Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 21. mai 2026

Venterommet

hits

Sykkelhjelmen sat framleis godt plassert på hovudet då eg svinga inn framfor legekontoret. Timen til den faste halvårskontrollen var ikkje før klokka 13.00, og eg hadde allereie sykla ein unødvendig æresrunde heim att og tilbake berre for å slå i hel tid. Likevel viste urskiva på armen berre fattigslege 12.45 då eg låste sykkelen.

På glassdøra lyste det kvite arket med dei velkjente, strenge bokstavane: «Vennligst ikkje gå inn dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon.» Eg vart ståande og kjenne etter. Det hadde byrja som eit lumskt, tørt rasp i brystet i totida i natt, eit slikt nattestid-angrep som ein gjerne vel å gløyme når sola kjem opp. Eg kika på arket ein gong til, rista diskret på hovudet for å jage vekk minnet om nattas hostekuler, og skreid inn døra med heva hovud men ein bratt synkande sjølvtillit.

Inne på venterommet var stolradene tomme. Berre fjerne lyder av klirrande kaffikoppar og lått frå pauserommet avslørte at dei kvitkledde framleis forsvarte lunsjfreden sin. Eg lista meg inn på ein stol, svelgde tungt og konsentrerte meg intenst om å halde brystet i sjakk. Kvar einaste vesle kiling i halsen kjendest som ei tikkande bombe på eit slikt sprit-reint rom.

Stillheita sprakk då eit eldre ektepar stampa inn. Dei snudde seg synkront rundt, speida over dei tomme stolane og fanga meg i blikket. «Kvifor er det ingen her?» kom det bryskt frå mannen. «Eg er jo her,» svara eg og nikka forsiktig. Dei vart ståande og mønstre meg, som om eg sat der på dispensasjon. Mannen kika demonstrativt på klokka, så mot døra til legane. Eit par minutt på overtid var tydelegvis nok til ein felles dom over helsevesenets somling. Dei konkluderte mutt med at lunsjen i det minste måtte ha vore uvanleg god, før dei seig ned på kvar sin stol.

Vi var tre sjeler og ti ledige sete. Det burde vera rom for dei fleste behov, men då neste kvinne kom inn døra, styrde ho målretta forbi heile det opne landskapet. Ho stoppa ikkje før kåpa hennar subba borti kneet mitt, og fann sin plass nøyaktig på nabostolen. Avstanden krympa til eit minimum. «Eg vil sitja her,» slo ho fast og retta på veska si. Eg pressa fram eit stivt smil, medan tankane flaug tilbake til nattas brysame raling i brystet. Ho skulle berre ha visst kva slags biologisk tidsinnstilt bombe ho akkurat hadde slege leir ved sida av. «Hyggelig det,» svara eg, og kjempa for å halde røysta rein. «Å, eg likar ærlege folk!» kvitra ho kontant attende.

Før eg rakk å skjøna logikken i dette, skifta ho spor utan forvarsel. «Nå er det 21 dagar att til fotball-VM.» «Ja, gler du deg til det?» spurde eg og prøvde å finne den rette, nysgjerrige tonen. «Nei, eg ser ikkje på fotball,» svara ho utan å blunke. «Eg høyrer på lydbok.» Eg mista heilt tråden i den logiske overgangen, og vart sitjande og mulla på ein låg, stadfestande lyd medan eg stirde tomt ut i lufta.

Ein ung mann kom inn og braut den intense kvardagsfilosofien. Han bar høgrehanda i eit litt skittent, heimelaga arrangement av gasbind og netting, tydeleg fiksa ved kjøkkenbenken heime. Mitt tette naboskap reagerte momentant. Ho kasta eit storøgd blikk på den provisoriske bandasjen, kjende ein fare i rommet, og tok eit kontant tak i stolsetet sitt. Med eit hardt rykk riksa ho heile stolen – og seg sjølv – endå nokre centimeter nærare meg.

Vi sat så tett at eg mest kunne kjenne pulsen hennar, då døra inn til korridoren endeleg gjekk opp. Ein lege stakk hovudet ut og leste opp namnet hennar frå arket sitt.

