Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 14. mars 2010

Å ha tid, ta tid og gi tid

Ein har tid til det ein tek seg tid til, heiter det. Å ta seg tid, er ei evne som er ulikt utvikla hos  menneska. Det er og ei evne som er tidsavhengig, det vil seia som endrar seg med tida.
For den unge virkar det som om tida skulle vera ein slags knapphetsressurs, som ein ikkje skal sløsa med.  Alt skal unna på kortast mogleg tid. Eg hugsar godt den gongen eg som ungdom, vart stoppa i fartskontrollen.
Den eldre er tregare i rørslemønsteret sitt, og kan difor gi inntrykk av å ha allverden med tid.  Særleg eldre menn med hatt på sundagstur i bil. Slik er det jo ikkje. Tidskontoen  er ikkje som formuekontoen. Den får aldri påfyll korkje i form av nye pensjonsinnskot eller rente og rentesrente.  For mange av oss eldre, er tidskontoen  omvendt proporsjonal med formuekontoen.  
Det vi godt vaksne altså ikkje har flust av, er tid. Tida kan for nokre opplevast som ei skittrast i bærhagen. Ho flyg frå oss om vi prøver å fanga ho. Så nå for tida er det meir eit spørsmål om å ta seg tid, enn å ha tid. Ha tolmod, trur eg ein kallar det. Vera tilstades i den tida ein er i. Tenkja kvalitet i samværet med vener, vera lyttande og få andre til å føla seg verdsatt. Det er å ta seg tid til å gi tid.
Det beste ein pensjonist har å gi til andre, er av tida si. Då gir  ein av det ein kanskje har minst igjen av, og det skal vera edelt. Nett som Askeladden i eventyret. Han gav til andre av det han hadde knapphet på sjølv. Det tente han på i det lange løp, og vant kongsdottera og halve kongeriket.
Er det det eg er ute etter og?  Å dela ut av tidskontoen, og tena på det i det lange løp. Ja det er vel det. Når ein skjer til beinet, vil dei fleste ha avkastning frå investeringane sine.  Eg, nett som Arnulf Øverland, er ute etter å kjenna gleda ved å gjera andre glad. Den største gleda. Det syns eg er ei kjempeavkastning som ingen  fond eg kjenner, kan konkurrera med.
Så eg gir av tidskontoen min. Eg tenkte å tøma den. Formuekontoen  derimot, får andre tøma når tida er moden for det.

2 kommentarer:

  1. Men at du har god tid (ikkje nødvendigvis gode tider, det er merkeleg korleis fleirtalsforma endrar meininga)ser me på all filosoferinga og finurlege bloggar du tek deg tid til.

    SvarSlett
  2. Ja har jo det. Greitt å dela tid og tankar med andre i denne fasen

    SvarSlett