst, men stundom øste han seg opp og letta frå bakken. "Din tase", sa han. "du må nåvel klara det". Då vart odelsguten taus, og prøvde ennå ein gong å få hesteselen på plass over den enorme hesteryggen. Og til slutt, i ein tårestraum, klarte eg det. Då landa far min, og sa: ”Sånn skal det gjerast ja”. Men ”bra”, sa han ikkje. Det var å gå for langt. Men eg kjende likevel det varmde, og eg meiner eg vaks. Litt for kvar gong. Far min hata meg ikkje.  Han dreiv med barneoppseding. Gjorde gutar om til menn. Mormora mi hata han for slik framferd. "Husk at guten berre er 8 år", sa ho. Ho budde i nabohuset og følgde alltid med gjennom stoveglaset.
 Så til slutt: Ein ting vil eg alltid hata. At den tomme dorullen vert hengjande att på veggstativet, og den nye sett på golvet. Og om enda verre, at den nye vert hengd på stativet med uttrekksida inn mot veggen. Det skal eg hata til min døyande dag.
Eg er då ingen ufarleg meiningsevenukk, som finn meg i alt!!

tirsdag 16. mars 2010

1. Elska - meg sjølv og andre

Dette er punkt 1 frå bloggen "Mi Tid"


I 1976 skreiv Wayne Dyer boka ”Elsk deg selv”. Eg kasta meg over den norske utgåva i 1981. Eg, som var oppseda i Vestlandske indremisjonskrinsar, visste ikkje at slikt var lov. Bibelen sa jo i Matteus 22,37 at me skulle ”elska Herren din Gud av alt ditt hjarte og av all di sjel og av all din hu”. Etter så mykje gudeelsking, kunne det jo ikkje vera mykje at til sjølvelsking.
Så kom puberteten. Han kom tidleg hos meg. Det låg til familien. Jentene stod fram frå å ha vore ordinære leikevener, til å bli spennande å hoppa i høyet med. Eg trudde drifter var kjærleik, og skjøna etter kvart at det gjekk an å elska andre enn berre Gud. Men det var synd, det visste eg. Eg likte ikkje meg sjølv, var usikker og når eg såg meg i spegelen om morgonen, kunne det vera nok til å øydeleggja resten av dagen.
Det kom seg etterkvart som den nye hormonbalansen vart etablert innanfor skjorta, eller skal eg seia buksa. Eg fekk etterkvart ein viss sympati for og tru på eigen person, heilt til eg på gymanset vart kjend med  Aksel Sandemose og boka hans: En flyktning krysser sitt spor. Lektor Bakke terpa omatt og omatt på dei sidene i boka der Janteloven var presentert. Særleg punkta
1.    1. Du skal ikke tro du er noe,
7.    7. Du skal ikke tro du duger til noe,
9.    9. Du skal ikke tro at noen bryr seg om deg,
Dette vart destruktiv lesing for meg. Den snev av skjør sjølvkjensle som eg på kort tid hadde bygd meg, men som ennå ikkje hadde slått djupe nok røter, vart nesten luka vekk.
Jentene redda meg. Særleg ho som ville ha meg, og som syns eg ”var” noko slik eg var. Ho som sa ho elska meg.
Mange år gjekk frå då og til Dyer kom med boka si. Bryt deg laus frå fortida, skreiv han. Og eg fekk  medhald i det eg trudde:
Ein kan gi meir til andre om ein er trygg på seg sjølv. Likar og elskar seg sjølv.
Når eg så etterkvart tenkte grundigare gjennom kva Matteus sa i 22.39: ”Du skal elska din neste som deg sjølv”, skjøna eg at det heilt sidan den fyrste morgonen, iallfall sidan 200-talet, har vore legitimt å elska seg sjølv.
Så eg storkosar meg nå. Har liksom funne ut av det. Denne tilsynelatande dualistiske måten å leva på: Elska meg sjølv og elska andre, gir meg ”det gode liv”. Dette vil eg bruka av tida mi på.


mandag 15. mars 2010

Grava djupare i "Mi tid"

I forrige innlegg hadde eg ei punktvis liste over eigen-aktivitetar, som eg skal boltra meg med i ledige stunder frametter. Slike lister med nummer, høver godt i mitt matematikkhovud. Strukturerte oppsett, der meiningane ikkje flyt over i kvarandre.
Men for å komma dei i møte som er annleis bygd, og som krev fleire ord og meir utbrodering, vil eg i kommande bloggar utdjupe kvart av punkta. Leggja på kjøt og blod , så og seia.
Det er eit ambisiøst mål for ein realist, så ha miskunn med meg i mi filologiske vankunne.

