Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 29. februar 2012

Kongeleg møte

Kong Alfonso XII står vanlegvis aleine og skuar stolt  utover Middelhavet. Det vert sagt (med urette) at  han  i 1885 gav navnet til Balcon de Europa, som er den hottaste møtestaden i Nerja. Hin dagen fekk han lag. Sonensonen min, Markus, minst like stolt og sjølvsikker som kongen, meinte Alfonso trengde lag. Det blei eit majestetisk møte, og eg er viss på at  om det røyner på for kongen, eg Markus er klar til å ta over.
Det var laurdagskvelden eg henta faren og Markus på flyplassen i Malaga. I leigebil frå Avis, svingde eg opp langs arrivalen på AGP, terminal 3, i ein Seat RK Ibiza og plukka dei opp. Å leige bil i syden er noko eg berre driv med når det er rasjonelt. Og det er det sjeldan. Taxi og buss er framifrå måtar å bevega seg på mellom haciendaen og dei ulike utfluktsmåla både  på dag og nattestid. Men nett denne laurdagskvelden sløyfa eg sangriaen, programerte navigatoren og la avgarde dei 55 km mot sørvest. Dei kom nemleg frå Bergen i seinaste laget. Difor var leigebil eit praktisk reiskap nett då.
Begge turistane var i storform då dei først av alle bergensarane kom ut gjennom tollkontrollen. Markus vbar først. Han hadde spara opp ein god porsjon potensiell energi i løpet av Norwegianturen frå Bergen, og holdt såleis eit  tempo over gangbanda  at faren sleit med å henge på.
Å ha barn med seg i utlandet, særleg Markus, gjer at ein må la alle tankar om språklege stengsler og høflege samværsformer falle. Markus snakkar sitt språk med dei innfødte og forventar å bli teken på alvor av alle. Samstundes  er han kvikk til å plukka opp spanske frasar. Etter eit par dagar på byen er det blitt slik at når Markus synes det er på tide å bryta opp frå barkrakken, seier han høgt og tydleg frå om det.Han vender seg til servitøren og seier  "La Cuenta, por favor." Om farmor har fått heldt i seg siste skvetten frå kvitvinsglaset eller om ho ønskjer set eit til, gir han då blaffen i. Og plutseleg står kelnaren der, og er på Markus sitt lag så og seie. Euroen må fram, me må gå. Om ikkje vert det uro. Slik det vanlegvis vert om kongar ikkje får det slik dei vil. Markus er ein framifrå kar. Han tenkjer på familien sin og får oss heim i tide. Slikt blir det gode morgonar av - iallfall.

torsdag 23. februar 2012

Spansken min

Ein gang i tida sette eg meg som mål å lære spansk. Eg trur det var på 80-talet. Eg investerte i bøker og kassettar, følgde radio- og tvprogram. Este pais var kurset eg gjekk for, kalla. Då dreiv eg det såpass langt at eg kunne seie: Kofferten min er rød", på spansk. Eg hadde ingen rød koffert den gongen, difor vart spanskurset nok så bortkasta for meg. 
Eg angrar nå at eg ikkje dreiv det lenger med kursinga. Denne vinteren i Nerja har gitt meg ein del språklege utfordringar som nok kunne vore betre takla om eg hadde vore meir språkkyndig. Særleg slit eg i ferskvaredisken på butikken. Alt det blodferske og innbydande som fins der både av kjøt, fisk, ost osb, er tydleg merka og ser fristande ut. Men lappane som er sette på med små nette spyd, er alle skrivne på spansk. Eg kan litt. Eg veit at cerdo er svin , pollo er kylling og toro er okse.Men det held ikkje. Det står så mykje anna på  lappane i tillegg til eller i staden for dette. Eg bommar gang på gang. Dei hjelpsomme damene bak disken er like lite flinke i engelsk som eg er i spansk. Difor vert det mest å kommunisera ved  spørsmål som mømø? nøffnøff? og kykeliky? I tillegg prøver eg å operere og gestikulere som eg hugsar slike dyr plar gjera. Og eg får alltid noko oppsnitta, vegd og innpakka når eg nyttar denne metoden.
"Å nei," seier kona når eg kjem heimatt frå butikken. "Kva nå?" tenkjer eg. "Svinkottelett i dag igjen," konstaterer ho. "Au vart det det," seier eg. "Eg bad nå verkeleg om ein halv kilo mømø."  "Du må læra å artikulera deg," meiner ho.
"Ja, eller kanskje repetera litt spansk," seier eg.  "Mi maleta est roja. " Var det det eg skulle seie om kofferten min tru? Ja om han hadde vore raud då. 

