Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 29. juni 2026

Feltoppteikningar frå Kreta

Chania-bussen var stappfull, eit rullande eksperiment i korleis ein kan pressa maksimal masse inn i eit avgrensa volum. Gjennom midtgangen trampa ein røsleg kar med lærveske over skuldra og ein bunke billettar i neven. Han hadde svær nase, var konduktør, men førte seg som ein hærførar på slagmarka. Det smalt for alvor då Magnhild fann det naturleg å vippa føtene oppå setet framfor seg. Det utløyste vrede. Konduktøren lyfte haka over nasen og smelte av ei salve på beinhard gresk, som fekk henne til å skvetta til og smella skosålane i dørken. Han reiv av billettar med eit skarpt rykk, nesten som å dra eit sverd frå slira, og stira nesten til medvitsløyse på dei som somla med å finna fram småmyntane. Hadde Ares, sjølvaste krigsguden, teke på seg jobben med å halda ro og orden i kollektivtrafikken, ville han ha operert nøyaktig slik.

Inne på supermarknaden leita eg etter salta smør. Usalta smør er noko svineri som ikkje høyrer heime på noka brødskive. Borte i kassen stod ein kjekk kar, slåande lik ein ung Apollon. Då han observerte vår feilslåtte leiting langs hyllene, forlot han stasjonen sin. Han tok beina på nakken, sprang butikken rundt og dukka inn bak reolar, men kom likevel tomhendt attende. Han rista på hovudet, peika ut døra og sende oss vidare nedover gata til neste såkalla supermarknad. Vellykka. Der fann vi endeleg ei pakke salta smør i eit gøymt kjøleskap. Demeter, fruktbarheitsgudinna, kravde tydelegvis at vi måtte ut på ei lita odyssé før ho ville dela meieriets grøde med oss.

Neste stopp var hos slaktaren. Vi måtte sikra råvarer til dagens kleftiko. Bak disken stod ein kar med forkle, ein moderne Hefaistos i sitt rette element. Han kasta ikkje bort tida på å finna ledda i kjøtet, men heva i staden ei massiv øks og lét henne falla over lammelåret. Eit kontant, brutalt hogg. Beinsplintrane flaug veggimellom. Han brukte ikkje finmotorikk, men demonstrerte ei rein, kalkulert overføring av rørslemengd. Kraft x tid som vi seier i fysikken. Eit par hogg etterpå slengde han dei kløyvde kjøtstykka på vekta med eit grynt. Perfekt oppdelt, reint fysisk sett.

På tallerkenen min seinare på dagen sat eg og plukka frå kvarandre kjøt og beinsplintar. Eg starta med å dela stykket i to, så i fire. Deretter brukte eg kniven for å skilja hinnene frå det stykkevis møyre kjøtet, splitta det heile i stadig mindre bestanddelar. Demokrit ville ha nikka gjenkjennande då eg studerte bitane inngåande, fullt oppteken med å isolera det aller siste, udelelege lammekjøtatomet. Demokrit atomlæra sin store tenkar.

Sola steikte  på stranda i Kolymbari. I vasskanten låg ein kar og vippa opp og ned i bølgjene. Han brydde seg døyten om verken parasollar eller solkrem. Han berre låg der og såg korleis vassnivået steig rundt magen kvar gong han trekte pusten, og korleis han sokk litt lenger ned når han pusta ut. Han flytta på armane i systematiske rørsler for å testa væska si fortrenging. Eg venta berre på at han skulle spretta naken opp av sjøen og ropa eit rungande «Heureka!», nett slik Arkimedes gjorde då han fann oppdriftslova i badekaret.

Returen på sundag gjekk med drosje frå Agia Marina til Tavronitis. Sjåføren hadde foten limt til gasspedalen. Han snakka rasande fott på fleire språk samstundes, ropa til ein mann på gata. Ein ven, sa han. Han tasta på telefonen, og kasta stundom eit blikk i bakspegelen, alt på brøkdelen av eit sekund. Tuppen av joggeskorne flaksa over pedalane med ei fart som trassa all fornuft, han hadde køyrd taxi i Aten sa han. Den gongen før Google maps kom til menneskeheten. Han hadde kartbok i hanskerommet. Hadde drosjeløyvet hans hatt eit emblem, ville det garantert ha vore Hermes sin stav omslynga av to slangar.

