Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 31. desember 2011

2011 ebbar ut

I NRK, og sikkert i mange andre kanalar, er tida overmoden for oppsummering av året som nå går mot slutten. Å planlegge ein kveld framføre skjermen er vanskeleg utan å havne borti program som syner klipp frå året som gjekk, og som ein difor ofte har sett før. Slikt er jo ikkje berre negativt, særleg ikkje for ein mann på min alder og med min yrkesbakgrunn. Repetisjonar gir auka læringsutbyte. "Når du syns du kan leksa, så gjer du ho ein gong til", sa eg til elevane mine. Det heiter overlæring, og får tema og tame til å brenna seg fast i hugen. Det er som ei tatovering på innsida av skallen. Elevane beit ikkje på det eg sa. Dei tatoverte innsida av armar og bein, men trudde eg tulla med dei når det gjald innsida av skallen.
Å hugse ting kan vera strevsamt om ein ikkje har det lagra i elektroniske arkiv. Eg mistenkjer NRK for å ha ikkje berre e-arkiv, men også ein heil stab som tek seg av å halde greie på "året som gjekk". Sjølv må eg klare dette aleine. For det er viktig å halde greie på den nære historia.
På det personlege planet som ein seier, slit eg mest med å minnast kva nyttårsforsett eg hadde for 2011. Såleis er det uråd for meg å vite om desse er oppfylt.
Kanskje eg sette meg føre å bli pensjonist. Det er i såfall oppfylt. I løpet av dette året kan eg skryte av å ha blitt ekte pensjonist med full uttelling frå NAV og SPK. Nå er det om å gjere å fylle madrassen, slik at ein ikkje får skattesmell grunna høg formue. Der er eg godt på veg. Det må vera eit mål for neste år å få fylt opp madrassen frå hodegjerdet og ned til akselnivå.
Kanskje eg sette meg føre å stramme inn livreima. Der har eg isåfall bomma. Piggen i beltespenna slit med å penetrera 2 hol utanfor 2010-holet. Det er irriterande å drakse med det same beltet i årevis. Då set spenna merke i lærreima, og samanlikninga med tidlegare mageomkrins vert så altfor enkel. Det må bli eit mål for neste år å kjøpe nytt belte. Det blir som å trykke på reset-knappen, trur eg.
Kanskje eg sette meg føre å leva meir i nåtida, og vera tilstades både fysisk og psykisk der. Her har eg isåfall lykkast berre delvis. Etterkvart som talet på pc-ar og nettbrett i heimen aukar, oppstår ein ubalanse mellom den fysiske og den psykiske tilstadeværinga. Klart eg er der med kroppen, kanskje meir enn før, men den gode samtalen med augekontakt og handspålegging er kraftig redusert. Det er denne trådlausa som tek fokus. Dette er i og for seg ikkje heilt nytt. Alt i 1966 var eg oppslukt av det trådlause, eller "Uten en tråd" som Bjørnebo formulerte det den gongen. Det må bli eit mål for neste år å driva mindre trådlaust omkring, iallfall i heimen.
Kanskje eg sette meg føre å slå ut håret og gi blaffen i mi plikt som menigmann. Her har eg isåfall slite med å komma i mål. Når håret endeleg begynnar å hengja litt rundt øyrene, hentar frisøren meg inn. Eg skal leve eg og, seier frisøren, og alle sjangsar til å slå  ut håret vert såleis spolert av  "kort i nakken"- praksisen. Neglisjering av plikter er eg og svak på. I inneværande år har eg reist halve kloden rundt, men ingen stad har eg høyrt noko negativt sagt om meg som ein pliktoppfyllande mann. Eg må skjerpe meg. Det må bli eit mål for neste år å bli meir av ein langhåra rakkar, iallfall utanfor heimen.
Året ebbar ut. I morgon vaknar eg nok til nytt år med nye sjansar. Kanskje litt lemster i kroppen. Det kan jo skuldast madrassen.


            
Godt Nyttår!

tirsdag 20. desember 2011

Julekortet 2011

I år er eg seint ute med julehelsingane. Kanskje for sein om ikkje Posten og/eller Telenor er på mi side. Og det er dei berre tidvis. Eg har inga forklaring på kvifor det vert slik kvart år. Eg har jo merka av i kalenderen min på ein tydleg måte kva tid jula startar. Og sidan eg alltid vidarefører dette til neste års kalender, burde eg ha eit vasstett opplegg. Men nei...
Det er noko i den umedvitne delen av hovudet mitt som må få skulda. Sidan eg aldri veit kva eg skal skriva, vert oppgåva skuva fram i tid. Ikkje ønskjer eg berre å skriva ”God Jul og Godt Nyttår”, og heller ikkje ei detaljert og kronologisk framstilling av kva eg har gjort og ikkje gjort gjennom året. Og kva skal ein eigentleg skriva då?
Eg kunne ha skrive om nissar. Desse krokute figurane som alltid må svetta og få skjegget inn i nasen bak maska dei ber. Eg kunne skrive om at eg alltid var usikker på om det var nissane eller rottene som åt opp fjøsgrauten me sette ut på julekvelden. Eg kunne skrive om kor greit det eigentleg var å få ta på seg maska julekvelden, og gjere eigne born glade. Eg kunne skrive om at eg saknar ei maske både titt og ofte på mine eldre dagar også. Ei maske å skjule seg bak, der ein kan observere utan å utlevere heile seg sjølv. Men nei. Eg skriv ikkje slikt på julekort.
Eg kunne ha skrive om englar. Desse lettflygande vesen som hang fast på bilete over senga mi då eg var barn. Desse merkelege skapningane som eg aldri heilt skjøna fysiologien til. Eg kunne skrive om sjefsengelen Gabriel som møtte Maria og sa at ho ”skulle bli med barn”, og at det pussig nok gjekk troll i ord. Eg kunne skrive om englar eg møtte i eige liv. Men nei. Eg skriv ikkje slikt på julekort.
Eg kunne ha skrive om pakkane. Desse gåvene som anten er mjuke, harde eller skvulpande. Eg kunne skrive om kor greitt det er å gi gåver til dei som har laga ynskjeliste, og kor jysleg det er å finna på ting til dei andre. Eg kunne skrive om kvifor gåvekort er ei framifrå løysing, og om kvifor eg alltid sjølv lagar ynskjeliste. Eg kunne skrive om kvifor eg trur at mest ingen gir meg noko som står på ønskjelista mi. Men nei. Eg skriv ikkje slikt på julekort.
Eg kunne ha skrive om husvask og pynting. Desse dagane på gardintrappa då vatnet renn nedetter underarmen og væter skjorta som eg alltid gløymer å trekka over albogen. Eg kunne skrive om kvifor eg knyter Ajax-lukta til julekjensla og harpikslimet til julefingrane. Eg kunne skrive om straumforbruket når mor har tend alle lys, og om fornybar energi og grøne sertifikat. Men nei. Eg skriv ikkje slikt på julekort.
Eg kunne ha skrive om gjensyn. Desse inderlege ynskje ein har om å få sjå kvarandre i året som kjem. Eg kunne skrive om at tida flyg og at det er lenge sidan sist, utan å nemne kva tid det nå var. For det gjeld ikkje å bomma i det ein skriv på julekort. Eg kunne skrive at om helsa held, så må det bli ei råd neste år. Men nei. Eg skriv ikkje slikt på julekort.
Då står berre ein ting att å skriva om: Den menneskeskapte miljøendringa. Dette det gjer med mitt mentale innemiljø kvart år å møte nissar og englar, lage pakkar og vaske hus, skrive julekort og tenkje på andre mens eg gjer det. Det gir fred i sinn og glede i hugen å kjenne at eg rakk jula i år og.
Undrast om andre kjenner det slik?
Og til slutt: ”God JUL” då.

lørdag 10. desember 2011

Slaget om smøret

Å mangla smør i adventstida er verre enn å sakna det resten av året. Det vert mager julebakst av slikt. Og Ingrid Espelid Hovig har sagt at utan skikkeleg smør i julekaka, vert det ingen yppige former korkje her eller der.
Kona mi har difor tråla alle dei matvarekjedane som er representerte på Husnes. Eurospar, Ica, Rema og Kiwi.
Eg kunne sjå det på henne der eg stod i stoveglaset når ho kom heim frå raida sine, at heller ikkje denne gongen hadde ho lykkast. Kraftig framoverluta med spøtehua godt nedover øyrene for ikkje å syna for all verda at ho også nå kom slukøyra attende til heimen. Ho minna meg om ein veidemann som for 3000 år sidan kom heim til familien sin ein stad ved Husnesfjorden, utan å ha med seg fangst attende til familien. Korleis skulle framtida bli.
Men så ein dag var haldninga hennar annleis. Eg såg det på lang avstand der ho kom nede i gata at noko stort var på gang. Hua sat lett på toppen av hårkransen, ryggen var rak og ho gjekk med sjølvsikre steg mot huset vårt. Eg la bort det eg hadde i nevane, og sette meg godt til rette i sofaen. Nå, tenkte eg. Nå blir det fest.
Kona hadde ikkje berre fått tak i smør, men det var måten det skjedde på som var så pirrande lysteleg ei soge:
PÅ Rema 1000 hadde det som lyn frå klår himmel dukka opp 4 pakkar meierismør i kjøledisken. Ikkje slike flotte 1/2 kg pakkar som me hadde før i tida, men dei mykje mindre bordpakningane. Ho forsynte seg grådig, og såg seg varsamt rundt idet ho skulle trilla vidare. Men så kom ei anna av same kjønn, men som tilhøyrde eit anna jaktvald. Eit jaktvald godkjend av den lokale butikkstyraren.
Det vart ein kamp. Du kan få ein pakke, meinte mi. Nei eg treng to, sa ho. Mi har alltid vore særs medgjerleg og empatisk. Ho hadde sjølv kjend på kroppen korleis det var å koma heim utan smør. Og då ho såg at Oppmannen stod i bakgrunnen klar til å mekla og eventuelt dømma, ordna ho opp sjølv.
Kona mi kom heim med 2 pakkar smør.
Skal me smørja oss ei julebrødskiva, spør eg, utolmodig og våt i munnen. Nei det er julegåver, seier ho.
Det var då eg skjøna at dette er ein kamp på mange plan. Eg må nok smørja med tålmod og margarin ei stund til.