tirsdag 21. februar 2012

Marknadsdag

I Nerja er det marknad kvar tysdag og sundag. Eg handlar sjeldan på slike stader, avdi eg er så lite flink til å  pruta. Uansett kva avslag eg får, føler eg meg alltid lurt. Det var difor med blanda kjensler innanfor t-skjorta at eg vart lokka med dit idag. "Bli med å sjå på folkelivet vel,"  sa dei. "Ok då," sa eg.
Eg pakka verdisakene mine i armhuleveska. Denne fantastiske safen som eg har kjøpt på handysize butikken i Oslo. På slike marknadstader er det jo ikkje trygt å ferdast. Det har eg høyrt frå ansvarleg hald. Rett nok har eg aldri høyrd om menn som er blitt loppa på marknad. Det er nok avdi mennene ikkje går så lidenskapleg inn i situasjonane at dei gir alt og gløymer å te seg med varsemd. Når varene skal vurderast og prisane skal prutast ned, kan nokre gløyma seg så aldeles bort.
Turen til marknadsplassen gjekk i grisgrente strøk langs elvekanten. Dette er lausbikjene sit territorium. Når ein møter 4 velvaksne hundar av ekte spansk gardabikkjerase, vert ein skjelven. Då bryt ein av næraste sukkerrøyrstamme og strammar grepet rundt den så knokane kvitnar. Ein kjenner seg som ein spansk torero i møte med ein toro. Heldigvis brommar ein sluskut men myndig senor ein eller annan stad  bak eit gjerde, noko som får hundane til å leggja halen mellom beina og luska skjemd vekk frå meg og kona. "Oi, kvifor gjekk me ikkje normalruta til marnadsplassen," seier me i kor.
Eg har høyrd at når varene på markaden er prisa, så skal ein ikkje pruta. I Nerja er alle varene prissett. Eg likar det best slik. Då er det orden og system på sakene, og eg føler aldrig at eg vert lurt. Nokon har bestemt at slik skal prisen vera. Då skal den vera slik, trur eg. Då kan eg og handla. Og når i tillegg seljarane er tolmodige og ikkje renn deg overende berre du glyttar litt omkring, kan eg handla enda meir Så idag gjekk eg ikkje tomhendt heimatt. Men rett skal vera rett: Eg gjekk slett ikkje heimatt. Eg bussa. Og på bussen var det berre toføtte, og dei knurrar vanlegvis ikkje.

søndag 19. februar 2012

Karneval

I Nerja går karnevalet over 4 dagar. Hovudprosesjonen vandra gjennom gatene i går, laurdag, med start klokka 17. Det stod det iallfall i programmet, så med fant eit høveleg bord for 4 med god tilgang til både opptog og bardisk. Dei to stolane som med holdt av for  2 vener som og skulle dukka opp, måtte me kjempa for. Desse engelske folka gir seg ikkje så fort. Dei gjekk å masa om å få sitja der. Men eg var like standhaftig som vikingane var ved Standford Bridge. Eg stod på mitt. Og når eg står på mitt, let det seg ikkje gjera å få inn ei einaste scoring. Eg var på nippet til å gi meg då ei vakker kvinne bad tynt om å få sitja seg ned. Det lengste eg strekte meg var å tilby henne ein plass på kneet mitt. Ho avslo.
Våre vener hadde skjøna meir enn meg. Opptoget som etter programmet skulle starta kl 17, kom igang klokka 17.50. Då kom og dei som eg hadde holdt stolane av for.
Opptoget var enormt. Eg såg korkje religiøse eller politiske innslag, men det kan vera pga at slike ikkje fantes. Me sat ein time og lot oss imponera, særleg av alt arbeidet som må ha vore lagt ned i førebuingane. Men og av dei brune kroppane som sikkert slit med nasasnue og influensa i dag. For mage- og puppetemperaturar syns eg ikkje det var i går kveld.
Etter ein time var prosesjonen framleis like hektisk. Raudrusstoget i Haugesund i 1962 vart for inkje å rekna i høve til dette. Me og våre vener vart middagsvoltne. Me braut opp og hamna på restauranten Jacky. Ein framifrå stad med mange rettar og mykje godt.
Når me to timar seinare braut opp med fylte magar og tømde blærer, var karnevalsfolket framleis i gatene. Men nå var gangen deira meir ustø og tilfeldig. Festen var nok ikkje slutt  med dette.
Og i kveld går festen vidare. Han vert ikkje avslutta før seremonien med å gravlegga ein fisk er unnagjort. "A silly performance", som Angela i resepsjonen kallar det. Kanskje ho er inne på noko der. Eg utset evalueringa av det.

