Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 24. september 2015

Hitlers baby med brukken rygg

I 1937 blei Adolf Hitler forbanna. Det var verken første eller siste gong. Men då amerikanarane kjøpte opp Tysklands største bilprodusent, Opel, kokte det over for føraren. Han ville at Das Vaterland igjen skulle innta førarrollen i førarsetet på ein ny nasjonalistisk bil. Volkswagen konsernet blei født. 

Eg vokste opp med VW transporter T2. Det vart russebilen min i 1962. Om kvelden køyrde eg fulle russevener rundt om på fest, og om
natta køyrde eg dei ennå fullare heimatt. Om eg sjølv stundom var på stigande rus, vart det å finna ein edru reservesjåfør til bussen. Det var ikkje alltid like lett. Russen kunne å moroa seg også i dei dagar.
 På dagtid køyrde bileigaren, som var far min, modne blomkål frå kålåkeren til Gartnarhallen i Haugesund. Då vart varebilen stua full med kålhovud frå golv til tak. Ikkje ulikt slik eg gjorde det med russen på kveldstid. Far min hadde investert i denne luksus måten å frakta kål på, for å unngå at grønsakene vart øydelagde etter traktortransport til byen. Det gjaldt å få betaling for blomkåla etter 1. prisklasse, og då måtte dei handsamast med varsemd.
 Når eg vaks vidare frå russestadiet til studentlivet, vart denne bilen mindre tilgjengeleg for meg. Då var det bror min som tok over den på kveldstid. Bror min var ein villman både på moped, traktor og ikkje minst når han kom bak rattet i VW-en. Kva han dreiv med i råninga si på kveldstid i Haugesund, er det få som har innsyn i. Men den gongen han kantra bilen i krysset Sørhaugata/Kaigata, vart det uråd å ikkje koma på folkemunne. Bror min kraup uskadd ut av bilen, som nok sleit med tilstanden sin etter dette.
 VW utvikla seg frå å vera Hitlers baby til å bli eit gigantisk industrieventyr. Tysk grundigheit og kvalitet har vore noko å tru på. Volkswagen har vore eit flaggskip i den tyske økonomien, trass nokre opp og nedturar. Men så er det dette med å vera best og tena mest. Å klara seg i konkurransen der ingenting blir gitt ved dørene. Alle må jukse litt for å klare det. Eg reknar med at gamle Adolf vrir seg i si grav. Sikkert av mange grunnar, han tapte jo mellom anna krigen. Men hadde han visst at det blei amerikanarane som avslørte at VW fuska med dataprogramma som viste utsleppet av avgassar frå nokre av konsernet sine dieselbilar, hadde han nok vridd seg ein ekstra runde i grava.
 Men tyskerane har seg sjølv å takke. Skal ein fuske må ein gjere det skikkeleg. Intelligente bilar må kunne gjenkjenna om dei er under test eller under vanleg køyring. Då skulle amerikanarane ha slite med å brekke ryggen på Hitlers baby..

  Blogglistenhits

torsdag 17. september 2015

Å gidde å gå

Er eg blitt latare enn før? Var eg og andre norske ungdommar sprekare i gamle dagar? Ein kan synse og gjette om saka, men det er umulig å vite sikkert. Før tida med skrittellerar og trimappar på smarttelefonane, fantes ingen objektive måleinstrument å nytte i forskning på dette feltet. Ein manglar såleis relevante data. Likevel meiner både ekspertar og lekfolk at den fysiske forma hos folk i Norge, er på retur. Ein går ikkje nokon stad,  om bil er eit alternativ. Ein spring ikkje i skogen,  om dataskjermen er online og godstolen er ledig. Ein hoppar ikkje i høyet med jentene (gutane),  om ein heller har dei på Snapchat og Facebook. Forfall,  eller forfall? 
Er det eigentleg slik, eller er det haldninga “alt var betre under krigen" som rår? Eg skal vera varsam med synsing. Men på mine turar "høgt og lågt i Europa, Asia
og i USA", observerer eg ein mosjonsaktivitet frå både ung og gammal som eg let meg imponere av. Unge mødre i rasande fart med barnevogn, eldre herrar i firsprang med ei ofte like gammal kone 5 steg bak. Eg les med aha oppleving artikkelen om saka i Aftenposten i dag og i Kvinnheringen.  Folk er spreke. 
 Likevel må eg krype til korset og innrømme at eg har svikta kroppen min idag. Då eg leverte bilen min inn til EU kontroll,  var eg fast bestemt på å gå attende til heimen. Men akk, når verksmesteren dingla med nøkkel til lånebil under nasen min, sa eg ja takk. Det regna jo, så eg gadd ikkje å gå. Er folk blitt latare enn før, mon tru? 

 Blogglistenhits

tirsdag 15. september 2015

Kva kan ein blind sjå?

