Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 29. april 2010

Hima igjen

Attende etter 5 dagar i London. Meteorologisk sett var det å reisa frå sol og varme i UK, til drit og lort i Norway. Berre såvidt ein kunne landa fly her på Vestlandet idag pga tåka. Og det vi opplevde på Helganes virka meir som ein flykrasj enn som ei landing. Men me kom ned, og heilt presis som alltid med Ryanair.
Vi forlot ein duftande flora som var fargerik, frodig  og vakker, og kom heim til eit landskap der vinteren ennå tviheld på gufsegrepet sitt. London såg slik ut nå:

Og me såg slik ut i Greenwich Park:

Svanhild såg slik ut med nyinnkjøpt Greewich-halssmykke i sølv og aluminium:

Og eg såg slik ut idet eg forlet mi London Rose, som tok meg frå Westminster Pier til Greenwich Pier:

onsdag 28. april 2010

Rundt omkring med buss og bein

Kona ville handla idag, så turen gjekk gjennom Hyde Park til Oxford street, der me skilde lag. Ho tok for seg varehusa, mens eg traska rastlaus rundt i kvartala.
Me møttes til avtala tid, ho med svære handleposar, og eg med solbrend nase.
Så gjekk turen med buss til Picadilly Cirkus og vidare til fots til Shepherd Market. Ein kosleg liten plass inne i Mayfair, godt skjerma mot biltrafikken. Der måtte det jo bli ein pint.
Med jogga videre til Hyde Park Corner, og med buss til Portobello Market i Notting Hill. Verdens største antik-marked, skryt dei av der. Lunchen på puben hos ein pubvert som heile tida hosta og nøys, særlig når han pumpa Dragons Tale, var fyldig og mettande.
Så var det føtene igjen heilt heim til hotellet i Leinster Gardens. Der sit eg nå. Kona forsvann innom på eit Varehus borti gata her. Lurar på korleis dette endar. Handleposane var jo alt fulle på førehand. Smekkfulle. Dei revna på vegen heimatt.

tirsdag 27. april 2010

Der aust møter vest

Utflukt i dag. Buss frå Qeensway til Westminster, og så båt som tok oss frå Westminster Pier til Greenwich Pier. Ein 13 km båttur nedover Themsen med Thames Clippers i godt ver, med nypussa briller og klart hovud.
Cutty Shark, seilskuta med alle gallionsfigurane, snubla me nærmast over når me gjekk i land. Stasleg skip som i siste halvdel av 1800-talet, seilte med te  mellom Kina og Storbritannia.
Men det var null meridianen me ville sjå. Denne streken som eg har sett på kartet så mange ganger. Den som går frå nordpol til sørpol, og som ligg 5 grader og 44 minuttar vest for Husnes. Meridianen var tidlegare utgangspunkt for inndeling av tidssoner. GMT sa vi, og stilte klokka vår 1 time seinare enn Greenwich Mean Time. Me måtte inn i Royal Observatory, for meridianen går gjennom denne bygningen som nå er museum. Å stå med ein fot på kvar side av denne meridianen, tyder at eg står med ein fot på vestlege og ein fot på austlege halvkule.
Greenwich park var ei oppleving fullt på høgde med Husnesparken, og mykje gjevt å sjå på vår 3 km vandring gjennom området med museum, universitet, marked og pubar. Og pinten på Trafalgar Tavern der Charles Dickens i si tid var stamgjest, gjorde at eg ikkje lenger brydde meg om kva halvkule eg var på.
Turen attende til London sentrum gjekk med  Docklands Light Train, eit tog som går på ein opphøga skinnegang, og som difor gav flott utsikt over landskapet i Docklands.

