Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 19. mars 2012

Fritt val med konsekvensar

Livet er som det er og blir som det blir, har eg lest ein stad. Eg skjønar ikkje kvifor den setninga rann meg i hug nett nå. Trua på at alt må vera som det blir, er ikkje min filosofi. Eg er ikkje deterministisk av legning. Eg meiner livet mitt vert styrd av dei vala eg gjer i kvart vegkryss. Ein kan gjera mange slags val: intelligente, kloke, jålete og toskute. Sikkert mange andre og, men det er vel slik at når ein først har valt, ja så blir det som det blir fordi ein sjølv har valt det alternativet.
Laurdag gjorde eg eit toskute val. Sjeldan står eg fram og vedkjenner slikt, eg er for stolt til det. Men når eg på Flaggruta midt i Langenuen såg at snøen låg rundt TV-masta på Stordalandet, skjøna eg det. Kvifor i allverda vart eg ikkje lenger i Nerja? Kvifor reise heim nå? Og då eg i dag tidleg vakna til plenar med snø på, kvit og kald snø, vart eg aldri så lite angren.
Men eg skal ikkje ligga lenge med brukken rygg. Eg skal reisa meg igjen. Eg skal leita etter teikn på at valet mitt ikkje var udelt toskut, det gav berre nokre uventa konsekvensar. Eg har alt funne nokre varmekjelder i vinterkulda:
  • Ein velkomstseremoni med jublande barnebarn som fylte fanget mitt til trengsel, varma mykje. Eg er ennå lemster i kroppen og høg i blodtrykket etter den gleda. Dette var ein velkomst 10.000 gonger varmare enn den eg fekk i resepsjonen i Capistrano.
  • Ein heimelaga torskemiddag er 1000 gonger betre enn lenguadoen frå Middelhavet om restauranten triksar aldri så mykje.
  • Dagens raske trimtur i norsk natur er 100 gonger betre enn trasking langs plastikkdrivhusa på Costa del Plastic utanfor Nerja. Sjølv om eg måtte byta solhatten ut med øyreklaffhua.
  • Og dusjen då. Den eg kan kosa meg i utan å måtte klatre opp i eit såpeglatt badekar, og der badegolvet er like tørt sjølv etter dusjinga. Det er 10 gonger betre enn i Nerja Villas.
Så det er vel både eit spørsmål om korleis ein har det, men ikkje minst korleis ein tar det.
Eg får ta det med fatning. Men eg innser at mine frie val kan gi uana konsekvensar.