fredag 9. desember 2011

Eg - eit mediaoffer

Rett nok kasta eg i ein fysikktime eit elevbord gjennom klasserommet ein gong på sluttten av -70 talet. Det var for å demonstrera gravitasjonskrafta, og kva skade ei slik kraft kan påføra andre.
Men å nytta ein stol som linjal i matematikktimen, ligg langt på sida av slik mitt hovud og resten av kroppen fungerer.
Mens eg var i Kina har lokalavisa moroa seg på min kostnad.
Eg har høyrt ein skal vokta seg når media tek tak i ei sak. Anten må ein halda seg heime og legga seg flat, eller så får ein røme landet.
Eg kan godt tenkja meg det siste, iallfall til stormen har lagt seg...

torsdag 1. desember 2011

Kvifor blæs det sånn?

"Det er godt etablert kunnskap i fagmiljøet at orkaner varierer i faser på noen få tiår. 1940- og 1950-tallet var en aktiv periode, mens 1970- og 1980-tallet var roligere. Dagens aktive fase synes å ha startet i 1995". Dette er å lesa på nettsida til forskning.no 
Mine observasjonar stadfestar dette. Den aktive fasen på 50-talet, sette spor etter seg i hugen min, spor som ikkje let seg vaske bort. Eg vart skremd, ikkje på grunn av vindstyrken, men avdi dei vaksne vart så hjelpalause i høve til rasande naturkrefter. Garden eg vaks opp på, var på den tida i ei skrøpleg forfatning. Gamle bjelkelag med rotne undergurtar og skrale svillar, vart svake i sterk vind. Første gongen eg såg far min skremd, var då han rømde løa avdi taket letta så høgt over veggen som det normalt kvilde på, at han såg dagslyset gjennom den store glipa som  oppstod. Taket "flaut" i lause lufta i ei æve, før det datt ned på plass att. Alt stod på spel, den gongen. Heile livsgrunnlaget for ein familie på 2 vaksne og 5 born hang i - lause lufta. Far min skulle sikra husa, men måtte gi opp. Han såg annleis ut enn det som vanleg var, då han kom inn i huset til oss andre som då var samla på kjøkenet. Far min hadde kasta inn handkledet, han hadde gitt opp i kampen mot naturkreftene. Det trudde eg ikkje kunne skje. Far min visste jo alltid ei råd, og eg hadde aldri før sett han slik. 
Den natta sov me alle 7 på golvet i kjøkenet. Det vart vurdert som rommet der "Vår Herre" hadde minst tilgjenge med kreftene sine.
Hendinga har sett seg fast i hovudet mitt. Når det bles som det gjer nett nå, vert eg uroleg. Eg tek jevnlege turar rundt eigedomen, inspiserer garasje, drivhus, bassengoverdekke og alt anna som kan flagra i vinden. Naturkreftene skal ikkje få ta rotta på meg. Eg skal ta att for at far min måtte gi seg den gongen. Eg skal stå støtt i stormen.
Likevel må eg innrømma at eg likar meg ikkje i slikt ver. Magesyra aukar, og eg kjenner ei uro i kroppen som får hjarta til å slå og tankane til å spinna. Ein indre mental storm.
Forskarane kranglar om desse uværa skuldast menneskeskapt global oppvarming, endringar av saltinnhaldet i havet eller variasjon i  El Niño-straumane. Eg veit sjølvsagt ikkje det. Men den indre mentale stormen eg kjenner i slikt vær, kjenner eg årsaka til. Den er menneskeskapt. Til liks med resten av kroppen min.

tirsdag 29. november 2011

Tronge kår for tigging i Kina

I Kina tiggar ikkje folk. Iallfall ikkje offisielt. Og slett ikkje i Beijing. Der vart det rydda grundig opp før OL i 2008. Det var ikkje tiggarar, frisørsalongar (les: horehus) og uregistrerte gateseljarar, kommunistane ville visa verda. 
Det vart tøffe tider for dei fattige. "Om de ser tiggarar, så ikkje gi dei pengar", sa guiden vår. Han meinte at det oftast låg organisert kriminalitet bak tigginga. "Dei som tiggar, gjer det for dei kriminelle", sa han.
Eg såg tiggarar, men ikkje så mange. Dei såg fattige ut, og dei mangla oftast nokre kroppslemmer. I Shanghai såg eg ein ved nedgangen til Metroen. Han rista varsamt på ei lita korg med nokre få fen i. Då eg fekk augekontakt med han, var det som om korga vibrerte ennå litt raskare og som om håpet om eit par fen til i korga, mest hadde redda dagen hans. Eg tenkte på kva guiden vår hadde sagt, retta ryggen, lot blikket fokusera så langt fram i tunnelen som råd var, og gjekk med raske om enn skjelvande steg, vidare. Tiggaren sank saman bak meg.
Dei fattige i Kina bur ikkje i byane, trøysta eg meg. Hadde det endåtil vore ein fattig bonde, ville eg sjølvsagt ha gitt så det monna. Men bøndene bur jo på landet, og dit kom ikkje eg denne gongen.
Der bur dei 600 - 700 millionar fattigfolka, etterkommarane etter dei som støtta kommunistane og Mao under borgarkrigen. Skammeleg å tenkje på at kommunistane i så måte har svikta "sine eigne" støttespelarar.
Eg returnerte til same trappa i undergrunnen, seinare på dagen. Tiggaren sat der ennå. Han såg ikkje på meg nå. Han virka svak. Kanskje han var rusa, kanskje han var ein kriminell som visste å te seg. Kva om han var ein fattig bonde som berre hadde sine 1000 yuang i året å leva for. Då trengde han litt påfyll. Kva om eg tok litt av NAV-pengane mine og heiv i korga hans. Då kunne han kanskje flotta seg med ei risbolle til kvelden.
Eg bestemte meg for det. Fyren var ein bonde som trengde hjelp. Eg fann nokre jiao i eine lommen på North Face jakka mi som eg tidlegare på dagen hadde pruta ned så vellukka. I den andre lommen fann eg  ein setel det stod 2 yuan på. Den la eg attende. Eg trur ikkje bønder skal over-subsidierast, heller ikkje i Kina. 
Bonden skvatt til, og takka meg trur eg. Så hasta eg opp trappa for ikkje å mista kona som alt var på gateplan. "Kor blei det av deg?", sa ho. "Eg måtte berre knyta skoen", sa eg. For slik er det: Reisevante folk gir ikkje pengar til tiggarar. Iallfall ikkje offisielt.  

lørdag 26. november 2011

Staken skal fram og busken skal pyntast

Nå er han her igjen, adventlørdagen. Aldri har den dagen kome tidlegare enn iår. Dette er dagen då store forventningar og høge krav, blir stilt til mannen i huset. Fleire oppgåver av utfordrande karakter ventar.
Adventpynten. Gjennom eit langt liv med det stadig tilbakevendande spørsmålet: Kor er adventstjerna, staken og resten av den lillafarga pynten i år mon?, så har eg lært at intelligente system og pedantisk orden på roteloftet kan lysa opp i den mørke novembertida. Nå er alt så enkelt at det berre er å senda barnebarna opp den vertikale hønsestigen til roteloftet, og ropa etter dei nokre greie instruksjonar. Så kjem dei nedatt med den eska som det står "Nybrent Kronekaffe" på. Oppi den ligg alt som skal til for å pynta stova til advent. Eg som alt har henta inn verktøykassen med skrujern, elektrikarteip og voltmeter,  skal då raskt kunna få innhaldet i Kroneeska opp i vindauge og i vinduskarmar. Det gjeld om å ta tak i dette før butikkane stengjer. Det er alltid ei pære som ikkje har klart seg gjennom sommaren på roteloftet.
Så er det utejobben. Å pynta busken. Det skreiv eg uttømande om den 27. november i fjor. I år er det berre å slutta seg til, og kjenne på om det går like greitt som sist gong. Slike erfaringar nyttar eg til å registrera om aldringprosessen i bein, armar og hovud har gått på fram. Dette veit eg ikkje svaret på før i ettermiddag. Då tek eg fram den grafen der eg merkar av meistringsnivået som funksjon av tida. I år fell jo grafane i heile EU-omradet, så eg er ikkje optimist når det gjeld mi utvikling heller. Men kven veit? Kanskje sit eg att med eit positivt stigningtal i grafen min. I såfall har ikkje pyntinga vore forgjeves.

