Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 30. desember 2009

Midt mellom romjul og nyttårsafta

Det er kaldt ute i kveld. Svinkaldt. Minus 11 grader akkurat nå. Energien i lufta er redusert, molekylene tek det med ro i si ferdsle rundt andletet mitt.
Eg tek det med ro og i slikt vær. Sit helst inne i omnskråa og knekker nøtter så skalet sprett rundt på golvet. Eg elskar hasselnøtter, særleg slike som ikkje er tomme.
Men eg gjekk ein tur idag og. Då var temperaturen litt høgare. Eg beit tenna saman og håpte dei heldt. Ein skal jo trimma juleflesket.
Romjulsbesøket reiste idag. Etter ein time oppvarming av Golfen med min elektriske vifteomn, var bilen køyrbar. Då trilla han heilt attende til Askøy. Kulda er slitsam både for folk og maskinar.
I morgon er romjula slutt. Då er det nyttårsafta. Eg kjøper ikkje rakettar lenger. Eg fryktar beina ikkje skal halda til å ryma fort nok vekk frå slike fresande uhyre. Eg får nyta andre sitt spetakkel. Det er billegare slik, og eg kan opphalda meg i romtemperatur. Og så kan eg skåla for det nye året. Det er forbudt å gjera mens ein skyt opp rakettar. Så eg ser fram til feiringa.

søndag 27. desember 2009

Midt mellom jul og romjul

Det er bart golv under juletreet. Endeleg kan det flyttast på, slik at det er mogleg å koma seg ut gjennom altandøra att. Pakkana er vekke. Nedste del av stammen som eg blottla for å få plassert julegåvene, virkar naken. Han grin mot meg nå. Eg bryr meg ikkje om det. Greitt å få koma seg ut på altanen og rydda julesnøen, som nå er blitt våt og tung.

Det er stille i huset idag. Julegjestene er farne heim, dei fastbuande slektningane er i Arna, og romjulsgjestene frå Askøy kjem ikkje før i morgon. Det er ein dag for å konsolidera stillinga.

Julegåver skal monterast og skruast opp. Lappane på andre gåver skal klyppast av og arkiverast. Bøker skal lesast og nye avbitartenger prøvast. Vingåvene skal drikkast og nye sengeputer skal prøveliggast. Og så er det den nye julefrakken. Eg må ut og visa meg i den snart, så ikkje gjevaren trur eg mislikar frakken. Jo, nok å fylla dagen med.
Men kosten er framleis som han var juledagane. Ribberestene etter 1. dag, åt me 2. dag. Pinnekjøt som overlevde juleafta, skal i magen idag. Frukostane bugnar framleis av sylteflesk, rullepølse og meir, og meir...
Jo. Eg har det greitt.

tirsdag 22. desember 2009

Vellukka og mislukka juleavslutningar

Det er siste skuledagen før juleferien, har eg latt meg fortelja. Eg fekk invitasjon til juleavslutninga på min gamle arbeidsplass. Det har eg jo fått framføre kvar juleferie etter eg lot meg pensjonera, men har aldri brydd meg om det. Eg har tydleg i minne korleis me unge i si tid observerte dei avgåtte, vurderte observerbare endringar hos dei sidan førre juleavslutning, og kommenterte dei med å seia at "Du held deg lika godt du".
Slikt ville eg ikkje bli utsett for. Det lova eg meg alt i forrige århundre. Og eg har vore sterk. Avstått frå eingod del gratis julelunchar på grunn av dette. Men iår slapp eg ikkje unna. Sjarmerande, unge, vakre og feminine lektorar lokka meg til å møta opp. Dei ville visa meg skulen slik den framstår nå etter/under 0mbygginga. Og i slike situasjonar er eg ikkje stri.

Skulen blir heilt sikkert fin , når han eingong vert ferdig. Jammen må siste året ha vore ei påkjenning både framføre og bak kateteret. Omgivnadene har neppe fremja læring dette året.

Etter juleavslutninga på skulen var det i mi tid vanleg at vi"gutta" tok ei øl på den hottaste innstaden på Husnes. Det var enkelt å finna den staden før i tida. Det var jo berre hotellet som hadde skjenkerett. Men akk. Tidene endrar seg. Tenkte eg skulle få med meg denne uformelle avslutninga også i år. Men kor er innplassen nå. Eg fann han ikkje. Gjekk gjennom dei eg kjenner til, utan å sjå "gutta". Er eg for dårleg orientert når det gjeld uteplasser, eller har "gutta" gitt seg.
Eg velgjer å tru på det første, det andre ville være for gale. Dei har vel berre gøymt seg for meg.