Lufta vende tilbake i rommet då ho reiste seg og forsvann inn døra. Eg fann min eigen personlege sfære att, svelgde unna den siste kilinga i halsen, og innsåg at halvårskontrollar har ein verdi lenge før ein i det heile kjem inn til legen.


søndag 10. mai 2026

Med Brooklyn i handa og Chesterfield i ryggen

Eg trykkjer éin gong, to gonger, heilt til verda fell mjukare rundt øyra mine. Høyreapparatet klikkar på plass i den innstillinga eg ganske enkelt har døypt «Pub». Det blir ikkje heilt stille, berre rimelegare å ha med å gjere. Berre nok til at ekkoet og etterklangen legg seg litt.  


På andre sida av bordet sit sonen min. Han snakkar med heile seg, smilande og medrivande, og brukar hendene vel så mykje som munnen. Eg ser smilet før eg fangar orda. Ser at han er nøgd med at vi fekk dette til. Eg nikkar tilbake, nett som om eg fekk med meg kvar einaste staving.

Ein treng trass alt ikkje høyre alt for å kjenne seg med. Ein treng strengt tatt ikkje sjå alt heller.

Det er ikkje konseptet pub i seg sjølv som er nytt for meg. Eg har sanneleg frekventert min del av dei opp gjennom åra, truleg fleire enn kva fastlegen ville tilrådd. Eg hugsar den gamle puben her på Husnes. Den gongen sigarettrøyken låg som eit ullteppe under taket, og latteren sat laust i dei slitne veggane. Då køen strakte seg langt ut i Opsangervegen, og folk song skeivt, men meinte det uendeleg godt. Det var fest og eit rabalder utan like. Høglydt, kaotisk men kanskje ikkje ein stad for folk som hadde tenkt å bli vaksne.


Men dette er noko anna. Dette er Støyperiet. Eg søkk ned i ein Chesterfield-stol og kjenner at eg ikkje har tenkt å reise meg på ei god stund. 

Ny pub, nye lydar, nye folk. Dette er ein folkepub, reist på ei dugnadsånd som openbert nektar å døy ut her i bygda. Det er mange år sidan Husnes kjendest slik for meg. Kanskje fordi verda mi naturleg nok har vorte litt trongare med tida. Kanskje fordi kroppen ikkje lenger lystrar kvar einaste ordre frå hovudet, og ein blir gradvis meir varsam med åra.

Likevel er det han som limer kvelden saman. Sonen min held praten i gang, syt for at alt flyt lett og gjer heile kvelden uanstrengt og triveleg. Det handlar ikkje om at han skal ta faren sin med ut på byen, men heller om at vi i lag tek tilbake ein fast plass ved bordet.

Og akkurat det var vi nok modne for begge to.

Eg reiser meg, seint men sikkert. Tyngdekrafta gjer seg framleis gjeldande. Golvet her inne lever tilsynelatande sitt eige liv. Det bølgjer svakt under skosolane mine, eller kanskje det berre er eg som har dårlege sjøbein. Etter éin Brooklyn IPA blir uansett verda litt rundare i kantane. Etter to går eg beint fram småelegant. Eg humrar litt for meg sjølv på veg til toalettet, for det er ikkje lenger berre eit ærend. Det er ein ekspedisjon. Frå bordet til tappen, inn på toalettet, og kanskje ein ørliten omveg tilbake, og eg er ganske sikker på at eg har tilbakelagt same distanse som dei som skryt av trimtur langs vatnet.

Kroppen har ikkje godt av å vite skilnaden uansett.


Bartendaren har skjønt teikninga no. Glaset står klart før eg i det heile rekk å kremte. Fingrane mine manglar finmotorikken dei ein gong hadde, og når ubalansen min får ølet til å skvalpe litt over kanten, spelar det absolutt inga rolle. Det framstår berre som eit litt uvørent, sjarmerande forsøk på å skåle.

Eg lèt meg søkke ned att i Chesterfield-stolen, med Brooklyn-ølen i neven og varmen frå lokalet slåande mot meg. Rundt meg sit folk i mange aldrar, karar og kvinner med forsiktige steg og lange, levde liv bak seg. Andleta vender seg mot lyset, mot kvarandre og mot det pulserande livet her inne. Vi stabba oss kanskje inn, og vi kjem heilt sikkert til å stabbe oss ut att. Men det er fullstendig uvesentleg.

Det einaste som betyr noko, er tida mellom inngangsdøra og den siste slurken.