lørdag 18. februar 2012

Som dagane går

Det er laurdag. Eg har vore på Solkysten i 2 veker idag. Det varmaste været var her før eg kom, seier folk. Du kom hit med kulda, seier dei og. Særleg dei fastbuande svenskane  likar å koma med slike utsegn. Eg skjønar ikkje kva dei snakkar om. Når kulda herjar Europa, og denne snippen her i sørvest har strålande sol kvar dag, og temperaturar rundt 16 - 18 grader, er eg nøgd. Det burde svenskane vera og , meiner eg.
Men rett skal vera rett. Det er sola som gjer jobben. Det er sola som får kona til å tre i småklede, og det er sola som hevar kvikksølvsøyla til greie nok termometeravlesingar. Om natta sig søyla til rundt 5 grader. I skrivande stund (kl 10) les eg av 13 grader i skuggen. Det vert nok bra idag. Vindstille og full sol er det og. Det høver godt sidan det er i dag hovedprosesjonen i karnevalet går gjennom gatene. Så klokka 17 er eg på plass på fortauet for å nyta desse fargerike folka med og utan kostyme.
Eg er snart lommekjend i Nerja nå. Framleis let det seg gjera å gå seg vill i dei trongaste smaua, men då er det berre å roa seg ned i ein bar ei stund. For i Spania er det ikkje pubane som reddar folk i slike situasjonar, det er barane. Her kan ein både fylla på og tappa av. Her finns drikkebarar og tapasbarar. Barar der ein kan dansa heile natta, og barar der ein ikkje har lov å røykje men gjer det likevel. Her er turistbarar og barar for dei innfødte. Der føler eg meg mest som ein inntrengar, og skjønar ingenting av kva som blir sagt. Men mykje blir sagt og lydnivået er høgt. Så høgt at eg ikkje eingong skjønar kva kona seier. "Noen ganger er det allright..."
Når eg vil heim seier eg " Taxi, por favor" til bartenderen. Han ringjer, eg tipsar og spring. For i alle desse gågatene, er det langt å føta seg til ei gate der taxien kan plukka meg opp.  Så er det å reinske røysta og lesba fram adressa. Ingen nyttar taxameter, men alle tek 7 euro for turen uansett kor eg startar frå i byen, når eg skal heim og til sengs. Eg trur det må vera ei form for prissamarbeid på dette feltet. Men skitt, tenkjer eg. Euroen ligg lågt i kurs nå.

torsdag 16. februar 2012

Granada og "Det raude slottet"