Eg var 16 år då eg fekk ein spiker i venstre auge og synet forsvann. Eg har levd 56 år utan å sjå kva som skjer mellom nasen min og det venstre øyre. Har eg sakna det? Nei, fordi eg har lært meg å bruke nakkemusklane og å vri meir på hovudet enn dei fleste treng å gjera. 
 Eg blei dimma frå forsvaret alt ved sesjonen i 1961. Ikkje til å stole på om russerane kjem, meinte dei der. Han ser jo ikkje, meinte dei og. 
Eg kunne ikkje observera det eg skulle på laboratoria der stereomikroskop var essensielt. Eg sjenkte raudvinen ved sida av glaset når eg skulle traktere kvinner i godt lag. Og akevitten hadde ein tendens til å hamne på golvet, særleg utpå kvelden. Men eg klarte meg, også hos kvinnene. 
Førarkort fekk eg, etter 3 køyretimar med sjæførlærar, og ei såkalla oppkøyring i Haugesund i 1961. Og lappen kunne eg hente og bruke ein dag før eg fylde 18 år. Ikkje fordi eg såg så mykje, men det enkle trafikkbilde i gatene i sildabyen på den tida, det såg eg. 
Nå er det med stor glede eg les i Teknisk
Ukeblad at forskerar har funne ut: "Du kan se 3D med bare ett øye". Til nå har det alltid vore fåfengt for meg å sjå på slike moderne  TV og å oppsøke slike kinoar. Så eg har mykje å glede meg til framover. Ingen grenser for kva ein blind kan sjå. Eg kan bli stereoskopisk. Håpar eg kan slutte å legge flasketuten på kanten av krystallglaset når eg skal skjenke meg ein tår også, etterkvart...

  Blogglistenhits

mandag 14. september 2015

Valdag

Valdagar er ikkje som andre dagar. Det har hengt ved meg heilt frå barnsbein av. Då foreldra mine drog til bedehuset for å stemme,
var det høgtid. Då vaska dei seg grundigare og kledde seg finare enn me elles såg dei. Me ungane fekk vite at dei skulle delta i eit val, men me fekk aldri då vite kven dei stemde på. Me syns det var rart, nesten litt mystisk. Når dei kom heimatt var det mykje snakk om kven dei hadde sett og kven dei ikkje hadde sett, men aldri noko om kva dei hadde stemt. Valet er hemmeleg, sa dei på 50-talet. 
 Eg har stemt idag. Alt i går kveld såg eg i kleskapet mitt etter høvlege klær. Valdagsklær. Å stemme er det noko høgtidleg ved. Ein skal ikkje komma slengjande i kvardagsklede, når borgarplikta kallar. Å komme inn i kulturhuset på valdagen, er ikkje som å koma til det same lokalet på eldredansen. Rett nok er festsalen like stor og like nedsliten som før, men likevel er det som eit anna lokale. Eg kan lettast samanlikna det med å koma til kyrkja i bryllup. Høgtidleg, men lett og lys stemning. Dei fleste som kjem, har alt på førehand tenkt gjennom kva dei skal stemme, nett som dei to i kyrkja oftast har klart for seg kva svar dei vil gi til presten. 
Valet er hemmeleg. Det er stemmeavlukke med føretrekksgardin. Minner meg litt om prøverommet hos "Dressmann", berre det at spegelen manglar og knagg til å henga ytterjakka på er fråverande. Fordelen er at her skal ein ikkje kle av seg, og visa fram beina opp til kneet til dei som står utanfor. Og så er det vakt, som gjer det trygt for meg å vera der inne så lenge eg vil. Eigentleg hadde eg ferdigutfylt liste med heimefrå. Men då eg kom inn i valglokale og hamna i feil kø, tenkte eg at det var like greitt å nytta desse prøveromma. Ingen treng tru at eg tek for lettvint på borgarplikta mi. Når eg først var kommen inn dit, tok eg meg litt tid til å lese eindel stemmesetlar. Eg vart forundra og nesten litt skremd over å finne at så mange av mine tidlegare elevar, nå har vakse såpass at dei fyller opp så mange plassar på så mange lister. Mens eg sto der, slo det meg at eg skulle teke med meg dei gamle karakterlistene eg har heime. Det ville vore eit framifrå grunnlag for kumulering og ekstraoppføringar. Stryking av kandidatar er diverre ikkje lov lenger. Men eg strauk likevel nokre håplause kandidatar på nokre suspekte lister, før eg gjekk. 
Treng eg å legitimera meg, spurde eg vyrdsamt når eg kom ut med to godt samanbretta stemmesetlar. Nokre flirde og lo i vallokalet. Nei me kjenner gamlelæraren, sa dei. Berre me får kryssa deg av slik du alltid gjorde på fråværslistene i starten av mattetimane, så er me nøgde, sa ein. 
Eg har stemt idag. Eg har stemt nye folk inn i eit nytt kommunestyre. Unge folk. Entusiastar. Eg vonar mine folk kjem inn. Eg ventar meg mykje av den gjengen.