Og der, midt i hjartet av Husnes, djupt nede i ein raus Chesterfield-stol med sonen min smilande over bordet, slår det meg: Livet er slett ikkje det verste ein har. Særleg ikkje om våren, i godt selskap. På pub


 hits

mandag 4. mai 2026

Bussen. Ein kulturarena

hits

Dei seier du lærer mest om verda ved å reise. Eg er heilt einig, men då meiner eg ikkje dei store katedralane, solnedgangane over havet eller restaurantane der kelnaren legg servietten i fanget ditt. Eg meiner å sitje på bussen.


Få stader på jorda er dei kulturelle skilnadene så nakne og ufiltrerte.

Ta til dømes det enkle spørsmålet: Kor sit du?

Ein forskar frå Yale brukte tre år og tusenvis av kilometer på å studere akkurat dette. Den største uskrivne regelen på bussen er å ikkje setje seg ved sidan av nokon om det finst ledige sete andre stader. Bryt du denne regelen, er du med ein gong den rare.

Men kva er "rare" eigentleg? Det kjem heilt an på kor du kjem frå.

På ein buss frå Husnes til  Bergen set folk seg lengst mogleg unna kvarandre, helst med to tomme seterader mellom, og unngår augekontakt som om det var ein smittsam sjukdom. Ein mann i 40-åra set seg ned, opnar telefonen, og stirrar ned i skjermen. Ei eldre dame med handlepose set seg heilt fremst og ser rett fram. Ingen snakkar. Nokon les. Ein hostar forsiktig og ser nesten ut som han vil orsake seg til heile bussen.

På ein busstur i Malaga set ein framand seg rett ved sida av deg, smiler breitt og spør kvar du er på veg. Innan tre minutt veit du kva ho hadde til middag i går og at dottera hennar giftar seg til sommaren. Ho viser deg bilete på telefonen. Du ler. Ho ler. Ingen av dei to variantane er gal, men møtet mellom dei kan bli litt klossete.

Det er sjeldan servering ombord. Iallfall ikkje hos Skyss. Folk har med seg næringa sjølv, og ho kjem i ulike utgåver.

Eg har sete ved sida av nokon som et reker med majones. Dei knekk skala roleg og systematisk, ein etter ein, og legg restane i ei lita pose. Eg har kjent lukta av  Roquefort og kvitløk spreie seg som ein stille katastrofe bakover i bussen, sete etter sete, til folk byrja å sjå seg diskret rundt. Eg har sett ein mann ete eit fullstendig, varmt tre-retters måltid med bestikk og det heile, roleg, oppreist, med blikket framover. Utan eitt glimt av skam. Men det var i Kina på vegen mellom Xian og Beijing. 

Ein del av meg beundra han.

For i mange kulturar er det å ete kor som helst og når som helst like naturleg som å puste. Mat er ikkje noko å gøyme vekk, det er noko å dele, noko å vise stolt fram. Den norske tradisjonen med å sitje og stirre ned i fanget og late som ein ikkje et nistepakken sin, er faktisk ganske merkeleg sett utanfrå. Sjølv har eg i all løyndom fått i meg ei skive med brunost og stundom eit hardkokt egg på akkurat den måten. Det var då eg humpa mellom Hatvik og Osøyro.

Det finst eit uoffisielt støykart over verda, og det kjem tydeleg fram på bussen.

I Skandinavia er det å vere stille ein dyd. Iallfall før i tida. Dei etnisk norske kviskriar ofte i telefonen, som om det å snakke med normal stemme er å forstyrre i ei gravferd. I allfall før i tida.

I andre delar av verda er bussen ein sosial arena. Musikk vert spela frå høgtalarar. Familiar ropar til kvarandre over fire seterader. Ein mann snur seg og held opp telefonen sin, han vil vise ein video til naboen sin, som han møtte for fem minutt sidan. Eg opplevde det på bussen i Nerja, på veg opp til Capistrano, og eg sat og flirte heile vegen.

Begge variantar har sine høgdepunkt. Den stille bussen kan vere fredeleg og deileg. Den høglydte kan, på ein god dag, kjennast som ein liten fest du ikkje visste du var invitert til.

Og så er det dei historiene som ikkje handlar om kultur i det heile, berre om menneske som er menneske.

