Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 7. mars 2010

Om å høvla og å høvlast



Sløyd starta eg med i 6. klasse på folkeskulen. Eg blei kjend med høvelen. Det var ein skummel reiskap. Den korte var hendig, men ustyrleg for ein 12 åring. Når ein skulle høvla på tverrs av veden, flisa det seg alltid til. Å banka jernet til rett høvledjupne, var uråd. Då måtte sløydlærar Salhus ropast på. "Dette må du då klara", sa han.
Den lange høvelen var for større arbeid og større karar. Den var stødig, og fjerna skånsomt ujamningar frå emnet. Samstundes var den effektiv når noko skulle høvlast ned, slankast. Eg trur det er den ein nyttar og i dag, når rentetoppar skal høvlast ned, og budsjett skal slankast. Ein tar den i bruk etter ostehøvlen er lagd vekk.
Til konfirmasjonen fekk eg metalhøvel. Ein finegga pussehøvel som skava flott og nøyaktig, og laga flortynne spon. Eg fekk aldri tillit til den. Nytta han mest for skam skuld, sidan det var ei gåve frå velmeinande folk.
Idag brukar eg elektrisk. Den er effektiv, og har gjort gode jobbar både på dører som "tek", gjerdestokkar som skal slankast og fingertuppar som kjem i "vegen".
Høvelen til venstre er ikkje min. Den vert brukt på gamle mannfolk som må høvlast ned, avdi dei bresar seg for mykje på dei utrulegaste stader på kroppen. Må ikkje forveklast med å bli overhøvla. Vonar høvlaren er stø på handa, iallfall på mandag på Haugesund sjukehus.  Eg dreg dit ikveld.                                      

2 kommentarer:

  1. Dei veit vel kva dei gjer desse kirurgane som skal høvla, lukke til då.Turid

    SvarSlett
  2. Ein slik langhøvel skulle eg gjerne ha fått tak i. Tenkjer det var ein slik eg brukte på den store bokhylla mi for 51 år sidan. Lukke til i Haugesund, men be dei bruke ein pussehøvel (ikkje avbilda ovanfor).

    SvarSlett