Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 28. september 2012

Arrivederci Pisa


Eg sit på flyet frå Pisa til Haugesund. Det er ein Ryanair maskin der servitrisene svettar, og kapteinen snøvlar på eit slags engelsk. Eg reknar med at dei alle er hyrde inn frå eit eller anna skatteparadis, der løna er låg og kviletida kort. Men det er slik Norwegian også gjer det nå for tida, iallfall til så lenge.
Hotellbussen tok meg til flyplassen. Den turen tok 7 min og kosta 3 euro. "Hent meg presis kl 08.30," sa eg til min ven i resepsjonen. Og han gjorde det, på slaget. "Ingen slinger i valsen her", sa eg. "Nei det er dei sør i landet som driv med slikt", sa han.
Å vera i Pisa ei veke, kan vera lenge nok. Men sjølv om turen vår varde ei veke, var vi ikkje der så lenge. Hotellet vårt, som låg like ved busstasjon og jernbane, gav oss greitt høve for utflukter. Vi var i Firenze, Lucca, Livorno og Marina di Pisa. Turen me hadde planlagd til cinque terre byane, måtte utgå. Der gjekk det ras dagen før vi skulle dit, med store skader både på naturen og på turistar. Ille på alle måtar.
Toppen av opplevingar vart sjølvsagt Firenze. Vakrare by med fleire kunstskattar, skal ein leita lenge etter. Kanskje den største konsentrasjonen av kunst i Italia, ja kanskje i heile verda, ymta dei om der. Og så fekk eg treffa Galileo Galilei. Han var jo fødd i Pisa men døde i Firenze, fortalde han. Sjølv om dette ikkje var mitt første møte med den karen, han har stadig dukka opp i mi fysikkverd, så vart dette stas. Dei som følgjer meg på facebook, veit det.
Lucca var og ein vakker by. Og fredleg på alle måtar. Den 4 km lange bymuren, var ein rekreasjonsplass for både gammal og ung. På denne muren kunne ein sykla, jogga, gå,, bøya, tøya og drikka raudvin i graset. Eg gjorde litt av kvart der. Bussturen dit frå Pisa, gjennom det Toscanske landskapet og togturen attende, var og ei fin oppleving.
Livorno er kystbyen der mange cruiseskip med turistar kjem innom. Der vert turistane stabla i bussar og køyrde til Det skeive tårnet i Pisa. Mirakelplassen, som dei kallar det på turistskilta. Der tek dei bilete av tårnet, og vert frakta raskt attende til skipet. Dei trur dei har sett Pisa. Det har dei ikkje. Dei ha berre sett eit skeivt tårn som blei slik fordi grunnen gav etter eingong, og så har dei sett ein drøsss med turistar. Men Pisa er mykje meir enn det. Pisa er smale gater i Universitet området, der markeder dukkar opp, vinbarar og sjapper med smakande italiensk mat kjem på plass, og spontane gateartistar fangar blikket. Universitetet i Pisa er blandt dei eldste i Italia, og har ein bygningsmasse som minner meg om Universitetet i Bergen på 60-talet. Ingen store prangande bygningar, men mange små villaer og andre krypinn. Eg var nær ved å rekka ei gjesteførelesning i matematikk der førelesaren kom frå Michigan State University. Ved det universitetet jobba eg jo ein god del rundt 1970. Men akk. Alle desse vakre studinene eg såg på brua over elva, gjorde at eg kom 30 min for seint. Men ein kan jo ikkje få både i pose og sekk.
Som sagt, eg sit på Ryanair. Blæra er full og fasten seatbelt skiltet lyser. Kapteinen har fyrste retten til å gå på do. Skulle berre mangle. Men nå er han jo ferdig. Står og flørtar med jentene sine.
Fasten seatbeltskiltet lyser framleis. Det skal seljast skrapelodd. Då må alle vera på plass i setene sine. 1 million euro er gevinsten. Eg viftar dei vekk, nett som eg gjorde med paraplyseljarane i Pisa. Eg veit at sjansen for gevinst er svimlande mykje mindre enn det å få  regn i Pisa er. Eg skal heim og undervisa i sannsynrekning på KVV nå. Så eg veit eg har rett.
Men kva er sjansen for å få tømd blæra på sømleg vis før landing skal tru. Det er eg meir usikker på.