Som dama på den raude ikoniske bussen i London, som brukte sitt eige hår som tanntråd. Stille, konsentrert, heilt i sin eigen verd. Eller den eldre herren som roleg tok fram ei eske med Viagra frå ein farmasipose, las bruksanvisninga grundig, side for side, og svelgde ein tablett med ein liten slurk vatn. Midt på bussen. Utan å sjå opp.

Ingen av desse er kulturelle misforståingar. Dei er berre livet, rart, uføreseieleg og aldri kjedelig.

Eg har floge business class frå Paris til Bangkok med varme handklede og champagne. Eg har teke taxi i København frå Nyhavn til Bartofs kafe  med varm kaffi og Gammel Dansk i handa. Men ingenting slår å sitje på bussen når det gjeld rein, ufiltrert menneskeleg mangfald.

På bussen møter du verda slik ho faktisk er, ikkje slik ho ser ut på Instagram. Du sit skulder ved skulder med nokon du aldri ville møtt elles. Du ser vanar, høyrer språk, kjenner lukter og ser reaksjonar som minner deg om at det finst tusenvis av måtar å vere menneske på.

Nokre av dei er litt annleis enn din eigen. Nokre er heilt uforståelege. Og nokre er så rare at du sit og flirer heilt til du er framme.

lørdag 2. mai 2026

Tankar om sirkus ved min altan

hitsDet var torsdag siste dagen i april då sirkuset slo opp teltet på grusplassen nedanfor altanen min. Eg sat med ein kaffikopp og såg dei rigga opp, planke for planke, line for line, og tenkte på kor mange hender som må til for å bygga ein draum.

Eg reiste vekk nokre dagar. Då eg kom heim att, stod framleis teltet der. Eg skylde den brukte koppen og trekte meg ein ny. Sette meg på altanen og tenkte vidare.


Eg vasa meg inn i å tenkja på alle dei andre draumane som desse omstreifarane der på grusplassen nedanfor altanen min kanskje gjekk og bar på.

Mannen bak teltet 

Inne i teltet flyg kvinner. Dei flyg som om tyngdekrafta er noko som gjeld andre folk, som gjeld dei som sit og ser opp med opne munnar og popkorn i fanget. Musikken dundrar. Direktøren ler med heile kroppen sin, ein latter han har øvd på, slipt på heilt til han sit.

Bak teltet er det ein mann.

Han heiter noko som folk her ikkje greier å uttala, så dei kallar han noko anna, noko kortare. Han har lært seg å snu seg når dei seier det. Det er nok.

Han kom hit for to år sidan, eller tre — det er vanskeleg å hugsa når dagane liknar så mykje på kvarandre. Kvar by er ein ny plass som likevel er den same plassen. Eit jorde. Eit telt. Ein direktør med store armar. Dyr som luktar dyr. Og han, med kosten sin, med bøtta si, med ryggen som har begynt å seia ifrå om morgonen. Han hadde tenkt seg noko anna. Det er ikkje slik han seier det til seg sjølv, for det gjer vondt å setja ord på — men det ligg der, stille og tungt, som noko han bar med seg over grensa og ikkje fekk levert frå seg sidan.

Han har ein mobiltelefon med ein sprekk i skjermen. Kvar kveld når førestillinga er godt igang, finn han seg ein plass bak teltet der det er litt mindre vind, og ringjer heim. Det tek nokre sekund før stemma kjem. Han spør korleis det går med dei. Seier at det går fint her. Seier ikkje at han stod på ein grusplass i dag og såg ein fugl han ikkje kjende att, og at det slo han, akkurat der, kor langt heimanfrå han er. Han seier at han sender pengar snart. Det er alltid sant.

Inne i teltet er det applaus. Nokon har floge, og nokon har fanga. Dei vil sjå at nokon kan sleppa taket og bli tatt imot — at fallet ikkje kjem. Han veit ein del om fall. Han veit også at hender ikkje alltid grip.

Han ringjer likevel, kvar kveld, bak teltet, der ingen ser han.


Klovnen 

Han kjem ut bakvegen med sminka ennå på.

Direktøren la handa på skuldra hans etterpå, sa det han alltid seier når det har gått bra. Og det gjekk bra. Publikum lo på dei rette stadane. Men han veit — på same måten som ein musikar veit når fingrane fann alle tonane, men noko anna var borte. Han jobba for hardt for det i kveld. Latteren kom fordi han pressa på, ikkje fordi noko opna seg.

