Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 31. januar 2010

Winetasting in the vineyard

Min gode ven og kollega, Helge, hamna i eit dilemma for ein del år tilbake. Han var sensor i matematikk på ein ikkje namngjeven skule i Sunhordland. Første kandidaten var overmåte kjapp og kunnskapsrik. Sensor trilla terning og gav han ein 6-ar. Andre kandidat viste seg å vera endå glupare, så det måtte bli ein 6-ar igjen. Då tredje kandidaten i ei gruppe som totalt talde 7 elevar, også måtte få 6-ar, vart sensor uroleg og noko heit i toppen. Har eg gått for hardt ut? Kva med normalfordelinga, tenkte han.  Elevane sin lærar redda situasjonen, då han skjøna sensor sin frustrasjon. Slapp av, vurderinga di er rett. Så bra er nemleg desse. Det høyrer med til historia at når alle 7 var ferdig eksaminerte, låg gjennomsnittet rundt det som er normalt.

I går gav eg karakter til Thai-produserte vinar. Vi var i Monsoon Valley på vinfarm. Eg var overmåte heit og sveitt når eg starta på dei fem sortene. Den iskalde kvitvinen, frisk og fruktig med spor av sitrus og melon fekk meg til å gå sterkt ut.  Ein klar 5-ar, for å ha litt å gå på i motsetnad til Helge. Vin nummer 2 ein lett sprø vin med aning av mango, fekk meg til å frykta at eg likevel hadde gått for sterkt ut i vurderinga av den første. At det blei for lite å gå på. Ein terning gir jo som kjend maksimalt 6-ar. Bror min sin kommentar om at Thailandsk vin ikkje er noko å skryta av, fekk meg til å gå ned til 4 for denne. Men her var eg nok for streng. Eg sleit meg anger ei tid etter dette.  Kva veit bror min om vin idag.
Han er jo sjåfør.
Dei neste vinane blei, ikkje uventa, betre og betre. Den kvite shiraz vinen med spor av raude frukter, den raude monsoon vinen med spicy karakter og ikkje minst shiraz special reserve. Ein utsøkt raudvin med aroma av plomme og snev av kaffi. Very drinkable.
Kven seier at vin berre kan lagast  mellom 30 og 50 breddegrader nord og sør for ekvator. Ikkje eg. Her ved 13 grader nord der solskinet er konstant, tidvis avbroten av livgivande monsoon regn, modnast vindrua på ein utsøkt måte.
Eg kjøpte med meg nokre flasker.
Om kvelden var ikkje bror min sjåfør. Han syns vinen var god.
Om ikkje terningen då var lagt bort, hadde det blitt 6 over heile fjøla.

fredag 29. januar 2010

Hagestell

Plenen vår veks. Med  30+ og dagleg, manuell vatning, er det ein naturleg prosess. Slik er det heime og i vekstsesongen. Der er vatninga rett nok naturleg, og utfordringa er å komma seg ut mellom bøyene og få start på plenklypparen.

Her er det annleis. Gartnargjengen kjem. Det er to menn og to kvinner med plenklyppar, kantklyppar, hekksaks og rive. Og så er det ein sjef. Dei kjem helst  det eg vil kalla, tidleg på dagen. Eg vakna av motorstøy utanfor soveromsvindauget idag. Skulle tru dei ønskjer å vekka meg, nett som naboen heime. Han klypper alltid sin plen mens eg skal sova middag.
Dei gjer skikkeleg arbeid, og brukar heise med tid. Fleire innlagde pausar, der dei set seg i skyggen ved palmehekken langs det eine gjerdet. Då pratar dei med eit syngande, smilande språk som har mange vokallydar. Eg høyrer ingen skarring av vestlandske konsonantar i dette tungemålet. Ikkje som hos naboen heime. Han tek og altfor mange pausar under si klypping, og alt for mykje tatling med kona, før jobben er gjort. Hos meg er det slik at kona held seg innandørs til plenen er ferdigtrimma. Idag gjer eg og det.

Så set eg meg på terrassen med ein kaffikopp. Ei av kvinnegartnarane kjem til meg med ein bananklase ho har kappa i ein annan sin hage. "Bananas?", spør ho meg. Eg vrir litt på meg, og tenkjer at no kjem eg til å bli lurt. Her er ei som driv og gjer buissnes på si. Har vore på bananslang hos naboen. Men la gå. Ho treng sikkert meir bath enn eg har bruk for. "How much?", spør eg. "For free", seier ho, og eg skammar meg. Det er ikkje slik i mitt hovud at nokon berre gjer ting for å vera snill mot meg. Har aldri opplevd at dei gjer det slik heime. Der må eg betala 100-vis av bath for ein kilo bananer.

