Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
fredag 31. juli 2026
tirsdag 28. juli 2026
Rutinert ryttar
Rutinert ryttar
Når ein har ridd på livets landevegar i åtte tiår, lærer ein seg eitt og anna om hesten. I yngre dagar fanst det knapt grenser for kor mange ville avstikkarar ein kunne ta, ofte utan verken kart eller kompass. Men som ein kvar rutinert livsfarar veit: Om du ikkje held i taumane, tek termodynamikkens andre lov over. Alt går naturleg mot kaos om du ikkje systematisk tilfører struktur og energi.
For meg har denne strukturen materialisert seg i det som for utanforståande kan verke som eit sett med nokså sære rutinar. Men trur du dei er der for å stenge meg inne? Tvert om! Dei er rett og slett det nøye utrekna stillaset som held resten av sirkuset oppe, og som gjer kvardagen til ein lun og trygg stad å vere.
Maskineriet vaknar
Heile oppstartsprosedyren byrjar allereie før frukost, medan føtene framleis er sokkelause. Då er det tid for det faste kruset med kvit kaffi, samstundes som beina blir planta trygt på ei Revitive fotmassasjeplate. Denne tretti minutt lange vibrasjonen under fotsolane sender ein tydeleg, telegrafisk beskjed heilt opp til hovudet: «Hallo der oppe, maskineriet er slått på, vi er faktisk stått opp!»
Når sentralnervesystemet vel har fått denne morgonristinga, er det klart for frukosten. Ein skulle kanskje tru at ein slapp unna med to brødskiver med eit mjølkeglas til når ein har nådd ein viss alder. Men nei. For den rutinerte ryttaren er frukost rein kjemi og presisjon. Kvar einaste morgon startar med den same blandinga: Bladsalat, raud paprika, raudlauk, agurk og tomat, toppa med eit speilegg, alt overrisla med kaldpressa olivenolje og balsamico. Det ser kanskje ut som eit botanisk eksperiment som har løpt løpsk på asjetten, men det er nøyaktig det maskineriet treng for å tenne pluggane. Maskineriet elskar stabilitet. Magen nikkar under skjortekanten.
Det sosiale ankerfestet
Så har vi vedlikehaldet av sjølve skroget. Tre dagar i veka finn ein meg på Feelgood-senteret. Ikkje for å pumpe jern som ein ungfole med overtenning, men for å sørgje for at hjula framleis går rundt og at tyngdekrafta ikkje vinn meir terreng enn høgst naudsynt. Det er systematisk vedlikehald av biologien, sett i eit fast skjema slik at eg slepp å bruke mental energi på å kjenne etter om eg har lyst i dag.
Og kva med den sosiale navigeringa? Det krevst eit fast ankerfeste. For meg inneber det ein tur på føtene langs vatnet, der ein halvtimes tur brått tek dobbel så lang tid, av reint sosiale årsaker. Og så er det Støyperiet. Å sige ned i den same Chesterfield-stolen og bestille den same kalde Brooklyn IPA-en, er ikkje eit teikn på stivna fantasi. Det er rett og slett å skape eit fast orienteringspunkt i eit elles forvirrande univers.
Det same gjeld når sommarsola steikjer og den koksgrå sixpencen er fast standardutrustning på hovudet, eller når kvelden sig på og eit fast glas med tørr, tysk Riesling finn vegen ut på den innglasa altanen. Då er eg sosial på eiga hand, og snakkar med dei som er til stades. Som oftast er det berre meg!
Dynamisk jamvekt
Når ein ramsar opp nøyaktige ingrediensar i morgonmåltidet og insisterer på ein fast stol på den lokale puben, er det fort gjort at kritikarane kvesser knivane. Er ein eigentleg berre ein pedantisk tørrpinn? Har ein vorte ein rigid gamal gubbe som får hjarteflimmer om ein lyt ete eit vanleg rundstykke med ost til frukost?