Han set seg på ein kasse med hatten i fanget og ser på sminka på fingrane sine. Den kvite, den raude. Klovn er eit yrke der du ikkje får lov til å vera trist. Det er heile poenget. Du tek tristheita og vrengjer ho og gjer ho til noko folk kan le av utan å vita at dei ler av noko verkeleg. Når det verkar, er det det vakraste han veit. I kveld verka det ikkje. Ikkje for han.

Han sit der til det er tid for finalen. Då går han inn og bukkar saman med alle dei andre, med den store måla munnen sin, og tenkjer at neste gong skal han få det til.

Det er det som held han gåande. Ikkje klappinga. Berre det eine løftet han gir seg sjølv, kvar kveld:

Neste gong.


Trapeskvinna 

Ho har si eiga campingvogn.

Det veit alle. Det er eit teikn — på status, på posisjon, på at ho er noko dei andre ikkje er. Og det er sant, ho er det. Når ho er i lufta, er det som om resten av verda held pusten, som om tre hundre menneske samlar seg om eitt einaste punkt, og det punktet er ho.

Etterpå går ho inn i vogna si og låser døra.

Ikkje av arroganse. Folk trur det, ho veit dei trur det — at ho held seg for god, at stjerna ikkje vil bry seg med resten. Men det er ikkje det. Det er berre at ingen kjem bort til henne på same måten som dei kjem bort til kvarandre. Dei seier hei, dei smiler, dei er høflege som mot nokon dei beundrar og ikkje heilt trur er verkeleg. Ingen spør om ho vil vera med å eta. Dei reknar med at ho har noko betre å gjera.

Ho har ingenting betre å gjera.

Ho sit i vogna med te som blir kald, og høyrer latteren frå dei andre utanfor, og tenkjer at det er ein merkeleg pris å betala for å vera den dei alle ser på. At di meir synleg du er, di meir åleine kan du bli. At lyset som treffer deg i manesjen kastar skugge over alt det andre.

Ho flyg best av alle. Det veit ho. Det er ikkje skryt, det er berre sant, det er det ho har ofra alt anna for.

Av og til lurer ho på om det var eit godt bytte.


Rivinga 

Siste framsyning er over. Det er laurdagskveld.

Riggarane er alt i gang før publikum er ute av parkeringsplassen. Slik er det alltid. Det er ingen tid til å kjenna på noko — berre arbeid, og hendene som veit kva dei skal gjera utan at hovudet treng å spørja.


Veggane i teltet forsvinn først. Det er alltid litt brutalt, det augeblikket — når sidene fell og himmelen kjem inn og det som var ei lukka verd plutseleg berre er eit jorde att. Så innreiinga. Setene, trappene, manesjen. Til slutt linene, dei som bar alt, dei som ingenting hadde hengt utan.

Mannen med sprekken i mobiltelefonen har blanda seg med alle dei andre. No er det ikkje hierarki, ikkje rangorden — no er det berre hender som må til, og alle må delta, og det må gå fort. Han ber det han kan bera. Alle ber det dei kan bera. Det er kanskje den einaste tida dei verkeleg er like.

Dei skal nå ferja over Hardangerfjorden.

Eg ser det heile frå min altan.

Teltet som forsvinn bit for bit, lastebilane som fyller seg, menneska som rører seg idet mørket faller på. Det er noko stille og fint over det — ei heil verd som pakkar seg saman, krympar seg ned til det som fekk plass på eit jorde i to dagar, og snart er borte som om det aldri var her.

Så, i eit lite glimt trur eg at eg ser henne.


Gul vest. Hjelm. Ho ber noko tungt og går med raske steg mot ein av lastebilane. Det kan vera ho. Det er noko med måten ho beveger seg på, noko eg kjenner att frå der oppe i lufta, ei slags ro i kroppen sjølv når alt rundt er kaos.

Eg blir glad av det.

Så er ho borte att, inn i mylderet, og eg veit ikkje lenger. Kanskje var det ho. Kanskje var det berre ein av dei mange, ein av alle dei eg ikkje kjenner namna på. Kanskje hallusinerte eg fordi eg ville at ho skulle vera der — ute blant dei andre, med gul vest og hjelm og eit tak å bera i saman med resten.

