Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 24. februar 2016

Eit piss i havet

Ein lege eg møtte i middagslag hos bror min her i Thailand, hevda at urin er noko av den reinaste væska som er å oppdrive. Kanskje eit underligt tema å drøfte over ein nydelig, raud biff med tilhøyrande raud drikke, men assosiasjonar og mimring kan ofte føra ein langt vekk frå nuet. Ved å smake på urin, kan legen avgjerde om pasienten har diabetes, meinte han. Dette hadde legen fått demonstrert av professoren i studietida. Professoren stilte på førelesing med to glas urin, og inviterte studentane til å komme fram og dyppe fingeren i glasa for å diagnostisera prøvane. Sjølv dyppa han ein finger nedi først, og smatta reflektert. Ein av dei mest ambisiøse studentane kom fram, dyppa fingeren ned i urinen og slikka på den ikkje utan synleg gremming. Dette flirde professoren godt av og sa: Om studenten hadde fulgt nøye med under førelesinga, ville han sett at eg dyppa peikefingeren i urinen, men at eg slikka på langfingeren. Idag gjekk eg strandtur frå Hua Hin til Khao Takiap. Det er ei strand rundt 6 km lang, som er særleg fin å trimme på om onsdagane. Då er alle solstolar fjerna, etter styresjefane sine ordre. Då skal allemannsretten gjelde. Alle skal fritt kunne forflytte seg i sanden, utan å bli hindra av slapsige europearar på solseng, eller thailandske masøser som vil tena pengar på kroppen din. Aldri er det så trivelig på stranda som om onsdagane. Kva er det eigentleg med ungar og sand, tenkjer eg. Eit universelt fenomen dette. Overalt på kloden driv ungar med denne same kreative aktiviteten, bygge slott, borger, kanalar og små innsjøar. Side om side ligg dei frå ulike land og kontinent. Dei bygger sågar saman. Dei driv samhandling og oppnår resultat utan å kunne kommunisere med ord. Denne eigenskapen veks ein av seg med åra, diverre. Eg vadrar vidare på stranda og oppdagar at også
strandhestane kviler idag. Det er vanligvis stor business for thailandske hesteeigarar å tilby rideturar på stranda. Kundane plar oftast vera barn, men og fyldige falangar kan ein sjå dissande avgårde på desse stakkars små hestane. Idag var hestane parkerte. Eg såg ein som kosa seg i skuggen under eit palmetre litt oppe i strandkanten. Idyllisk og velfortent, tenkte eg. Men det var før det gjekk opp for meg kva øket holdt på med. Om eg hadde hatt så stor reiskap, og trukke han så langt ut når eg skulle slå lens, hadde eg nok og søkt ly under palmebuskane. Ein stor takk til legen som rundt middagsbordet, opplyste meg om at urin er ei av verdas reinaste væsker. Det redda dagen min då eg fotserte den stride straumen som rann frå hesten og ut i Siambukta. Idag gjekk eg likevel turen utan å avkjøle meg i sjøen på vegen... Blogglistenhits

søndag 21. februar 2016

Med finnar på fest

Bror min har fleire gonger med stor innleving, framført ei finsk drikkevise for meg her i Hua Hin. Det er ei vise for ikkje-songarar, ho er kort og bør helst framførast ståande med eit glas i handa. Den går slik: NU!! 