I kveld er det fullmåne. Har høyrd om fullmånefestane i Thailand. Men det er årlege festar som sist gjekk av stabelen i november i fjor år 2552. Til november 2553 har eg ikkje tenkt å venta for å få meg ein fullmånefest.
Eg lagar min eigen fest i kveld. Været skal halda seg, ser eg.

torsdag 28. januar 2010

Gjeld kommentarer til mine innlegg

Fleire har sagt dei ønskjer å kommentera innlegga mine på bloggen. Det reknar eg med vil vera spennande også for meg. Skjønt. kven veit?
Eg har difor endra innstillingar som gjer at det nå er mogleg å kommentera i feltet under innlegget, sjølv om ein ikkje er registrert som bloggfølgjar.
Fint om du som les dette, kan gi meg ein kommentar, slik at eg ser om det funkar. Bra om du og kan signera. Eg er jo forviten på kven som kommenterer.

onsdag 27. januar 2010

Ei fargerik veke

I Thailand har kvar vekedag sin farge. Eigentleg relatert til gammal indisk astronomi, der gudane til planetane og andre himmelobjekt, har ulike fargar.

Såleis er til dømes mandagen gul etter måneguden Phra Chan. Og sidan den mykje heidra kongen i Thailand, Bhumibol, er fødd på ein mandag, kler veldig mange thaiar seg i gult. Det er liksom blitt Thailands farge. Men også blå klefarge er å sjå, fordi dronning Sirikit er fødd på ein fredag. Blått er fredagsfargen etter guden for Venus, Phra Suk.

I dag er det onsdag. Fargen for onsdag er grønn etter guden for Merkur, Phra Phut. Eg tenkte difor å kle meg i grønt idag, men akk slik farge har ingen av mine korte short. Men det høver jo godt at eg er grønn i trynet då pga denne diareen.

I morgon er det torsdag og fargen er orange. Eg ser fram til det.

I bil til Hua Hin

Bror min har ein Toyota Camry. Ein Thai modell, der alt er snudd om frå høgre mot venstre. Den kan eg disponera bortimot fritt, seier bror min. Eg tok ein prøvetur for nokre dagar sidan og fann ut at om eg køyrde på venstre side av vegen, glei eg best inn i det trafikkale mønster som elles finns på vegane her. Ein opplever rett nok at ikkje alle turistar er fanatiske venstrekøyrarar, og mopedane som myldrar omkring, køyrer ofte på den sida det er mest framkomleg eller minst sol.
Mopedane finns i alle modellar, frå skinande blanke med dragehovud, til skeive og skakke med påsveisa sidevogner og tillhengarar. Men dei har ein ting felles: Aldri ein moped utan ein skokk med folk skrevande over ramma eller klamrande seg fast i påsveiste tilbygg.
I går drista eg meg inn i tjukkaste bysentrum. Eg fann stor glede i at det hang ein navigator på frontruta og at bilen har sensorar i kvart hjørne. Trafikken var tett, gatene smale, thaiane modige og eg litt stressa. Pippip pippip sa det i bilen når mopedane klinte seg så nær Toyotaen at sensorane syns det kunne vera nok. "Take a left turn", skreik kvinnemennesket i navigatoren på frontruta. "Pass opp, du er for langt til venstre her", supplerte Svanhild frå mi venstre side i førarsete. Eg auka speeden på A/C vifta. Den er kraftig, gir godt med kaldluft og gjer det nesten umogleg å høyre kva passasjerane seier.
Me parkerer. Eg plukkar fram ein ny navigator frå reiseveska og lagar merke på det elektroniske kartet i den. Må jo finna att bilen, tenkjer eg.
"ตัดเสื้อ", seier ein thai som putselig poppar opp ved sida av meg. "Nei det går greit", seier eg. Men han gir seg ikkje. "Need new suit?", seier han. "Not need", seier eg og går.
Eg vart etterkvart ein dugande sjåfør. Svært nøgd var eg på heimturen. Då starta ikkje lenger vindusviskarane kvar gong eg meinte å tenna blinklyset. Det kan bli fleire turar etter dette.

tirsdag 26. januar 2010

Hendingar 25. januar

Tur på stranda. God plass og lite folk. Her kan ein gå i milavis med bar mage og våte føter
Eit mislykka forsøk på å fotografera ein av dei millionane med småkrabbar som sprang rundt i rasande tempo på stranda. Kvar med sitt utgravne hol, som dei gøymde seg i.
Me overvar eit buddhistisk bryllaup på stranda. Mens dei nygifte vart fotograferte ute i sjøen, inspiserte med alteret.
Den buddhistiske munken var framleis bak alteret. Han let seg villig avbilda.

mandag 25. januar 2010

Hendingar 24. januar







Ein svært lokal marknad i Khao Tao.
