mandag 26. april 2010

Kunst, katedral og shopping

Tate Modern stod høgast på lista idag. Den ligg sør for elva, og  var tidlegare ein kraftverksbygning. Men frå 2000 vart verkstdahallen ominnreia til kunstmuseum for deler av Tatesamlinga, som trengte meir plass. Mykje gjeve ting å sjå både av Picasso, Matisse og Bacon. For ikkje å snakka om Warhol sin biletserie av Marilyn Monroe. Dei varmde ein gammal kropp.
Men det som kanskje imponerte mest, var utsikten over London. Mot nord Millennium Bridge  og St Paul's Cathedral. Og mot sør og aust. Shakespear's Globe, London Eye og  Docklands. 
Frå Tate Modern var vegen kort over Millennium Bridge til ein tur innom St. Paul's Cathedral. Me har vore der før, men måtte innom og sjekka at alt stod bra til. Sjølv om kjerka ligg under den anglikanske biskopen og ikkje direkte under paven, har ho sterke trekk frå katolisismen. Her vart prins Charles og Diana gifte, og  frå her fekk Churchill si gravferd. Flott kyrkje med Peterkyrkje-inspiret kuppel. Me godkjende det me observerte her.

Så vidare til Westminster Abbey som er Storbritannia sin nasjonalheilagdom. Her føregår dei fleste bryllup, kroningar og gravferder for monarkar og anna fint folk. Kjekt å sjå dette att etter 33 år. Flott, men fasaden ofte skjemd av stilas, grunna stadig renovering og at fleire moderne minesmerke vert reist i tilknytning til bygget.

Nok kultur og lang over lunchtid blei det.. Me måtte eta. Publunch er fine greier, og maten der er nå ofte heilt på høgde med det ein kan eta i seg på restaurantar. Og så har dei så godt øl der frå handpumpe og i skikkelege pintglas med hank i. Kona har og funne ut at etter slike besøk, blir eg medgjerleg med tanke på shopping. 
Så me enda opp på Primark i Oxford street. Der har dei litt av kvar, og prisane er lågare enn hos Cubus på Husnes. Litt blir det jo kjøpt, men ikkje mykje. Ryanair sine "cabin baggage regulations" spøkjer bak pannelappen. Skal heim og.

Rimleg reise - blanda sørvis

Eg er i London. Frakta gjennom askeskya av dette flyselskapet som Thomas Antony Ryan starta i 1985 saman med eit par andre irlendingar. Thomas, ein mann med fleire doktorgrader og mykje pengar, gjorde seg enda rikare på desse kvitblåe flya med den gule stripa. Desse flya med den uorganiserte og sikkert underbetalte besetninga. "Ready for take off. Cabin crew put your ass down", seier flykapteinen. "My first wife didn't like to fly, either", seier han og. Eit ekte mannfolk til å stola på denne iren. 
    "What the f*** do you want", seier kabinpersonalet som slit handlevogna gjennom midtgangen.
    Maten ombord, om han finns, er knapt etande. Drinkane vert servert i plastposar og ein må betala grovt for det meste, med unnatak av sjølve reisa då. Den er nesten gratis. Kr 424 totalt tur/retur for meg og kona frå Karmøy til Standsted, er det same som eg betalte snøscooteren i påska for å køyra meg 2 km frå bilen inn til hytta, ein veg. Og der var heller ikkje servicen oppsiktsvekkjande god. Mykje rart å seia om Ryanair, men billege, effektive og presise - det er dei ofte.
    Me reiser vidare med Train frå Standsted til Liverpool  Street station, og så 10 min med Central Line. Går av ved Qeensway Station, der heisen er stengd men rulletrappene fungerer. Me leitar oss fram til Leinster Garden.  Blakemore Hyde Park Hotel er målet. Men ikkje langt før hotellet ligg Leinster Arms. ”Fancy a pint”?, seier eg. Som sagt så gjort. 
    Me stoppar i døra, tek eit overblikk. Ser dette bra ut, eller er her berre turistar? I turistifiserte strøk som Bayswater, er ikkje alle pubar eit besøk verd. Om ein ikkje er spøkje tyrst då. Men her virkar lufta frilyndt. Den lokale gruppa i heftig parlamentering ved disken, har glinsande issar og rustne røyster. Meiningane er sterke. Tory... Labour...,  Valet er 6. mai.  Dei ensar ikkje oss, men virkar venlegsinna. 
    Her kan ein ta seg eit par krukker, meiner eg. Så avgarde  til handpumpene. Hotellet får venta. 
    Det gode, brune, engelske fluidum gjer i sanning susen. Også denne gongen