  Blogglistenhits

lørdag 5. september 2015

Ein konfiskert vaksinasjon

Ikkje alle lar seg vaksinere. Nokre meiner det kan vera livsfarleg å finne på slikt. Å sprøyte halvdaude bakteriar inn i kroppen, synes dei ikkje noko særleg om.
For eigen del sluker eg rått alt som er tilgjengelig av slikt. Det være seg vaksinar mot phneumokokkar, influensa, hepatitt, difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. Ikkje minst er eg fokusert på drikkevaksine som vernar mot kolera og diarè. Har ein blitt køyrd i ambulanse i Thailand, og innlagt på sjukehus dehydrert og i ørske der, så hoppar ein på alle moglege preventive tiltak. Ei anna side ved vaksineringa er sjølvsagt at ein og er med og vernar sine medmenneske. Ein går ikkje rundt som ei smittebombe. Til vinteren skal eg besøke fleire land i Asia. Då gjeld det å sjekke om ein treng fleire og andre vaksinasjonar, tenkjer eg. Sidan helseportalen, minhelse.no, ennå ikkje er særleg oppdatert når det gjeld mine vaksinasjonar, ringte eg difor til helsestasjonen min. Det er der eg pleier å sitte i køen for å få dei årlege vaksinasjonsinjeksjonane. Det er der vi stiller tidleg om morgenen på vaksinasjonsdagane og trekker kølapp. Det der er vi blir utskjelt av kølapp-politiet, om ein prøver seg på pittelitt sniking i køen. Eg velgjer difor telefonen, når det er eit alternativ for kontakt. Å ringe, er ein utmerka måte å drive køsniking. På dei fleste kontor vert telefonen prioritert framfor kunder som er fysisk tilstades. Vaksinasjonane eg har var tilstrekkelege, fekk eg vite.Det som undra både meg og helsesyster var likevel at vaksine mot livmorhalskreft var registrert på meg. For du er jo mann, konstaterte helsesyster. Eg vart litt usikker på om eller kva eg skulle svare på slikt. Ei feilregistrering, meinte helsesyster, og vips... så var eg ikkje lenger vaksinert mot kreft i livmorhalsen. Til vinteren skal eg såleis reise til Asia med ein vaksinasjon mindre enn det eg kunne gjort, om eg ikkje hadde tatt den telefonen. Eg kjenner på meg at eg har gjort noko dumt... Blogglistenhits

tirsdag 1. september 2015

Skikkelege mannfolkhender

Eg vaks opp like etter krigen. Det var på den tida då maten var kortreist og oftast henta i åkeren like utanfor huset eg budde i. Det var på den tida då melka vart dradd or spenane til ku og geit med berre nevane, og då grisen og sauen vart slakta utanfor låven. Med andre ord det var før Alfa Laval, Kverneland og Ferguson invaderte dei norske bøndene. På midten av det forrige århundret sleit ikkje folk med musearm og mobiltommel. Dei var ukjende med fitness band og knipeball. Det hende ein fekk noko som vart kalla "grep" i handleddet. Då spende ein på seg ei brei lærreim over der og beit tenna saman. Men den beste medisinen var arbeid: Sette poteter var som ryggøvinga, spreie møkk med greip var armøvinga, hoppe i høyet var spenstøvinga, melke ku med hand var ei god førebygging av grevinneheng, og springe etter jentene var treninga for å styrka evnen til å meistre både medgang og motgang I denne tida kunne ein sjå på nevane til folk kva yrke dei hadde. Kvite, slappe hender hos dei som ikkje var kroppsarbeidarar. Dei var då ofte lærarar, legar, bankfolk eller andre i slike latmannsyrke. Kraftige hender med oljesøl på hos fabrikkarbeidarane. Denne klassen som nok var høgare verdsett av bøndene, men som og var noko suspekte avdi dei berre heva løn og henta maten sin i butikken. Og oftast stemte dei på Einar Gerhardsen og var med i fagforeiningar. Dei gjevaste menneska i Norge på den tida var i følgje det miljø eg vaks opp i, dei med kraftige hender og jord under neglene. Hender som var sprukne, tørre og harde, som aldri hadde sett arbeidshanskar eller møtt handkrem. Skikkelege mannfolkhender.
Eg svikta min stand i ung alder. Dei spirande teikn til skikkelege hender som eg hadde pådradd meg i 16-årsalderen, stagnerte. Eg hamna inn i eit av dei tidlegare omtala latmannsyrke. Men eg prøver å leva etter mottoet: arbeidshanskar er for pysar. Ein skal ha mold under negla og skit mellom tærne. I allfall om sommaren når ein går barbeint i kjøkenhagen og plantar kål. Litt respekt må ein ha for den slekta ein nedstammar frå. Blogglistenhits