Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 9. desember 2012

God Jul til allverden


Når nettene blir lange, vert det lite att av dagen.  Når kulda set inn, minkar sannsynet for å kjenna att folk. Dei som vågar seg ut i den låge sola, har vore i kleskapet først. Dei dreg på seg lag på lag , og er ikkje til å kjenne att når dei kjem utanfor døra.  Alle vaggar avgarde som  var dei Neil Armstrong på månen. Vil ein vere på den sikre sida, er det best å helse på alle. Då slepp ein å bli oppfatta som overlegen og arrogant. Nett som den gamle Overlegen ved ein herverande psykiatrisk  institusjon gjorde, då han som vanleg  gjekk fremst i 17. maitoget på midten av forrige århundre. ”Kven er denne karen som går og helsar i hytt og ver”, spurde nokre. ”Det må vera ein pasient”, meinte andre. Men dei som sa slikt var tilreisande, og hadde lite innsyn i maktstrukturane på staden. Lokalfolket  kjende sjølvsagt alle han som sat høgast på pyramiden,  og var stolte av å bli helsa på av han.
Eg er nett heimkomen frå Puerto Rico. Der var lyset klarare og vinden mildare. Der var det enklare å fokusera  menneskekroppane  på netthinna mi. Dei brukte lite klær i Puerto Rico. Dei var varme, sa dei. At magane hang og pattene  slang, var greitt. Det er det som er under panseret som tel, var det og nokon som ymta om. Vanskeleg kunne det vere å kjenna folk att når dei visualiserte så mykje av  lekamen sin. Men i Puetro Rico helsar folk på kvarandre uansett. Ikkje når ein går mellom solsengene på stranda heldigvis, men oftast  elles. Særleg når ein kryssar det eg oppfattar  som ”helsegrensa”, som kan samanliknast med  ”tregrensa”  her til lands. Når ein trør i  trimskoa og svetten renn i stride straumar saman med sololja ned i augene, då helsar  folk. Kva ein ser er eg usikker på, men  alle helsar og helst  norsk.  Anten ein  er  ved ”Våres” plass eller ved ”Øyvinds” plass, er det nett som å treffe folk på Kaldestadåsen. Dei helsar og pratar som om dei kjenner deg.  Då gjeld det å gjera gode miner til den slags spel. Sure vestlendingar i kanariske høgfjell, er om mogleg verre enn  arrgogante svenskar  på luksushotellet  El Greco i Puerto Rico.
Apropos  svenskar:  ”På  aftonen når jag kom ner till staden ...”,  sa Fridjof då han var i Arkadien. Slik er det  i Puerto Rico også.  Der helsar alle på alle på promenaden, på baren og ikkje minst på dansegolva.  Men då er jo sentralnervesystema  stimulerte  og  sjølvbileta blankpolerte.
Det er 15 dagar att til jul. Me er komne til den tida då gode helsingar og lukkeynskjer  står i fokus. Det er helsingar som går vidare enn til hei og hallo. God Jul og Godt nyttår, skriv mange. Dei skriv det på kort som stundom er måla med munnen av folk utan armar, kort dei har fått i postkassen og presumtivt  betalt for , om ikkje dyrt, så iallfall rettferdigt.  Andre skriv lange avhandlingar om kva dei har gjort sidan sist dei lot høyre frå seg. Dei er ofte masseproduserte og hamnar i postkassa til nære og fjerne bekjente. Atter andre sender ut E-postar, facebook innlegg, twitrar eller berre skriv ein blogg, som er åpen for all verda. Ei global julehelsing, som skal nå ”alle”.  Tanken er god, men eigentleg er det latmannsverk det der med blogging.
Men ”hvor om allting er”, God Jul til allverden, og særleg til deg frå meg også iår.