Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 26. november 2013

Fjelltur

Det er ikkje det at det er så høgt, men det er så luftigt. Det er ikkje det at det er så frodigt, men det er så folksomt. I fjellene over Mogan, Puerto Rico og Arguinneguin er naturen magnetisk og tiltrekk seg difor menneske av både komiske fasongar og overraskande skapelonar. Nokre veltrente, spenstige og gyllenbrune. Andre i alle variantar feite, pølsete og gustne. Folk må vera som dei er og gjera med kroppen som dei vil. Men ofte undrast eg kva dei vil me han på fjelltur.

Me starta tidleg idag. Me ville ha kroppen med opp på dei ville viddene. Me ville han skulle få lufta seg frå bylarmen og baconlukta på frukostrestaurantane. Me ville ta i eit skikkeleg tak, slik at kroppen kunne få kjenna at å vera på tur ikkje berre er å strekkja seg på sleipe solsenger og leska seg med San Miguel til 3 euro literen. Me ville læra kroppen at ein må gjera seg fortent til slikt. At ein ikkje har lov å ha det godt utan også å betala for latskapen med svette og melkesyre. Slik er det berre med den saken.

  

 

mandag 25. november 2013

Naboar

Naboane våre reiste idag. Dei i sør. Det var tyskarar og ressursmedvitne folk. Morgon drammen inntok dei i pitte små drammaglas, og snapsen var medbrakt frå Lidl i Berlin. Dei tok ikkje taxi då dei drog frå hotellet.  Den 20 minuttars turen ned til busshaldeplassen greide dei godt til fots. Han med 2 koffertar og ein ryggsekk,  ho med ei vinterjakke og ei vinterkåpe over armen. På ryggen ein kledleg ryggsekk.
Smøret tok dei ikkje med seg. Heller ikkje kleklypane, og det som var att i vatndunken. Dei arrangerte ein overekkingsseremoni  like før dei drog. Me må ha sett trengande ut. Bitte sehr, sa dei. Eller noko slikt. Slik er tyskarane, iallfall nokre av dei. Likandes menneske som ikkje har tenkt å øydeleggja kloden. Men snapsen såg eg ikkje noko meir til.
Synd at dei drog. Kunne heller tenkt meg at naboane på nordsida hadde forsvunne. Ikkje det at dei har plaga meg, men dei er så hersens prektige og så irriterande vest-norske. Når eg seier god morgen til dei på terrassen, går dei inn. Når eg skålar i min gammel dansk og tyskaren i sin Lidl snaps, snur normannen i nord ryggen til. Eg trur ikkje han likar meg, og det gjer meg forvirra.
Det er komme nye folk i tyskarleiligheten. Finnar denne gongen. Dei var ikkje før innanfor terrassen før ei flaske kom opp or ryggsekken. Dei skulle feira landinga. Skal det væra ein sup, spurte dei meg. Kva drikk du, ville eg vita. Tresprit, sa han. Men eg ser jo dårleg nok frå før. Har vi inte sett det mesta da? Undrast han. Eg kallar han Pekka frå nå av.
Det virkar ikkje som om naboen i nord likar han heller. Det kan bli ei spennande framtid.

søndag 24. november 2013

Herskap og tenarar

"Det er ikkje i dette livet ein finn rettferd, det er i det neste".  Slik ordla min tidlegare kollega, religionslæraren, seg.
I Spania får ein syn for segn. Heldig er den spanjol som kan få nytta dagen sin til å vaska og sopa drit etter feite nordeuropearar. Verre er det for dei som ikkje eingong  vert utvald til slikt arbeid. Å halda på jobben kor magert utbytte og låg status han enn gir, er altoverskuggande for mange. Eg ser innkastarane på dei restaurantane der stolane står tomme. Eg ser seljarane i krimskramsbutikkane som har så god plass inne i lokalet. Dei nyttar fortvila alle tenkelege og utenkjande metodar for å få oss med pengane inn. Mange skal handhelsa og vita kor ein kjem frå. Andre vil gi meg rabattkort som eg må vera med inn i butikken for å få stempel på. Då tryllast det fram ei lekker vare som plutselig skal skifta eigar.
Dei slit i Spania både dei innanfor og dei utanfor arbeidslivet.
Soraya, reingjeringshjelpa  i bustaden min, slit også. Ho viser det ikkje fram. Ho smiler og gjer som om ho trives i jobben. Tenarar skal gjera det, om dei vil bli verande i stillinga. Ho treng inntekta for å brødfø den arbeidslause mannen og dei tra barna. Ho kan ikkje kosta på seg noko medlemskap i fagforeininga. Det kan kosta for dyrt. Ho er lynande rask og effektiv. Ho er venleg. Ho smiler igjen og ser underdanig og gledestrålande på meg når eg legg nokre euro på bordet til henne. Ho ønskjer meg ein god dag, og fer avgårde til neste tenesteoppdrag. Eg følgjer henne med blikket. Nedanfor bosspanna ser eg ho stoppar, tørkar svetten og kanskje ei tåre. Så ristar ho kjensla av seg ennå ein gong, grip fast rundt vaskebøtta og forsvinn.
Eg står att i sola på terrassen. Eg kjenner meg herskapleg , og er viss på at kollegaen min hadde rett. Iallfall i halve utsegna si. Eg vonar for Soraya sin del at han får rett i heile utsegna.