onsdag 23. november 2011

Nye tider

Nokre seier at når ein har stilt klokka i samaband med reise, treng kroppen nesten like mange dagar som talet på timar klokka er endra, for å korrigera døgnrytma. Dei som seier det, fer ikkje med løgn. Eg stilte klokka 7 timar sist fredag. Eg har ennå eit stykke att før eg blir meg sjølv igjen. I staden for å kosa meg under mi nye kinesiske silkedyne framover føremiddagen, står eg opp i 6-tida. Då har eg alt vore vaken i ein drøy time.  Vaken, men ikkje tilrekneleg.
Det var i ein slik tilstand at det glapp ut av meg ein merknad om å vaska huset, då eg hakka toppen av frukost egget idag. Ideen som må ha oppstått grunna melatonin-mangel i hjernen, blei godt motteken på kjøken. Eg kjende med ein gong eg sa det at eg hadde formulert meg idiotisk. Det var jo ikkje så bokstavleg meint. Men sagt er sagt og bordet fangar. Frukostbordet.
Då eg veiva over parketten med langkosten, kjende eg tydleg at eg ikkje er skapt til slikt. Menn er skapt for noko anna. Klyve på taket, grave i hagen, skifte til pigg dekk og andre maskuline oppgåver. Det er kvinnehjernen som er programert for hus- og klevask. Alt dette såg eg skinande klart i jetlag-rusen min. Og då svetten pipla som verst innanfor singletten, og dråpane hang som perler i nakkehåra, tenkte eg at kona mi skulle vore kineserfrua. Då hadde ho nok ikkje sett meg til husarbeid - trur eg. For i Kina er kvinnerollen så tradisjonell at sjølv møydomen vert sett i stand att før giftarmålet. Eg veit ikkje, det er berre noko eg har lese.
Men eg har og høyrt at klokker er skrudd på i Kina nå. Tida har ikkje stått stille der heller. Det starta med Mao, som forventa at også kvinnene skulle ut i arbeid. Det var inga tilbod, der var eit krav. Hans regime styrka kvinnene si stilling i yrkeslivet. Nå vil dei ut og til topps der og. Dei vil gjera karriere. Dei vil ha profitt. Og ingen ønskjer visst at klokka skal skruast attende.
Det er ei plage med denne klokkeskruinga, denne nye tida. Eg kjenner det på kroppen.

fredag 18. november 2011

Midtens Rike - 中

Eg sit på flyet. Finnair frå Shanghai til Oslo via Helsinki. Kinaturen er slutt. Eg prøver samla tankane for å rekonstruera i pensjonisthovudet det eg har vore med på desse 10 dagane. Det er ikkje lett. Inntrykka har vore så mange og så mektige. Dei har kome så tett på kvarandre at vetla vetet har hatt meir enn nok med å følgja med og følgja opp. 
Eg tenkte å skriva blogg kvar dag på heile turen. Hotella hadde jo kabla internett på romma og Wifi i resepsjonane, men akk så er det slik at Kina sensurerer kva sider ein har tilgang til. Eg fekk ikkje opne korkje facebook, eller Googleblogg sida mi.
Eg har besøkt 3 byar i Kina: Beijing, Xian og Shanghai. 
I Beijing var det god plass både til meg og alle dei 19 mill. kineserar som lever der. Gatene var breie avenyar, og biltrafikken var til å leva med. Der regulerte ein trafikken på dei 5 arbeidsdagane slik at siste siffer i bilen sitt reg. nr bestemmer kven som får køyra den dagen. Er siste siffer 2 og 5 får ein ikkje køyre på mandagar, osb. På fredagar får ikkje dei køyre som har siste siffer 1 og 4. Men sidan 4 er teikn for dauden i Kina, har svært få ei slikt nummerskilt. Difor var trafikken stor på fredagar. I helga får alle køyre. Då set familien seg i bilen med sitt einaste barn og legg ut på helgetur. 
Eit barn er det ein skal ha i Kina nå. Iallfall i byane. Bøndene, som ein kallar alle folk som bur i rurale strøk anten dei jobbar med jorda eller er i fabrikkar, har lov å ha 2 og kanskje 3 barn. Om ein overskrid desse grensene må ein betala. Og det er dyrt å forplanta seg i utide. Ein eingongssum som varierer frå nokre 100 yuang til mange 10-tusenar. For barn nr 1 får ein barnetrygd og fri skule, men ikkje for dei barna i familien som overstig lovleghetsgrensa. Eg lurer på korleis neste generasjon kineserar kjem til å te seg. Herregud som dei såg utskjemde ut desse eineborna som fekk alt dei ville ha både av materiell og emosjonell merksemd.
På den himmelske fredens plass hadde Mao sneke seg inn. Han hadde jobb der med å ta imot turistar. Om det eigentleg var han eller om det var ei plastdukke, fekk eg ikkje heilt utav guiden. Han var uklar på det punktet. 2000 kineserar stod i kø og ville sjå han. "Dette giddar eg ikkje", sa eg til Lei, guiden vår. Då blei Lei glad. Han gadd det heller ikkje. I staden gjekk med til den forbudte by og så til Kolhøgda. Denne høgda som er 46 meter bygde keisar Yongle av Mingdynastiet for å skjerma for nordavinden. Han meinte å kunne spara kol til oppvarming sidan denne høgda ville skjerme for den kalde nordavinden. Keisaren var korkje meteorolog eller geolog, så dette blei berre tull. Det blåste framleis som huen over den forbudte by.
Den kinesiske muren var skrevsom. Kona hadde for korte legger til å rekka neste trinn, særleg i nedoverbakken. Eg har alltid hold mykje av både legger og lår hos kona, men her kom ho til kort. Lårkort, bokstavleg tala. Men sidan me framleis hadde inne rompetrappesklietekknikken fra tidleg 50 talet. Frå den tida me var hos besteforeldrene i juleselskap. Den redda oss ned frå Den kinesiske mur. 
Xian (den vestlige fredens by)er ein liten by i Kina. Berre 6 mill menneske. Me drog dit med nattog frå Beijing. Softsleeper kalla dei det. Forventningane var høge, og i kaoset på den vestlege jernbanestasjonen i Beijing, såg eg fram til ei luksusnatt på 1. Klasse. Den kvelden kom min Gamle Danske skikkeleg til sin rett. Aldri har han hjulpe meg meire enn nett då. Og det forenkla jo heile kveldstoalettet idet eg gav blaffen i både pyjamas og bluferd. Kupeen var for 4 og ingen skjulte noko som eg ikkje hadde sett før.
Xian har muslimar. 600000 som er etterkommarar etter arabarane. Dei kom Silkevegen frå Europa til Kina for over mange tusen år sidan. Xian var det kinesiske endepunktet på silkevegen.  Dei kinesiske muslimane virka ikkje fanatiske. Eg så korkje hijab eller burka, men eg såg eit yrande folkeliv i den muslimske bydelen i Xian. Likevel sa kinesarane at dei frykta mest muslimane. "Tibetanarane er ikkje eit problem, me gir dei berre litt meir sjølvstyre så roar dei seg nok, men med muslimane er det ikkje så enkelt...". Sa kinesarane.
Xian har krigarar. Soldatar i 1000-tal. Dei er laga av terracotta, og vaktar keisargrava. Keisaren som vart gravlagt for 2200 år sidan, var vokta av desse fantastiske figurane. Dei var i 1:1 målestokk og vel så det, med hestevognar, bueskyttarar og infanteri. Ingen av dei mange tusen til nå framgrevne soldatane var like å sjå til Alle var sannsynlegvis laga ut frå levande modellar. I tillegg var også dei titusenvis av bønder som hadde laga desse djupe gravene, gravlagd levande etter jobben. Mange offer var der og, og det var ikkje berre dyreoffer.
Guiden vår frå Beijing skjøna ikkje kva kinesarane i Shanghai prata om. Dialekten dei 22 mill innbyggarane snakkar her, er spesiell. Men sidan alle kinesarar lærer riksspråket, Mandarin, kan dei likevel kommunisera. Flyet frå Xian til Shanghai tar 1,5 timar. Det er som å komma til ei anna verd. Shanghai er ein av 5-6 økonomiske friområder i Kina. Der har utlendingar lov å investera. I Shanghai trur eg dei driv mest med pengeflytting. Og dei bygger seg statussymbol i form av eventyrlege høghus som alltid skal vera verdas høgaste, men det er ein kamp som ikkje er mogleg å sigra. Nokon har alltid eit høgare hus under bygging. Me var til topps i det som eingong var verdas høgaste, me var i 88. etage. Men det er for ingenting å rekna nå lenger. Som fysikar let eg meg imponera av heisen som rasa i 9m/s oppover, og sikkert ennå raskare nedover. Og akselerasjonen? Nei den kunne eg ikkje kjenna.
I Shanghai kan ein ikkje gå seg vill. Sjølv om ein aldri veit kor ein er, har ein taxien berre 1 minutt unna og den kinesiske adressa ein skal til , ligg i lomma. Då kjem vi fram til rett stad. Elles er ein heil fortapt. For korkje drosjesjåførar eller andre kan norsk. Engelsk trur eg dei er ennå svakare i. Men ein ting har eg lært: Seier eg Nihau og smiler når eg viser sjåføren adressekortet, går det bra. Og det går fort. Farleg fort.
Eg sit framleis på flyet. Det er ei dagflyging. Me flyg med sola i helane på oss. Lyset er vår følgjesven. Folk trekk på seg sovemasker nå. Dei vil roa seg etter kyllingen, risen og raudvinen. Eg vil ikkje det. Eg vil ha med meg Krasnoyarsk, Irkutsk, Abakan og høgda over bakken. Sova kan eg gjera i Haugavegen, trur eg. For eg har sovetabelettar i veska. Med dei skal eg lura tidssoneskiplinga.
Nå tingar eg meg ei flaske raudvin til og skålar for grensekrysinga over til Russland.
Farvel Kina, Midtens rike som dei kallar landet sitt. Og sanneleg er dei inne på noko. Vesten kjennes i dag som ein utkant. Jorda er firkanta og midt i den ligg Kina, Midtens rike, omtrent slik dei skriv navnet på landet sitt: 

mandag 31. oktober 2011

Ein kinesisk rundtur.