Å vera i Nerja utan å besøka Alhambra (Det raude slottet), er som å vera på Samlebu utan å ta turen opp til Magnhildshellene. Då føler ein det er noko som manglar, og då angrar ein seg når ein reieser heimatt.
Nå er det maklegare å koma seg frå Nerja til Granada (der Alhambra ligg), enn det er å koma seg til Magnhildshellene. Sjølv om turen tek omtrent like lang tid (ca ein time), går det motorveg  om ikkje heile vegen, så iallfall lange strekningar opp til Granada. Til Magnhildhellene er det ski som gjeld på denne tida. Men felles er likevel at ein skal kle seg godt begge stader. Granada ligg rundt 750 moh og Alhambra rundt 100 m høgare.
Til liks med på Samlebu er grunnen svært rik på jern. Her er det leira som er metta med jern, på Samlebu er det myra.
Når me steig ut av bussen på Alhambra, var temperaturen 4 grader Celsius. Eg hadde kledd meg like godt som når eg går til Magnhildshellene med unnatak av stillongsen. At eg ikkje trekte den på, var ein tabbe. Den guida omvisinga tok 2,5 time. Det var eit imponerande skue, og ein imponerande italiener som snakka både arabisk, spansk, fransk, engelsk, tysk og sjølvsagt italiensk. I tillegg hadde han ein framifrå gestikulajon og ein talande mimikk. Til oss snakka han engelsk inn i ein mikrofon som på bluetooth vis sende lyden inn i høyretelefonane me fekk over hua. Stundom slo han over til arabisk, for å få oss i det rette lunet, som han sa.
Alhambra er jo slotta og hagane etter maurerane (muslimar) som rådde i denne delen av Spania i rundt 700 år. I 1492 jaga dei kristne ut att maurerane, og gjenerobra landet sitt. Men arabisk kultur og språk er ennå i sterk grad prega av at landsdelen var under islamsk styresett i så mange århundrer. Me ser og høyrer det ikkje berre i Granadaområdet, men langs heile kyststripa her i sørvest Spania. Me ser det på byggestil, på genmateriale og på ein god del ord som kjem frå arabisk. Til dømes alle desse spanske orda som startar med al.
Nede i Granada der med vandra både med og utan ein annan guide, traff vi og (mellom anna på silkemarkedet), arabarar som ville ha attende Alhamra. Men guiden vor berre lo av dei og meinte at den bussen nok var køyrd.
Granada er studentbyen over alle i Spania. Her bur 250.000 fast, mens det er 80.000 studentar. Det pregar bybilete, særleg nattestid. Her svingar det meir enn i Bergen på 60-talet. Skildnaden er berre den at eg svinga meir på 60-talet enn eg gjer idag. Så eg måtte nøya meg med to pils og ein pizza nå. Men den blei innteken på fortauskafe i solskinet. Og eg fekk to ord med ei spansk studine. Så eg følte jo at det svinga litt. Men sidan både ho og eg hadde partnerar med oss, vart det dempa svingningar som me kallar det i fysikken. Svingningar som døyr ut.
Slik gjekk onsdagen. Ei utflukt som varde frå kl 8 til kl 19. Ein innhaldsrik dag. Og eg kunne hatt med ski og. For frå Granada opp til Sierra Nevada der me såg snøen låg, er det berre 45 min køyring. Sjå snøen, sa guiden. Er det ikkje fantastisk. Ho fekk ikkje så stor respons på det frå alle oss nordeuropearer som var i bussen. Me ville heller køyre 45 min andre vegen. Då var me ved stranda.
Dit ville også Christoffer Columbus. Eg såg korleis han knela i bronse framføre kongen og dronninga i Granada for å verta sponsa. Han ville til sjøs. Ville oppdaga sjøvegen til India. Men han fann Amerika. Slik sett, ein mislykka tur. Men han fekk iallfall seile. Me bussa, og fann attende til bustaden vår.

tirsdag 14. februar 2012

Tapaskveld og slumpetreff

Tapas er eit spansk måltid. Ei samling smårettar nærast som "snacks" å rekna. Ei blanding av alle moglege og umoglege smakar med mykje god drikke til. Laurdag var me invitert til tapaskveld. Slekt til vener av oss på Husnes, bur like i nabolaget vårt. Dei har teke i mot oss på ein så framifrå måte, at opphaldet hittil har blitt svært så hyggeleg.
Me var 8 personar rundt bordet. Alle var norske, og dei fleste spreke pensjonistar. Særleg vart eg imponert over denne 75 år gamle sjøkapteinen som hadde sjefa på store oljetankarar  sidan han var 26 år gammal. Norges yngste kaptein i slik ein fart den gongen. At han avslutta  karriera si i Libya med oljetransportar langs kysten der, gjorde at han var spennande å lytte til. I morgon skal kona og eg ut på guida byvandring saman med mellom anna han.
Men attende til tapasen. Noko smårettar var det på ingen måte snakk om på laurdag. Me sessa oss rundt eit langbord dekka av vertskapet med fantastiske rettar som spente frå gode paiar til sterke, men også milde lekkerbitar av mange slag. Og i Spania kan alle berre velgja kva ein vil drikka til maten. "Me har alt her", som vertinna sa. "Om nokon seier slikt i Norge er dei anten søkkrike eller brenn heime", sa eg. Slik er det ikkje i Spania, blei eg forsikra.