fredag 16. mars 2012

Ei reise i Spania

Me vart lokka av slekta vår frå Stavanger til å besøka dei i Torremolinos. Denne sterkt turistifiserte byen ligg 20 minuttar med tog vest for Malaga. Me her i Nerja har i tillegg halvannan time med lokalbussen inn til Malaga, så dette vart ei utflukt som kan samanliknast med å reisa til sonen min på Karmøy. Då tenkjer eg tid, slett ikkje kommunikasjonar. Her er ingen Norled som innstiller ferjerutene sine etter eige forgodtbefinnande, eller bompengeinnkrevingar bak annankvar sving. Her er ingen krøtterstiar å forsere, slik som på europavegen gjennom Etne eller 58 år gamle bruer der ein bør bringa med seg matpakke og varm kaffi for å overleva rushtrafikken.
Me er i EU nå. Her har dei skjøna at god infrastruktur er om ikkje rekningssvarande, så ialfall gode greier for folket. Dei skjøna det den gongen dei hadde pengar. Det har dei  ikkje lenger, men vegane har dei. Motorvegar går ikkje konkurs. Dei som kosta 140 millionar Euro pr km å bygge. For her bygde dei ikkje motorvegen etter terrenget, dei bygde han etter same prinsippet som Vår Herre bygde Middelhavet: bortimot vassrett og med få krusningar.  Etter at 4 felts vegen i tunnell har skjore seg gjennom  det kalkrike fjellet, går han rett inn på ei bru som vanlegvis er lenger enn Askøybrua, som sonen min sa det. Ikkje avdi han går over sjø, nei berre over ein dal som det ville vera brysamt og miljøfiendleg å køyra ned i. 40% av vegstrekninga går i tunnell eller på bru her ved Nerja. Så ingen skal få gehør hos meg om eg vert fortald at det er kostbart å byggje veg i Noreg. Dei skal få seg ein på kjeften, trur eg.
Bussen til Malaga er komfortabel. Mjuke seter med sikringselar, luftkondisjonering og utan motor. Iallfall høyrde ikkje eg noko motorstøy inni bussen. Ruta er regelmessig og meg  god frekvens. Men diverre er det mange som elskar desse bussane og desse tålmodige bussjåførane. "Ja berre gå på do du,"seier sjåføren til ei trengd kvinne før han køyrer  vidare. Alt ved Torre del Mar, er bussen nesten full. 3 ledige seter er det når bussen stoppar der, og det står 10 passasjerar på haldeplassen. "Kva nå?" tenkjer eg. Jo sjåføren løyser det greit. Han stoppar bussen, går halvegs utanfor og held ein liten men humørfulgt tale til sine potensielle passasjerar. Han avsluttar med å legga ansiktet i litt sørmodige faldar, og slepp inn berre 3 av flokken. Spanjolane er tolmodige. Dei venter gjerne til neste buss. Berre nokre nordeuropearar murrar litt.
Me skiftar til undergunnen i Malaga. Den går vekselvis under og over bakken. Forbi flyplassen og vidare til Fuengirola. Me stig av i Torremolinos. Eit splitrande nytt tog og skinnesett, som til og med overgår toget frå Stansted til London. Og på Stanstedtoget kunne eg jo i si tid ha eit lite beger med Gammel Dansk ståande på bordet framføre meg utan at det oppstod krusningar på overflata. Nå skal eg likevel innrømma at det begeret stod ikkje lenge med veske i om gangen.
Å oppleva Torremolinos med sitt folkemylder og høge hus, var som å oppleva Husnes etter å ha vore på Samlebu i nokre veker. Ein nådelaus plass der ein ikkje lenger kunne gå å seie hola og hallo til alle ein møtte. Om ein satsa på det fekk ein ikkje med seg alle tilboda i souvenirbutikkane. Men slektningane var det hyggelig å møte. Det vanka både kyss, klapp og klem. Og hotel Cervantes var framifrå, med ein rikhaldig frukostbuffe. For fyrste gong på 6 veker slapp eg å laga frukost. Berre det aleine var verd turen.

tirsdag 13. mars 2012

Våte og turre visningar

Tida går, også i Spania. Men seks veker i Nerja kjennes ikkje som seks veker på Husnes. Når værdama på NRK1, som eg ser på fjersynet her, melder om været på Vestlandet, er det mest som om tida går ennå fortare her enn heime. Under kvar frukost i solskinet her nede, tenkjer eg at slikt skulle ein hatt det permanent.
Og det er fullt mogleg å realisera den draumen. Hus til sals er det flust av her. Dei engelske som er i fleirtal rundt oss, sel anten avdi dei er blitt for gamle, men oftare  på grunn av ein økonomi i krise. Også den alminnelege engelskmann med sin alderspensjon kjenner trykket nå, vert eg fortald.
Dei norske sel og, men av andre grunnar. Dei har ein sterk privatøkonomi og let seg difor friste til å byte bustad. Dei kjøper seg opp til stending høgare bustadstandar og meir spektakulære buplasseringar. Svenskane, som der og er ein god del av i området, prøver som best dei kan å konsolidera stillinga si.
Til sals skilt poppar opp også i næraste nabolag. Tvers over vegen ser eg fleire. Nokre skilt har hengt i vindauga lenge. Andre forsvinn om ikkje som dogg for sola, så iallfall etter relativ kort tid. Men det er kjøpar sin marknad her nå. Store leiligheter med 3 soverom og 3 bad samt mange solrike terrassar og felles basseng som for kort tid tilbake gjekk for rundt 250.000 euro, får ein nå ikkje selt med mindre ein kryp under 200.000. Visningar vert ein invitert til i dei mest forunderlege situasjonar. Ein person i kassakøen på matvarebutikken, kan gjerne finna på å spørja deg om du er på husjakt. Min ven kapteinen, vart på den måten invitert heim til ei enke der det ikkje berre vart visning, men også raudvin og kos. Stakkaren måtte bæra alle handleposane sine bakke opp og bakke ned etter han sa jatakk til visinga. Det han fortalde meg etterpå, utan at han gjekk i detalj, var at det ikkje blei handel.
I går var eg på visning hos han. Men det var berre fordi han ville visa fram og by meg på eit  glas cerveza. Det er hyggeleg å gå på visning. Gratis er det og ...