Eg har aldri vore i Kina. Ikkje ennå. Men neste veke, då er eg der. Billettar og visum låg i postkassa i går. I dag ligg dei i reiseveska mi. Kofferten er ennå tom. Det skal han vist vera under austoverferda, seier kona. Han skal fyllast i Kina. Heilt sidan denne turen var i boks, har det vore uråd å få kjøpa seg nye korkje sokkar eller unikkar. Du skal jo snart til Kina, blir det sagt.
Om pakkinga blir enkel, så har eg budd meg godt på andre felt. Kroppen er vaksinert mot influensa og magesjuke. Sovetablettane som skal verna kroppen min mot 7 timar tidsforskuving, ligg i medisinveska. Så når melatonin-nivået i lekamen er på lågmål, skal eg likevel få meg ein lur. Eg skal lura dette "mørke-hormonet". Eg skal lura det i Beijing.
Kinaturen er ein rundtur. Me reiser til Beijing med Finnair og blir der i 3 dagar. Så går turen med nattog vidare til Xian og etter 2 dagar, dreg me vidagre til Shanghai. Den fjerde dagen der set me oss på flyet og returnerer. Me reiser i gruppe, og eg har nett nå inga peiling på kva slag folk me skal vera rævdiltarar til. Heller ikkje kven som skal henga i ræva på oss. Eg undrast kven som har høve til å setja seg på fly og dra avgarde på denne tida av året. Er det berre pensjonistar, skal tru? Eller er det slike spreke ungdommar som heile tida skal tilby hjelp til oss litt opp i åra. Det kan vera plagsomt og eg vert frustrert av slikt.
Ein slik velmeinar opplevde eg på Haukeliseter sist fredag. Eg skulle kosa meg med rømmegraut, og stod nett å ausa sukker over herligdomen. Då høyrde eg ei stemme bak meg som sa: Skal eg hjelpe deg? Eg prøvde å ignorera førespurdnaden, men nei. Han stod på denne samaritanen. Kvifor det?, ville eg vita. Det ser vanskeleg ut, meinte han. Eg svara ikkje. Alle kan bli stive når dei blir eldre, meinte han. Javel, sa eg. Men eg tenkte: fy flate eller    对不起 som min kinesiske twitter- ven ville sagt. Dette var meir forsmedleg enn då folk reiste seg for meg på bussen i Berlin. Tenke seg...
I Beijing vil det gå greiare, trur eg. Tåka som eg les om i aftenposten idag, vil hjelpa meg. Når flygarane ikkje eingong ser flyplassen, er det vel ingen samaritan som ser vetle meg. Eg får gå i fred på Den Himmelske Freds Plass. Eg kan menga meg blandt dei andre 20% av jordbuarane. Berre eg ikkje går meg vill då...
   

tirsdag 18. oktober 2011

Snøgrense: 800 meter

Idag fekk eg snø under piggdekka. Og ikkje berre der. Heilt opptil bunnpanna og eksosrøyret strauk snøen. Og oppi skoa mine. Kona reiste heim med Haukeliekspressen. Ho ville ikkje ha vinter nå. Eg blir verande i 900 meters høgde, iallfall til i morgon. Ventar på vareleveranse som aldri kjem.
Ingen andre nyt hyttelivet her i feltet nå. Ikkje ein gong månen er å sjå. Det er berre meg. Rett nok høyrde eg ein snekker på ei hytte. Men kva han sa, skjøna eg ikkje. Anten var han polakk eller så var han Vinjebu. Det er dei språka eg slit mest med her oppe.
Eg kan ikkje sjå om det er ring rundt månen i kveld. Men hadde det ikkje vore nymåne, er eg viss på at ringen hadde vist. Difor må eg støtta meg til yr.no for å sjekka vermeldinga for morgendagen. Men eg ser med eit halvt auge, berre ved å glytta ut hyttevindauga, at dei mm nedbør som yr har meldt for i dag er jysligt tjukke mm. Eller kanskje det er slik at 1mm regn ikkje er like tjukt som 1mm snø.
Eg går til køys nå. Det er tidleg for ein vaksen mann, men i 900 meters høgde vert ein snarare trøtt enn ved havnivå. For å innhalera like mykje oksygen per døger her, må ein anda hyppigare. Det krev energi. Og så er det viktig å innta meir veske her enn i låglandet. Det krev sin mann. Så difor gir eg meg nå, og drøymer om at snøgrensa berre ligg 100 m ned i bakken. 

søndag 16. oktober 2011

Med piggdekk og breiband.

Eg har piggdekka på. Heilt unødvendig. Men vegstellet og Magnhild Meltveit Kleppa sa eg måtte det, om eg skulle til fjells.  Og det var dit eg skulle. Eller hit, rettare sagt. Og så skulle eg til Kristiansand med bil. Tur/ retur på ein dag. Mykje kan skje på glatte vegear i Setesdalen. Men ingenting skjedde,kanskje fordi vegane ikkje var glatte. Eg handla bensin og raudvin i Evje. Eg vil ha av den gode sorten, sa eg. Den med mange tanniner i, sa eg til ho som baud seg fram på Polet. Me ska sjå på hylle-etiketten, sa ho. Hadde tydlegvis ikkje fått smaka på alt. Men ho på bensinstasjonen derimot, hadde full oversikt. Skal du ha kvittering?  spurde ho etter eg hadde drege kortet. Vel, er det papir på toalettet?, spurde eg. Joda, sa ho. Då treng eg ikkje kvitteringen, sa eg. På Evje likar dei ikkje tull.
Me feirar bursdag idag. Mykje sol og noko attåt på hytteterrassen. Kona satt nede, mens eg stod i stigen og putla med panelane mine. Ei heil stund putla eg. Heilt til akevitten haldt meg på bakkeplanet. Etter det blei det ikkje meir putling. Då vart det meir fart på sakene. Hausten strøymde på, så eg knapt fekk anda.
Det er seinhaustes nå, særleg på fjellet. Alle blad er borte, både dei på bjørkene og dei i aviskorga. Eg treng ikkje blad lenger, nå har eg breiband. På Pc, Nettbrett eller Androidtelefon surfar eg med ICE breiband. Nokre smartingar kjøpte det gamle NMT 450 mobilnettet, det me brukte på 90-talet, før GSM kom og tok over. Dei bygde det ut til eit veldekkande internettband. Breiband med 12V på hytta,  funkar framifrå. Men om blogginnlegga blir betre av det, er ikkje opp til meg å vurdera. Det har vel aldri vore teknologien som har vore bremseklossen hos meg.
Når eg returnerer til heimen, plasserer eg ICE-ruteren i hattehylla på Suzukien, kona bak rattet og Samsungen i fanget. Då har eg full kontrol - nesten.

søndag 9. oktober 2011

Dårleg sikt i byger.

Hausten er tida for å hausta. Iallfall for dei som har sådd. Iallfall for nokre av dei. For nokre andre har naturen sjølv ordna opp, anten ved hjelp av brunsnegl eller vatn. Hos meg har kampen mot førstnemnde vore så stabil og effektiv, at opptil fleire eksemplar av både grønsaker og blomar har overlevd. Vatnet har det vore vanskelegare å kjempa mot. Det sildrar og renn, eller rettare sagt: det pøsar ned.
I går var det opplett. Den einaste dagen som yr.no har framskaffa på lange tider. Ikkje berre opplett, men høg himmel, klar luft og flotte fargar.  Då er det dagen for å dra på støvlane, gå ut og krøka ryggen.  Sommarblomar skal raserast, knollar og andre temperaturkjenslege planterøter skal opp og inn.
Eg gjer røtene reine, legg dei i isoporkassar i eit vintervarmt rom og seir: "Ser dokke att i mai". Eg så dei gledde seg til det. I dag står urnene tomme bak garasjen, og rabattane skrik mot meg som opne sår i ein hage der plenen ennå er grøn. Men i dag er eg glad for det eg gjorde i går. I dag får dei tomme urnene vaska seg.
 Krinslaupet. Denne evige reisa som eg er med på. Frå vogge til grav. Nye årstider skuvar gamle vekk. Hausten fjernar sommaren. Kvart år. Mørket kjem før dagsrevyen. Det er innever. Tid for å minnast sommaren med raud vin og kvite dukar. Tid for å kveikja stearin, og sløkkja sparelyspæra som skin så irriterande med sitt kalde kvitlys. Prøva på alleslags vis å skapa hyggje og glede inne, for ute i drittver hatar eg å vera. Eg blir sjuk av slikt.
Men eg har sterk tru på at sola framleis skin ein stad, også idag. Og eg veit at både SAS og Norwegian kan ta meg dit på eit nu. Det er berre å stansa avisa og få Posten til å halde rekningane attende. Så kan eg flyga. Det får meg til å sjå lyst på livet, sjølv på ein regnfull sundag med kuling frå søraust og dårleg sikt i bygene.