Skilnaden på ein livsglad ryttar og ein fastlåst pedant ligg i det naturvitskapen kallar ei dynamisk jamvekt. Rammeverket er der, solid og trygt, men det er fleksibelt nok til å tole eit vindkast. Den lune sanninga er at det er nettopp fordi grunnmuren er så massiv og solid, at ein verkeleg kan tillate seg å ha det gøy. Det er tryggleiken i basisen som gjev ryggrad til å leike og improvisere.
Når grunnmuren blir ein festning
Men lat meg for all del ikkje framstille dette som om eg alltid rir feilfritt. Det finst dagar der eg strammar taumane så hardt at hesten steilar. For av og til rår systemet så sterkt at det trygge stillaset blir omgjort til ei tvangstrøye, heilt av seg sjølv.
Sjå for deg ein heilt vanleg onsdagskveld. Sixpencen har fått kvile i gangen. Eg har teke på meg dei mjukaste buksene eg eig, trekt att glasdørene på balkongen akkurat nok til å stengje trekken ute, og rigga meg til i stolen med ei bok på Kindle-en. Dagens kalori- og aktivitetsbudsjett er i perfekt balanse. Likevekta er total.
Så vibrerer telefonen på bordet.
Det er ein kjenning. «Hei! Vi er ein gjeng som brått fann ut at vi skulle ta ein tur ned på Støyperiet. Nokre karar har visst rigga opp og spelar noko fin country. Hiv deg rundt, kom ned!»
Kva skjer i det naturvitskaplege hovudet mitt da? Jau, den indre pedanten slår full alarm. «Avslag!» ropar han. «Dette ligg heilt utanfor skjema! Buksene er for mjuke, og lesebrettet er allereie slått på.» Før eg får tenkt meg om, har tomlane mine alt tasta inn eit høfleg, men kontant svar på autopiloten: «Takk for tanken, men eg har alt rigga meg til for kvelden. Kos dykk!»
Så legg eg frå meg telefonen. Det går ti minutt. Eg prøver å feste blikket på skjermen, men bokstavane er berre grå, keisame maur. Roen på altanen, som for eit kvarter sidan var luksuriøs og trygg, kjennest brått klam og øyredøyvande. Der sit eg, og kjenner den sure eimen av anger breie seg. Eg heldt på å gå glipp av noko som kunne ha blitt eit gyllent minne, berre for å sitje heilt åleine og forsvare eit skjema. Viss ein lèt rutinane bli ein stengd festning i staden for ein solid grunnmur, endar ein opp med å mure seg sjølv inne, medan sjølve livet har det hysterisk morosamt på utsida.
Å kaste skjemaveldet på båten
Men det er jo nettopp her den verkelege fridomen ligg, fridomen til å kaste skjemaveldet på båten når det tel som mest.
Eg kastar eit morsk blikk på lesebrettet, og ristar på hovudet av min eigen staheit. Eg må ha mot til å svelgje den seige stoltheita. Kva så om dei tykkjer eg er ein ubeslutsam og rar gamal gubbe som ikkje veit kva han vil frå det eine minuttet til det andre? Eg toler godt å vere litt rar.
Eg grip telefonen før den indre pedanten rekk å protestere, og slår nummeret.
«Hei, det er meg att. Gløym det eg nett sa. Eg kjem!»
Av med dei mjuke kveldsbuksene og tøflene. På med jeans og dei inngådde pubskoa. Sjølv den mest rutinerte ryttaren lyt av og til berre kaste seg på hesten utan å sjekke om sadelreima er stram nok. For når ekkoet lokkar og glasa klirrar, er det korkje tid eller stad for å vere pedant. Da er det berre om å gjere å ri ut i kvelden, bestille den IPA-en, og la grunnmuren vere grunnmur heilt fram til frukost i morgon.
fredag 17. juli 2026
Min veg
Kaffikoppane klirra blidt mot tefata i bedehuset. Det låg ei lukt av formkake og eit mildt, velmeint alvor over forsamlinga. Dei vaksne la ei hand på skuldra til oss ungdommane med ekte, varm omsorg. Dei ville oss berre vel. Dei song songar om ei anna verd, kanskje i eit stille, naivt håp om å verna oss mot den verda vi faktisk stod midt oppi.