Slumpetreff, er det noko som heiter i sannsynrekninga. Det er klart mogleg å vinna i lotto, men sjansen er nanoskopisk for at eg skal gjera det. Difor blei eg nesten litt skremd av å høyra at vertskapet, som eig eit kjempehus saman med eit anna norsk par, nemnde namnet til ein av ungdomskameratane mine. Rett nok ein litt perifer kamerat av meg, men godt kjend og nær nabo av kona mi i hennar ungdom. Me mista kontakten med denne karen etter gymnastida, då han drog til Oslo og eg til Bergen. Utruleg at det nå skulle visa seg at han var medeigar i huset der eg åt tapas på laurdag. 
Slumpetreff? Eg blei litt kald nedetter ryggen då, sjølv om eg hadde fått både øl og dram å varma meg på. Eg sa alltid til mine elevar i matematikktimane då eg underviste i sannsynrekning: Ikkje kast bort pengane de har på spel. Sjansen for at nett du skal vinna er så liten. Og så rekna me på kor liten sjansen var. 
Kanskje eg likevel skal levera inn ein kupong til laurdagen. Mykje rart kan skje skjønar eg.

mandag 13. februar 2012

Eg, ein resepsjoman!

Det er diverre slik at bustaden min ikkje har internett. Eg slit med abstinesar pga av dette. Eg vert rastlaus, og veit ikkje kva eg skal ta meg til når eg sit i sofaen. Difor sit eg sjeldan i sofaen. Eg er på tur. Ofte dreg ryggsekken og eg ned bakken til resepsjonen. Der er WiFi-området mitt.
I ryggsekken har eg ein pc og eit nettbrett." Buenos dias", seier eg når eg nå etter kvart som dagane går, kjenner meg som heime i resepsjonen.  "Bienvenido", seier Juan, og finn fram eit portabelt pc-bord til meg. Eg sit lenge i resepsjonen. Mykje skal gjerast. Diverse papiraviser, som eg har fått omgjort til e-aviser mens eg er her, skal lastast ned. Mailen skal sjekkast, yr.no skal studerast. Det skal chattast med dei av mine vener som er pålogga og bloggar skal publiserast. Bloggane skriv eg helst heime på balkongen.
 "Driv du og jobbar", spør Juan. "Ja", seier eg. "Det er mykje som skal gjerast". "Eg skønar det", seier han. "Dei fleste som kjem innom her er jo ferdig på ein blunk på nettet", seier ha også. "Det går ikkje for meg", seier eg. "Er det greit", seier eg og smiler. "Sjølvsagt, det er berre kjekt", seier han.
Eit svensk par kjem inn. Ho vil leiga bustad fram til 10. mars. Er svært ivrig og nyfiken på  om ho og kva ho kan få. Han virkar uinteressert. Snakar ikkje særleg engelsk, så all komunikasjon går gjennom kona. "Det må vera billeg", seier han. Eg sit musestille utan å gi tilkjenne at eg skjønar svensk. Han vandrar kvilelaust omkring, mens han mostrar og ber seg. Til slutt sleng han seg ned på stolen ved sida av meg. "Eg er gammal og trøytt", seier han til kona. Eg klarer ikkje dy meg og seier: "Nei du er ikkje korkje gammal eller trøytt, du er berre svensk". Eg ventar spent på reaksjonen. Vil han dra til meg eller taklar han dette. Heldigvis flirer han, og blir svært så pratsom. Mest som om han er glad for å kunna kommunisere direkte med nokon utan å gjera det gjennom kona. "Me har vore her i 3 veker, og nå må eg heim å jobba", seier han. "Kona mi som har pensjonert seg, vil ikkje vera med. Ho vil bu her ein månad til og må ha ny bustad". "I cannot stand the weather in Sweden right now", høyrer eg ho seier til Juan.
Å herregud, tenkjer eg. Ikkje rart mannen var uinteressert i opplegget. Nokre kvinfolk ser ut til å gjera nett som dei vil...
Dette var eit lite glimt av kva opplevingar ein resepjoman kan få med seg om han har øyrene reine og augene reinska mellom webadresser og chats

