Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 23. august 2010

Rubus chamaemorus

Ingen fortel andre om moltemyrane sine. Desse plassane som ein har brukt år av livet sitt for å leita seg fram til, røpar ein korkje lengde- eller breiddegrada for. Ein vaktar over desse, og prøver å forvirra både folk og fe som er ute etter å komma seg lettvint til herlegdomen.
"Såg du molter der du kjem frå?", kan infantile turgåarar finna på å spørja deg om. "Nei det finns ikkje sorten i år, det har vore for kaldt", er det standardsvaret ein erfaren molteplukkar gir.
Men nokre er i stand til å lukta seg fram til myrane dine. Ein haustdag i 1994 var det slik. Eg hadde funne den gode myra, og gjekk meg turar for å sjå til ho.  Godt kledd i kamuflasjeklær som ein reinjeger på tokt. For moltene må takast til rett tid. Den gongen var det forbode ved lov å plukka kart i Norge. Ein kunne skada molteplantene, trudde lovgjevarane. Folk fekk mulkt for slikt. Nå er den lova oppheva. Likevel er moltene best når dei er akkurat slik dei skal vera. Ja om du ikkje skal laga likør då. Til det høver karten best. Og tanken på at likøren var laga av ulovleg plukka kart, gjorde han ennå betre.
På myra mi stod moltene tett i tett i 1994. Eg fann ut at neste dag var akkurat rette tida å slå til. Dei må jo plukkast før frosten tek dei. Difor sov eg uroleg om natta, var oppe i 6-tida, og la av stad i dimma med rikeleg tal av plastposar i sekken. Men andre var oppe før meg. Glade og nøgde, nymelka av budeia og lette på foten, vrimla dei omlag 50 geitene frå setra over heile moltemyra mi. Og geiter elskar modne molter. Å skrema ei geit bort frå ei moden molte, er vanskelegare enn å stoppe jorda i si bane rundt sola. Ho ser knapt på deg då. Iallfall ikkje før ho har ete i seg det som er. Men då ser ho seg rundt etter meir, og forfølgjer deg resten av dagen, om ho trur det er noko å "hala" hos deg.
Eg har lagt min hat på geiter etter dette. Å vera så nær desse gullbæra, desse dyraste bæra i Norge, og likevel koma for seint, var forsmedeleg. Eg tenkte ein kort augneblink på å ta turen innom setra og klaga mi naud og søkt meg trøyst hos budeia. Ein barmfager frodig kropp som sikkert hadde hatt mykje trøyst å dela ut. Men akk, det blei ein flygetanke som ikkje satte seg fast i hovudet.
Så det blei å søkja andre jaktmarker etter fjellets gull. Eg meiner etter  myrbæra, Rubus chamaemorus.
Nå er setra nedlagd, og hyttenaboane er i stor grad eit hakk skrøpligare enn eg er, iallfall enn kona er.
Men eg slit ennå med traume etter fiaskoen i 1994. Så det blir slik nå at av to vonde velgjer eg det miste. Så iår blei det hyttebeising for meg. Mens kona sanka seg 6 kg bær til frysaren.