Ved Gonia-klosteret i Kolumbari traff vi to tyrkerar. Kona sa ho var frå Constantinople, mannen meinte dei kom frå Istanbul. Slik blei det til at vi fire danna eit lite kor og framførte den ikkje ukjende sangen. Dei fleste besøkande var opptekne av alteret og dei eldgamle ikona. Ein fyr stod derimot for seg sjølv ute på steinhella. Han stod og sikta langs søylene. Han drog hælen gjennom støvet og rissa opp eit perfekt rektangel, før han trekte ein diagonal over med peikefingeren. Han kikka på meg, peika på katetane i støvet og nikka roleg opp mot takkonstruksjonen. Pytagoras lever i beste velgåande. Overtru fekk vera for massane; her inne var det tydelegvis streng geometri som sytte for at taket ikkje datt i hovudet på oss.

Kreta er altså ikkje berre sol og tzatziki. Det er ein stad der gudane aldri eigentleg tok pensjon, dei berre søkte seg over i andre bransjar. Ares fann seg ein trygg jobb i kollektivtrafikken. Demeter held smøret gøymt bak i kjøleskapet berre for å sjå kor langt du er villig til å gå. Hefaistos slutta med å smi lyn og tok til med lam i staden. Hermes køyrer drosje og har bytta ut gullsandalar med joggesko.

Og Pytagoras? Han er framleis på jobb, på kne i klosterstøvet, og sjekkar at vinklane stemmer.

Ein stad må jo nokon passa på at alt heng i hop.

hits

søndag 21. juni 2026

Knebøy og kyrkjeklokker

​Eg står i gangen min og stappar joggesko og håndkle ner i bagen. Utanfrå kjem lyden av kyrkjeklokker drivande. Det er søndag. Klangen dreg hovudet mitt rett tilbake til barndommen. Då kom klokkeklangen rett nok frå radioen i stova, men den var akkurat like heilag for det.

​Så snart radioklokkene kima, lakka det mot høgmesse, og alvoret la seg som eit teppe over huset. Eg kan enno minnast korleis den stive kragen på søndagsskjorta gnog mot barnehalsen. Bestefar var emissær, så her måtte me trø varsamt. Far kunne til nød forsvinna ut for å stella i fjosen. Kyrne brydde seg trass alt lite om helgedagen, men nåde den som fann fram strikkepinnane. Eg hugsar korleis eg satt innesperra ved middagsbordet og kjende rykkingane i fotballmuskelen  og/eller "slå ball" muskelen mens eg lengta ut til graset der kameratane alt var igang med å velge lag.

​Eg ristar barndomstida sine kjensler ut av hovudet, og dreg igjen glidelåsen på sportsbagen. Eg skal på treningsstudio. På sjølve kviledagen. Eg smiler litt av meg sjølv medan eg traskar i veg, men kjenner likevel at skuldrene umerkeleg kryp eit hakk oppover. Er dette eigentleg heilt stovereint?

​Utanfor glasdøra til Feelgood-senteret skjer det som må skje: Bråstopp. Låsen blinkar avvisande raudt, og døra rikkar seg ikkje same kor mykje eg dreg. Eg kastar eit raskt blikk opp mot himmelen. Så det var altså her Vårherre skulle setje ned foten.

​Brått glir ein skugge forbi på innsida av glaset. St. Peter? I så fall har han bytt kjønn sidan sist. Men kven veit, etter Pride-markeringa i går er vel takhøgda kanskje utvida der oppe òg. Døra glir opp, og ei kvinne ser mildt på meg.

– Du må legge låsebrikka  inntil den rette følaren, seier den moderne portvakta.

​Eg slepp inn i heilagdomen. Heilt åleine. St. Peter forsvinn som ei ånd i ein fillehaug. 