Hos fiskarar i Thailand bukta


































søndag 24. januar 2010

Kviledagen

Vifta i stovetaket går med full speed. Eg sit under ved pc-en med bakoversveis. Prøver og med bakoversvai i ryggen, slik at ikkje svetten frå panna landar i tastaturet. Det er varmt. Sjølvsagt kan eg starta aircindition, men vifta er snillare mot øyro.
Eg sov lenge idag. Synes etterkvart at hovudet har tilpassa seg 99 grader og 58.186 min aust for Greenwich. Årsaka til ei noko sein oppvakning, skuldast vel heller at eg blei så godt traktert på grillparty i går kveld. Saftig entrecote frå Thai-French kveg gav meg proteintilskot nok til å klara meg langt ut på dagen. I tillegg kunne eg frotsa i ein flora av grønsaker som nok matchar utvalet i Haugavegen høgsommars. Vinen var Sør-Afrikansk. Ingen ulempe det.

Det er sundag idag, trur eg. Ikkje så lett å avgjerda ved å sjå ut vindauga. Buddha folket driv ikkje med kviling på kviledagen og turistane kler seg heller ikkje opp med kvitskjorte. Dei subbar rundt i sine crogs clogs heile veka. Avkledde, men ikkje uanstendige. Dei innfødde gjer motsett. Kler varmen ute og viser verken hud eller hår. Slik er det her i Manora Village. Andre stader i Thailand har eg høyrd at også dei innfødde (særleg kvinnene) er meir lettkledde, og viser fram det dei har av hud og hår. Og det dei har, det har dei i Thailand. Sjølv kler eg meg såpass at magen ikkje vert alt for dominerande. Ingen enkel sak det.

Eit nydeleg austdrag i lufta, som er 27 grader, lokkar meg ut av pc-stolen. Det gjer kona og. Me må avgarde, seier ho. Ho har smurd seg inn, og er klar for dei kortbølgja elektromagnetiske bølgjene. Sjølv ønskjer eg lange og late bølgjer i dag. Dei reknar eg med å finna i Thailandbukta.

torsdag 21. januar 2010

Endeleg framme

Framkomen, eller arrivert som eg velgjer å kalla det etter Europaturen. Når eg først kom meg ombord i Air France, gjekk det som ein draum. Ein fransk draum på buisness klasse. Å bli møtt med champagne og forførande franske vertinner, var nesten meir enn eg har drøymt om. Å få aperitif, 4 retters middag med forførande franskevinar og cognakkar etterpå, var strålande. Å få strekka ut lekamen min i heile si lengd på 178cm, og få sova i timesvis er meir luksus enn eg har fortent.Iallfall meir enn eg har betalt for. Til og med fleecejakka mi som eg har kjøpt på Biltema i Haugesund, tok dei seg av. Ho vart sirleg hengd på kleshengar i kleskapet, saman med dei svarte dressjakkene til buisnessfolket.
Eg sitte på terassen nå. Klokka er 21.45 lokal tid og temperaturen er 27 grader. Og her er snøfritt.
Magen gryntar nøgd etter nydleg middag hos Hariett, svigerinna mi. Kva skulle eg gjort utan henne i desse improviserte reisetider. Takka vera ho blei skyssen vår frå flyplassen endra, slik at me blei henta i Bangkok til rett tid. Fabelaktig. I tillegg hadde ho handla inn mat til oss, slik at frukosten er sikra i morgon og vel så det. Eg trur ho må få ein klem til i morgon. Etter morgonbadet.




tirsdag 19. januar 2010

Ein happening

Eg er på tur. 14 timar sidan eg reiste heimante. Har vore på flyet. KLM. Har prøvd setene. Dei var greie nok. Men motoren ville ikkje gå. Eg måtte gå på land igjen. Sit nå i terminalen på Flesland.
Der rauk heile korrespondansen min vidare. Eg måtte levera tilbake taxfreekvoten min. Det var ei sann tragedie.
Eg har booka om. Dei seier det kjem ein mekanikar frå Amsterdam og fiksar flyet. Eg trur ikkje heilt på det. Men prøve meg. Tanken er å reisa til Amsterdam nå kl 24, overnatta der. Reisa vidare til Paris i morgon ettermiddag, for så å få reisa på business clas (kan du tenka deg) frå Paris til Bangkok. Då kjem eg eit døger forseint fram. Men ka gjere nå det ,når ein får denne Europaturen. Og så har eg jo taxfreekvoten då. Fekk kjøpa ny. Den var mykje større.