For slekta mi vart etter kvart dei tinga eg fordjupa meg i, beint fram mystiske. Eg kan framleis sjå føre meg korleis dei rynka panna, såg på meg og spurde: «Kva er eigentleg eit atom? Trur du på det?» I dag er det fort gjort å trekka på smilebandet av eit slikt spørsmål. Men ein må jo hugsa på at då dei fekk si utdanning i folkeskulen på 1930-talet, var slikt sjølvsagt ikkje pensum. Eit elektron var jo like usynleg for dei som åndsmaktene dei høyrde om på søndagane, så at eg skulle vie meg til noko slikt, var vanskeleg for dei å skjøna. Og når eg ser korleis folk kan stura og kava med alt det nye, uforståelege som stadig dukkar opp for oss som har vorte gamle i dag, skjønar eg dei jo frykteleg godt. Det er slett ikkje lett når verda brått snakkar eit språk ein ikkje har lært.
Det var altså ikkje slik at eg kjende meg fanga, og eg måtte heller ikkje kjempa meg ut av miljøet i protest. Det var meir ei verd som stilt og roleg slutta å gje gjenklang i meg, omtrent som ein veks ut av kleda sine. Ferda mi vidare var ikkje eit dramatisk oppgjer, men ei forunderleg reise.
Eg hugsar korleis det var å sitja med blyanten over arket og sjå korleis ei kompleks likning i matematikk sakte løyste seg opp og fall på plass. Eg hugsar kor glad eg var om kvelden når eg køyrde heim etter timevis på lesesalen på UiB.
Der bedehuset baud på usynlege mirakel ein berre måtte tru blindt på, baud naturvitskapen på eit underverk ein faktisk kunne rekna seg fram til. Då eg for alvor begynte å forstå fysikken, kjende eg ei heilt eigen form for ærefrykt. Å sjå korleis eit atom er bygd opp, korleis proton og nøytron finn kvarandre i ein fullkomen, naturleg balanse i kjernen, var som å sjå brikkene i eit puslespel falla på plass. Det fanst ingen strenge dogme der, berre ei urokkeleg, vakker logikk. Verda hang saman.
Eg ser tilbake på dei vaksne frå den gongen med varme og eit lunt smil. Dei ville pakka meg inn i trua si for å gje meg tryggleik. Eg fann berre min eigen tryggleik ein heilt annan stad. I staden for å lena meg på overtru og lovnadar om eit liv etter døden, slo eg røter i fysikken, tyngdekrafta og det rasjonelle. Det gav meg ei djup ro å byggja livet på handfaste fakta. Ikkje som eit opprør, men fordi det gjekk opp for meg at dette eine, forunderlege livet vi har her og no, verkeleg er meir enn rikeleg.
onsdag 15. juli 2026
Nøydde til å nyta
Føtene mine treffer golvet før klokka i det heile har tenkt tanken på å kima. Det er berre éin idé som gjeld: Å få stilt seg under dusjhovudet og la det kalde vatnet skylje av seg nattas transpirasjonssekret. Den kjensla, når vatnet treffer nakken og vekkjer kvar einaste celle til live, den gjer at ein tilgir heile den klisne oppvakninga.
Inne på kjøkenet steikjer eg eit speilegg og skjer opp hjertesalat, plommetomat og paprika. Ein må ha skikkeleg drivstoff, for det kviler eit tungt, kulturelt press over oss på dagar som dette.
Det ligg eit krav i dei gule strålane som treffer stovegolvet. Gå ut, seier den norske folkesjela. Produser D-vitamin. Nyt finvêret mens du kan. Ver lukkeleg! Ein kan ikkje med godt samvit sitta inne i ein sval skugge og la slik kraftig, gratis stråling gå til spille.