mandag 3. oktober 2011

Ein far og ein fagmann

Om været i helga hadde kome ein månad seinare, kunne eg ha kalla helga for indian summer. For 20 varmegrader i 900 moh er spesielt. Men eg får kalla det husmannsommar, dette seine godveret som Vårherre stundom sende husmannen, slik at han kunne ta seg av sitt eige innhaustingsarbeid.
Mitt gjeremål på fjellet var rett nok ikkje å hauste inn noko, snarare det stikk motsette: Å sette ut.
Eg drog til fjells med bilen fullpakka. Der var levegg i herda glas, solfangar panel (som ikkje må forvekslast med solcellepanel) ,og trådlaust modem drive av solcellestraum. Eg hadde lagt opp til eit ambisiøst monteringsarbeid, og sveitta ikkje rett lite, både på grunn av dei 20 plussgradene, men og på grunn av den snikande kjensla av at eg ikkje skulle meistra oppgåvene. Prestasjonsangst og manglande kompetanse.
Eg kunne reist tomhendt til fjells.  Gått tur i sola og kamuflasjekledd meg for ikkje å øydelegge for jegerane. Men nei, det vart ikkje opplegget denne gongen. Og vissa om at ekspertisen budde på Karmøy og var på veg til fjells om eit par dagar, var god å ha i hovudet. Fagfolk er fagfolk, sa normannen som kom ut frå eit smau på Reperbanen. Utan samanlikning forøvrig, seier eg meg heilt samd. Når eldste sonen svingte inn på hyttetunet med berbart sveiseapparat, vinkelsliparar og eit lekkert utval av borar og beslag i bagasjen, skjøna eg at jobben kom til å bli utført på ein kvalitetsikker måte.
Og det blei han. Sjølv vil eg påstå å ha vore ein handy man i mange år, men når fagfolk er i arbeid vert eg alltid fasinert. Då  vert eg observatør og handlangar, meir berre far enn arbeidskar. Men litt av æra tek eg.  Eg tok jo del i produksjonsprosessen den gongen guten vart skrudd saman.

fredag 16. september 2011

Den gylne dagen

Eg ligg i senga i Berlin. Hjernen min er det forskarane kallar på theta-nivå, eg er i tilstanden mellom å vera våken og i søvne. Eg handsamar inntrykk - langtidsinntrykk. Hendingar og opplevingar frå år attende i tid. Eg fablar. Eg svettar. Det har skjedd mykje.
Ein mannsalder. Nokre seier ein mannsalder er 30 år. Andre seier det er mykje lenger. Eg veit ikkje, eg er slutta å rekna livet i mannsaldrar. Eg vert skjelven av det, og svett. Tenk om eg skulle rekna ekteskapet mitt i mannsaldrar. Då hadde det runda 1+2/3 slike mannsaldrar. I dag. Meiningslaust. Eg velgjer å halda meg til det vanlege tidsmålet for slikt.
Eg fablar vidare. Året er 1961, det er september og potetferie. Eg skulle eigentleg vore av stad på utdrikkingslaget mitt, men det blei ikkje tid. Tæring etter næring. Været var godt og det var mest like tørt i potetåkeren, som eg var i strupa. "Vi skulle tømt en sjokoladeautomat, men vi fikk aldri tid", meinte Prøysen. Det kunne blitt litt av eit utdrikkingslag.
Men søtsaker blei det ikkje før bryllupsdagen. Då jenta mi i brurekjole og slør om kinn kom meg i møte på kyrkjetrappa, vart det ei større oppleving enn både Freia, Nidar og Bergene nokon gong hadde gitt meg. Ho var søtare enn dei alle. Og då mannen med kappe og krage dukka opp i ringen og stilde desse greie spørsmåla, var svara mine tydlege og rette, og me vart rette ektefolk. 
Kveitebrødsdagane skal etter skikk og bruk vara ein månad. Me hadde ikkje kveitebrødsdagar, me hadde potetplukkingsdagar. Tæring etter næring. Men alle syns det var stas med eit nytt ektepar i åkeren. 
Eg er i Berlin. Eg ligg i senga på Classic Appartment, ikkje langt frå Kurfürstendamm. Eg har gullbryllupsdag. Hjernen min nærmar seg alfa-nivå, eg vert medviten. 
"Kom og lytt til lyset når det gryr av dag....Dagen i dag – den kan bli vår beste dag", nynnar eg til kona mi.
Tenk 50 år. Du er gull verd, seier eg til henne. Du er gull verd for meg.
Ja euroen er jo ikkje noko å satsa på lenger, seier ho, Men ho seier det med eit smil bak maska.

tirsdag 13. september 2011

Ein bytur

Sommaren er på hell i Berlin også. Men verre er det ikkje enn at frukosten kan nytast på balkongen med eit lite skjerf om halsen. Her på Classic Apartment ved Kurfurstendamm har alle leilighetene balkong, men ikkje alle kvinner har ektefeller som har frukosten klar der klokka 09.16. Svanhild har det. Eg trur det gjorde henne godt idag, ho hadde eit hardt program framføre seg.
Me skulle avstad å innta Berlin. (Sjølv om vi ennå ikkje har tatt Manhatten). Etterkvart som sola steig på himmelen, blei dagen varmare. Så varm at ryggsekken min med ekstraklede, berre vert til pynt.
Ved Brandeburger Tor vart eg retningsforvirra. Kva var aust og kva var vest. Bussen som køyrde oss dit tok nokre underlege rundturar, slik at både eg og kartet mitt vart køyrde av lasset. Kor var Pariser Platzen og kor var Platz des 18. Marz?  Eg som trudde eg stod i tidlegare Vest Berlin, stod altså i det som før var Aust Berlin. Takka væra ei oppegåande kone, frisk i hovudet etter ein god frukost med noko nattåt, vart situasjonen redda.
Hitler drap jødar. Mange fleire enn det dei 2711 betongblokkene ved Holocaust Denkmal museet symboliserer. I denne labyrinten kunne ein gå seg vill både fysisk og mentalt. Inne i museet som ligg under jorda, rådde alvoret og ettertenksomheten. Uffameg. Eg trur det må vera vanskeleg å vera tysk og vandra blandt desse helvetesminna. Det var ingen gledestur for meg heller.
Elles gjekk dagen med til å prøva og riva ned resten av muren, og å sjekka opp Charlie Checkpoint. Begge deler med avgrensa suksess. Men med dette har mange før meg myslykkast

fredag 9. september 2011

Fuktige dagar

Det regnar rett ned, i strimer i dag. Vi får bløyta oss nå, både ute og inne. Naboen har vatn i kjellaren. Då gravemaskina kom og gravde ei vid vollgrav rundt heile huset hans, vart eg nyfiken. Kva skal han? Er det flytting på gang og skal han ha huset med seg sidan det ser ut som om maskina løyser det frå grunnen. Men nei. Det skal visst bli ny drenering rundt bustaden, men førebels er det ei vollgrav. Eg ser lite til naboen nå. Han kjem seg ikkje ut av huset.
Eg har hatt lekkasje i postkassa. Vatnet øydelegg aviser og brev. Det einaste som klarer seg sånn nokolunde er valbrosjyrene. Vatnet løyser ikkje opp dei. Men det er jo ei kjend sak at fett og flesk ikkje kan fjernast med kaldt vatn. Nå har eg tetta lekasjen. Ein sprut med Tec7 gjorde den jobben. Og nå kjem det heller ikkje fleire valbrosjyrer i denne omgangen, trur eg. Den posten som nå kjem, skal eg takla. Etter eg sette "Nei takk til uadressert reklame" på kassen, kjem det mest ingen post. Bortsett frå avisa som kjem den lange vegen frå Haugesund, kvar morgon til kassen min. Avisa kjem anten eg har stoppa ho avdi eg er vekkreist, eller eg har skjelt ut avisbodet som kjem så altfor seint nokre dagar. Eg trur han straffar meg med å fylla kassen min med aviser også når eg ikkje vil ha dei. Eg har kjøpt hengelås til postkassen. Ein høgkvalitets Yale lås av beste merke, hos Mekk. Nå skal avisbodet slita etter eit par dagar med meg bortreist.
Vatnet har renne gjennom taket i vedboda. Shingelen har halde i 12 år på eit tak med 5 graders fall. I teorien skulle det ha leke sidan dag ein. Det skjedde ikkje. Men naboen spådde det etter dag to. Naboen tok feil. Sist veke reiv eg det av og la sjølvbyggarpapp på i stadenfor. Nå er taket tettare enn blæra til naboen, om eg skal tru kona hans.
Sommarmøblene på altanen er vekke. Bassenget er dekka med vinterpresenning, og sirkulasjonspumpa har stilna. Pyttane samlar seg i den steinbelagte innkøyringa og eg har tatt singletten på under skjorta. Sikre hausteikn. Sommaren har visst vore her, men eg såg han ikkje iår. Noko seier meg at om han har vore her, så er han iallfall dratt sin kos nå. Eg pakkar kofferten. Eg dreg og. Eg dreg til ein stad der lindetrea ennå står grøne og kastar skyggar avdi sola skin på dei. Desse lindetrea som gjennom tidene har kasta så mange skyggar over heile Europa. Skyggar, som ikkje alltid har hatt sitt utspring i solskin. Eg skal avstad å sjekka opp Charlie, Charlie nächsten das Checkpoint

