Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 24. mars 2010

9. Drøyma - om det gode i livet, og få styrke frå draumen.

Detter er nr 9 frå bloggen "Mi Tid"

”Du må ikkje drøyma deg vekk”, seier eg. Eleven sit fjern i blikket, og ser ut gjennom glaset. Det er mattetime i VKI. ”Du må følgja med, dette er viktig for deg som drøymer om å bli ingeniør”, seier eg, og teinkar ennå ein vektor på tavla. ”Eg trur kanskje den draumen ryk”, seier han.
Neste veka står pulten hans tom. Eg høyrde han hadde gitt seg med realfag, og byrja med noko meir utsvevande. Visstnok innanfor  filologien. Ein reinspikka realist drøymer ikkje.

Eg drøymer, og draumane er ofte urealistiske. Eg drøymde at eg ein gong i livet skulle bli rik. Det blei eg ikkje. Korkje Hordaland Fylke,  NAV eller Statens Pensjonskasse ville det slik.
Eg drøymde og ein gong at eg skulle byggja meg eit slott. Slik bei det heller ikkje. Kommunen sa under takseringa i vinter, at ingen hus i gata var mindre verd enn mitt.
Draumen er ein utru tenar. Han lovar og lyg. Fer med juks og fanteri.

Eg må legga om. Må drøyma om det gode livet, der kroppen fungerar og hovudet sit på rett plass. Drøyma dei oppbyggande pensjonistdraumane om at magen skal vera god og regelmessig, og at tanngarden klarer seg gjennom ennå ein sommar med halvsteikte kotteletter på utegrillen.
Eg traff eleven att mange år seinare. ”Du blei aldri det du drøymde om”, sa eg. ”Vel, drøymde og drøymde. Den draumen var nok ein illusjon. Ein kjem lengst med å vera realistisk”, sa han.  
Ein filologisk ordkløyvar av det vridne slaget. Eg kjenner sorten.

4 kommentarer:

  1. Det at filologane er vridne ordkløyvarar, er nok berre noko du har drøymt.

    SvarSlett
  2. Ok, eg vedgår at eg ikkje alltid er ein sanndrøymar. Men det vert hevda at draumen ofte kan ha rot i røynda.

    SvarSlett
  3. Eller i undertrykte lengsler og fantasiar, i lyster eller angst. Til det siste: Eg drøymer rett som det er at eg mister totalt kontrollen i klassen. Det er lite kjekt. Det er altså nattlege sovedraumar. Dagdraumane mine er ikkje fullt så ekle.

    SvarSlett
  4. Ja slike sovedraumar kan vera ekle. Eg drøymer framleis, etter mange år som pensjonist, at eg rotar rundt i skulekorridorane, og ikkje kan finna det klasserommet der eg skal ha timen min. Merkeleg. Slikt gjorde eg då aldri i jobben. Ikkje lengta eg etter å gjera det heller.

    SvarSlett