 Laurdagskvelden hamna eg ved eit slumpetreff i
finsk lag, der mange titals finnlenderar var ute og svinga med svansen. Uterestauranten var så befolka at kona og eg måtte dela bord med eit finsk ektepar på rundt vår eigen alder. Dei kom frå nord i Finland der språket er finsk, og der den obligatoriske svenskundervisninga ikkje alltid ber frukter. I Finland er jo svensk og finsk jamstelde språk, som begge står på timeplanen i den finske skulen. Våre nye vener vart litt brydde då dei skulle forklare kvifor dei hadde fått så lite med seg av svenskundervisninga som barn. I engelsk var dei ørlite dyktigare, iallfall kona. Ho fungerte og som tolk for mannen. Musikken var vekslende og vokalistane var meir enn det. Det gjekk etter kvart opp for meg at me var på finsk karaokekveld. Disc jokeyen hadde lappar med namn på dei som på førehand hadde meld seg på. Og det var mange. Repetoara gapte frå Elvis via Arja Saijonmaa til polka og finsk tango. Og dei andre finnane dansa med, inspirerte og lealause. Berre kona og eg var ute for å eta middag. Dei
andre hadde glas og flasker som einaste pådekking. Mens me meska oss med kamskjell, hummar og spicy thaifisk, leska finnane seg med drikke av varierende styrke og kvalitet.
Etter maten fann eg tida mogen for å framføra den finske drikkevisa eg hadde lært av bror min. Eg heva glaset, reise meg og uttrykte med høg grad av artikulasjon: NU!! Eg er usikker på om det vart nokon suksess. Iallfall blei eg ikkje oppfordra til å komma fram til mikrofonen å framføra denne for oss i Norge, kjente finske drikkevisa. Eg trur ikkje finnane syntes ho passa seg som karaoke. Synd det, for eg følte meg så sikker på teksten...

  Blogglistenhits

torsdag 18. februar 2016

Kvalitetsdag

Onsdagen starta grå. Mellom frukost og lunch var det ingen spor av sol korkje høgt eller lågt. Eg skjøna at sjansen for værsjuke var tilstades. Om ikkje sola let lyset renna inn langs vinduskarmen klokka 7 om morgonen, kan ofte sinnets munterhet reduserast, og stega mine ut i bassenget bli slepande og avkorta. "Blir det regn"?, spør naboen. Slikt svarar eg ikkje på. Eg vil ikkje framprovosere ei mogleg værsjuke. 

 Det vart kvinnene som redda dagen. Kvinner veit kva ein kan ta seg til for å friske opp sinnet på ein gråversdag. "Me dreg på handel", seier svigerinna mi i telefonen. Eg veit ho kjenner dei fleste, og også dei beste krambuene over mange kontinent. Eg veit ho driv "fair trade", utan å prutte fattigfolk inn til beinet. Men eg veit og ho kan oppsøke luksus butikkar, der ein må betale meir enn det Nav har tatt høgde for då pensjonen min vart kalkulert. "Outlet I Cha Am", seier Harriet. Me bli med, meiner kona. Når me entrar bilen deira, skin sola på himmelen om kapp med forventningsfulle fruer i nedkjølt bil. Me karane gjer som karer flest, handar unna på "no time". Me visste kva me ville ha, som karar flest jo veit. Så fann me ein plass i skuggen, der og andre menn hadde søkt tilflukt. Der var det godt å leske seg. Vel er det alreit med sol inn vinduet om morgenen, men ein skal ikkje overdrive. 

 I skuggen av pengebingane i Outletlandsbyen, hadde og Arne søkt tilflukt. Eg har ikkje treft denne kinesiske båtbyggaren frå Bergen/Hamarøy på 6 år. Også den gongen her i Thailand. Ein frodig kar med mykje sanning,fiksjon og bløff på lur. Kona hans, Solveig, er og nordlending, men og som våre koner, kvilelause men i fin form å sjå der dei runda hjørner i landsbyen med stadig aukande bør. Men akk - kvinner kjem og til handlegrensa. Ikkje avdi dei eigentleg er ferdige, men dei treng  mat for å vinna nye krefter.

 Bror min vil eta lunch i klokkerestauranten i Cha Am. Trip Advisor har lite å stilla opp med i høve til bror min. Han har ei memoliste i skallen, der kafear og restaurantar er kvalitetsrangerte og adressetagga. Denne lista har gyldigheit over fleire kontinent. Eg spurte thaidama på restauranten kva klokka var. Ho smilte ikkje, men gav meg eit svar på thaimålet. I Thailand er det vel og slik at vitsar tapar seg om dei er brukte før. 