lørdag 3. september 2011

Dugnaddrøs

Kvar haust er det dugnad på vegen i hyttefeltet vårt. Etter å ha køyrd på ein elendig veg sidan snøen forsvann i mai, ein veg der vaskebrettet held på å rista sund både bil og prostata, så skal vegen vølast. Vegen skal setjast i stand att. Eg har aldri heilt skjøna tidspunktet for denne dugnaden, for på denne tida av året er det jo ikkje så lenge før snøen igjen dekker vegbana og køyring ikkje lenger er aktuelt. Men, men, det er jo kjekt å tenkja på at 1,5 meter under snøen ligg ein nyvøla veg som kanskje vert køyrbar att eingong uti juni 2012.
Klokka 09.30 kler eg meg i solide regnkler med HMV-bokstavar på ryggen. Nokon i familien har skaffa meg dei ein gong på 90-talet. Ingen regn- eller haglebyger kan nå meg inn til navlen med denne habitten på.  Hetta er så stor og heildekkande at med den på kunne eg rana Tokke Sparebank om ikkje DNB-nor hadde teke han før meg. Eg legg avgarde til frammøteplassen, der 30 andre bankrøvarar alt er komne. Ingen kjenner kvarandre. Slik er det her. Om vinteren kler ein seg i tjukke one-piece boblekler eller i knikkers og fjellanorak med ulveskinn rundt hettekanten. Aldeles ugjenkjennelege. Sommarstid kan ein møta dei same folka att med myggnetting over hovudet og fiskestong på aksla. «Hallo kven er du?» . «Eg er naboen i den svarte hytta», kan eg svara.
Det er sølepyttar på hyttevegen. Eg grip spaden og kastar sand i så vatnet sprutar ei kvinne i hijabliknande tildeking til langt opp  til der eg trur ho har låra. «Er dette bra», spør eg. «Veit ikkje», seier ho. «Har ikkje blitt påspruta slik før». «Eg meiner på vegen», seier eg noko forfjamsa.  «Å, det er ikkje mitt fagfelt», seier ho.
Dei tilkøyrde sandhaugane tok slutt. Det vart eit ørlite opphald i regnveret. Me hang oss over spadane, og tok hetta av hovuda. «Gunnar, heiter eg», seier eg. «Ja deg har me sett før», seier dei. «Det er du med det kvite håret i den den svarte hytta», seier dei og. Eg smiler og nikkar. Skjønar at dei følgjer med. «Kven er dåke», seier eg. «Me bur i den svarte hytta», seier dei og flirer. Ja om natta er alle hytter svarte. Det er dei om dagen og. Dei fleste. Iallfall i feltet vårt.
Eg må vurdera å skifta farge på både hår og hytte. Då tenkjer eg dei skal få noko å  bryna seg på. Eg meiner dei treng å bryna seg.

mandag 29. august 2011

Det er nå

Svigerinna mi og hennar mann inviterte på dobbel 60-års feiring i helga. Den direkte årsaka til dette var påfølgjande hendingar på Haugalandet hausten 1951.  Dei var fødde i året etter at folk ikkje lenger blei ein og seksti. Nå skulle dei bli sekstiein år. Den nye tellemåten som kom til verda, hadde nok ein trongare fødsel enn det svigerinna mi og mannen hennar hadde. Dei to har endra seg meir på åra som er gått. Tellemåten forblei den same hos store delar av folket, iallfall hos dei på vår alder.
Den "nye" tellemåten vart ikkje eit tema i bursdagen. I slike 60-årsdagar ønskjer ein vanlegvis ikkje å tenkja så langt framover at sekstiein og sekstito kjem fram i samtalen. Slikt er følsame greier. Sjølv slit eg oftare enn før med å finna dei rette orda til dei som rundar år. I gamle dagar sa eg gratulerer med dagen til mine jamnaldringar. Den gongen var det for dei fleste ei stor måloppnåing å få lagt nye år til alderen sin. Nye dører åpna seg anten det nå var kinodører, bildører eller poldører. Seinare gjekk eg over til å seia til lukke med dagen, i den tru at det skulle vera meir skånsomt og ikkje fokusera så mykje på at middagshøgda var passert. Nå for tida er eg rådvill. Stundom seier eg til folk som nærmar seg min alder: Velkommen i krigen.
Den franske filosofen og matematikaren, Blaise Pascal, sa at: "I ein krok i hjarta ditt er du alltid 20 år". Pascal vert rekna som grunnleggaren av sannsynrekninga, og sansynlegvis hadde han rett i denne filosofiske betraktninga også. 
Men det er klart det røyner på. Når barnebarna sit på fanget mitt og spør om å få kjenna på dei rare foldene eg har i ansiktet, eller når dei kjem med jamnaldrande 4 åringar for at også dei skal få "sjå" bestefaren, krympar Pascals krok i hjarta mitt. 
Kva tid starta forfallet? tenkjer eg då. Men eg skyv tankane raskt frå meg. Og Pascalkroken svulmar opp att.
 Men eg er jo realistisk: Ein skal ikkje tulla bort tida. Det svenske ordtaket :" Gjer ikkje i morgon det du kan utsetja til i overmorgon", er ingen god leveregel lenger. Mottoet bør heller vera slik Astrid Nøklebye Heiberg sa: "Det er nå". Det ligg ei stor glede i å tenkja slik at er det noko eg vil, så gjer eg det nå. Som gamle Kong Olav sa til skipskapteinen sin på kongeskipet då han hevda at de alle hadde god tid på ein av seilasane: "Jeg er en gammel mann. Jeg har derfor ikke god tid". 
Difor kjære jamnaldringar: Nå gjeld det å gassa på.

mandag 22. august 2011

Slektsstemne

Eg er av gammal bondeætt. Det er vel dei fleste. Eg likar meg best med støvlane på. Eg er usikker på om dei fleste gjer det. Men eg og Drillo har det iallfall sånn. Eg kommuniserer lettast når eg treff andre som og er  i støvlane. Det gir samkjensle og jamvekt å møtast i støvlar.
Verre vert det når ein skal møtast på slektstemne. Og når kleskoden ikkje er gitt i invitasjonen, vert ein usikker. Er det mørk dress og lakksko som gjeld, eller vert det olabukse med cowboystøvlar? Det var ein brokut og fargerik samling folk som møtte fram. Mange var plaga av stramme skjortekragar og bukser med korte livvidder. "Eg måtte på by'n i føremiddag å kjøpa meg eit nummer større i dress", sa ein. "Eg fekk kona til å sy ut linninga i går kveld", sa ein annan. Sjølv gjekk eg ut i bilen og kasta slipset. Eg skjøna det var bom, etter at eg helsa på "afrikaneren" i kjortel med påfuglfargar.
Så skulle ættebilete skapast. Fotografen er komen, alle må ut. Å plassera opp mot eit par hundre udisiplinerte bønder i enga under lauvtrærne, krev sin mann. Eg er usikker på om forgrafen hadde ressurser til slikt. Han gav vel meir eller mindre opp, og gjekk i staden i gang med å fella buskar og greiner på store trær for å skaffa nok vid vinkel. Fotografen var ein modig mann med høg sjølvkjensle, iallfall før han møtte Sandvik-flokken.
Seks ættledd etter mine besteforeldre var samla. Fem generasjonar i levande live. Ikkje alle kunne gå, men alle kunne eta. Køane framføre koldbordet var lange og livlege. Maten var knakande god, og kakene ligg ennå i tarmen og rullar. Eg har vore småetande i eit par dagar, etter dette. Heilt slått ned i støvlane.
Nå er festen over. Ei gild stund med mykje framandt folk. Eg la meg lågt i terrenget. Det gjeld å ikkje dumma seg ut ved å visa si vankunne i slektleg samanheng. Eg gjekk meg surr allereide blandt syskenbarna. Dei var blitt så sørgjeleg gamle. Svære magar, vonde knær. Ømme hofter og lite syn. Skjønar ikkje heilt kva dei har drive med, men eg har ein mistanke om at hadde eg treft dei med støvlane på, ville dei sett betre ut.

torsdag 11. august 2011

Men koordinatane røper eg ikkje.

