Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 15. desember 2014

God Jul

Eit tynt, kvitt lag av hagl la seg på plenen i natt. Nå er korna vekke og graset er grønt igjen. Eg undrast på om det var kva me fekk av kvit vinter i år. Frosne vassdropar som endra hagen sin framtoning for ei stakke stund tidleg på morgonen. Berre observerbart for dei av oss som var tidleg nok ute or senga.
Det er slik det er blitt nå, seier folk. Kvit jul høyrer fortida til, seier dei og. Men vi som har høyrd Bing Crosby  trøyste seg med draumen om  kvit jul alt for 60 - 70 år sidan, veit at kanskje ikkje alt var som på julekorta før i tida heller.
Eg treng ikkje snø i hagen for å få julestemninga på plass. Å slite på seg prolaps, blærebetennelse og naglebit  med snøskuffel i hand, er ikkje eit vilkår for å kjenne at jula er i kjømda. Ho kjem heilt av seg sjølv, når eg roar meg på sofaen, mens kona steikjer småkaker på kjøkken. Og når ho kjem inn i stova til meg med nytrekt kaffe og varm julebakst for førjulstesting, er det som jula inntek heile kroppen. Det funklar i auga og skin i sjela. Men det vert ytra om at eg må roa meg. Det er jo framleis berre advendt. Skriv heller eit julekort, er alternativet eg får.
Så nå gjer eg det. Iallfall ei førjulshelsing, som eg vonar og kan oppfattast som eit julekort. Eg slit sjølvsagt med kva eg skal skrive. God Jul vert liksom så spinkelt. Difor tullskriv eg litt før eg kjem til poenget. For eigentleg er det God Jul eg ønskjer å seie til alle mine vener. Det er vel greitt nok det?

lørdag 8. februar 2014

Flott dag å vera sjuk på

I leiligheita her i Nerja har eg eit flunkande nytt Samsung TV, med tuner som gir meg hundretals av internasjonale kanalar. Eg satte meg tidleg ned idag med ein fjernkontroll i kvar hand, i eit forsøk på å surfe fram kanalar med OL-stoff. Og det fann eg. Mange med innslag frå Sotchi. Men både CNN, BBC og dei fleste tyske og spanske kanalane, har fokus på alt anna enn idrett. Eg som ville sjå Bjørndalen, Bjørgen og Davy Watne, blei møtt med innslag om homoseksulle sine rettar i Russland, om Putin sitt skryt om sikkerheit, om fly som nesten krasjlande i OL-byen, om kva den vanlege russarar meiner om å ha OL i eige land osv osv. Alt dette er i og for seg interessant og relevant, men fullstendig uintressant for meg nett i dag. I dag ville eg sjå siklande idrettsmenn og frådande idrettskvinner. 
Eg har budd meg lenge for dette å sitja inne og sjå OL. Til kona har eg meld meg influensasjuk, og handla inn paracet, ibux og C-vitamin. Eg har blankpussa fjernkontrollar og dei bittesmå reisedrammaglasa mine, lagt putene i sofaen i høvleg høgd og og passa på at både fjernsynsbrillene og kortsynsbrillene var innanfor rekkevidde. Men ein ting var at eg hadde meld meg sjuk, det verste var at eg held på å daua då eg sleit på det verste med å finna OL-kanalen. Eg var nær ved å gi opp alt håp.
Så som ved eit lyn frå blank solkysthimmel, dukka kanalen opp. Den tyske som kallar ser: Erste. Eg fekk både skiatlom, 5000m, skiskyting og slopestyle inn i sofaen. Sjølvsagt blei det mykje gjevt metall, men ikkje meir enn fortent. Eg hadde jo jobba mykje for å få dette fram. Og då den tyske reportaren, jamgammal med meg og Ole Einar, intervjuva og rosa Bjørndalen for at han med dette hadde prova at sjølv om med er gamle, så er me framleis kapable til det mest uventa.
Det var då eg kjende den klumpen i halsen. Kona sa den skuldast sjuka mi. Ja eg er blitt skikkeleg sjuk nå, sa eg. Men kva gjer vel det i dette drittværet som er ute. Det er inne sola skin idag.

fredag 7. februar 2014

Ei reise til Nerja

Det var ikkje snø og is som dreiv meg heimanfrå i år. Det var vinden som var vond. Han var så oppøst, at det var mest som om eg kunne spart meg heile flybilletten og blese avgarde. Men så blei det altså Norwegian som tok tak i meg. Eg hamna i Malaga, med kurs mot Nerja. Kvinna eg møtte på flyplassen i Malaga, ho som har som jobb å ledsaga eldre menn frå flyet til neste transport middel, gav meg vermeldinga for Solkysten. Her har vore mykje vind i det siste, sa ho. Varm vind er bra, sa eg.
Dei to tyske kvinnene me skulle vera saman med i drosjen i 70 km frå Malaga til Nerja, var ikkje blide når me kom. Då hadde dei gamle kvinnene som meinte at man "müssen pünktlich sein" hissa seg opp i 30 min i kvart sitt drosjesete. Dei er farlige nå, sa sjåføren til meg når me pakka inn koffertane. Dei sa dei ikkje skjøna tysken min, når eg spurde om dei hadde venta lenge på meg og kona. Det vart ei kommunikativ fattigsleg reise. Berre eg og kona drøsa med kvarandre. Dei tyske skoya ikkje mykje. 
Lett forutinnteken  av stemninga blandt sure, gamle og  tyske kvinnfolk i drosjen, møtte me vår tysktalande
vertinne. Ho som eig leiligheita me bur i, og som ikkje snakkar engelsk. Ei eldre kvinne på godt over min eigen alder. Blandt dei som Hitler ikkje gav lov til å læra engelsk i hine hårde dagar. Gleda var stor då eg møtte henne i leiligheita saman med hennar norske vennine som tolk. Sjølv om det då var heilt bortkasta alle dei timane eg hadde nytta for å friska opp tysken min, for å møta nettopp henne, der besitzer. 
Ho har leigd oss ein framifrå bustad. Like ved sjøen, sentralt i Nerja med kort veg til det meste. Og så er det eit stykke veg til der våre drosjereisande tyske betjente bur.