 Vel heime etter ein dag som starta tregt men som enda i nyting, glede og strålande sol. Kona og eg måtte  prøva innkjøpa. Eg mitt eine, ho eit av sine. For på dette feltet må eg tilstå å koma til kort. Men så er det jo ikkje alltid kvantiteten som gjeld. Stor takk til Harriet som tok initiativet, og til Salve som navigerer så sikkert både i trafikken og i gourmetverden. Det blei ein kvalitetsdag.

  Blogglistenhits

lørdag 13. februar 2016

Thaifolket drikk ikkje vin

Eg er ved nærbutikken på gatehjørnet. Det er tidleg kveld, eg treng å handle inn litt proviant og snask for kvelden. Innehavaren har samla drikkegjengen rundt seg. Som alle kveldar sit dei ved bordet framføre butikkdøra. Dei wayar og hoyar til meg. Dei ler høgt og  uhemma. Eg er usikker på om eg skal le med. Eg gjer det. Då skrattar dei ennå høgare, og hevar øl og spritflaskene sine.
I butikken styrer kona. Ho er edru, smiler og gir meg den beste service.  I Thailand er kvinnene ved roret, særleg på kveldstid. Då er det dei som styrer skuta. Då er mange menn gått under dekk.

Takka være dei mektige familiane som står bak øl og spritproduksjonen i landet, er desse drikkevarene billige her. Avgiftspolitikken ivaretek det.
For vin er situasjonen ganske annleis. Eit godt glas god vin kostar meir enn ei flaske sprit. Det meste av vinen er imponert, ofte frå Australia. Å dyrke vindruer på våre tropiske breddegrader, er mogleg men vanskeleg. Difor all denne vinimporten som både juntaen og kartellene vil ha vekk.
Den vinen som det vert seld mest av i landet, har likevel klart å lura seg gjennom eit smutthull i avgiftssystemet. Ved å importere druekonsentrat frå Sør Afrika, og la den gjære saman med thailandske fruktjuicar, har ein fått fram ein nokolunde drikkbar vin i fleire fargar. Denne Mont Claire vinen er ofte einaste vintilbodet ein finn på folklege restaurantar. 100 bath (25 kroner) for eit glas er likevel dobbel pris av ei flaske god øl på same staden.
Når eg har handla frå meg i butikken, vil drikkegjengen ved døra ha kontakt igjen. I den gjennomsiktige plastposen ser dei at eg har kjøpt ei flaske raud Mont Claire. Buddhistar skal ikkje peike på folk, men desse har lagt bort den skikk og bruk regelen i kveld. Dei peikar og ristar på hovudet. Held opp øl- og spritflaskene sine for å markere at i Thailand drikk ein ikkje slikt skip som eg har i posen. Eg smiler brydd, og traskar heimover i mørket. Berre hundane er bortom og snusar på bæreposen min, men heller ikkje dei syner særleg interesse...


tirsdag 9. februar 2016

Harry er stadig på tur - Harrytur.

Til eksamen artium i 1962 skreiv eg stil i sidemål. Mitt sidemål var den gongen nynorsk, og emne eg vart utfordra på, var om reising. I våre dagar likar mange menneske å reisa, stod det. Drøft kvifor mange er så glade i å reisa i vår tid. Dei andre stiloppgåvene var umoglege for meg skriva noko om, så denne vart  redningsplanken min. 

Bakgrunnen for mine kjensler omkring reising, var spinkel. Røynsla mi hadde eg stort sett frå turane med skulebussen, og frå eitpar turar i robåt over fjorden ved heimstaden min. Dette var reiser som gav eit sørjeleg spinkelt grunnlag for å drøfta kvifor folk var så glade i å reisa. Eg skjøna beintfram ikkje kvifor nokon lot seg pirre av slikt. Så det blei som så ofte elles, å basere meiningsytringane på tankar laga i eige hovud, meir enn å basere seg på empiri. Eg fekk karakteren t (tilfredstillende) i norsk sidemål til eksamen artium i 1962. Eg ser på det som eit under idag.