Mi tid











Eg vil ikkje gi bort heile tida mi til andre. Eg vil styra det sjølv.  Eg har såleis tenkt å belasta  tidskontoen min, og bruka uttaka også til desse eigen-aktivitetane i åra som kjem:


  1. ·         Elska - meg sjølv og andre
  2. ·          Hata - men berre urettferd
  3. ·          Le -  av meg sjølv og av andre
  4. ·          Grina -  av det eg framleis har tårer til
  5. ·          Lesa - og evna å bli engasjert og å bli rørt
  6. ·          Lytta - med øyre, med auge  og med kropp
  7. ·          Tenkja - på det positive i folk rundt meg
  8. ·          Leika - med meg sjølv og med andre
  9. ·          Drøyma - om det gode i livet, og få styrke frå draumen
  10. ·          Reisa - men vita kor eg kjem frå
  11. ·          Leva - men og vera budd på å døy

    I tillegg til dette vil eg snikra eindel. Det bur jo ein Josef i oss alle - i det minste i meg.

    søndag 14. mars 2010

    Å ha tid, ta tid og gi tid

    Ein har tid til det ein tek seg tid til, heiter det. Å ta seg tid, er ei evne som er ulikt utvikla hos  menneska. Det er og ei evne som er tidsavhengig, det vil seia som endrar seg med tida.
    For den unge virkar det som om tida skulle vera ein slags knapphetsressurs, som ein ikkje skal sløsa med.  Alt skal unna på kortast mogleg tid. Eg hugsar godt den gongen eg som ungdom, vart stoppa i fartskontrollen.
    Den eldre er tregare i rørslemønsteret sitt, og kan difor gi inntrykk av å ha allverden med tid.  Særleg eldre menn med hatt på sundagstur i bil. Slik er det jo ikkje. Tidskontoen  er ikkje som formuekontoen. Den får aldri påfyll korkje i form av nye pensjonsinnskot eller rente og rentesrente.  For mange av oss eldre, er tidskontoen  omvendt proporsjonal med formuekontoen.  
    Det vi godt vaksne altså ikkje har flust av, er tid. Tida kan for nokre opplevast som ei skittrast i bærhagen. Ho flyg frå oss om vi prøver å fanga ho. Så nå for tida er det meir eit spørsmål om å ta seg tid, enn å ha tid. Ha tolmod, trur eg ein kallar det. Vera tilstades i den tida ein er i. Tenkja kvalitet i samværet med vener, vera lyttande og få andre til å føla seg verdsatt. Det er å ta seg tid til å gi tid.
    Det beste ein pensjonist har å gi til andre, er av tida si. Då gir  ein av det ein kanskje har minst igjen av, og det skal vera edelt. Nett som Askeladden i eventyret. Han gav til andre av det han hadde knapphet på sjølv. Det tente han på i det lange løp, og vant kongsdottera og halve kongeriket.
    Er det det eg er ute etter og?  Å dela ut av tidskontoen, og tena på det i det lange løp. Ja det er vel det. Når ein skjer til beinet, vil dei fleste ha avkastning frå investeringane sine.  Eg, nett som Arnulf Øverland, er ute etter å kjenna gleda ved å gjera andre glad. Den største gleda. Det syns eg er ei kjempeavkastning som ingen  fond eg kjenner, kan konkurrera med.
    Så eg gir av tidskontoen min. Eg tenkte å tøma den. Formuekontoen  derimot, får andre tøma når tida er moden for det.

    lørdag 13. mars 2010

    Tida veit kor ho vil.