Eg veit ikkje.

fredag 1. mai 2026

Frukost ved Karmsundet

hitsFrukostbuffeen låg der og glinsa meir velorganisert enn eg er van med heimanfrå. Eit lite løfte om ein god start på dagen. Speilegga hadde diverre allereie gjeve tapt for naturlovene. Dei låg der, litt tørre og stive i kantane, som om dei hadde venta for lenge på at nokon skulle forbarme seg over dei. Baconet, derimot, hadde forstått oppgåva si til fulle. Saftig, sprøtt, og med ei nesten arrogant sjølvtillit. Eg fylte tallerkenen og skauv vekk minnet om spegelbiletet mitt frå morgondusjen. Tyngdekrafta og tidas tann har gjort sitt, bevares, men det treng ein ikkje finrekne på før ein har fått i seg kaffi. Eg visste utmerkt godt kva eg dreiv med.

​Eg fann meg eit bord med utsikt. Karmsundet låg der, tilsynelatande roleg på overflata, men med dei kraftige straumane drivande under, akkurat som det alltid har gjort. På andre sida klamrar Storasund seg fast. Eit par standhaftige hobbybønder held liv i det grøne, som om dei på trass nektar å gi slepp på det som var. Eg sat der og trekte pusten djupt, nesten i von om å kjenne eit blaff av møkk. Berre for å kjenne att noko handgripeleg og ekte frå ei svunnen tid. Men lukta kom ikkje. Heller ikkje den stramme, tunge lukta frå sildoljefabrikkane som ein gong la seg som eit tjukt teppe over sundet og fortalde oss at det var liv og arbeid i sikte. No luktar det mest... ingenting. Reint. Kanskje litt for diesel nokre køyretøy som ennå ikkje har konvertert.

​Eg bur på Radisson, berre tre steinkast frå dei nøyaktige koordinatane der eg sleit ut skorne mine gjennom sju år på barneskulen. Den gongen var det jord her. Skikkeleg mold som la seg under neglene, og traktorar som tok seg god tid og følgde sine eigne, naturlege rytmar. No er heile fundamentet bytta ut. Asfalt, stål, glas og parkeringsplassar så langt auge rekk. Utvikling, kallar dei det visst. Eg får la det ligge til frukosten er fortært.

​Eg har familie i desse traktene. Folk eg deler genmateriale med, men sjeldan kvardagar. Reint statistisk treffest vi stort sett berre når nokon døyr. Det er ein litt upraktisk og dårleg vane, eigentleg. Så denne gongen fann eg ut at eg skulle introdusere ein ny variabel: å berre vere her, heilt utan svart dress og dempa stemmer. Berre sitje her og sjå kva som skjer når ein ikkje følgjer det faste mønsteret.

​Frukostmetten sig etter kvart på, tung og behageleg. Eg tek med meg lekamen ut i kaffisalongen – eller «lobbyen», som dei no seier sjølv her ute, som om det var eit naturleg norsk ord. Eg finn meg ein stol og let menneska passere. Prøver å unngå å setje krokfot på dei.

​Tvers over gata ligg Rikets sal. Det er stille der i dag. 1. mai er ikkje ein dag dei markerer med flagg og hornmusikk. Dei har visst andre sigrar å feire for tida, av den litt meir juridiske sorten. Høgsterett og det heile. No er det vel tilbake til vanleg drift. Eg dreg på smilebandet og ser føre meg at Vårherre òg lyt ha fått seg ein ergonomisk kontorstol og fast arbeidstid der inne ein stad.

​Eg nikkar litt for meg sjølv, tek ein slurk av kaffien og let blikket gli sørover.

​Der ligg Karmsund bru. Framleis den finaste i verda. Ein elegant, kompromisslaus bue i stål som har trassa både vêr og vind. Eg har meint det sidan den 22. oktober 1955. Då stod eg der, tolv år gammal, side om side med kronprins Olav då han klipte snora, medan eg og resten av klassen ropte hurra så lungene nesten brast. Eg var ganske sikker på at sjølve verda byrja akkurat der, på det brudekket.

​Olav er borte no. Det er mange andre òg.

​«Men merket det stend, um mannen han stuper.»

​Og eg sit her, mett av både bacon og minne, og tenkjer at stål, naturlover og nokre gode ord i grunnen held i massevis for i dag.