fredag 9. mars 2012

Middelhavet dampar, euroen fordampar

Eg sit på Balcon de Europa saman med kona, kapteinen og tres grande cerveza. Drøsen går om havet. Kva anna skal ein drøsa om når ein sit ved kanten av Middelhavet saman med ein kaptein som dei siste 10 åra før han pensjonerte seg, gjekk i oljetransport frå Libya til statene rundt i området her. "Eg ville aldri drege på turistcruise i middelhavet," seier kapteinen. "Her er det alltid havdis og difor lite å sjå,"  meiner han. Han meiner det er den kalde lufta som kjem inn gjennom Gibraltarstredet, som øydelegg. Eg trur meir på at det er den sterke soloppvarminga som får havet til å dampa. Kvar av oss står på sitt, og den eines fagkunnskap står mot den andres. Meiningsutvekslinga tek seg opp reint desibelmessigt ettersom øloverflata synk. Begge vil ha rett.
Så med eitt ringer det i telefonen min. Det er frå Malagabussen. Slektningar kjem på vitjing via Malaga frå Torremolinos. Eg ber kapteinen betala ølen for meg, og legg i veg. Eg må rekka bussen som kjem vestfrå, og eg har ikkje peiling på kor langt han er komen i løypa. Eg halsar opp gjennom gatene for å rekke fram til hovudhaldeplassen for bussane i Nerja. Like bak meg  høyrer eg kapteinen, som framleis står på sitt når det gjeld disen i Middelhavet. Han er rask til beins denne 75-åringen.
Idet eg skrittar over Plaza Cantarero, også og ikkje utan grunn kalla gubbeplassen, ser eg at Malagabussen alt står ved haldeplassen. Skal tru om slektningane er inni der. Eg stig inn den halvopne bussdøra, strekkjer hals og går opp på tåspissane. Jo sanneleg, og for ein flaks. Der sit dei fordyden meg bak i bussen. Like bak meg i bussdøra står kapteinen. Han gir seg ikkje så lett, men då eg løyser billett for å køyra med gjestene mine dei siste 3 stoppestadane opp  til Capistrano, kastar kapteinen inn handkledet. Kanskje han ikkje har meir pengar att til bussen. Han hadde jo betalt cervezaen både for meg og kona.
Me fekk losa stavangerfolket som kom, til rett leiligheit. Dei skulle bu der i to dagar i ein urbanization, ikkje langt frå oss. Det er lett og gå seg vill her oppe i Capistrano-området. Her er mange urbanizasjonar med mykje trapper og trange smau. Våre slektningar nytta då også tida rett som det var, til nettopp å gå seg vill. Ofte kunne ein treffe på svogeren sitjande utsliten på fortauskanten, mens ho halsa kvilelaust omkring for å lesa seg fram til den rette gata der lokalbussen gjekk, eller der me budde. "Legg capsen framføre deg når du sit på fortauskanten," sa eg til han. "Det kan vera ganske innbringande". Han høyrde nok kva eg sa, for etter det skrudde han av høyreapparatet sitt ein times tid.
Men langveisfarande bussar og tog har dei greie på, og grunkar har dei visst framleis i pengebøkene sine.  Dei reiste vestover att idag i 15-tida, med offentleg kommunikasjon.  Alt klokka 17 kom det pip på telefonen min. "Me er nesten attende i Torremolinos," stod det. Eg trur dei var glade for det.
Og kapteinen? Han klarer seg nok. Han har vore ute i hardt ver før, og dukkar nok opp igjen. Eg får kjøpa ein uno Cerveza til han ein dag det ikkje dampar frå Middelhavet, om euroen ikkje har fordampa då.