    Tenk om tida kunne snuast, og prosessar reverserast. Tenk om alle fysiske lover var tidssymmetriske, og gyldige begge vegar.
    Nokre prosessar er heilt symmetriske og kan snuast. Eg kan ta eit skritt framover stovegolvet frå punkt A til punkt B. Når eg så gjer det motsette, hamnar eg attende til punkt A. Dette prøvde eg på igår, og det stemmer.
    Andre prosessar er semireversible, og kan difor berre delvis snuast. Eg kan fornærma kona ved å koma med eit ikkje godt gjennomtenkt utsagn, for så å snu prosessen og få henne like blid att. Dette er utprøvd, men det fungerer berre stundom. Eg har opplevd i slike situasjonar å starta i A og enda i C istaden for A, etter reversen. Då er situasjonen i parforholdet annleis enn han var i utgangspunktet. Utan å kvalitetsvurdera endringa, kan ein vel seia generelt at endring ofte er nyttig og vitaliserande. 
    Tenk om heile livslaupet kunne snuast. Om ein kunne starta med å dø og bli ferdig med det. Våkna på sjukeheimen, og få det betre og betre for kvar dag. Så bli kasta ut av styraren, fordi ein er for frisk. Då kunne ein gått rett til NAV og fått ut rett pensjon med ein gong. På min første arbeidsdag ville eg så fått Fylket sin sluttpakke på heile 2500kr. Eg kunne arbeida ved KVV i 33 år og ved Univ i Bergen i 6 år, til eg var ung nok til å trekkja meg ut frå arbeidsmarnkaden og kasta meg inn i studentlivet i Bergen og gymnastida i Haugesund med drikking, festliv og sex. Så blei det grunnskule på Norheim, eg blir barn, leikar og har ei problemfri tid - til eg vert baby... Dei siste ni månadene blir det då å opphalda seg flytande rundt i fredfylt luksus. Der er sentralvarme og roomservice, inntil ein forlet denne verda i ein kjapp orgasme. 
    Diverre trur eg dette strir mot Termodynamikkens andre lov, som seier at det lausslupne kaos ikkje kan fangast innatt. Orden kan ikkje opprettast igjen. Entropien (kaoset) kan ikkje reduserast i eit isolert system.
    Eg må hiva meir ved innpå omnen. Varmen som låg lagra i vedakubbane, er frigjort. Eg kan ikkje reversera den prosessen heller - diverre.

    fredag 12. mars 2010

    Tida, nå for tida

    Tida gjekk seinare før enn nå, seier folk. Det har nok noko med klokkene å gjera. Gamle mekaniske ur med grove tannhjul, som sleit med store indre friksjonar, kunne sjølvsagt ikkje konkurrere med moderne kvartsur av idag. I dei er det frekvensen på svingningane i kvartskrystallen som driv tida framover. Der er omgrepet friksjon irrelevant eller i det minste ein ikkje-signifikant storleik. Kvartsura skal halda koken og gransemda til tilnærma evig tid. Evig tid, det er lenge det. Det eg likevel lurer på er korleis dei gamle klokkene klarte å halda tritt med jorda sin omlaupsfrekvens rundt sola. Eg trur jordfarten må ha vore mindre då, om det skal stemma det folk seier om tida, før i tida.
    Mange syns og at alt går fortare idag enn  før. Eg syns ikkje det. Eg kjenner fleire fenomen som til dømes på 1960-talet gjekk unna i eit heilt anna tempo enn idag. Relatert til meg sjølv og eigne opplevingar, er det nok å nemne  motbakkane, kveldane, hovudet, ølkassen og urinstråla.  Alt dette gjekk jo unna i rekordtempo den gongen.
    Einstein sa at tida går fortare for ein som er i røsle, enn for ein som er i ro, om den siste måler tida. Der ligg nok forklaringa på den opplevinga eg har av tidsdiletasjonen her i stolen min idag. Eg skal vera mykje i ro dei neste 4 vekene. Kroppen skal ha best av det. Det blir nok ein tålmodsprøve, men eg er sta og skal stå løpet ut - trur eg.
    Eg hatar Einstein med sin relativitetsteori, som kunne stella det til slik for meg.

    onsdag 10. mars 2010

    Fri flyt av væske

    Heima igjen, utan alderstillegget. Tek det med ro nå. Skal det. Eg flyttar meg som ei amøbe over stovegolvet, unnateke når eg skal på do. Då girar eg opp, og gassar på. Fire liter vatn/døger inn,  resulterer i nesten det same ut i den offentlege kloakken. Her er det fri flyt. Dette gjer eg ikkje med godt samvet. Det minkar jo i drikkevasskjelda på Husnes.

    Eg får ikkje sitja roleg meir enn ein time om gangen. Men eg veit oftast ikkje kva eg skal ta meg til dei stundene eg er på beina. Eg går til vindauget og tek verobservasjonar. Kunne jo sendt dei til yr.no, for dei er regelmessige og til å stola på. Regn ute og vått inne.
    Eg går på loftet og sjekkar om ruteren blenkjer som han skal. Eg går på badet, kjemmar meg og vasker henda. Spritvaskar henda. Det lærde eg av Helse Fonna.
     Eg går på kjøken og fyller vassmugga. Set meg ned og drikk ho opp. Skulle vore øl, tenkjer eg. Då går jo eit glas inn og to ut, det veit alle.
    Sjukehuset tilrådde ikkje den kuren.
    Men kven veit eigentleg best? Det er ikkje alltid Helse fonna, seier Helsetilsynet i følje avisene nå om dagen.