I tre kvarter let eg tyngdekrafta og mekanikken styre. Det er berre meg og den taktfaste, metalliske lyden av maskiner som bryt sundagsfreden. Eg dreg, pressar og lar fysikkens lover kverne på kroppen til eg pustar som ein prest etter nattverdsvinen. Svetten spring fram i dråpar på panna, samlar seg til små bekkar, og fargar t-skjorta mørk i store, klamme halvmånar under armane. Kvar muskelfiber spenner seg i rein, verdsleg utmatting. Her inne finst ikkje eit einaste fordømmande blikk. Ingen tordentale om synd og skam. Berre den djupe, trygge brumminga frå ventilasjonsanlegget som mildt velsignar ein einsam og drypande mosjonist.

​Då eg endeleg kjem ut i friluft att, er all klang fordufta. Det ringes visst ikkje for syndarar. Eg traskar heimover med blikket i asfalten og tungt, bøygd hovud. Ikkje tyngd av all verdas skam og arvesynd.  Det er nok berre ein nakkemuskel som  har fått køyrd seg.hits

fredag 5. juni 2026

Den gongen våren lukta Jurosan og hestefis

hits

Eg kan ennå kjenna koss sola klistra skjorta til ryggen, og me berre kasta ho av oss. Det var far som opna det gildet. Han hadde hår over heile brystkassen, noko eg alltid hadde beundra. Mor var ikkje sein om å henta krukka med Jurosan i fjosglaset og smurde det utover alle våre bleike vinterkroppar, bortsett frå på far som hadde pels. Så var me klare. For i min barndom merka eg aldri at det regna om våren. Sola skein alltid over tørre bakkar som venta på det årlege gullet: kuskiten.

Vipa skreik over hovuda på oss, eit tydeleg varsel om at gauken snart sat bak løa og venta på tur. Men me hadde ikkje tid til å fylgja med på fuglane. Heile familien stod klar med kvar si møkkagreip. Det var ikkje om å gjera å bli fyrst ferdig; nei, den verkelege kampen stod om kven som fekk klyva opp og pinnhalda i hestetaumane.

Å måka skiten av kjerra og spreia han, var ein jobb for fotfolket. Å stå rakrygga i front og styra hesten, det var høgstatus. Så fekk det heller våga seg at den varme vårlufta vart ein solid lapskaus av ram møkkalukt og tette, lune hestefisar kvar gong gampen tok i opp dei brattaste kneikane. Me pusta med munnen og kjempa vidare.

Når middagstida kom, gjekk me ikkje inn. Me kasta oss ned i graset under open himmel. Mor bar ut skåler med kjølig rabarbrasuppe og surmelk med sprø kavring. Me fekk og ein pølsesnabb å bita i. Det knaste mellom tennene, kjølte ned ein sveitt hals, og smakte av ingenting anna enn rein, evig vår.

Når kveldsskuggane strekte seg lange over nyspreidde bakkar, leita me fram skjortene igjen. Rista av dei kuskiten som var komen på avvegar, og dekte oss til. Sola hadde gjort sitt, og huda på skuldrene stramma og brann mildt, eit tydeleg teikn på at Jurosan-krukka frå fjosglaset kanskje hadde passert «best-før-datoen» for lengst, og at den neppe kunne skryte på seg nokon solfaktor. Omgrepet var ikkje oppfunne.

Inne på kjøkenet stod sinkbalja klar med lunka vatn. Me skrubba og gnei med ei slags heimelaga såpe, men den særprega eimen av ram kuskit og spenesalve sat som limt i huda. Han flytta med meg inn i stova, opp trappa og heilt inn under dyna. Ein lukta ikkje reint; ein lukta vår.

Det var den intense, tunge Trøyttleiken med stor T, som nå tok overhand. Det var ikkje den keisame trøyttleiken ein får av å kjeda seg, men den djupe, salige dvalen som berre svingande møkkagreiper og tung motbakke kan gi ein ti år gammal skrott. Armane var som bly, dei seig tungt ned i halmmadrassen. Før augeloka fann kvarandre, rakk ein akkurat å registrera den faste rytmen frå hjerteslaga i brystet, før ein slokna fullstendig. Lukkeleg uvitande om morgondagen, men med ei urokkeleg vissheit om at sola ville skine like varmt då.

Det er lenge sidan eg har hatt spenesalve på skuldrene. Men av og til, når våren kjem snikande, tek eg meg i å lytte etter vipa, medan eg lurer på kvar det vart av den djupe, salige trøyttleiken.