mandag 16. august 2010

Hola mine

Skuletannlegen min var ein farleg fyr. Eg som gjekk på folkeskulen i 1950-åra, måtte inn under den ordninga. Han holdt til i Haugesund, nord i Haraldsgata. Han drakk. Han fekk som alle tannlegar, kjøpa billeg, rektifisert sprit. Den inntok han ikkje gjennom rektum. Han kosa seg med sitt fludium i den ekstra ventetida som det oftast blei mellom forrige og neste pasient.  Tennene mine fylte han med amalgam, dei gongene ikkje mor mi reiv meg utav stolen og drog meg ut i gata, utan at eg heilt skjøna kvifor ho fann på slikt. Då er me iallfall samde om ein felles ting eg og mor mi, tenkte eg:  tannlegar skal ein halda seg vekke frå. Sidan skjøna eg at det vel var det eg kalla "den rare tannlegelukta", ho rømde frå.
Gjennom dei åra på folkeskulen og realskulen då eg var pasient hos denne glade mannen, vart tallause hol tetta med amalgam. Det hadde jo vore tettingsmateriale like sidan starten av 1900-talet, og var like verdsett i odontologi-verda som Tec7 er i mi eiga verd. Ingenting kan måla seg med dette når det gjeld styrke. Denne legeringa av kvikksølv, sølv og tinn, står for ein støyt. Det vil mange tannlegar gi meg rett i, og gir meg rett i, under bordet. Men over bordet er det ikkje lov for dei å seia slikt lenger. Langt mindre å bruka stoffet, sjølv om eg har prøvd å tigga meg til det. Kompositt, seier dei då.
Men eg med mine amalganfyllingar, har bite frå meg i ein mannsalder. Tennene mine har gjort jobben både som nøtteknekkar og flaskeopnar. Eg har bite frå meg, og bite i meg. Bite i graset, og i det sure eplet. Men nå røyner det på. Eg er ikkje så sterk i kjeften lenger.  Dei gamle amalgam fyllingane sviktar meg. Det er lenge sidan dei nymotens komposittfyllingane datt ut og måtte fyllast på nytt, men nå ser det ut som det meste dett frå kvarandre, i allfall i kjeften.
Odontologi var det eg hadde sikta meg inn mot, før eg eg tok eit sleivspark på utdanningsvegen og blei realist. Tenk om eg hadde blitt tannlege. Då kunne eg drukke rektifisert sprit og lagt amalgam i mine eigne tenner etter kvart som dei gamle plombene datt ut. Eg kunne omgitt meg med kvalitetskvite tannlegesekretærar, mens eg sjølv stod og glisa i skjul bak den kvite maska.
Slik gjekk det ikkje. Men eg er likevel priviligert. Med gode kontaktar og nær nabo til tannklinikken, slepp eg alltid raskt til. Eg ringde dit idag, og er velkommen i morgon.
Då skal tunga mi få fred igjen.

onsdag 11. august 2010

Sjørøvaren

Eg var i Bergen med snøggbåten ein dag i sist veke. Mandag, tirsdag og onsdag reiser seniorane til byen med båt. Alle over 60 år, får reisa nesten gratis då. Hundre kroner ein veg Sunde - Bergen er ingen blodpris. Eg betalar med ei kjensle av å røva selskapet for overskotet den dagen. Eg får mest vondt samvet, det går jo ikkje så godt for Tide nå lenger.  Den gamle glanstida då Tide heitte HSD, er over. Då kunne alle med aksjer i selskapet få reisa gratis til Bergen, for å ta del i den årlege generalforsamlinga i selskapet. Og difor hadde både Gud og kvermann aksjer der. Ein gratis bytur let ein ikkje gå frå seg. Eg som innflyttar i dette HSD-riket, hadde ikkje slike aksjer. Di meir fantastisk syntes eg difor det var, den dagen eg vart 60 år, og kunne få slike subsidierte frynsegoder.
Men i Tide er dei lure. Dei har drive research, og funne kvifor mange sunnhordlendingar reiste til byen. Etter gammalt var det jo for å få seg ein tår, og ein begynte gjerne alt på båten. Ein nytta høvet til å skjenkja seg heile vegen til byen, og ikkje minst på Børs kafe på Strandkaien i Bergen. Men på heimturen, då gjaldt det å drikka seg edru. Hiva innpå med kaffi og andre mjuke drikkar, slik at ein kunne vera respektabel i gangen over landgangen på heimekaien. Gode vanar er vonde å venda, tenkjer Tide. Dei over 60 år gjer det sikkert på same måten framleis, tenkjer dei og. Det me tapar på billettprisen, kan me ta innatt i kiosken.
Lite visste eg om denne forretningsideen, før eg var i byen i forrige veke. Eg vart tørst på heimturen. Dehydrert. Måtte berre få i meg væske, og gjekk til kiosken. Bilen min som stod parkert på kaien, avgjorde alkoholinnhaldet på det eg kunne innta. Viftande med ein femtilapp, tinga eg ei lita flaske Fanta. 
Den kostar 85 kroner, seier dama på klingande siddisdialekt. Nei, sa eg . Det er i lita flaske Fanta. Jo det er slik det er, sa ho. Eg fekk kjensle av at mellomgolvet hamna oppunder hjarterota, og sveitten pipla på panna verre enn hos Terje Riis-Johansen når han skulle forsvara luftspennet. Kva svarten. 85 kr for ei lita flaske brus. Dette er sjørøveri, sa eg. 
Dei andre i kioskkøen, såg medlidande på meg som ikkje kjende denne buisness visjonen: Ein sunnhordlending på retur frå bytur, er dehydrert.  Tide skal stetta det behovet som oppstår. 
Dette konseptet er til å gå frå konseptene av. Men Tide treng jo pengar i kassen. Og når ein får billetten for ein slikk og ein ingenting, er det vel greitt at ein må betala blodpris for litt appelsinbrus? Skulle tru den var framstilt av blodappelsiner. 