Det er rart dette med molter, alle skal ha dei men berre få syns dei smakar særleg. Eg traff nokre eldre kvinner på toppane her idag. Dei oia seg, ikkje avdi dei var hofteskada og krokrygga, for det var dei, men dei klaga seg avdi dei ikkje fann molter. Kva brukar dokke moltene til?, ville eg vita. Jo det var til julekvelden då. Anna kunne dei ikkje kome på. Veit du kor me finn dei iår, ville dei vita. Nei iår trur eg ikkje det er så mykje, sa eg. Eg meiner at slike spørsmål er det uhøvisk å stilla. Gamle damer tillet seg jammen mykje. Dei burde vita at gamle menn ikkje deler koordinatar med kven som helst.
Sjølv plukka eg ikkje molter. Ikkje andre bær heller for den saks skuld. Det har noko med med tolmod å gjera. Plukkinga tek kona og barnebarnet seg av. Men eg held oppsikt med dei, og kjenner koordinatane deira. Og så står eg klar med vekta når eg har fått sula dei inn att.
Idag vog eg fangsten til 7 kg. Men kor dei fant dei? Tja ...
Published with Blogger-droid v1.7.4

søndag 7. august 2011

Regn med teknologi

Det er ei sommarveke som er til endes. Ei veke der temperaturane har nærma seg januartemperaturane på Gran Kanaria. Eg har sprada rundt i dei same korte kleda som eg pleier ha i kofferten når eg dreg sørover. Bassengetvatnet i hagen har halde 25 grader, og vaffelhjertene på terrassen har vore ennå varmare. Det er nett som om mitt eige hjarta og heitnar litt på slike dagar. Eg grip meg i å nynna min eigen deLillos versjon:
Å ligge på ei solseng og berre vera til
Og kjenne sola varme i ei luft som er så mild
Det er kva eg kallar ein smak
Av sommar
Å vite at eg ikkje har behov for nokon ting
Nei berre kjenne gleda for alt som er omkring
Det er kva eg kallar ein smak
Av sommar

Men alt tek slutt. Veka endar som kjent med sundagen, og det ser ut som om sommaren gjer det same. I dag er solsenga samanslått og tek opp plass i kjellarboda. Bassenget er dekka til, luftatemperaturen er 15 grader og  luftråma er 100%. Det regnar med andre ord. 
Eg fyllar dagen med datatekologi. Henta ein ny reise-pc på posten i går. Den kan du sjå ved å klikka her. Eg skal bruka han mest utanlands og på hytta. Han er hendig og svært berbar. Ikkje nokon sprinter akkurat, men eg har det ikkje så travelt. På nettsurfing er han rask nok, men ved nedlastingar og oppgraderingar går tida.
Å sitja i godstolen og installera programvare og applikajonar på nye pc-ar,  kjem nesten på linje med å ligga på solseng i sola. Det trengs tolmod, og stundom vert eg varm. Det er ikkje alltid då at eg: "berre kjenne gleda for alt som er omkring". Stundom bannar eg og er arg både på Samsung, El-kjøp, kona og meg sjølv. Men nokre andre ganger, eller nokre ganger som Odd Børretzen seier, er det heilt all right. Særleg om sommaren når det er vått ute og skorpe på leverposteien.
Så nå er jobben gjort, og eg skriv mitt første blogginnlegg på den nye Samsungen. Og ute regnar det...

lørdag 30. juli 2011

Eit sjeldant hyttebesøk.

Me har hatt folk på Samlebu. Folk som aldri har vore her før. Den "maritime" bror min og kona hans kom i BMV-en heilt inn til hyttedøra, og det utan å rive av korkje eksosanlegg og eller botnpanne i siste oppoverbakken. Aldri før har staslegare bil stått skadefri på tunet her.
Dette er folk me har besøkt fleire gonger i Thailand i temperaturar tett oppunder 30 grader. I går kunne vi varte opp, ikkje berre med fårikål, men også med 26 grader ute på terrassen. Sjelden vare i 900 moh. Og når bror min oppi all velvære trakk fram sjølvimportert vin frå Sør Afrika (sjå bilete), vart nytinga nesten meir intensiv enn mi kristne oppseding tillet.
I dag er dei farne vidare sørover. Eg og kona sit att og reflekterer. Kjekke folk, seier me. Fint at dei stakk innom, seier eg. Ja verkeleg, seier ho som alt har fått spøtet i fanget og strikkepinnane i lufta. Har ikkje du maling i boksen og pensel i posen, spør ho. Søren, har ho sett desse Byggmakker reklamane mon tru? Det ser litt utrygt ut med været, meiner eg. Det er meldt betre i morgon. Den har eg høyrt før, seier ho.
Akk ja. Synd at ikkje besøket varte lenger. Og for all del, då tenkjer eg ikkje berre på malinga.
Published with Blogger-droid v1.7.4

torsdag 28. juli 2011

Kraftutbygging - ei velsigning for landet.

Overskrifta er vel ikkje politisk korrekt i alle leirar, men sjå ovanfor kva ein av dei som sat midt oppi det meiner. Ein nesflating.
Published with Blogger-droid v1.7.4

tirsdag 26. juli 2011

Ein omveg, men og ein avstikkar.

Å ta ein omveg er noko eg vanlegvis ikkje gjer. Berre ordet omveg er negativt lada. På navigatoren min er dette ikkje eit alternativ. Der kan eg velja mellom "kortaste veg", "raskaste veg", "vakraste veg" osb. men omveg kan eg ikkje stilla han inn på. I dag lot eg navigatoren liggje, og valde vekk kortaste vegen til hytta. Eg valde omvegen. For å køyre Suldal via Nesflaten, og så over til Røldal er definitivt ein omveg til Samlebu.
Eg overnattar på Nesflaten og bur på Energihotellet her. Heile denne bygda er jo vakse fram gjennom den kraftutbygginga som Hydro starta her på 60-talet. Karmøy Fabrikkar trengde straum, og "halve" Rogaland og Hordaland vart oppdemma. Kraftstasjonen inni fjellet ved sida av meg her, vert driven av vatn frå Røldalsvatnet.
Hotellet vart bygd av Hydro på 60-talet. Representasjonsbustad var det då. Det ligg høgare enn noko anna bygg på Nesflaten. 80 meter over havet. Det følgjer det status med. For få år sidan overtok eit ungt par bygget, og driftar det nå.
Eg sit på hotellterrassen med panoramautsikt over bygda og vatnet. Ei bygd som i det alt vesentlege er oppbygd etter same hierarkiske tenkemåte som Husnes. Direktørane i sine palass, fuksjonærane hakket under, og arbeidarane i knausane omkring. Ingen hus har kjellar, fordi direktøren sitt hus ikkje kunne få det grunna vatninntrenging. Då vart kjellarane til alle dei andre husa og fylt igjen med masse før oppføring, fortalte hotellverten meg.
I kveld skal eg eta lokalt laga hjortepølse i design restauranten her. Innventaret i peisestova og restauranten er originale frå 60-talet. Det er også den svære golvpeisen med stålplate dekka med bladgull, noko arkitekten Geir Grung lurde seg til å kjøpa inn for 60000 kroner i 1960. Hydro blei sur, men bladde opp. (bilete ser du øverst).
Nå vonar eg at pølsa ikkje er frå 60-talet, og at eg ikkje blir så sur som Hydro blei når eg skal betala.
Omvegen har gitt meg ny kunnskap om eige land. Det blei ein avstikkar med meining. Ennå er det mogleg å oppdaga nye stader i Noreg. Men her på Nesflaten er det i grunnen nok med ei overnatting. Eg kan Nesflaten nå, og i morgon dreg eg vidare.
Published with Blogger-droid v1.7.4

torsdag 21. juli 2011

Ein røyndomdsbrest

Ein kan ikkje berre ta seg til rette her i livet. Det ein gjer, må gjerast i samråd med andre. Den individuelle fridomen må relaterast til det kollektive ansvaret og til dei avtalar som gjeld t.d. i arbeidslivet.
I natt tinga eg og betalte tre vekers hausttur til varmare strok, og tok det som ein sjølvsagt ting at ingen ville stikka kjeppar i hjula for dette. Eg er van med å gjera som eg vil med slikt nå. Men då eg kom til å nemna dette for arbeidsgjevaren, vart det motbør å få. Han meinte ferien var over, og at eg ikkje hadde rett på 3 veker fri i arbeidstida. 
Eg låg lenge i dette REM stadiet, der draumen kasta meg frå ende til annan i senga. Kva svarten skulle eg gjera med dette. Til slutt rådde eg endeleg utav svevnen. Gudskjelov, eg er jo pensjonist. Sjølvagt har eg all den fridomen eg ønskjer. Eg vart letta då dette gjekk opp for meg i 04 tida. Pulsen gjekk attende til normalen, og svetten på brystkassa og i nakkehåra turka.
Det må vera denne  til Karmøyturen som har forvirra hovudet mitt. Å gi hjelp til folk som driv mattestudier sommarstid, kan distrahera mangt eit hovud. Men det er jo stas for ein pensjonist å gjera nytte for seg innimellom. Ein treng ikkje innbilla seg at ein er attende i yrkeslivet for det. Det er jo skildnad på å barbera seg og å skjera av seg heile nasen.
Røyndomen er at pensjonisttilværet er komen for å bli. Ein permanet tilstand, iallfall til så lenge...