Så eg snører på meg skoa og går ut. Sola slår imot meg som varmebølgja frå ein open steikeomn. Nede på gangvegen møter eg ein kjenning. Han står der og ventar på at eg skal stoppe. Myser mot meg. Eg stoppar.
Han tørkar seg sakte over panna med handbaken.
«Nei, no er det nesten i drygaste laget,» seier han, og dreg inn eit drag med stilleståande, varm luft.
Eg kjem med eit meiningstungt nikk og sparkar litt i asfalten.
«Alt blir jo heilt svidd i hagane. Får ikkje sove om natta heller.»
«Heilt utmattande,» samtykkjer eg mjukt.
Vi står der i eit par minutt og ufsar oss skikkeleg. Det ligg ei djup, felles trøyst i å kunna stønna litt over at vi endeleg har fått akkurat det vêret vi har gått og drømt om i eit halvt år. Så nikkar vi til kvarandre, myser mot lyset, og traskar vidare i sola. Vi har jo trass alt ein jobb å gjera for helsa.
tirsdag 14. juli 2026
Den som snublar, går
Kaffikoppen varmar i neven og speilegget smiler til meg frå asjetten. Eg sit ved kjøkkenbordet og lèt morgenen varma ansiktet. Ikkje noko stress, inga klokke som tikkar meg i nakken. Bare den rolige dampen frå koppen med lukta av kaffi og ein ny dag.
På veg forbi badet kastar eg eit blikk på speilen. Eg dreg begge hendene gjennom manken. Og joda, det veks! Eg må humra litt for meg sjølv. Av det store alvoret me så ofte pakkar oss inn i, av bekymringane for alt som kanskje, muligens kan gå gale, men som nesten aldri gjere det.
Eg set frå meg koppen og hentar nettbrettet. Det knakar kanskje ørlite grann i ei hofte, men føtene ber meg. Desse beina, som har trampa gjennom livet, i uvêr og finvêr, dei gjer jobben framleis. Den venstre har rett nok lenge hatt sine eigne planar, og snublar gjerne i ein terskel som ikkje er der.
Har du nokon gong studert ein eittåring som held på å knekke gå-koden? Å gå er i grunn ikkje noko anna enn å kasta seg kontrollert framover, og håpa at foten rekk å ta imot før tyngdekrafta vinn. Og i starten vinn tyngdekrafta kvar gong. Møtet med stovegolvet er brutalt, det smell, og tårene kjem trillande. Vi som står rundt løftar dei små opp, men vi pakkar dei ikkje inn i bobleplast. Vi set dei varsamt ned på føtene att.
Som barn fell vi for å læra oss å overvinna tyngdekrafta. Som gamle fell vi fordi naturlovene byrjar å krevja sitt. Det startar ofte i det komiske – du leitar systematisk etter mobiltelefonen, finn han til slutt på salongbordet, og smiler. Men så må ein innsjå at det ikkje berre er minnet som sviktar, men sjølve optikken. Når verda berre kjem inn gjennom eit halvt auge, er det ikkje lenger noko ein kan pussa vekk.
Og så har vi dei verkeleg brutale falla. Dei som slår lufta heilt ut av oss. Å sitja ved ei seng og sjå på at ein du var glad i, trekkjer pusten for siste gong. Å kjenna at ei hand som alltid har vore varm, gradvis slepper taket og blir kald. Då finst det ingen englar eller fiktive plaster som kjem dalande. Det er berre deg, kjensla av eit tomt univers, og den klare realiteten av at noko avsluttande har skjedd.
I barndommen fanst det eit magisk plaster for kvar minste skramme. Men apoteket har ikkje plaster for dei djupe kutta som livet påfører oss. Nokre sår må rett og slett få liggja opne. Dei svir, dei verker, og dei krev at vi berre står i det. Tilbake står arret. Eit bevis på at du tok støyten og nekta å bli liggjande.