 Ettersom eg har eldast, har eg sanka meir røynsle, kunnskap og glede ved det å reise. Eg har farta omkring og storkost meg med å oppleva nye stader, nye folk, nye matretter og nye varmegrader. Eg har ofte då tenkt på stilen eg skreiv i 1962, og kor hjelpelaus og umoden analysen min var den gongen. Men kva kunne ein eigentleg vente at ein 19 åring skulle kunne om reising. 

Idag reiser alle. Alle veit nå kor ein skal reise, og framfor alt veit mange kor ein ikkje skal reise. For reising er ikkje noko ein gjer berre for å kosa seg sjølv, ein skal imponera andre og. Det er blitt ei eskalerande øving i å vera kreativ både geografisk, kulturelt og økonomisk. Og så er det avgjerande at denne Harry ikkje har vore der før deg. Å reise i fotspora til Harry, er å bli fråteken all vørnad i vennekrets og nabolag når ein kjem heimatt. Ein må vera på vakt og vera årvåken når ein tingar turar til fjerne himmelstrok. Skal eg tru VG, er nå Harry kommen til Gran Canaria. Eg er glad eg reiste til Thailand i år, men glad eg styrde utanom Phuket. Eg har høyrd rykter om at Harry er på veg dit og. 

 Reising blir etterkvart ei travelt tidtrøyte. Med Harry i helane på seg, skal det noko til å halda seg i forkant. Om han kjem hit til Hua Hin, drar eg vidare. Eg har høyrd om både naboland og land i Indokina som Harry ennå ikkje har tinga billett til. Eg skal lura han....

Blogglistenhits

lørdag 6. februar 2016

Eg møtte morfar i Thailand

I 1950 var eg 7 år gammal. Morfar hadde då overført gården sin til dotter si og til mannen hennar. Dei var mine foreldre. 
Morfar trivdes aldri som bonde. Han likte mekanikar-faget, eller skal eg heller seie at han likte altmuligmann-faget. Han fekk seg arbeid på det som vart kalla flytedokken på Bakarøynå i Haugesund. Der fekk han olje på hendene, istadenfor for kumøkk. Der fekk han ei lita regelmessig vekeløn, istadenfor ei usikker og variabel innkome frå meir eller mindre laussal av gårdsprodukt. Eg trur han opplevde det som eit stort framsteg.

 Dei første åra etter han slutta som bonde, budde han med mormor, dotter m/ mann og tre barnebarn i eit lite hus berre eit steinkast frå vårt gardshus. Det minner ikkje så lite om korleis mange thaifamiliar bur her i Hua Hin idag. Lurveleven, glede, tårer og latter. I kjellaren hadde han verkstaden sin. Den stod ulåst, men det var ulovlig  for oss barn å fara der  på eiga hand. Å få vera med morfar i verkstaden, var ikkje dagligdags. Når det skjedde vart med ungane høgtidstemte og imponerte. Her var mykje å oppdage og mykje å spørje om. Morfar kunne fikse det meste i verkstaden sin. Han var ein altmoglegmann, med unntak av bonde då.

 I går trefte eg sjelebror til morfar
igjen. På jakt etter ein sykkelverkstad her i Hua Hin, som kunne skifta slange i det punkterte sykkelbakhjulet, kom eg over ei bruktsjappe med ein verkstad som innheldt alt mogleg av alt mogleg. Mannen, ein middeladrande thai med olje på hendene og solskin i augo, skjøna kva eg ville. Han gav med ein stol å sitje på midt i verkstaden, mens han endevende sykkelen. Det vart ei tidsreise bakover i tida til morfar sin verkstad på 1950 talet. Eg lot meg fasinere av det enkle verkøyet og det sikre handalaget til morfar og til thaien. Det ikkje dei to karane kan fikse på, er ikkje verd å kunne fikse på. Etter eit lite kvarter var sykkelen så god som ny. Då var ny slange på plass og begge hjula fullte opp med luft. Og prisen: 100 bath som er 24 kroner. Så ikke berre verkstaden var 1950-tals. Det kan ein nesten seie om prisane og. Men så var han jo sjelefrenden til morfaren min då...