søndag 17. juli 2011

På mental bærtur

Søndagen er her. Det er ei veke sidan syden. Ei veke som har gitt både kulde og regn, men også ein snev av sommar. Nå er det over med sommaren, seier verfolka. Eg har dekka over bassenget og stansa sirkulasjonspumpa. Det er ikkje kjekt å gjera slikt når både eg og Kvinnherad Energi har stått på saman om denne dugnaden for å varma det opp. Draumen var jo å velta seg i dette dei neste 2 månadene. Men slik er jo livet: Jo meir ein har, jo meir å ergra seg over.
Kona ergra seg over bærhausten. Den er enorm iår. Og ho valde ikkje sin livsledsagar ut frå hans lidenskap for berplukking. Om så var, hadde eg ikkje hamna i dette ekteskapet. Men det er fint å sjå at ho har gitt bærplukkargenet sitt vidare til nokre av etterkomarane. Det gir meg litt meir ro til å døsa i Baden Baden stolen medan ripsberbøtta fyllest. Men etter det kona seier, har ho og tenkt å legga opp snart. Det blir eit stort sakn å sitja ved frukostbordet gjennom vinteren utan å kunna frotsa i heimelaga syltetøy av rips, blåbær og jordbær. For ikkje å snakka om moltesyltetøyet og moltekremen på julekvelden. Eg vonar i det lengste at dette er tomme truslar. Men komande vinter ser heldigvis ut til å vera sikra.
Å plukke bær handlar vel om å ha eit slags tolmod. Som ektemann er eg som kjent den mest tolmodige av alle husdyr, men det finns altså mange slags tolmod. Å kunna ta det med ro og kontrollera kjenslene når adrenalinet pumpar i hender og hovud, å ha is i magen, skal vera ein positiv eigenskap. Det har i denne samanhengen ikkje noko å gjera korkje med Diplom eller Henning Olsen. Det er meir å våga å stå oppreist når ein helst skulle stikka av. Styrke til å sjå det an. Det er som kjend ikkje den sterkaste som vinn, det er den som aldri gir seg. Nokon kallar det for å vera sta. Det gjer ikkje eg.
På 1970-talet investerte eg i trykkokar. Ein hendig sak når poteter og anna skulle kokast ferdig i ein fei. Når ein hadde det ravelt og tolmodet svikta, var dette eit framifrå hjelpemiddel. Då skulle potetene leggast i kokaren på rist, og lokket med pakning vriast på. Så auka trykket i kjelen, og når dampstråla stod rak og tydleg til værs, blei loddet sett på dampventilen for å auka trykket ennå meir. Men når trykket blei for høgt, letta loddet seg litt og noko av damptrykket unnslapp før loddet glei attende og tetta holet. Eg lærte mykje av dette apparatet. Ikkje realfag, for den historia kunne eg. Men eg vann psykolgisk innsikt i eige sinn. Halde trykket under kontroll, men sleppe ut overtrykket dann og vann. Og då tenkjer eg ikkje på mageknipen.
Til slutt eit tips til deg som les denne bloggen, anten du er ung og urøynd eller gammal og nyfiken: Gå inn på denne linken til Illustrert vitenskap og undersøk ditt eige lynne og din eigen væremåte. http://illvit.no/sjekk-personligheten-din
Godtok du utfallet?

PS: Slik blei min profil:

onsdag 13. juli 2011

Ein sommar for dei lite ambisiøse.

Eg vaknar til eit uvanleg lys i soverommet. Trass i svarte persienner dekka med tjukke, svarte gardiner, trengjer strimer av dette skarpe lyset gjennom. Eg er forvirra. Har ikkje sett slikt lys frå senga mi på desse breddegradene på lenge etter det eg hugsar. Og så vidt eg veit er hukommelsen grei nok alderen tatt i betraktning.
Eg må opp. Må undersøkje dette. Og der er ho sanneleg, sola. Eg neglisjerer alt eg veit om ikkje å fange dette lysfenometet opp på netthinna. Eg vil sjå ho. Og eg angrar ikkje, sjølv om den temporære blindskapen forfølgjer meg ut på badet og inn i dusjen. Eg er så oppmuntra av dette at eg tek meg i å synga  "På solen jeg ser" med tekst av Jørgen Moe og tonesett av Ole Bull. Eg kjenner meg like yr som ei seterjente på ein sundag. Eg "väcker frun och barnen med drill och kadans", ja om det hadde vore ungar i huset då. 
Eg kler meg. Stormar ut på terrassen. Eg ser naboane som alt er oppe og ute. Dei har ikkje klær på seg. Dei sit bak kvar sine rekkverk med bare overkroppar. Kva dei har på seg nedantil, ser eg ikkje. "God morgon", seier dei. "Sommaren er her", seier dei og. 
Eg ser på termometra mine. Eg har 8 termometer rundt om i hus og hage. Alle er nøye kalibrerte og viser rundt 16 C. Klokka er 09.  Ja, eg må vel medgi at dette kan kallast sommar. Men varmt er det ikkje. 
Kvifor skal me eigentleg nøya oss med så lite. Om ein gjer det, har eg høyrt at hjarta skrumpar inn. Eg har større ambisjonar for sommaren. Eg blottar meg ikkje i 16 grader C. Då trur eg litt av kvart vil skrumpa inn. Så eg nyt sola, men med singleten på.

tirsdag 12. juli 2011

Det sko’ ha vore sommar nå

"Ikke la sommeren gå over før du har rørt jordbær, bringebær og blåbær sammen og spist med skje".  Slik uttalar ein Ol-meister seg. Espen Vesterdal Larsen er konditor og kokk ved Kulinarisk Akademi.
Eg fulgte rådet hans idag. Det vil seie eg juksa litt. I følgje den legendariske Ingrid Espelid Hovig er det lov. Hagen min flyt over av modne jordbær og blåbær for tida. Rips og for den saks skuld. Men bringebæra er framleis grøne og harde. Difor blei det berre jordbær og blåbær i skåla. Bringebæra erstatta eg med kremfløyte og sukker. Og det vil eg seie: Dette var ikkje noko tosket påfunn. Det vart ein smak av sommar.
Men eg reknar med at Ol-meisteren veit kva han snakkar om. Eg skal væra årvåken på at sommaren ikkje endar før bringebæra mine er modne og i skåla mi med blåbær og jordbær.
Hadde nå denne sommaren berre kunna starta. Eller er det slik nå at han er over før han startar? 
I morgon vert det ny skål med jordbær, blåbær og krem. Då skal eg auka nytinga med å drikke ei flaske norsk bokkøl attåt. Det vert ei gastronomisk klasebombe. Kven bryr seg om det er sommar då?


søndag 10. juli 2011

Ei gudegåve i San Rafael

Eg er attende frå Spania. I god form, om enn med noko smale augestriper grunna lite søvn siste døgeret. Å stå opp klokka 03 er tøft, både for gamle og unge. Men alle stod løpet ut med rak rygg, heva hovud og blanke augo. Opptellinga på flyet som letta 07 frå Alicante, viste kun ein manko på 2 personar i høve til talet på nedoverturen.
Minibussen henta oss alle kl 04 i gata Viena 1, i San Rafael der med budde. Eit lurveleven laga me dei 10 minuttane som gjekk før bussjåføren som hadde parkert i nabogata, kom oss hoiande i møte. Eg storkoste meg med den sjauen. Endelig fekk me tatt hemn mot dei vakthundane i strøket som nok heldt einskilde av oss vakne eit par netter. Nå var det vår tur til å vekka dei.
Å reise og å bu saman på denne måten med alle sine barn, svigerbarn og barnebarn, gir innsyn i og nærleik til eigen familie utover det som er mogleg å få på så mange andre måtar. Å møta strålande småbarnsauge i tidlege morgontimar, gir kraft til å mestra dagen på ein positiv måte. Å dela seine kveldstimar med unge vaksne, gir ein lite lyst til å gå tidleg til sengs. Her er mykje å få med seg, og lite ein vil gå glipp av.
Å dela måltid rundt "skulpturen" ved bassengsplassen både morgonar og kveldar, fekk tennene til å løpa i vatn og tunga til å bada i raudvin. Her på denne plassen oppstod både improviserte og planlagde fellesprosjekt og einmannshow. Når eimen av etande vare og drikkande væske låg over plassen, og alle trippa forventningsfulle rundt "den varme grauten",  var det som om erkeengelen San Rafael hadde landa på skuldra mi.  Eg kjende tydleg at eg letta litevetta frå det flisbelagte underlaget.
Den onsdagen då vi alle kledde oss i den beste stasen som kofferten romma, og stod forventningsfulle utanfor husværa våra då 5 taxiar svinga inn og køyrde oss i kolonne til restauranten Nuevo Alcazar, var det som om me alle flaug med den same erkeengelen. Det bar ut av San Rafael og enda i La Nucia. Skjønt enda. Det var der det eigentleg starta, den utekvelden då jubileet skulle markerast. Maten var storarta, ungane jubla over fri flyt av grande coca cola og dei vaksne leska seg i edel vare. At ein av familiane framførte i fin harmoni ei sjølvlaga "hymne", var kanskje høgdepunktet for meg den kvelden.
Eg er attende i Haugavegen. Ikkje alt er som før. Eg har hovudet fylt med nye minne og hjarta fylt med gode kjensler. Det er om turar til badestrender, fyrtårn, fjellborger, dyrehagar, badeland, vampyrfiskar og mykje meir. Takk til dåke alle som var med.
Dessutan har eg kofferten fylt med skitne klær. Eg må vaska. Kvardagen har henta meg innatt. Men før eg puttar sjårtsen inn i maskina, skal eg snusa ein gong til på han. Som eit minne om den atmosfæra eg har omgitt meg med i dei siste par vekene.