mandag 18. januar 2010

Hektisk

Ein dag før avreise til Thailand. Alt er i kofferten, også brylkremen. Ingen opplegg for stress siste dagen. Nå skulle det berre vera å slappa av, og samla krefter til reisa.
Og så skjer det altså. Kona til lækjaren, og vidare rett på sjukehuset. Ho kunne velgja mellom ambulansebåt eller eigen bil med meg som sjåfør. Ho velgjer meg.
Ho tek det med fatning. Har hatt vondtar som er vanskelege å finna ut av. Det skal sjekkast av hjertespesialistar og anna folk på Stord. Ho vil ikkje reisa med denne uvissa.
Eg kavar nok mest. Er både nervøs og fortvila.
Eg køyrer heim att. Ho får seg ei seng på sjukehuset. Uvisst kor lang tid prøvane vil ta. Kanskje kjem ho heim i kveld, eller så møter ho meg på båten til Bergen i morgon. Ja om ho får løyve til å reisa då.
Eg prøver å halde humøret oppe. Det går sikkert bra, sa ho. Men ho kan ikkje vite, tenkjer eg, og virrar rundt i huset. Må få tida til å gå. Køyrer og vaskar bilen på Statoil. Sett meg inni, og børstane hamrar mot bilglasa. Eg kjenner klausen tar meg, og er nær ved å hoppa ut i overrislingspruten. Men børstane ser så truande ut, at eg ombestemmer meg.
Så ringjer telefonen. Mange prøvar er tekne og alle ser fine ut. Sjukehuspersonalet står på. Dei veit ho skal til Thailand. Prioriterer henne, føler ho. Skal ta nokre prøvar til ikveld, men det lovar bra.
Eg går ikkje langt frå mobilen. Ventar. Ventar på fleire gode meldingar. Om ho kjem heim ikveld, skal eg henta henne på kaien med nyvaska bil, og med smil om munn.

Så sit me på flyet i morgon - vonar eg.
Ønsk oss god tur.

fredag 15. januar 2010

Eit måltid og ein refleksjon

Det var gildt idag. Me hadde lunchbesøk av våre næraste omgangsvener. Dei fleste er for pensjonistar å rekne. Me unnatak av Anne og Reidar (som ennå er yrkesaktiv), kom alle vi andre samstundes til Husnes. Anne og Reidar kom eit år før oss andre. Dei er ofte tidleg ute. Det var i 1973. Så idag var det veterantreff her. Seks av oss har gjort vårt for å utdanna og oppseda kvinnheringar frå tidleg 70 tal til mange år ut i dette årtusenet. Dei to andre har gjort sitt innan psykiatri og tannhelse. Me var del av den harde kjernen i oppbygginga av vidaregåande utdanning i Kvinnherad. Klart me har vore normleverandørar. Me var pedagogar, fagfolk, trøystarar, refsarar, problemløysarar, vener, drittsekkar og mykje, mykje meir. Tusenvis av kvinnheringar mellom 16 og 55 år kan stadfesta dette.
Me kom til ei bygd som var i støypeskeia, men grunnlaget for mangt var på plass. Aluminiumsfabrikkken var godt igang, og klasseskiljet etablert. Alt etter sveitsisk mal. Slik ville dei ha det dei sveitsiske eigarane av fabrikken. Kvar hadde sin plass i lokalsamfunnet, også geografisk. Me lærarfamiliane vart plasserte ein stad mellom dei på toppen og dei på golvet. Me kom til å bu nær kvarandre, og utvikla eit venskap og eit fellesskap som har helde seg til nå. Eg kan tenkja meg at det vil vara livet ut.
Men me var eit anna slags folkeferd, enn dei andre i bygda. Det stod respekt eller kva det nå var, av oss. Kva veit eg. Kanskje me blei oppfatta som arrogante? Dei andre jobba på Søral og omgjekk nødig med lærarar. Om nokon gjorde det, trudde dei at dei "var noko". Slikt passa ein seg for. Difor blei det oss, lærarfamiliane som heldt saman i vår mangel på kontakt med andre folk. Ja bortsett frå når med stod bak kateteret. Då messa me kvar med vårt nebb og kvar med sin bodskap.
Me var ein ungdomsgjeng. Mange av oss med same slag bakgrunn. Av bonde eller arbeidarslekt. Første generasjon utdanna ungdom frå kvar våre familiar. Frå landsens miljø der indremisjon og ungdomshus, altervin og himalaga øl hadde sett sine spor. Sekstiåtterar. Bakgrunn i stundentmiljø i Bergen, men og i Oslo. Frilyndte og med nedarva staheit, stoltheit og kverulerande trekk.
Flotte folk å dela livet sitt med, for dei har og empati, omsorg og humor.
Me hadde ein lang og god lunch idag. Den gav næring til kropp og sjel.