søndag 12. februar 2012

Den frodige vassbyen

Nerjaområdet er eit spisskammer. I denne delen av Spania kan bøndene hausta 3 gonger i året. Landbruk og turisme er det ein lever av her. Mest landbruk kanskje, i desse økonomiske nedgangstider. Folk treng ikkje å vera turistar for å overleva i dårlege tider, men mat må dei tross alt ha.
Arbeidsløysa er stor nå i Spania. Lokalavisa her, som sjølvsagt er på engelsk, skriv at berre 75% av spanjolane i landet har arbeid. Men her i Nerja er det betre. Eg lot meg endåtil fortelja at ungdom som har reist vekk frå mora si  og far sin inn til dei store byane, kjem attende hit. Her trengs mange hender i landbruket. Dei tre haustingane i året, krev folk.

Ved sjølvsyn observerte eg det i går. Eg gjekk meg ein tur gjennom åkrar og drivhusområde. Som bileta syner stod potetåkeren ikkje langt frå bløming, og spisskålen kosa seg framleis på rot. Inne i drivhusa var den farlege spanske pepparen fullmogen. I andre drivhus såg eg både tomat-, agurk-, papaya- og mangoplanter. Og drivhusa er ikkje som heime. Her er det berre halvtette plasthus som både gir auka solvarme og naudsynt lufting. Dei er billege byggverk.  Den overfloden av vatn, kombinert med det varme klimaet som er i Nerja, gir ein  blomstrande landbruksnæring. Nesten alle typar frukt og grønnsaker kan dyrkas i dette austlege Costa del Sol området.
For i Nerja er det i tillegg til mykje sol, også flust med vatn. Sjølv om det dei siste 3 månadene berre har regna eit par dagar, renn elvane ganske friskt. Smelting av snø på Sierra Nevada og Alpujarra, som har toppar på over 3500 meter, gir jamn tilførsle av vatn. Namnet Nerja tyder jo nettopp "staden med rikeleg vatn". Her har bøndene det enkelt med vatntilgangen. Det såg eg i går når eg balanserte på levadaene  og kraup under akvaduktene.
Fantastisk, tenkte eg. Her held vatnet seg på bakkenivå. Dei slepp dette våte stoffet i lufta. Det med har så mykje av på Vestlandet. Slik er det her, iallfall førebels.
PS: 19 grader midt på dagen. Full sol, lite vind og mykje glede.

fredag 10. februar 2012

Den engelske byen

Dei engelske koloniane har vore mange, og ofte på eksotiske stader rundt om på kloden. Det er få att av dei nå. Dronninga sitt imperium skrumpar. Ho har sete på trona si i 60 år, og sett imperiet gå ad dundas. Dei stakkars britane som hadde aklimatisert seg ute i koloniane, måtte i tur og orden pakka sitt pikkpakk og koma seg heimatt. Det var tøft for mange. Når India kvitta seg med det britiske åket, fekk mange britar det travelt med å reisa.
Desse folka visste at i England var det berre kulde og drittver. Dei som var vane med sol og glede året rundt, jakta på ein varmare stad i Europa. Dei leita opp Nerja. Dette er staden som statistikkar samla gjennom mange år, har vist at er den varmaste staden på det Europeiske fastlandet om vinteren. Nerja har eit eige mikroklima grunna lege det har like ved høgfjellet som stupar bratt ned mot Middelhavet. Klima her er mykje varmare enn stader like i nærleiken, så som til dømes i Malaga.
Difor reiste britar i hopetal hit frå India den gongen. Dei bygde seg hus og vart buande her. Og dei er her ennå iallfall etterkommarane. Dei er også blitt gamle nå. Med andre ord: Her kryr det med engelsktalande fok rundt oss på alle kantar. Hello dear, seier dei. How are you today, seier dei og. Men dei høyrer ikkje etter kva eg svarar på det.
Slik er det her i Nerja, den engelske byen i Spania.

