Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 20. mars 2010

5. Lesa - og evna å bli engasjert og å bli rørt

Detter er nr 5 frå bloggen "Mi Tid"

Eg kjem frå ein møblert heim. Men han var ikkje møblert med bokhyller. ”Har du lest leksene dine?” spurde dei vaksne. ”Ja”, sa eg. ”Kva er det du les nå da”, spurde dei. Det stakk meg i samvitet  at eg sat og las, når det var så mykje arbeid å gjera ute. ”Ikkje sit her inne og tulla vekk tida då”, sa dei.
Eg prøvde meg fram med ulik litteratur: "Den ensomme øya",  "Lurvenøste og struperen" og "Mette og Tom i hulen". Fekk låna dei på skulebiblioteket. Seinare gjekk eg i løyndom over til teinkeserien Vill Vest der Kaptein Miki var lett på avtrekkaren, og etterkvart Cocktail der dei fleste var lette både her og der. Denne literaturen låg ikkje på nattbordet mitt. Den låg under madrassen, og eg las dei under dyna. Men lesing var å kasta bort tida, meinte dei vaksne. Madrassen vart endevendt, litteraturen brend, og eg hamna i forhøyr. Så det blei med Nordahl Rolfsens lesebøker etter dette, men ofte som omslag rundt dei andre.
Eg gjekk på gymaset, og sidan studerte eg realfag på UiB. Då blei det lesing. Men eg las avdi det var pensum. Å tulla vekk tida med å lesa, når leksene var gjort og studiedagen var over, gadd eg ikkje. Pensumstresset øydela interessa mi for bøker. Det var ei tid eg ikkje las anna enn tala på straummålaren og prisane i Clas Ohlson katalogen,
Prostataen auka og hjernen skrumpa. Med andre ord, tida gjekk. Når leserommet i hjernen var på minimum, trur eg knapt  det var  plass til Herta Muller si bok ”Også  den gang var reven jeger ”. Det var ei bok eg seinare pløgde gjennom, og fant både fragmentert og håplaus. Så lite som sat igjen etter den, trollbandt ikkje mange  hjerneviklingar.
Nå har eg sula meg innatt, til bøkenes verden. Leselysta er, som ei mengd andre lyster, på veg oppatt. Særleg etter eg vart ferdig i yrkeslivet. Tenk å få lesa utan forpliktelser. Eg er slik skrudd saman at det eg må, det gjer eg. Men det eg ikkje må, det eg berre har valgt å gjera av fri vilje, det gjer eg med attrå.  Eg vart engasjert av lesing igjen. Engasjementet toppar seg jo når eg les Skattelistene. ” Fy søren”, seier eg. ”Dette er sterkt”.  ”Det finns inga rettferd i verda”, seier eg og.
Eg lånar lesebøkene mine på bibliteket nå. Der finn eg og lydbøkene. I fjor las eg som tidlegare nemnd gjennom lista eg laga her. Nå les eg Knausgård: Min Kamp. Er ved nummer 2.  Sterke saker. Ja det er slik det er, tenkjer eg. Kjenner meg att i sinnstemningar og hendingar, som eg ikkje likar å bli minna om. Stundom vert auga mitt stort, og  kinnet mitt vått. Innhaldet i Kleenex-eska minkar. Eg må gå over til lydbøker. Men søren, nå har også øyrene begynt å drypla. Eg må skaffa meg Q-tips.
Men det får stå til. Kva kan vel måla seg med ei kvalitetsbok ein sur, vestlandsk,  drittdag. Når regnet slår mot ruta og hjarta dryplar blod ned i sjela.
Det måtte i såfall vera eit glas raudvin. Det kan vera ei løysing til kvelden. Kva med både bok og raudvin. Kombinera det beste frå to verdenar. Då får eg påfyll både i hjarta og i blæra. Ein genial ide.

3 kommentarer:

  1. Eg har skore kraftig ned på annan lesing etter at eg begynte å lese bloggen din. Den fyller langt på veg lesebehova mine. I går vart eg mesta på gråten, eg og. Det var sterke saker.

    SvarSlett
  2. Au då. Eg må leggja om til ein lystigare stil, skjønar eg

    SvarSlett
  3. Nei, nei. Dagens tekst var passeleg lystig etter min smak. Og eg, som har slik lystig natur, treng motvekt for å kome ned att på jorda.

    SvarSlett