torsdag 14. januar 2010

Nokre har det heit

Eg svettar idag. Det er vanskeleg å omstilla seg frå utetemperaturar rundt - 10 Celsius til fleire plussgrader. Inne fyrer eg som før, og det blir jo feil. Men korleis skal ein fyra med ved utan at det blir for varmt? Eg tenkjer brennverdi og brukar furu og gran istadenfor bøk og rogn. Det hjelper ikkje. Einaste skildnaden eg observerer er ei meir intens og uforståeleg knitring frå omnen. Termometeret i stova bryr seg ikkje om kva eg fyrer med. Eg kastar klærne. Plagg for plagg. Mest som i gamle dagar når eg deltok i klespoker. Men eg fann meir spenning i samspelet den gongen, enn nå med mi svarte, knitrande venninne.
Jammen er det ei påkjening å vera rik på ved. Eg skulle eigentleg skamma meg. Varme er ein knapp ressurs for mange nå. Dei frys, uteliggarane. Frys seg til døde om nettene. Nokre vaknar stiv av kulde, andre ligg stive utan å vakne.
Eg tenkjer på dei kvar gong eg hiv innpå ein ny gubbe. Skulle vel frose litt eg og i empatisk solidaritet. Men det hjelper ikkje dei som frys, har eg resonnert meg fram til. Eg får heller stikka innom Fretex med godpleidet mitt og nokre av dei lange unikkane.
Eg vil ha fred i hovudet mitt, eller godt samvit som ein kallar det. Meir rettferd rundt omkring. Fattigdomsfordriving kan gagna meg, ikkje avdi eg er fattig men avdi eg har trøbbel i empatisenteret.
Eg ventar på Regjeringa si tiltakspakke. Den vil vel virka?

Folk skulle sleppa å frysa. Eg og Jens veit vel knapt kva det er. Eg fyrer med ved og han med olje. Dei priviligerte sine metodar er mangslungne.
"Det er kaldt her idag", sa mannem til sin kollega. "Ja skal me hiva innpå ein gubbe til?", spurde den andre. Dei jobba på krematoriet.

tirsdag 12. januar 2010

Mine planar for midtvinterblotet

Me skriv 12. januar. Skjønt skriva datoen er noko eg sjeldan gjer lenger. Eg hakar han av på rullegardinmenyar, eller kryssar han av på digitale kalenderar. Likevel, det er dagen midt mellom første vinterdagen (14. oktober) og første sommardagen (14. april) etter gammal reknemåte. Midtvinterdagen 12 . januar. Dagen som primstaven symboliserte med prikkar, altså snø.

I Wikipedia les eg:
"Midtvinterdagen er altså dagen da våre hedenske norrøne forfedre feiret jul, som således altså var synonym med midtvinter, da landet var på det kaldeste, og altså ikke ved vintersolverv, slik mange har trodd. Dagen regnes også som en av årets 32 farlige dager. Det var svært viktig at man først kledde på seg på høyre side denne morgenen, da det ville bringe lykke. Og ulykke om man begynte å kle seg på venstre side".

Sjansane mine for å få eit lykkeleg år, er eg usikker på etter dette. Eg kledde på meg i ein tilstand då eg knapt visste skildnad på høgre og venstre. Eg reknar med at klærne kom på som vanleg. Det føregår sitjande på sengekanten der eg prøver å styra begge beina inn i buksa samstundet, leita etter linninga og dra til. Stundom lukkast det. Eg trur høgre og venstre sida kom uavgjort ut av denne dragkampen.

Utover dagen har eg vakna til litt etter kvart, og kjenner på meg at eg må følgja opp gamle nordiske skikkar. Trur nok det må bli eit midtvinterblot i kveld. Eg har framleis nokre øl ståande i kjellaren og ein blodig biff i frysaren. Så kveikjer eg meg eit par faklar og plasserer i ei snøfonn godt synleg frå stoveglaset.
Sjølv sit eg inne med min Frøya, populært kalt frue eller var det herskerinne. Hugsar ikkje heilt kva Snorre meinte om det.
Eg trur det er tryggast inne på denne farlege dagen. Men om Frøya tyder herskerinne, veit ein jo ikkje.



mandag 11. januar 2010

Uslipne diamantar

Eg har vore i barneselskap. Eg deltok i klassen publikum, igår. Det er på onsdag eg er gjest, for det er den verkelege dagen for Jacob sin 10 årsdag.
I går var det venene som var gjester. I det fantastiske vinterveret var dei inviterte til utebursdag. Medbragte ski eller akebrett var obligatorisk. Alt føregjekk ute. Akekonkurrander, skattejakt, pølseeting og opning av pakkar. Eit selskap etter Jacob sitt sinnelag. Han er ein "utegut", den karen.