    tirsdag 20. april 2010

    Korte turar kan og bli lange

    Planane er klare. Billetten er i lomma. Kofferten er pakka, men flya går ikkje. Kva liv kan det bli for ein pensjonist etter dette? Har ikkje vore på vingene sidan februar. Skal etter planen i lufta snart, men det ser spøkje ut.
    Men går flyet på sundag, så dreg me. For å seie som den engelske flypassajeren David Jack:
    "Everyone felt that if the pilot was happy to fly then we were happy to get on"
    Så får det bli som det vil med returen. Fram og tilbake er ikkje alltid like langt lenger. Men pensjonistar har tid til å vera så lenge  Eyafjällajökull,  Katla eller VAAC bestemmer. Og om eg tek med meg pc-en, mine 2 Mastercard og Visa kortet, samt at kona tek med seg sine, kan me vera lenge vekke. For finansieringa må me ordna sjølv. Verken Vesta eller Gidske vil gi oss noko, om me vert askeoffer i London. 

    søndag 18. april 2010

    Ein mørkets gjerning

    I forrige bloggen min kom eg med sterke oppmodingar om ikkje å urinera i toalettskåla verken natt eller dag. Her kjem og vitskapen meg i møte, og åtvarar  særleg mot nattlege toalettbesøk, om enn ut frå andre årsaker enn eg hadde i tankane. Sjå berre her:
    I følgje ein artikkel i den engelske avisa Daily Mail har forskarar frå Storbritannia og Israel, funne ut at plutseleg eksponering frå lys om natta, kan utløyse eit overtrykk i celler som er knytt til danning av kreft i kroppen. Forskarane samanliknar ei gruppe mus som blei utsatt for nattleg lys i ein time, med mus som blei holdt i mørket gjennom heile natta. Det viste seg at hjerneceller knyt til døgnrytmen, vart endra. Dette kunne i neste omgang  initiera utvikling av kreft.
    Ein av forskarane kjem med  denne tilrådinga:
     Dersom du må stå opp å gå på toalettet om natta, bør du unngå lysbrytaren. Det finns ein type plug-in lys som berre gløder, som er trygge, og som du kan bruka som alternativ.
    Så dersom ein ikkje går til innkjøp av slikt spesialutstyr, kjem det å finna og treffa toalettskåla nattestid på linje med jokerspel. Ein prøver seg med opp når det er ned eller omvendt. Kan bli mykje søl og vonbrot ut av slikt.
    Nå lurer eg på kva andre vaner eg må venda, for å halda meg unna kreftrisikoen.
    Kva med å:
    • ·         Ligga 10 min i senga etter eg har våkna, for å prøva å jobba opp mot til å møta dagen
    • ·         Ha hodetelefonane på øyrene når eg bruker datamaskinen, sjølv om eg ikkje høyrer på musikk
    • ·         Alltid sitja ved midtgangen på flyreiser
    • ·         Ha salt på agurka
    • ·         ?
    Her er mykje å ta tak i for forskarane framover. Oppskrifta er klar: Finn dei variable, planlegg undersøkinga, observer og tolk resultatet.
    Eg gir til kreftsaka kvart år, og forventar resultat.