Den som sjølv har kjent det iskalde golvet mot kinnet, veit korleis det kjennest når andre fell. Vi treng ikkje koma med lettvinte råd. Vi kan heller vera eit stødig, varmt anker i rommet. Ikkje fordi vi kan oppheva tyngdekrafta for andre, men fordi vi sjølv har falle, reist oss att, og veit at livet framleis er verdt å leva.
Eg sit i sofaen og hugsar attende. Eitåringen som stod og ruga borte ved sofabordet. Handbaken hans var rundt bordkanten. Han slapp taket. Eit lite sekund av perfekt, dirrande fridom. Så gjer tyngdekrafta det ho alltid gjer.
Smellet mot parketten er hardt og udiskutabelt. Underleppa hans skjelv. Han ser over golvet, rett på meg.
Eg lagar ingen trøystande lydar om at det ikkje gjorde vondt, for vi veit begge to at det smalt skikkeleg. I staden møter eg blikket hans med det auget eg har til rådvelde, og nikkar berre sakte. Eit tenkt, lydlaust forlik mellom ein som akkurat har begynt å kjempa mot tyngdekrafta, og ein som har slåst mot henne i over åtti år.
Han snufsar éin gong. Så tar han tak i sofakanten, drar det eine kneet opp under seg. Han festar blikket på ei raud leike på den andre sida av rommet, klar for eit nytt forsøk.
Så lener han seg framover. Ut av balanse, inn i rørsla. Ut i livet.
Reisa er i gang.
lørdag 11. juli 2026
Heimveg
Kaffien skvulpar faretrugande i pappkruset medan flyet ristar av seg dansk jord. Eit ekko av trombone og lystige pianoriff, bunde saman av Kira Martini, surrar framleis i hjernebarken. Denne faste, årlege pilegrimsferda til jazzen i Kongens by gjer eit og anna med eit aldrande hovud. Kvar er eg eigentleg på veg no? Når ein fyk over land og strand slik me har gjort dei siste månadene, byrjar det indre kompasset å fuske. Juli, ja. Då er eg vel i Danmark, i følgje kalenderen. Som dei amerikanske turistdamene med blått hår ofte slår fast over hotellfrukosten: «Oh, it's July! Then this must be Denmark!» Eg slår meg til ro med den logikken. Heimveg, altså.
Til venstre for meg sit Magnhild, mitt kjære og stødige reisefølgje, og pustar fredeleg ut etter festivaldagane. Men snur eg hovudet den andre vegen, er landskapet eit anna. Til høgre, framføre og bak meg er eg fullstendig omringa. Vi er Norwegian sitt skandinaviske alibi i ein massiv, kvinneleg flokk frå Midtens rike. Språket som kvitrar over seteradene går i frekvensar eg berre kan drøyme om å dekode.
Eg prøver å tjuvkikke på skjermen til kvinna framføre meg. Ein vil jo gjerne fange opp noko universelt. Men fingrane hennar piskar over glaset i eit tempo som trassar all friksjon. Skjermen er eit rotihop av strekar, prikkar og penselstrøk. Utanfor flyvindauget glir kvite bomullsskyer og knallblå himmel forbi, men slikt ofrar dei ikkje eit blikk. Her opererer ein tydelegvis berre med to modular: anten febrilsk sveiping på mobilskjermen, eller komatøs søvn.
Naboen min til høgre har stilt seg inn på det siste. Hovudet hennar heng tungt. Tyngdekrafta gjer jobben.
Så kjem den smilande flyverten glidande med avfallsposen. Eg lener meg fram og strekkjer meg over det høgre armlenet for å kvitte meg med pappkruset. Det er akkurat då fysikkens lover krev sin rett. Ein liten beige drope med kaffimjølk klamrar seg til kanten, slepper taket, og startar eit fritt fall. I nådelaus slow-motion spinn han i lufta, teiknar ein perfekt parabel over kneet mitt, og landar med eit lydlaust, blautt plopp midt på ermet til den tungt sovande kineserinna.