torsdag 9. februar 2012

Frukost med sixpence

Eg har kjøpt meg sixpence. Dette hovudplagget som eg alltid  syns såg så komisk ut. Ei hue for engelskmenn vil eg tru, iallfall etter namnet å døma. Eg betalte 2 euro for hua. To euro for å sleppa frysa på hovudet under byturen i går. For Vår Herre har letta på trykket her for ei stund. Varmetrykket. I natt var her 1 varmegrad ute.
Spanske hus er ikkje bygd for slikt. Panelomnane på veggene slit med energiutstrålinga. At dørene er morkna, slik at eg ser dagen gjennom dei sjølv om dei ikkje har vindauge, gjer ikkje jobben lett for panelomnane heller. I dag måtte eg tetta ytterdøra med ein papirserviett, seier eg til Juan. Under frukosten sat eg i den kalde trekken frå vind som kom inn hola i utedøra, gjennom håret mitt, og ut att den glisne balkongdøra. Eg måtte kjøpa meg sixpence, Juan, seier eg til Juan. Eg måtte ha ho på meg under frukosten, seier eg også. Juan flirer. Du får trøysta deg med at det er kaldare der du kjem frå, seier han. Men manana amigo, much better.
Så det går opp og ned her i livet. Iallfall når ein snakkar om veret. For det eg skreiv ovanfor, var igår. Idag er det heilt annleis. Vindstille og knallblå himmel. Ingen storm korkje ute eller inne. Idag skal sixpencen få kvila.

tirsdag 7. februar 2012

Godt igang

I dag er det varmt. Alt klokka 10 var temperaturen 18 grader i skyggen. Eg vakna av lyden frå manuelt arbeid ute ved bassenget. Eg som har reist frå gravemaskinar og arbeidsfolk heime, skal altså ikkje få ro her heller. Murarane som jubla i takt med betongblandemaskina, var i godlage. Arbeid er luksus i dette landet. Dei tre undommane med trillebore og langskafta spadar, prisa seg lukkelege for ikkje å vera blandt dei 25% arbeislause her. Iallfall ikkje idag. Dei vonar nok at arbeidet skal vara lenge ved bassengkanten min. Eg håpar det er ein kortvarig jobb for dei. Iallfall her. Så kan dei heller trekka lenger ned i gata. Der er det sikkert fleire muraroppdrag.
Me nærmar oss orden i huset nå. Kjøleskapet er oppfyllt og NRK er funne på tv-en. Den første unikken er alt i skittentøykorga og dei første tomme rioja-flaskene hopar seg opp i skapet under vasken. Nå må med leita oss fram til kor bosset skal tømast, meiner kona. Eg syns ikkje det hastar ennå. Når den plassen er funnen, vert det erfaringsmessig springing i einå.
Eg har ikkje WiFi i huset. Kvar føremiddag må eg til resepsjonen for å hente Haugesunds avis. Då har eg nettbrettet i lomma og lastar ned papiravisa som e-avis på WiFi-en der.  Så er det heimatt for å kosa seg med alle nyhende frå Haugalandet. Nesten som å gå til postkassen på Husnes for å henta avisa. Den største skildnaden er føre- og værtilhøva. På Husnes måtte eg vinterkle meg og ta snøskuffa med for å plukka opp godsakene i postkassen. Her kler eg meg i shorts og sandaler. Og eg svettar på vegen oppatt til Casa Denis. Men då ber eg jo også med meg e-avisa under armen.
Murerane trur eg ettast frå maurerane. Desse islamske arabarane som dominerte denne regionen i Spania for eindel hundreår sidan. Dei er flinke med muring. Nå har dei og starta med pikking på gamal betong ved bassengkanten. Slik eg ser det nett nå, vert det ingen dukkert for meg der idag. Eg får finna på noko anna. Eg skal visst starta med å lukta meg fram til kor bosset skal tømast...