    lørdag 17. april 2010

    Med gull i blæra

    Det er tid for å handla gjødsel. Plenen er gul etter vinteren, og skrik etter desse pelletane som svir så vondt på dei såra eg ikkje veit eg har, før eg spreier gjødsla. Til plenen har eg alltid kjøpt inn fullgjødsel 18 - 3 – 15, som er prosentfordelinga av nitrogen – fosfor –kalium.
    Nå blir fosfor ein knappare ressurs for kvart år som går.  Ein utvinn fosfor frå fosforsameiningar, særleg apatitt, som finns i gruver og dagbrot i Nord-Afrika, Canada, Kolahalvøya og Florida. Spesielt i Nord-Afrika er det politiske konflikter knytt til fosforførekomstane, og i  fleire av dei andre gruvene er det nå lite att.   Australske forskarar tok opp problemstillinga for fleire år sidan (klikk her), og NRK tok oppatt problemet denne veka.  Forskarane ymta om at jorda har frå 30 til 100 år att med fosfor. Me snakkar altså om eit tidsperspektiv, som er så kort at det går inn på meg.  Det vil bli slik, om ikkje for  meg, så iallfall for mine barn og barnebarn, at det vert for lite fosfor i verda. Levande organismar klarar seg ikkje utan fosfor. Og verdas folketal må reduserast, kansje til det halve.
    I denne situasjonen vert det problematisk for meg å bruka av verdas knappe fosforressursar til den nokså unyttige plenen min. Då er eg med og akselererer utviklinga mot katastrofen. Eg kan ikkje vera medansvarleg også  i denne komande tragedia.
    Men plenen min treng jo fosfor, om han skal ta seg ut. Det vil eg han skal. Så eg må søkja andre fosforkjelder. Det mest nærliggjande er urin. Alle pissar med meir eller mindre kraftig stråle. Feilen er at vi gjer det i doen, og trekk i snora. Ein kostbar uvane. Fosforen fer til havs, og er tapt for alltid. Eit piss i havet, som ein seier. Nyttelaust.  Folk må ut på plenane og pissa, både natt og dag. Nokre vil grua seg for dette, særleg i motvind. Ein kan jo då heller pissa i bøtter og spann,  for  å tøma det rundt på plenar og  vekster når naboane er på butikken. Og om ein syns det vert for mykje urin til eige bruk, kan ein samla opp, investera i heimebrenningsapparat om ein ikkje alt har eit slikt, og starta destilasjon. Koka vekk veska, kasta ho, og ta vare på det botnfallet som ligg att i panna. Det er nesten rein fosfor.
    Dette kan ein selja, og til ein etterkvart høg pris. Urinen blir verd sin vekt i gull, i framtida. Tenk deg: vatn inn og gull ut. Alkymistens draum.
    Men nytt er jo dette ikkje. Det har berre gått av moten.  I min oppvekst pissa me ofte utandørs. Anten det nå var på gulerøtene, salatplantene eller blomkåla. Husdyra pissa og ute då om somrane. Og om vinteren samla me opp urinen deira i landkummen, og spreidde han ut på graset om våren. 
    Det er dette vi må attende til. Bruka organet meir til gjødsling og mindre til fræving. Lukke til.   