Eg frys. Så blir eg varm. Eg ser på Magnhild. Skal me slå alarm? Prikke den sovande kineserinna på skuldra, vifte med serviettar og by på ei orsaking?
Ho dreg pusten djupt inn. Ho rører litt på den eine skuldra og glir om mogleg endå djupare inn i draumeland. Ikkje ei rykning i andletet. Magnhild, eg og den kabintilsette møter blikka til kvarandre. Vi inngår ei stum, pragmatisk pakt der og då, og avbles heile redningsaksjonen. Vi lèt kvinna kvile i si salige og fullstendig kunnskapslause ro. Det er trass alt sant som dei seier: det ein ikkje veit, har ein absolutt ikkje vondt av.
Eit par timar seinare høyrer me drønnet når hjula treffer asfalten på Flesland. I det same flyet bremsar ned, skjer det noko utruleg. Eit stumt, usynleg startskot går gjennom den asiatiske delegasjonen. Mobilar forsvinn brått, søvn blir rista av, og i éin synkron, presisjonsinnøvd rørsle smett munnbinda på. Stroppane blir smekka bak øyrene, og det kvite stoffet blir drege langt og grundig oppover naseryggen, nesten heilt opp i augevippane. Her skal tydelegvis ikkje eit gram av den lumske vestlandslufta få sleppe inn i systemet.
Eg klemmer handa til Magnhild, flirer stilt for meg sjølv, og kjenner at jo – det er i grunnen ganske godt å vere heime.
mandag 29. juni 2026
Feltoppteikningar frå Kreta
Inne på supermarknaden leita eg etter salta smør. Usalta smør er noko svineri som ikkje høyrer heime på noka brødskive. Borte i kassen stod ein kjekk kar, slåande lik ein ung Apollon. Då han observerte vår feilslåtte leiting langs hyllene, forlot han stasjonen sin. Han tok beina på nakken, sprang butikken rundt og dukka inn bak reolar, men kom likevel tomhendt attende. Han rista på hovudet, peika ut døra og sende oss vidare nedover gata til neste såkalla supermarknad. Vellykka. Der fann vi endeleg ei pakke salta smør i eit gøymt kjøleskap. Demeter, fruktbarheitsgudinna, kravde tydelegvis at vi måtte ut på ei lita odyssé før ho ville dela meieriets grøde med oss.
Neste stopp var hos slaktaren. Vi måtte sikra råvarer til dagens kleftiko. Bak disken stod ein kar med forkle, ein moderne Hefaistos i sitt rette element. Han kasta ikkje bort tida på å finna ledda i kjøtet, men heva i staden ei massiv øks og lét henne falla over lammelåret. Eit kontant, brutalt hogg. Beinsplintrane flaug veggimellom. Han brukte ikkje finmotorikk, men demonstrerte ei rein, kalkulert overføring av rørslemengd. Kraft x tid som vi seier i fysikken. Eit par hogg etterpå slengde han dei kløyvde kjøtstykka på vekta med eit grynt. Perfekt oppdelt, reint fysisk sett.
På tallerkenen min seinare på dagen sat eg og plukka frå kvarandre kjøt og beinsplintar. Eg starta med å dela stykket i to, så i fire. Deretter brukte eg kniven for å skilja hinnene frå det stykkevis møyre kjøtet, splitta det heile i stadig mindre bestanddelar. Demokrit ville ha nikka gjenkjennande då eg studerte bitane inngåande, fullt oppteken med å isolera det aller siste, udelelege lammekjøtatomet. Demokrit atomlæra sin store tenkar.