tirsdag 10. august 2010

Våre Eiffeltårn

Idag har eg inspisert luftspennet som fraktar straum frå Blåfalli til Søral. Straumen vert transportert i 300kV linjer gjennom turområdet mitt i Sunnhordlandsfjella. Mastene står som staute symbol på norsk ingeniørkunst frå midten av forrige århundre. Husnes- og Valenfjella er vakre turområder der innbyggarane hentar inspirasjon, energi og livsglede. Luftspennet har i ein mannsalder vore eindel av denne naturopplevinga.
Idag merka eg meg av ein eller annan grunn, kraftlinja gjennom området spesielt. Over hovudet mitt bokstavleg tala. Hadde VG sett dette, trur eg avisa ville sett opp ein blogg der folk kunne skriva for og imot: Gammaldags og miljøskadleg, kunne folk skriva. Me må ha staum, kunne andre skrive. Forferdeleg, maktarroganse og fy, ville vi sett. Journalistane i Oslo veit å få fart på debatten. Desse monstermastene, vil vi ha dei? hadde dei spurd. Nei, turistane likar dei ikkje heller. Utlendingane vil ikkje finna seg i at vi bygger slikt. Dei kjem ikkje hit lenger då, seier hotelleigarane.
Eg syns høgspentmaster representerer framifrå arkitektur. Vakrare, enn Eiffeltårnet i Paris, berre mykje nyttigare. Dei gir landskapet ein visuell dimensjon, der symmetri og orden bryt på ein spennande måte med naturen sitt kaos og si planløyse.  I tillegg kjem den auditive opplevinga av syngjande elektron som dansar i alu-kablar. Eit underleg supplement til dei sildrande bekkane og dei kvitrande fuglane.
Dette er og natur, eller iallfall naturleg, for ein naturelskade fysikar.

fredag 6. august 2010

Kontrastar

Mange hadde det travelt på Haukeli igår. Eg merka det heile tida, der eg køyrde i Vitaraen med tre glatte finerplater på taket. Ser bilistar slikt, skal dei forbi. Ein køyrer ikkje bakom ein varebilliknande doning med takbagasje. Dessutan var det og ein nokså gråhåra fyr bak rattet, noko som provoserer ekstra.
Mange lukkast med forbikøyringa. Nokre blei det svært så dyrt for. På Haukeli låg jo Utrykkingspolitiet i grøftekanten. Plar ofte gjera det der på langslettene. Bergens Tidende skriv slik om saka idag:
"På E134 ved Haukeli beslagla politiet 17 førerkort og skrev ut 60 forenklede forelegg.
To bilister ble stoppet etter å ha kjørt i 158 kilometer i timen i 80-sonen. Det er en svært grov overtredelse, sier operasjonsleder Erik Gjesdal ved Hordaland politidistrikt til bt.no.
Vanligvis blir det fengselsstraff for slik råkjøring". 
Eg er glad eg hadde plater på taket. Slikt gir ei uvisse, noko som reduserer farten. Kanskje platene bles av og valdar død og det som verre er, tenkjer eg. Men det er klart, hadde eg halde 158 km/t istaden for 80, ville turen vore unnagjort på rundt halve tida. 
Eg, i motsetning til mange andre i bil, hadde god tid igår. Eg var innom Haukeliseter og drakk kaffi. Inspirerande å sitja der å observera fotturistane, som det var mange av. Dei hadde og god tid, og ikkje minst gode tider. Nokre var nett komne nordanfrå  Hellevassbu. Dei deler turoplevingane over ein middag med raudvin til. Andre er ivrige over kartet i planlegginga av morgedagens fottur sørover til Holmavasshytta. Denne turen har eg sjølv gått både på sommars- og vinterstid. Ei flott oppleving, som kom tett innpå meg igjen mens eg sat der med min kaffi og mi Haukelibolle. Eg må ta oppatt fjellgåing, tenkjer eg. Kven veit, eingong veret er lagleg og kroppen er villig, pakkar eg kanskje sekken, tenkjer eg og.
Eg går til bilen og svingar meg ut av parkeringsplassen. Må venta litt i utkjørsla til E134, der det året igjennom står skilt om å venta på brøytebil. Eg slapp det i går. Men traffikken var tett og køyringa var aggresiv, så det var ikkje lett å svinga seg utpå.
Haukeliseter er ein merkeleg stad. Her møtes to univers. Det moderne menneske som svingar innom for å styrkja seg på ein kaffikopp, for ikkje å sovna bak rattet, før ein rasar vidare. Dei skal spara tid og hamnar kanskje rett inn i ein radarkontroll. Og så det moderne mennesket som synes at tida ikkje skal sparast på, men sløsast med saman med vener.
Livet er så rikt på kontrastar, tenkjer eg

