Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 15. august 2020

Ei reise til Sogn

Vi gjorde som Erna sa: Turist i eige land. Episenteret for reiseliv i Sogn er Balestrand.Tyske keiser Wilhelm II fann det ut rundt 1890. Han var her 23 ganger, lenge før  Kilroy var født.
Balestrand har reiseliv som hovudnæring og ingen industrialisering som attåtnæring. Cruise skipa finns heller ikkje her. Turistane kjem med båt frå Bergen, andre kjem langs landevegen eller med ferja frå Vangsnes/Hella.
Fridtjov den frøkne står i Vangsnes på sokkel. Han er 10.5 m høg og keisar Wilhelm II sette han oppå ein 12m høg sokkel. Stakkars karen får ikkje vera med ferja over for å leite opp si vakre Ingebjørg. 
I Balestrand meiner dei å ha folk frå 22 nasjonar buande. Så her snakkar dei fleste bale-engelsk som er ein forenkla versjon av sognamålet. 
I Balestrand vart Kviknes hotel leiren vår. Dette hotellet som kan skryta på seg tradisjonar attende til 1752. Her er keisarlege og kunstnarlege skrømt og målarstykke oppsiktvekkande til stades. 
Vi drog ein dag over Gaularfjellet. All ros til Statens vegvesen for opprustinga av dei nasjonale turistvegane med sine utsiktsplatformer og urinaler. Her kan ein stå høgt og pisse langt. Utsikten er framover, nedover og framifrå. 
Me vitja Skei og Fjærland, bremuseet og bokbyen.
I Sogndal har dei Fosshaugane og den høge skulen. Studentane utveksla ølflasker og cobid19 rundt om på plenane. Vi drog attende til Kong Bele si bygd. 
Over fjorden pendlar ferja. Norled sine gamle fartøy tapte heldigvis alle anbod i Kvinnherad. Nå slit dei seg fram og attende over noregs lengste, djupaste og vakraste fjord. Dei gjer jobben, men vakre er dei ikkje. Vi heiv oss på. Dragsvik - Hella - Vangsnes.
Gamalosten og bringebærsafta i Vik var ei tøff oppleving. Eksklusivt å nyta, utfordrande å svelja. Miksa og mogna ved Tine meieri avd Vik , einaste gammalost produsenten i landet vårt nå. Om ikkje opplevinga var heilt på høgde med cidersmakinga på ciderhuset Balholm, hadde ho likevel den fordelen at ein var i betre balanse på heimvegen. 
Me reiste med turistruta Bergen - Flåm - Bergen. Også dette ei Norled rute som gjorde turen litt meir spennande enn vanleg rutebåt. Attraksjonane langsmed leia vart omtala og stoppa opp ved. 
"Wunderschön", sa alle turistane som kom frå Tyskland. Så sa Wilhelm II for 130 år siden også.
Eg er nok pittelitt einig. 