Barn skal leika. Gjennom leiken førebur dei seg til det vaksne livet, og til meistring av utfordringar som kjem. Verkelegheita vår blir skapt av det me fokuserer på, og av måten me snakkar om dette på. Om ein fokuserer på positive aktivitetar alt som barn, aukar sjansen for å ha det godt med seg sjølv og andre i det vaksne liv. "Kvifor er du alltid så glad?" spurte eg Morten (barnebarn) når han var 11 år. "Fordi eg tenkjer positivt", sa guten. Han kunne kunsten, og er framleis ein leiken og glad vaksen gut.

Mange vaksne kunne leikt meir, Kva med ein aketur i ny og ne?
Faren er at om eg set meg på akebrettet her ute i gata, kjem akepolitiet og hentar meg.
Spring eg rundt med motorsag i kommuneskogen, tek skogpolitiet meg.
Syng eg for full hals frå altanen min, kjem edruskapspolitiet og testar meg.
Klatrar eg på taket med vener, må me gjera det om natta for ikkje å bli teken.
Det er så mange stengsel rundt omkring, og inne i hovudet kan stengslene vera som armerte panserveggar mot å leva livet og kjenna pulsen slå. Men eg har ei von om at dei eingong skal forvitra. Når eg blir gammal nok.

Eg har planen klar:
Vera observatør i fleire barneselskap og tilslutt kasta meg med i leiken. Hos desse uslipne diamantane finns der knapt med stengsel.
Det er reiskapen som kan vera med å bryta ned stengslene hos oss vaksne. Bli som barn igjen.

Det blir eg vel, om eg berre blir gammal nok.


lørdag 9. januar 2010

Alt skal med

Eg har begynt å førebu meg til Thailand. Ikkje pakka ennå, men lagt fram ting som skal med. Dei med høgast prioritet: Leidningane mine, ladaren, batteria, ipoden, navigatoren, mobilen, fotoapparatet, Micro SD brikkene og USB-pennane. Dette må vera under kontroll. Og PC-en sjølvsagt. På den må det leggast inn filer og viktige bokmerke. Spotifyprogrammet og Voddlerprogrammet må eg og sjekka. Sameleis Skype og MSN. Korleis skal eg elles overleva. "Ka med solkrem"? seier Svanhild. Jo, men lenger nede på lista, meiner eg.
Eg har system på duppedittane mine. Alt ligg til dagleg sirleg i merka skuffer som det er høvlege smårom i. Det er ei grei sak å finna fram her.
I roteskuffa mi er det verre. Det er den skuffa som er ein slags aldersheim for pensjonert elektronikk. Der finn eg gamle fasttelefonar med og utan svarar, walkman, smalfilmkamera, VHS maskinar, tunerar og fleire meter leidning til koblinger eg ikkje hugsar, men ein gang betalte dyrt for.
I roteskuffa mi er det mangt og mykje eg ikkje har styr på. Eg har forresten fleire slike skuffer og baggar. Forsåvidt har eg og slike roteskuffer i hovudet. Mine mentale roteskuffer. Der er det trangt om plassen og vanskeleg å bli klok på innhaldet. Etter 33 år i skulen er det eit samansurium av namn og ansikt. Å rydda der er fåfengd. Eg var aldri sterk på slikt. Eg kan om eg vil, trøysta eg meg. Men det var nok ei løgn.
Men dei matematiske formlane og dei fysiske lovene, ligg framleis greit ordna i kvar sine skuffer. Der er ingen ennå utgått på dato, trur eg. Eller er dei det? Samma huen. Der vil eg ikkje rydda.
Eg har funne fram koffertane. "Får du plass til dette då"?, spør Svanhild. Ja eg må jo det. "Tenk på vekta då", seier ho. Ja vekta ja. Bagasjevekta mi. Den må eg sjølvsagt ha med, og universalstøpselet og kamerastativet og -. "Roa deg nå", seier ho. "La oss heller ta ein raudvin, det er jo laurdagskveld". Eg lar meg overtala, og skjenkjer i. "Ka ska du ha med"?, spør eg. "Skål", seier ho. "Du treng ferie"