Så det endte med at eg skreva med heim gjennom høge snøfenner i mine julesko. Heim til ho mor. Der fekk eg varma føtene mine, men øl fekk eg ikkje.

lørdag 19. desember 2009

Kvite bakkar - Raude kinn

Den heksagonale symmetrien fyller lufta og legg seg som eit kvitt laken på bakken. Rart det der med snøkrystalla. Dei er alltid sekskanta under våre atmosfæriske forhold. Glatte er dei og, om dei er mange nok. Ei lukke at eg har piggdekk og firhjulstrekk på Suzukien. Det kjem vel med i julehandelen.
Mykje skal i hus. Eg stiller tidleg på butikken. Mathusa er opne, men polet er framleis stengd. Treng to handlevogner idag, og feit bankkonto. Før i tida var det slik at julematen vart så dyr at eg overskreid maks uttaket på bankkortet. Det vart pinleg å ikkje kunna gjera opp for seg i julekøen. Slikt skjer ikkje lenger. Nå har ein om ikkje feite kontoar, så iallfall tilnærma evig og uavkorta kreditt.
Så opnar polet. Julesnapsen er redda. Raudvinen til gløggen er i korga. Pulsen går ned, og hjarta slår jamnare.
Heim å lessa ut. Bera inn.
Eg tek meg ein runde med snøskufla. Dei heksagonale krystalla skal vekk frå innkøyringa. Det skal vera ryddig til jul. Det er eit sisyfosarbeid, eg vert raud i kinna og svett i nakken. Vår Herre har kontinuitet i sitt prosjekt og er iherdig i sitt arbeid. Eg må gi opp kampen.

Det blir kvit jul iår, også i innkøyringa. Eg får prøva å gle meg ved det. Men lett blir det ikkje.

torsdag 17. desember 2009

Ein kald tur som varma

Klokka er 09. Temperaturen er -4C og vinden har styrke 7m/s. Det er ikkje særleg lyst ute, men himmelen er klar. I sør har himmelen eit skjær av rosa i horisonten. Sola sitt langbølga lys vert absorbert og spreidd annleis der enn den blåe delen. Difor dette fenomenet som eg observerer frå stresslessen min inne i mi gode, varme stove. Her er godt å sitja.

Men det er torsdag, og altså turdag saman med Helge. Eg gler og gruar meg.
Gruar meg fordi det er iskaldt. Slår opp på yr.no og ser at -4C og 7m/s svarar til ein følt temperatur på mest det doble. Eg legg fram to sett med superundertøy, hanskar, hua og det som tjukkare er. Kler meg og blir klar.
Så gler eg meg for eg blir varm ikkje berre pga habitten, men mest fordi det skal bli kjekt å ta turen og praten med Helge.

Vi skal til Svartatjødno. Det er dit torsdagsturane plar gå. 45 min opp til 350moh og minst den same tida nedatt pga tissestoppa. Vinden svir i andletet og me må gå tett for å konversera. Vinden tek tak i lydbølgjene våre, og blæs dei over Folgefonna. Dei få som klarer seg, blir effektivt stoppa av øyreklaffane på huene våre. Kommunikasjon er ein vanskeleg sak.

Men vi når topppen og finn ein stad i livd. Skriv kry i turboka som er lagd ut der. Set ei smilefjes ved sida av namnet for å kommunisera sinnstilstanden. For godt var det å koma seg ut og opp. Slikt gir smil i sjela...

onsdag 16. desember 2009

Morfar på julefest

Fjerde klasse på Undarheim skule skal ha julefest. Eg blir invitert. Jacob inviterer meg, han har ingen andre vaksne å be med seg i kveld. Han ønskjer å dela denne festen med meg. Eg treng ikkje baka eller ta med kaffi. Det ska eg få. Men det kostar 30 kr. Det kan eg og få av han. Eg avslår det siste. Vil ikkje la meg kjøpa.
Eg kler meg i sundagsklær. Måtte ha dei på, sa han. Det var jo fest. Eg hutrar meg ned til skulen. Det er kaldt, første vinterdagen denne vinteren. Eg skulle nok teke superundertøyet på. Eg angrar meg.
Eg skal møta Jacob i Hallen. Han ventar på meg. Her skal du betala, seier han og forsvinn inn i klasserommet. Eg må klara meg på eigehand nå. Det er skremmande. Folk ser på meg. Er han foreldre, tenkjer dei, trur eg. Eg finn dei tre tikroningane eg har lagt klar i bukselomma, sørgar for at ingen lommerusk følgjer med, og legg dei på bordet. Kva skal du betal for, spør dei tre elevane som sit og øver seg på skrankeyrket i Hallen. Ein vaksen, seier eg. Ok, seier dei.
Eg finn fram til klasserommet. Klarer å stiltra meg inn utan at for mange ser på meg. Eg er nervøs. Tenkjer på kva eg skal seia, om nokon snakkar til meg. Jacob er der og reddar meg. Kom skal du få sitja på min stol, seier han. Eg blir glad. Men du då, seier eg. Nei eg skal sitja i gruppe med dei andre, seier han. Eg blir usikker igjen. Overleten til meg sjølv igjen.
Klasserommet fylles opp. Ei eldre kvinne kjem inn. Ho ser forkommen ut. Finn ikkje sitjeplass. Skal eg bry meg, tenkjer eg. Så bryr eg meg. Det er plass her ved sida av meg, berre kom. Eg flyttar litt på meg. Ho smiler. Setter seg, tek fram ein termos og ein kakeboks. Takk, seier ho. Vil du ha litt. Eg smiler og isen smeltar. Det vil eg gjerne.
Kvelden er redda. Ungane var flinke i det dei framførte. Varmen i rommet auka. Jammen glad eg ikkje tok på superundertøyet.