    mandag 8. mars 2010

    Alderstillegget

    I løpet av siste 30 år, har eg fått eit alderstillegg på 200
    prosent,. Ein auke frå 15 gram til 45 gram. Nå har eg mista det.
    Treng 30 nye år for å opparbeide det igjen.
    Nå sildrar det kjekt i plastposen her. Fint som kvitvin, seier
    doktoren. Liknar meir på billeg raudvin, spør du meg.
    Nå ligg eg øren, nett attende frå overvåkinga.
    Virka bra ut...
    --
    Sendt fra min mobile enhet

    søndag 7. mars 2010

    Om å høvla og å høvlast



    Sløyd starta eg med i 6. klasse på folkeskulen. Eg blei kjend med høvelen. Det var ein skummel reiskap. Den korte var hendig, men ustyrleg for ein 12 åring. Når ein skulle høvla på tverrs av veden, flisa det seg alltid til. Å banka jernet til rett høvledjupne, var uråd. Då måtte sløydlærar Salhus ropast på. "Dette må du då klara", sa han.
    Den lange høvelen var for større arbeid og større karar. Den var stødig, og fjerna skånsomt ujamningar frå emnet. Samstundes var den effektiv når noko skulle høvlast ned, slankast. Eg trur det er den ein nyttar og i dag, når rentetoppar skal høvlast ned, og budsjett skal slankast. Ein tar den i bruk etter ostehøvlen er lagd vekk.
    Til konfirmasjonen fekk eg metalhøvel. Ein finegga pussehøvel som skava flott og nøyaktig, og laga flortynne spon. Eg fekk aldri tillit til den. Nytta han mest for skam skuld, sidan det var ei gåve frå velmeinande folk.
    Idag brukar eg elektrisk. Den er effektiv, og har gjort gode jobbar både på dører som "tek", gjerdestokkar som skal slankast og fingertuppar som kjem i "vegen".
    Høvelen til venstre er ikkje min. Den vert brukt på gamle mannfolk som må høvlast ned, avdi dei bresar seg for mykje på dei utrulegaste stader på kroppen. Må ikkje forveklast med å bli overhøvla. Vonar høvlaren er stø på handa, iallfall på mandag på Haugesund sjukehus.  Eg dreg dit ikveld.                                      

    lørdag 6. mars 2010

    Eg stolar på hjarta mitt

    Eg var i by'n i går. I løpet av dei siste "vett ikkje kor mange" åra, er det Haugesund som er blitt by'n for meg.
    Før var det Bergen. Etter 11 år med eit permanent om enn noko flakkande tilvære i Hansabyen, hadde nok  nokre av mine ferskaste rothår fått feste der. Eg hadde såvidt klart å trampa av meg molda frå bondestanden, og undertrykt den audmjuka som eg hadde nedarva. Fars og mors genene kombinerte seg slik hos meg.
    Nå er det Haugesund som er byen. Etter 36 år i denne nynorske kystkommunen Kvinnherad, der kommunikasjonane særleg mot Bergen, er få på papiret og endå færre i praksis, der ferjebilletørane syns dei har det betre om bilfolket helde seg heime, har eg heller vendt nasen sørover igjen.
    Ferjebilletørane på Skånevikferja kan eg lika. Dei smiler jo, iallfall til meg. Dei har gitt kona mi honnør billett i fleire år no, noko som gjer at ho ikkje smiler til dei lenger. 
    Dei stolar på meg, ikkje berre på det at eg har ei honnørkone, men generelt. Følgjande oppleving på Skånevikkaien dokumenterer dette:
    Det var ein nokså varm sommardag i 2002. Eg kom i bil frå hytta etter snekring i vekevis aleine i fjellet. Turen over Haukeli gjekk tregt og eg var plaga av bubilar køyrde av germanske gniarar, som ikkje gav veg. Såleis hamna eg så langt bak i ferjekøen på Skånevikkaien, at eg ottast ikkje å koma med ferja. Så skjedde det. Tre bilar med nasjonalmerke type D, sneik i køen. Eg tenkte "Nei ikkje søren om dette skal skje". Ulikt meg, som jo er kjend for å vera både raus og audmjuk. 
    Ferja legg til kai, og eg skrittar me stor sjølvtryggleik fram til billettøren, som nå har starta billettsalet. "Nokon har snike i køen", seier eg. "Javel, men eg kan ikkje vite kven det er", seier HSD-tenaren. "Men eg veit og kan visa deg", seier eg. Tek han med rundt og peikar på dei han ikkje ska selja billettar til. Opptrinnet vakte eindel oppsikt, men eg gjekk kontrollert attenda til bilen min, sette meg der med ei mine eg har arva frå mor mi, og med albogen kjekt ut gjennom det opne vindauget for å sjå kva som skjedde.
    Og sanneleg, billetøren gjekk forbi snikarane.
    Ikkje lenge etter stig ein kraftkar ut av ein av desse D-bilane. Tatoveringane aleine var skremmande, og overarmmusklane hans var glinsane og svære. Eg satt urørleg, med min alboge framleis ut vindauget. Prøvde å  stramma overarmsmuskelen, meir ein refleks enn ei medviten handling. Kva nå?
    Han kom, greip meg hardt i albogen og sa noko tysk: "Dummkopt, was hast du getan?".  Eg tenkte på lektor Thuen. Han lærte meg det litle eg kan av tysk, når eg gjekk på realskulen. "Ordnung muß sein", seier eg, og prøver smile overbærande utan å lykkast heilt med det. "Du warten - ein anderes Mal!!", seier han, og knip meg hardare i armen. Eg spenner overarmsmuskelen, den store, som eg har arva etter far min. Han ensar det ikkje.
    "Når eg seier: Køyr ombord, så skal de køyra ombord",  roper HSD, og reddar meg ut a situasjonen avdi eg kan gassa meg vekk frå denne germaneren.
    Dei tre bilane som sneik i køen, kom ikkje med på min tur. Gu eg var glad for det. Og HSD-folket på Skånevikferja: "I love them forever"
    Og eg lærde den gongen at det ikkje er nok å stålsetta seg, ein treng og gode vener og eit sterkt hjarta. Eg fekk testa det då.
    I går fekk eg testa hjarta mitt på nytt ved Haugesund Sjukehus. Såvidt eg skjønar, vil det tola ein tysker til..