fredag 8. januar 2010

Jubilanten


75 år hadde Elvis vore idag om han hadde levd. Tvillingbror hans og. Men han var jo dødfødt, og hadde såleis eit handikap heilt frå starten. For meg betydde difor Elvis mest.
Tronge kår,indianerbestemor, sterke bånd til mora og nær tilknyting til kristelege miljø. Mange i min familie kunne identifisera seg med ein med slik bakgrunn. Me kjende oss i slekt med Elvis og syns me likna på han. Personleg var eg ein av dei store brylkremkonsumentane på Haugalandet i slutten av 1950-talet. Og eg var trygg på at ingen kunne matcha min sleik då. Ja ingen utaom Elvis sjølvsagt.
Også idag insistrer eg på at Rema 1000 skal ha denne mirakelkremen i sitt varesortiment. Eg har berre delvis møtt forståing for det. Men brylkremen har eg likevel framleis i toalettskapet, og brukar han ved festlege og høgtidlege høve.
Eg likte "Love Me Tender" best. Den hadde eit tempo som gjorde det mogleg for meg å følgja med på akkordane på gitaren. Dessutan var han nydeleg å dansa etter. Den gav ein sjanse til å koma nærare jenta enn tilrådleg var.
Og så var det "Don't Be Cruel". Då var det å hamra laus med plektaren på gitaren. Takt og tempo var viktegare enn å treffa rette akkordane. Og så kunne ein svinga jenta raskare og tøffare etter den enn etter dei fleste. Juss så me rocka då. "We where the Rock & Roll Kids" som Harrington & McGettigan sang i 1994. Det var om oss dei sang.

torsdag 7. januar 2010

Varmekjeldene

"Ovnen må ikke tildekkes". Det er barnelærdom for mange og for meg. Nå slit eg med å etterleva forbodet. Det meste som finns av varmekjelder i huset, er eg svært intim med for tida. Vedomnen i stova, varmepumpa i gangen, panelomnen på soverommet, varmeteppet i senga og andre heite objekt, smyg eg meg så tett inntil som mogleg utan å skapa eld.

Når eg skal ut, smører eg meg med kuldekrem i andletet og antiskli under beina. Eg nyttar lipsyl på leppene og vurderer innkjøp av varmevottar med innlagd varmekabel (Kan handlast her, ser eg).

Idag fraus vatnet i røyrane mine. Dei eg har på vaskerommet. Ved hjelp av varmepistol og nokre dråpar svette, fekk eg tint dei. Nå kan eg vaska superundertøyet og ullbolane mine igjen. Her i huset har me aldri hatt frosne røyr før. (Berre litt trangt avlaup, men det er ei anna soge)

Frostroser på vindauga. Det har me ikkje lenger. Dei er utrydda hos oss. Me hadde mykje av slikt tidlegare i ekteskapet - eg tenkjer midten av 1960 talet. Vinteren 62/63 var knallhard. Hadde eg ikkje vore nygift då, hadde eg vel frose ihjel. I Ølen. Der var det ofse kaldt. Det var der eg lærde meg baten som låg i å vera intim med heite objekt.



onsdag 6. januar 2010

Venta og uventa gjester

Det ringde på dørklokka i kveld. Ikkje heilt uventa på 13. dag jul her i grenda. Særleg ikkje når ein er morfar til fire. På kjøken låg sirleg innpakka julegodtposar klare, og fotoapparatet låg på bordet med ON-knappen aktivert.  Så er det å skunda seg ned, men ikkje opna døra før begge dei minste har fått ringt på. Det er deira teknologiske meistringsnivå, og dei blir skuffa om dei blir avskårne frå å få visa at dei begge klarer det.

Så når det kjem to ring, veit eg det er dei. Eg har fått det for meg at eg kommuniserer best med små barn om mitt hovud er i høgd med deira hovud. Så når eg høyrer dei omtala to ringa, sit eg meg alltid ned på huk før eg opnar utgangsdøra. Slik også den gongen her like før jul. Då sat eg på huk, opna døra og såg rett inn i skrevet på ein fullvaksen mann. Han blei svært forfjamsa. men fekk stotra fram at at han kom frå kommunen og skulle måla opp eigedomen som grunnlag for eigedomsskatten. "Ja det er for å sleppa den eg knelar for deg", tenkte eg eg burde seia. Men eg fekk ikkje fram så mykje i den høgst pinlege situasjonen.

Julebukkane i kveld var gildare å forhalda seg til. Dei fekk jo også av mine oppsparte resurser, men gjorde seg fortente til dei. 

Kommunemannen song ikkje "På låven sitter nissen" til meg. Ikkje gav han meg klem heller. Så ikkje kan eg sjå at kommunen har gjort seg fortent til noko som helst. Iallfall ikkje til eigedomsskatt. Men han stod på sitt, sjølv om eg knela for han.


tirsdag 5. januar 2010

Nesten attende til normalen

Me har pakka julepynten ned att i eskene, og bore dei på loftet. Der skal dei liggja og støva ned til neste jul. For jula gir seg aldri, har eg skjøna. Like årviss som persesylta, kjem jula.