onsdag 15. januar 2020

Ei reise til Sør Afrika

Å reise til Sør Afrika er ikkje for sjusoverar. KLM flyet frå Bergen går klokka 06.10 via Amsterdam. Då er det Hotel Scandic Flesland som gjeld, og telefon alarmen må stå på 03.15. "Grab and Run" er namnet på frukosten og næringsverdien i den kan diskuterast. Framføre innsjekkingsautomaten i avgangshallen møter me 20 andre bleiknebba vestlendinger som også skal på safari i Afrika, og som heilt sikkert burde sove lenger denne morgonen. Me skiftar fly i Amsterdam. Magen er sjølvsagt i ulage. Eg har ikkje kunna følgje fastlegen si oppskrift på "korleis vera ven med tarmen sin" denne morgonen. KLM har botemiddel. Medisinvogna som trillar rundt i gangane her på flyet, har mykje godt for magen. Vi er over Sahara nå, seier mi kjære. Eg kjenner meg tørr i halsen. Me passerer ekvator. Kloden er på sitt feitaste her. Så etter dette går det nedover mot Sørpolen i 910 km/timen. I Johannesburg eller Jo'Burg som dei reisevante seier, står vi på bakken i den største byen i Sør Afrika. Her gjeld det om å halde på tødlane sine. Dei stjel som hyener på flyplassen og inne i byen. Takka meg til ein tur blandt løver og krokefantar. Dei stjel iallfall ikkje... 
 Frå flyplassen i Jo-Burg gjekk turen til Pretoria der vi overnatta. I løpet av ei kort natt kom tankar til meg frå 1972.Det er 47 år sidan den gongen, då eg vart lokka ikkje berre med gull og grøne skogar, men og med svart tenarskap og luksusvilla om eg ville komma til universitetet i Pretoria og vera med på oppbygginga av ein av landets første atomakseleratorar. Eg var i arbeid i Eindhoven i Nederland den gongen. De Vries, ein boer frå Pretoria, kom dit med arbeidskontrakten klar i dokumentmappa si. Eg hadde møtt mannen eit par år før i Bloomington, Indiana der vi begge var utanlandske gjesteatbeidarar ved Cyclotron laboratoriet på Indiana University. Det var "lovnaden" om svart tenarskap som gjorde utslaget. Det vart eigentleg forventa at kvitingar skulle ha ein svart tenarstab. Dit reiser vi ikkje, var eg og mi fru einige om. Etter den tid har nok Sør Afrika endra seg. Dei har hatt sin Nelson Mandela og fått eit styresett som vert kalla demokrati. Men dei som har fulgt med i Sør Afrikansk nåtidskvardag vil vite at demokratiet ikkje berre er skjørt, men at korrupsjonen er utbrett, og at det i stor grad er dei kvite som framleis sit med pengemakta. Idag såg eg University of South Afrika idet me passerte det i Pretoria. Eg reflekterte litt om korleis livet kunne vore med eit anna vegval i 1972. Eg konkluderte med at å returnere til Norge også etter denne turen blir mitt val nå og. Me har det utruleg greitt i gamlelandet, syns eg. Dessutan kan eg ikkje nok om sektorfokuserande cyklotronar lenger 🤣 
 Vi er i eit reservoat kalla Matswani. Det ligg 250 km nord for Pretoria, og blei kjøpt av ein danske etter at gårsdrifta i dette området vart nedlagt. Han laga gjerde rundt og bygde 3 såkalla lodgar i reservoatet. Vi bur på Rhino (neshorn) lodge. Her er det 6 sivhytter a 2 bustader i kvar hytte. Reisegrupoa vår frå Bergen fyller opp heile lodgen. På terrassen utafor vår bustad har vi jamt over besøk av marikattar (liten ape) og bavianane skrattar frå trærne nedanfor. Særleg når mi kjære kikkar ut døra, før morgondusjen. Vi har eit tett program som ofte startar kl 05 - 06 om morgonen. Då er det ut å gå i bushen eller å køyre til andre reservoat og nasjonalparkar. Det er jo "The big five" me jaktar mest på. Løve, Elefant, Buffalo, Neshorn og Leopard. Sjiraffar , antiloper, sebra, vortesvin impala osv, osv ser vi overalt. Også på middagstallerkenen. 
 Været idag: 35 grader og sol. Dei inn fødde lengtar etter regn og oppførde i går noko eg trudde var ein regndans. Men det viste seg å vera framføring av bursdagssangen til ein av dei norske. Det hadde spreidd seg eit rykte heilt til Afrika om at nokon frå Husnes runda år den 3. november... 