    tirsdag 13. april 2010

    Pulsen min

    Seksti slag i minuttet. Ein frekvens på 1 Hz altså.Der ligg kvilepulsen min. Ein framifrå tidtakarreiskap  om arbåndsuret sviktar. Denne frekvensen føreset at eg er i ro, helst ligg i senga. Men når eg ligg der, gir eg vanlegvis blaffen i å ta tida på noko som helst.
    Målet i dag var å få fart på pulsen. Eg tok  turen til Norefjell, 560 moh. Kjørte til den såkalla Søsterheimen ved Valen Sjukehus, der unge sjukepleiarar kan bu på hybel om dei er trengande. Eg kjende pulsen min steig utover kvilepulsen alt idet eg parkerte og fann fram gåstavane. Om det var avdi eg braut skiltet ”All køyring forbode” eller det var andre tankar som gjorde utslag, er uvisst. Eg parkerte iallefall der, og la avgarde oppetter lia. Det var tungt å koma igang. Pulsen eskalerte og svetten pipla. Eg heiv etter pusten, og kjende smerte i høgre kne. Men søren, eg gir meg ikkje. Skal til topps.
    Det går seg til med vondtene mens eg vinn høgde. Med jamne mellomrom stoppar eg, trekk jakka på venstrearmen opp slik at klokka er synleg, legg høgre handa sin tommel og peikefinger på kvar side av halsen og finn arteriene. Ser på klokka og tel pulsslag i 10 sekund. 27 slag. Reknar ut 6x27.  Å herrlighet.  Toppuls i minuttet skal jo vera 220 – alder. Dette var voldsomme greier.
    Har du problem?, spør ei hulder som i ungdomleg tempo, dansar nedover lia på veg heimatt. Nei, eg berre tørkar svetten, seier eg. Ja, varmt idag, seier ho.
    Skogbotnen er ennå i dvale. Nokre små bregneskot er einaste grøne eg ser der eg trør. Men det er tørt og fint feste for dei litt for høge Adidas skoa eg har ikledd meg idag. Så er eg over skogrensa. Har gått i 40 minutt, og kjenner kroppen skiftar drivstoff. Til nå har eg brukt av karbohydratane. Resten av turen skal eg bruka av fettlageret. Det gir ei god kjensle både fysisk og mentalt å tappa av fettresursane. Ettersom alderen har drege på seg, merkar eg at det tek lengre tid enn tidlegare, før dette skiftet kjem. Det likar eg ikkje, for fettlageret mitt har aldri vore større enn nå.
    Eg er ved toppen. I den blå kassen ligg den gule matboksen med turboka i. Eg manntalfører meg. Er den  5. der på toppen idag. Den første var der klokka 8.00. Kva søren ville han der då?
    På vegen ned treff eg kona. Å dækårten, seier eg, og kjenner at pulsen stig igjen.  Når datt du av?  
    Ho ser spørjande på meg.  Datt av, kva meiner du?, seier ho. Eg går mitt eige løp. Der har du henne, i et nøtteskal.

    fredag 9. april 2010

    Å gjera og få gjort

    Eg gjødlsar plenen. Ikkje før var siste snøflekken faren, så var eg der med plastbøtta halvfull av fullgjødsel 18  - 3 - 15. Det var det eg klarte å ruska saman etter knegåing gjennom garasje, vedbod og uthus. Plenen vart skuffa. Det blei i magraste laget. Men sekken er tom og ligg nå i papiravfallet som SIM hentar idag. Eg må handla inn meir fullgjødsel. Ho kjekke dama på FK-butikken har rikeleg å by på, også av den sorten.

    Eg kjenner våren. Han ligg i lufta, og trekkfuglane heng i trea. Morgonbruduljen har forlengst hatt sesongpremiere utanfor soveromsglaset.  Lenge før eg har tenkt å stå opp, er balubaen igang.  Det ergrar meg at eg ikkje klarar å identifisera lydane og knyta dei til fugleslaget. Då kunne eg retta harmen min mot rett art. Men eg er ein tilnærma ornitologisk analfabet. Sjølv ikkje kvitryggspetten kjenner eg. Korkje visuelt, auditivt eller på lukta. Den er fylkesfuglen for oss hordalendingar. Slikt er skammelig.

    Eg klipper buskar. Heilt feil årstid, sjølvsagt. Men når snøen ligg meterhøg på plenen i januar, og eg i tillegg er i Thailand, er det ikkje så lett å få gjort det til rett tid. Difor vil nok fleire av hagebuskane hemna seg ved ikkje å bløma i sommar. Liksom i menneskeverda, må dei handsamast med kjærleik og respekt om dei skal stråla.

    Eg reparerer gjerdet. Skrur på ekstra bord så ikkje naboen så lett ser meg i tilnærma adamsdrakta når eg spankulerer rundt bassenget. Naboen har aldri vist interesse for meg når eg spradar omkring slik, men etter alle avsløringane i det siste, vert eg usikker. Eg får trøysta meg med at Vatikanet trur det er mykje sladder og slarv i desse avsløringane. Nå er jo heller ikkje naboen min verken geistleg eller katolsk, så eg kan slappa av. Men gjerdet er iallfall ikkje transparent som ein katolsk skriftestol lenger.