    onsdag 3. mars 2010

    Vårforløysing

    Det ligg noko i lufta. I føremiddag var det snø, som etter nokre timar låg kvit og kald på bakken. Snøskuffa måtte fram igjen. Men under måkinga kom sola, og skal seia ho varmar nå. Eg måtte verkelg stå på for å få snøen vekk før han smelta.
    Kona klaga over manglande moglegheit for å få sola seg på terassen, men som bilete syner, er det nå ordna. Terrassegolvet som etter frukosten baud på skiføre, er nå nesten snøfritt. Og det utan særleg mannamakt.
    Eg fekk vårkjensle i hovudet av dette, og gjekk igang med førebuing til såing i vekstrommet ute i garasjen. Der har bouganvilla, sitrontre, begoniaknollar og georginerøter overvintra. Det har og malingsboksar, sneglekverk, utejuletreleidningar, og anna og anna gjort. Etter nokre timar innsats, var det såpass rydda at plantebenken der eg alar opp nye vekster,  dukka fram. Alt var klart til såing, men eg måtte gå ennå nokre rundar i huset for å finna att frøa eg plukka i haust og dei eg kjøpte inn før jul. Men og dei dukka på forunderleg vis fram. Så i morgon skal dei i jorda.
    Eg har tru på at våren er like rundt hjørne nå. Eg såg han såvidt idag.
    Og i neste veke, etter TURP, vert det skikkeleg vårflom - vonar eg.

    mandag 1. mars 2010

    Apropos bøker

    Eg har henta meg  Karl Ove Knausgård: Min Kamp. Første bok  på biblioteket idag. Har tenkt å lesa alle seks binda, om dette fell i smak. Det er visst litteratur alle skal meine noko om for tida. 
    Så nå er leseløpet mitt lagt for ei tid frametter.

    Lånekontoen min på biblioteket i 2009, har ein slik historikk:

    Per Petterson:                 Jeg forbanner tidens elv
    Per Petterson:                 Til Sibir
    Per Petterson:                  I kjølvannet          
    Per Petterson:                  Det er greit for meg
    Per Petterson:                  Ekkoland
    Siegfried Lenz:                  Ett minutts stillhet
    Linda Olsson:                     La meg synge deg stille sanger
    Linda Olsson:                     Taushetens konsekvenser
    Anna Gavalda:                  Saman er ein mindre aleine
    Anna Gavalda:                  Lykka er ein sjeldan fugl
    Anna Gavalda:                  35 kilo med håp
    Sadie Jones:                      Utskudd
    Gøran Tunstrøm:             Juleoratoriet
    Irene Nemirovsky:          Hett blod
    Cecilia Samartin:              Salvadorena
    Herta Muller:                    Reven var alt dengang jeger
    Torbjørn Færøvik:           Kina, en reise i livets elv
    Roy Jacobsen:                   Seierherrene
    Roy Jacobsen:                   Vidunderbarn