Blogglistenhits

mandag 1. februar 2016

Dei er så ulike oss

Vær budd, seier speidarane. Eller Be Prepared, som Baden-Powell sa då han fekk lure initialene sine inn i speidarmottoet. Vær førebudd, sa rektor på lærarrommet før me gjekk til timen for å undervise, eller vise under, som ein kollega sa. I Thailand må ein vere budd/førebudd på at det mest uventa kan skje. Ein er i ein kultur, langt borte frå den norske.  Ja frå den europeiske også. 

Nokre døme:

Ein hevar ikkje stemmen her. På  ekte thai restaurant,  snakker ein, lågt og oppfører seg audmjukt.  Å heve røysta, blir oppfatta som om ein har mista kontrollen og er aggressiv. Dette står i sterk kontrast til oppførselen til dei kvite som ein kan oppleva på turistrestarantane. Der ligg lydnivået nær opp mot det eg hugsar i kantina på min tidlegare arbeidsplass. Om folk sat å mumla der, blei det oppfatta som om dei dreiv med hemmelig sladder. Og det gjorde dei vel...

Ta alltid av deg skoa før du går inn til folk. Dette er ein ufråvikleg regel i Thailand. Sjølv om verten seier det ikkje er naudsynt, skal ein gjere det. Også på dei lokale thai butikkane på hjørnet, gjer ein det. Sameleis hos frisøren, for ikkje å snakka om i tempelet. Å trakke inn der i sandaler, med Buddha statua rett imot, og munken sitjande ein eller annan nesten usynleg stad i tempelrommet, er å vannæra trua deira. Det er som å banne i kyrkja. Men når sant skal seiast, set eg pris på at gjestene mine heime og, tek av seg skoa før dei takkar inn på parketten min. Og det gjer jo mange...

Vær budd på trøbbel om du rører borti hovudet på folk. Sjølv ikkje barn utanfor familien skal ein klappa der. Hovudet er å sjå på som den heilagste delen av kroppen, i motsetnad til føtene som har lågaste rangen på lekamen. Kongen sitt hovud er det heilagste av alle hovud. Og sidan han er avbilda på bath setlane, skal ein vera varsam med korleis ein håndterer dei. Å ha pengeboka i baklomma, er eit lovbrot som kan straffast. For når ein då set seg ned, har ein ikkje berre konghovudet, men heile kongebilet under ræva. Ei grufull majestetsfornærming. Det er på tide at Thailand utvida sin bruk av betalingskort...

I Thailand peikar ein ikkje på folk. At ein utlending gjer det, blir tilgjeve. Thaiane skjønar vi har meir primitive omgangsformer. Men ikkje peik på munkar, og slett ikkje på nokre frå kongefamilien. Då ligg ein tynt an. Og kongefamilien er jo i nærmiljøet her me bur. HMK har sitt sommarslott i strandkanten i Hua Hin, så me må vere varsame. Skal ein peike på legfolk her, nyttår ein håndflata med fingrane retta mot bakken, og handflata mot den aktuelle personen. Ei øving som ein kan knekke handleddet på. "Ikkje peik på folk", prøvde mor mi å læra meg i oppveksten på 1940-talet. Lurer på om ho hadde vore i Thailand? 

Slik han ein forsette å leite etter kulturskildnader og undre seg over kvifor menneska er så ulike. At det er andre måtar å leve og tenke på som også kan fungere. Tenke over kvifor vi stundom kjenner på at andre folkeslag ikkje er på vårt europeiske/norske nivå. Kjenne på at menneskeverd og livskvalitet ikkje primært dreier seg om velstand og høgmoral. 

Ein kan få slike tankar ved å leve stundevis under andre himmelstrøk, og opne opp for nye inntrykk og andre måtar å takle livet på. 
Så skal ein bu seg på slikt før ein reiser. Tja til ei viss grad, men det viktegaste ein kan pakka med på turen, er vel eit opent sinn...



  Blogglistenhits