    Eg roar meg ned. Det er fredagskveld. Prøver å finna den kjensla som eg veit kan ligga i fredagskvelden. Før kom ho av seg sjølv. Nå veit eg ikkje heilt kor ho ligg. Eg  leitar ofte både i hovudet og i hugen, før eg drar kjensel på ho. Men finn eg ho, noko eg stundom gjer, må eg ofte sjekka kalenderen før eg kan vera sikker på at eg har rett kjensle på rett dag. Nå for tida syns eg  livet var greiare før i tida.  Eg meiner fredagen. TGIF, sa eg då.

    mandag 5. april 2010

    Pjusk på påsketur

    Det toppa seg på snøscooterhengaren i år. Han var lasta tett og effektivt frå botnen av. Baggane, som med kjøpte på Europris i 2002, låg nederst. Kona sa det gjekk an. I dei var det korkje egg, kjeks eller boksøl. Det var der ho hadde pakka potetene, safta og dopapiret. Neste lag var sekkane med truser, bh-ar og bleier. Så kom egga, påskeliljene, akkevitten og boksølet. Og så kom eg. Som kongen på haugen sat eg i full påskemundur med faktor 6 i panna, 20 på nasen og skia under armen med vinterferiesmurningen framleis på plass. Definert av Helse Fonna som ”Ikkje kapabel  å gå på snø med ski og stavar”.  Det var meg.
    I tauet bak hang ungane. Dei hadde fått instruksjon om å sleppa, dersom dei tryna. Men det gjorde dei ikkje, tryna meiner eg. Resten av laget  fulgte på  for eigen maskin i fin stil med innlagde glippetak. Vel inne ved Samlebu, avtala eg med Gunleiken å bli henta, når eg ville heim att. Han undra seg storlegen, telemarkingen, over denne latsabben.
    Eg og Vårherre hadde gjort eit godt førearbeid. Terrassen var snøfri og ryddig. Eg hadde spadd i vinterferien og Vårherre hadde nok tatt nokre spatak fram mot påske. Frå taket rann snøen i dråpeform ned i takrenna og vidare ned på bakken. Ei bøtte på rett stad, og eg sparer kona for ein tur til vatnpumpa, som ligg 100 m borte. Og kvinnfolka skal ein spara på. Det er kjekt å ha dei i form til anna førefallande oppdrag.
    Påskeferien, om pensjonistar kan bruka slike namn, er igang. Og han driv frametter dag for dag. Det snøar tett. Vinden er og på farten. Stundevis ular det rundt nova. Men folk må ut. Skitur. Slikt skal ein gjera i påsken. Dei kledde seg etter Lars Monsen metoden, var varme og forkavde når dei gjekk ut, kom innatt og såg ut som om dei hadde vore med Nansen over polen. Men det var greitt dei kom attende. Det er gjevare med after skiing når fleire er med, syns eg. Sjølv levde eg og etter Monsens råd:  ” Unngå å dusje hver dag. Da beholder man et lite skittlag på kroppen som utgjør en stor forskjell når det gjelder å holde på varmen. Da er det ikke så kaldt å gå ut på terrassen med en øl”, seier friluftsguruen.
    Påskeafta ringde eg Gunleik. Eg vil ikkje meir, sa eg. Kan eg godt skjøna, sa han. Eg køyrde meg bort oppe ved Rassteinutane idag, sa han. Knuste vindskjermen på scooteren og skamslo aksla mi, men eg puslar meg innover og hentar deg.
    I all verdens rike, tenkte eg og såg ein kort augneblink  for meg at eg måtte spenna på skia. Blei både forbitra, forfjamsa og fortørna. Men til fånyttes. Returen gjekk som fot i hose.