mandag 5. mars 2012

Tidene skiftar

Det er sundag, og ein ny solskinsdag. Eg sit på balkongen i 20 plussgrader og med ei  klokke som syner 18.30. Sola står lågt over åsane vestover mot Malaga, og duene kokoar på sitt mest intense nett på denne tida av døgeret. Naturen har fått startsignalet. Våren er ikkje berre på veg, han er komen.  Etter regnet for eit par netter sidan, er det som om alt eksploderer nå. Biene gjer det med blomane på marka, og duene har seg i luftekanalane på taket.
Me gjekk "fjelltur" til tårnet utanfor Maro idag. Det er eit av desse runde, gamle vakttårna bygd av dei kristne på 1700-talet. Det kan vera bratt opp til dette tårnet, særleg om ein først går feil veg  nedover mot sjøen. "Do you know the way to the tower?", spør 2 engelske middelalderpar oss. "Jepp," seier me og tek av frå vegen oppetter ein smal og bratt sti.  "We are definetly not going that way," seier ein av dei, "even if it should the correct path."   Men like etter kjem likevel alle 4 krypande på alle 4 bak oss oppetter  lia. Det var sjølvsagt feil vegval me tok, men med kom då fram til slutt. Som takk for fjellførarjobben med påtok oss, knipsa ein av dei engelske eit bilete av oss på toppen. For at me kunne ha med oss eit prov nedatt på at me begge hadde vore der, som han sa.
Opphaldet vårt går over i ein ny fase  nå. Etter ei veke med hyggeleg besøk av Markus og faren, sit me nå aleine attende i bustaden. Det var mykje aktivitet og spillopper med dei to karane i huset. Store utfordringar og mange overraskingar. Markus er ein kreativ krabat med mange tankar og idear i hovudet. Særleg vart eg satt på prøve når han og eg skulle spele med ninjakort. Reglane var eigenproduserte og tilpassa situasjonen av Markus. Eg tapte kvar gong. Tilslutt sa Markus: "Men farfar nå må du følje med. Ser du ikkje at eg juksar då?" Eg såg jo ikkje det,for eg skjøna aldri noko korkje om talverdiane på korta eller rekkefølgja i spelet. Dei er avanserte desse barnespela nå til dags. Iallfall Markus sine.
I veka me nå går inn i. kjem nye slektningar innom i Nerja. Svigerinne og svoger frå Stavanger som nå ferierer i Torremolinos, buset seg i Capistrano for eit par-tre døger. Eg undrast på om dei kan gi meg like store utfordringar som Markus? I såfall vert det nok på andre plan. Den som lever får sjå.

fredag 2. mars 2012

Ei regnfull natt

På terrassen vår er der 4 sittestolar, 2 liggestolar og 2 solsenger. Alle har greie puter som gjer sittinga og ligginga til ei himmels oppleving når sola skin og pjolteren har flytande iskule i glaset. Og det som dessutan er så greitt her i syden, er at stolputene ikkje treng å takast inn om natta. Ingen dogg, ingen regn. Slik har det vore i fleire månader her nå. Heilt til i går kveld.
"Kva lyd er det eg høyrer utanfrå?", spør Roar. "Det er frå bassenget," meiner eg. Men nei, det var ikkje det. 8 store puter, var dørgande gjennombløyta. Det hadde hølja ned ei god stund, og det fortsette ut i dei små nattetimane. Så i natt har stova vore brukt som tørkerom for dryppande skumgummiputer.
I dag er det slutt på regnet. Sola skin mellom skyene, og fuglane kvitrar meir enn før. Det gjer spanjolane rundt meg her også. "Fantastisk," meiner Juan. "Sjå oppover i fjellsida, ein kan merka den grønkast for kvart minutt som går."
Klart at regnet gjorde godt for naturen. Men ikkje for putene mine. Så for dei trengs det ikkje meir nå. Ikkje for meg heller for den sak skuld.