mandag 6. februar 2012

Her er sol og glede

Juan, husverten vår her i Nerja Villas, tok på seg heile skulda. For han var vår ankomstdag, årets kaldaste dag. Ha bad mykje om unnskyldning. Han fraus. For meg var dette årets varmaste dag, så eg skjøna lite av det heile. 
Me letta frå Flesland ein time etter ruta. Men likevel landa me i Malaga 5 min før annonsert landingstid. Så det gjekk i rasande fart heile vegen nedover. Når eg i tillegg kunne surfa på Kjosen sin WiFi, og dela ei heilflaske raudvin med kona, var det mest som om turen gjekk alt for fort. 
I ankomsthallen stod taxisjåføren med namnet mitt på eit A4-ark. Så var det berre å overlate trillevogna til han og gjere det ein kunne for å følgje med denne raske ungdommen. Etter tre kvarter svinga mersen hans opp i Calle de Ronda, og Juan kom oss i møte ut frå resepsjonen. 
Leiligheten vår heitter Casa Denis. Den er eigd av ein engleskmann, så vidt eg forstår av den velholdte bokhylla. Her er til og med "The Snowman" av Jo Nesbø eit val. Alle panelomnane var sett på maks før vi kom. Det hadde Juan ordna i trygg forvissing om at det er eg  som skal betala straumrekninga. Med det var sjølvsagt fint av han å gjera det. Elles hadde det nok vore litt kjølig.
Når eg vakna dagen etter skein sola. Ho steig opp frå havet klokka 8. Og ho skein inn på altanen vår samanhengande i 11 timar. Ca klokka 19 gav ho seg. Ein slik solrik plass med 180 graders utsikt ove Middelhavet, har eg ikkje budd på før. Og på Balcon Europa inntok vi lunchen vår: Tortilla og cerveza ute på fortaurestauranten.
Så her er ikkje berre sol og glede. Her er også 17 grader i skuggen og 35 i sola. Så stakkars Juan, han har nok ikkje vore i Noreg vinterstid. Frys han her, har han ingenting i Noreg å gjera.

onsdag 1. februar 2012

Snart reiseklar

Jo eldre eg blir, dess sjeldnare synes eg at kroppen min spelar i same divisjon som meg. Ofte kan det opplevast på same måten som om fotballklubben Barcelona og Trio skulle bli sett til å duellere. Barcelona gjennomfører ting som det andre laget berre ikkje har sjanse til å henga med i. Slik er det her i gården også: Kroppen vert som Trio. Vil så gjerne, kan så lite.
Trio var betre før. Så også med kroppen. Nå er det vinteren han slit med. Prøver å legge skylda over på holkeføre og blåe temperaturar.  Seier at det er best i godstolen nå. Ute kan ein bryte lårhalsar og  halebein.  Seier at ein ikkje treng å stressa seg opp med lange unikkar og Ulvangsokkar, når ein kan sitja inne i den herlege brisen frå varmepumpa. Tenk på blodtrykket, seier kroppen. Det systoliske og det diastoliske, seier han.
Eg lyttar til kroppen min. Yngvar Andersen seier ein skal det, trur eg. På Puls seier han det. Med minimale buksestorleikar, seier han det.
Eg går til fastlegen min. Han heng på meg berbar blodtrykksmålar. Den pumpar opp så det durar rundt om på kroppen min kvart kvarter. Ver roleg når målinga skjer, sa fastlegen. Difor frys eg til, og vert ståande i frysestilling mens lufta strøymer ut att av målaren. Slikt er ikkje heilt greit i alle omgjevnader og situasjonar. Trykk koden nå, seier kassadama i butikken. Men eg må forhalde meg roleg til målaren har stønna frå seg. Kassadama vert usikker. Eg ser ho slit med å takla dette.
På apoteket har dei blodtrykksmedisin. Eg investerer i kopimedisinen,  og sparer mange hundrelappar på det. Nå er det bra, seier fastlegen. Nå er du reiseklar.
Eg pakkar 20 kg i kofferten og 10 kg i håndbagasjen. Det er kva Kjosen meiner eg bør klara meg med i 6 sydenveker. Halve håndbagasjen er medisin. Resten er leidningar og duppedingser. Så har eg litt både til å knaska på og til å fikla med dei neste vekene.
Eg får nok ikkje sjå Barcelona. Men kanskje Malaga CF. Greitt nok det.Dei ligg på 8. plass i den spanske ligaen. Det er nok hakket over Trio det også.