 Dei driv med fleirkoneri i Sør Afrika. Ein årelang tradisjon som også idag gler mange afrikanske menn. Kva konene kjenner på i den samanhengen, veit eg ikkje. Det avheng kanskje av kva nr dei er i rekka. Yngste kone - mest i skuddet, har eg høyrd. I går kveld fekk vi heile historia. Rundt bålet under open himmel blei vi servert maismjølkaker og perlehøns med grønsaker. Vi åt med fingrane på den eine handa, i den andre haldt eg drikkebegeret som var i rustfritt stål. Kor lenge siden skjedde dette med fleirkoneri , spurde eg. Om du har kyr nok å betala med, kan du framleis skaffa deg påfyll, sa Pearl (ei av dei tilsette på lodgen vår). Så blei det dans. Framføring av afrika historie ved dans, song og trommer. Ein enorm energi. Då eg vart riven med ut på danseplassen av ei ung og vakker afrikanerinne, angra eg pittelitt på at odelsretten til farsgarden min forsvann for 50 år sidan. Tenk å ha hatt kyr på handa nett då. Ei anna side av soga er jo at unge menn kan koma å by på kamp å ta frå deg dei saftigaste konene. Ikkje heilt trygg på at eg hadde stått imot det. Så eg hadde vel enda konelaus.
 Basilic er namnet på den afrikanske safarisjåføren vår. Me køyrer dagleg ut med 3 safarijeepar av typen Leopard. Eg held meg alltid til Basilic sin jeep. Der er det både liv og latter. Han kan det meste og snakkar om alt. Planter, fuglar og dyr, men også om kultur og politikk. Ein ting er å styra jeepen på smale, svingete og humpete skogsvegar. Han er samtidig observatør og blikket er meir på vandring etter ville dyr enn det er på vegen. Den antilopa heiter bombom, og far min fortalte meg kvifor det namnet. Hannen har så store ballar at når den spring seier det bom bom - bom bom. Me sit i jeepen og sluker historia, og så skrattar han så heile bushen kjem i ubalanse. Me er 4 par i jeepen. Idag var det "ut å leike dag". På vegen skulle alle gruppene (3 jeepaar) i løpet av safarituren lage ein hatt av materiale vi fann i naturen, og skrive ein song . Dette blei då framførd for eit dommarpanel under lunchen på ei av utsiktsplattformene ute i jungelen. Vi prøvesong den nydikta songen på turen dit. Melodien var sjølvsagt Dyrene i Afrika. Eg skal sørje for å sjenke dualeg med champagne så vinn dokke nok, sa Basilic. Og det blei ein førsteplass som resulterte i premiar og mykje ære. På heimatte turen song vi så det runga i bushen. We are the champions, we are the champions.. Det vart ein slags speilvendt safari der alle dyrene i Afrika stod langs vegen med store og beundrande blikk. 
 Å reisa frå Sabatana Rhino lodge etter 8 dagar, vart vemodigt. Det var så lett å bli glad i både dei innfødde og dei 20 andre norske turistane og Ulf, guiden vår. Me blei køyrde sørover til Johannesburg av vår afrikanske sjåfør. Han var like stø på rattet anten han køyrde med safari-jeep i bushen, eller minibuss på 5 felts motorvegar i helgerushet mot byen. Apartheid museet ligg i Johannesburg. Ei skremande nærhistorie som ikkje er til å bli glad av. Eg grøssa og takka skjebnen for at eg ikkje reiste dit med familien i 1973. Då var det tøffe tider med mykje blod i gatene. Nelson Mandela sin ikkje-voldelige kamp for likeverd, rettferd, demokrati og fred er noko av det største arbeid eg kjenner til at eit menneske har utførd. Frå Johannesburg til Soweto er det berre eit steinkast. Rett nok eit langt steinkast. Denne gettoen er verd eit besøk. Der fann vi også minnesmerke etter kampane 1970 - 80 talet. Men Soweto er og ein fargerik bydel med mykje folkeliv. Men som kvit på kveldstid skal ein passa seg. Mange treng pengar til neste narkotika shot. Vi sit på flyet frå Johannesburg til Amsterdam. 11 timar med natteflyging. "Skal vi ha oss eit shot", spør mi kjære. "Det gjer vi", seier eg. Og før eg veit ordet av det stikk ho til meg ein imovane. Meir hugsar ikkje eg av den flyturen. Blogglistenhits