tirsdag 3. august 2010

Nordlys er og solskin

Eg er på hytta. Samlebu, som vi kallar ho. Rart namn,sa
scooterkøyraren. Kva samlar du på her då, spurde han. Eg samlar energi
her, sa eg. Dessutan samlar eg stundom saman slekt og vener.
Tomflasker samlar eg ikkje på, det berre virkar sånn. Særleg
vinterstid, når børa ut til bilvegen alltid er for tung.
I dag er eg aleine på Samlebu. Eg prøver å samle tankane og halde
fokus. Burde vera ei enkel sak i denne stilla som ligg over hei og
myr, over topp og varde.
Eg var som alltid når eg er her, or senga i 5 tida. Blå himmel og
gryande morgonlys. Kven kan sova då? Mange, men sjeldan eg. Idag skal
eg sluttføra ei utbygging. Smånikra og beisa. Været eignar seg til
slikt, og eg er igang. Men er det noko som er sikkert i fjellet, så er
det at været kan skifta brått og uventa. Regn i bøtter og spann jagar
meg innandørs. Korkje aggregatet, el-reiskapen eller beisekostane
likar dette. Heller ikkje astronomen Ødegård. Han som hadde lova
telemarkingane nordlys i natt, ber for åpen mikrofon i
Telemarksendinga på NRK om at Gislefossen fiksar klarver til kvelds.
Eg ville helst hatt finveret for 6 timar sidan.
Men når eg nå glyttar utover myra og oppover mot Halsenutane, trur eg
jammen at det er Ødegården som vert bønhøyrd. Makalaus fyr.
Så får eg og observera i natt då. For om sola ikkje skin om dagen,
får eg nøya meg meg den aktiviteten ho kreerer nattestid. Det blir
lite soving av slikt, men eg får jo samla meg ny røynsle på Samlebu.
--
Sendt fra min mobile enhet

søndag 1. august 2010

Me har ein vinnar

I bloggen Namnekonkurranse ba eg om framlegg til namn på den nye bua, eg bygde på Samlebu tidlegare i sommar. Eit nøktern tal på framlegg kom inn, og mange av dei var gode.
Juryen seier at vinnarnamnet vann fram av to grunnar. Den uttalar m.a. følgjande i si grunngjeving:
"Vinnarnamnet gir ei svært god skildring av den romkjensla ein får, når ein entrar bua.... dessutan er namnet ein stor heider for den mannen (Vetle var hans namn)  som på 1980-talet, sette første spadestikk i den torva der Samlebu skulle veksa opp".
Vetlebua var namnet juryen valde. Nokre reaksjonar på juryen sitt valg er at namnet er for tamt, og gir for lite hjelp til tanken omkring kva rommet sin funksjon er. Andre synes det er ei svært god juryavgjerd.
Me gratulerer vinnaren Gunnar, som såleis drog i land sigeren. Den heider, aktsemd og minnerikdom som blir han tildel etter dette, er til stor fagnad for mannen.