I år kombinerte me avpyntinga med pass av barnebarn. Ei stor oppleving for slike små å vera med på ei slik destruktiv adferd. Å kjenna på juletrepynten og riva han av treet, noko som har vore ulovleg i to veker, blei nå med eitt lovleg. Nok ei uforståeleg avgjerd som dei voksne tek, sett gjennom småbarnsauge. Forundringa toppa seg då morfar tok det nakne treet og kasta det ut gjennom altandøra med ei slik kraft at det fauk over altanrekkverket og ut i det ukjende. Der ligg snøen så høg, at treet nok må overvintra og gravast fram ein gong til våren.

Så nå er huset attende til normalen, nesten.
Det er jo alltid julepynt som dukkar opp rundt om i krokar og krør etter kvart. Pynt som auga har vendt seg til, slik at ein ikkje ser det eller tenkjer på det som "julete". Det er slikt som ofte blir hengande vidare i månadvis, avdi det blir for mykje arbeid å klatra ein gang til opp på julepyntlageret som hos oss ligg over vaskeromstaket.
Ei anna utfordring, før huset er normalt igjen, er å finna att kor ein la dei kvardagslege pyntetinga. Borddukar, hyllekrimskrams, kjøkengardiner og barnebilete. Mykje av dette dukkar aldri oppatt. Det er eit mysterium i heimen, og er like årvisst som nissen.
Ting som kan dukka oppatt, rett nok lenge etter jul, er godt gøymde julepakkar som eg har lagt på garasjeloftet avdi ingen skulle få nyssa, og deler av melkelageret som eg og plasserte i garasjen avdi kjøleskapet var for fullt. Ved påsketider luktar sjeldan denne melka godt.

Så hos oss er alt ved det same.

lørdag 2. januar 2010

Tidsstyring og kreativ tenking

Eggekokaren min er øydelagd. Han kokar, men gir ikkje pip frå seg når egga er ferdige. Difor varierar egginnhaldet hos oss frå det sleipe og slapsne til det harde og spretne. Før i tida koka vi egga i gryta. Også då kunne prosessen enda med uventa resultat. Eg minnest ei historie som ein ven av meg fortalde for mange år sidan.

Den gjekk slik:
Kona hans var komen først inn på kjøken om morgonen. Ho hadde sett over ei gryte med vatn og egg på komfyren. Venen min kom inn på kjøkenet og blei møtt med orda : "Kjære, elsk meg her på kjøken"
Dei elska på kjøkenbordet. "Du kunne ikkje motstå meg idag?", sa han. "Eggetimeren er øydelagt", sa ho.

"Korleis blei egga då?", spurde eg venen min. "Dei blei helst litt blaute", svara han.

Eg har vurdert metoden, men er redd egget kan bli i hardaste laget ..

fredag 1. januar 2010

Tjue ti

Det nye året kom brått på denne gongen. Det var som om decenniet nærast tjuvstarta. Kalkuna var framleis i magen, kongetalen i øyra, blåmånen i auga og champagnen i hovudet, då rakettane small. Eg fekk det travelt med å koma meg ut i nyårsnatta. Alle gratis klemmane, alle gode ønskja, alle kjekke folka. Slikt skal eg ha med meg. At eg ikkje fann skoa og trakka rundt på sokkeleisten, gjorde ikkje opplevinga ringare.
Så var det runden med nyttårsforsetta. Mange vil mykje. Andre vil meir.
Noko vil ein ha meir av, anna mindre. Noko vil ein gjera oftare, anna vil ein kutta ned på. Noko vil ein starta med, anna vil ein slutta med.
Sjølv vil eg berre få kontroll over prostataen, "ikkje meir en berre det", for å sitera Vamp. Eg trur nok Helse Fonna tek tak i den saken. Innan så skjer får eg gjera som andre eldre menn: Skunda meg - titt og ofte.

Eg klagar ikkje. Ikkje idag. Stresslessen er mjuk, vedomnen knitrar, kona er venlegsinna og snart kjem statsministeren på skjermen. Eg vonar han kjem med gode nyttårsforsett for nasjonen og muntrar oss opp litt.
"Det er typisk norsk å være god", pleide Gro seia.
Kjenner meg litt usikker på kva det blir i år. "Det er typisk norsk å være frisk", kanskje. Om ikkje må du betala det sjølv - sjukefråværet.

"Hvor er alle helter hen?", spurte kongen igår kveld og oppfordra til frivillig innsats. Det trur eg Jens likte.

Eg stoppar nå. Skal få med meg nyttårstalen.
Lukke til for alle i det nye året