Sola steikte på stranda i Kolymbari. I vasskanten låg ein kar og vippa opp og ned i bølgjene. Han brydde seg døyten om verken parasollar eller solkrem. Han berre låg der og såg korleis vassnivået steig rundt magen kvar gong han trekte pusten, og korleis han sokk litt lenger ned når han pusta ut. Han flytta på armane i systematiske rørsler for å testa væska si fortrenging. Eg venta berre på at han skulle spretta naken opp av sjøen og ropa eit rungande «Heureka!», nett slik Arkimedes gjorde då han fann oppdriftslova i badekaret.
Returen på sundag gjekk med drosje frå Agia Marina til Tavronitis. Sjåføren hadde foten limt til gasspedalen. Han snakka rasande fott på fleire språk samstundes, ropa til ein mann på gata. Ein ven, sa han. Han tasta på telefonen, og kasta stundom eit blikk i bakspegelen, alt på brøkdelen av eit sekund. Tuppen av joggeskorne flaksa over pedalane med ei fart som trassa all fornuft, han hadde køyrd taxi i Aten sa han. Den gongen før Google maps kom til menneskeheten. Han hadde kartbok i hanskerommet. Hadde drosjeløyvet hans hatt eit emblem, ville det garantert ha vore Hermes sin stav omslynga av to slangar.
Ved Gonia-klosteret i Kolumbari traff vi to tyrkerar. Kona sa ho var frå Constantinople, mannen meinte dei kom frå Istanbul. Slik blei det til at vi fire danna eit lite kor og framførte den ikkje ukjende sangen. Dei fleste besøkande var opptekne av alteret og dei eldgamle ikona. Ein fyr stod derimot for seg sjølv ute på steinhella. Han stod og sikta langs søylene. Han drog hælen gjennom støvet og rissa opp eit perfekt rektangel, før han trekte ein diagonal over med peikefingeren. Han kikka på meg, peika på katetane i støvet og nikka roleg opp mot takkonstruksjonen. Pytagoras lever i beste velgåande. Overtru fekk vera for massane; her inne var det tydelegvis streng geometri som sytte for at taket ikkje datt i hovudet på oss.
Kreta er altså ikkje berre sol og tzatziki. Det er ein stad der gudane aldri eigentleg tok pensjon, dei berre søkte seg over i andre bransjar. Ares fann seg ein trygg jobb i kollektivtrafikken. Demeter held smøret gøymt bak i kjøleskapet berre for å sjå kor langt du er villig til å gå. Hefaistos slutta med å smi lyn og tok til med lam i staden. Hermes køyrer drosje og har bytta ut gullsandalar med joggesko.
Og Pytagoras? Han er framleis på jobb, på kne i klosterstøvet, og sjekkar at vinklane stemmer.
Ein stad må jo nokon passa på at alt heng i hop.
søndag 21. juni 2026
Knebøy og kyrkjeklokker
Eg står i gangen min og stappar joggesko og håndkle ner i bagen. Utanfrå kjem lyden av kyrkjeklokker drivande. Det er søndag. Klangen dreg hovudet mitt rett tilbake til barndommen. Då kom klokkeklangen rett nok frå radioen i stova, men den var akkurat like heilag for det.
Så snart radioklokkene kima, lakka det mot høgmesse, og alvoret la seg som eit teppe over huset. Eg kan enno minnast korleis den stive kragen på søndagsskjorta gnog mot barnehalsen. Bestefar var emissær, så her måtte me trø varsamt. Far kunne til nød forsvinna ut for å stella i fjosen. Kyrne brydde seg trass alt lite om helgedagen, men nåde den som fann fram strikkepinnane. Eg hugsar korleis eg satt innesperra ved middagsbordet og kjende rykkingane i fotballmuskelen og/eller "slå ball" muskelen mens eg lengta ut til graset der kameratane alt var igang med å velge lag.
Eg ristar barndomstida sine kjensler ut av hovudet, og dreg igjen glidelåsen på sportsbagen. Eg skal på treningsstudio. På sjølve kviledagen. Eg smiler litt av meg sjølv medan eg traskar i veg, men kjenner likevel at skuldrene umerkeleg kryp eit hakk oppover. Er dette eigentleg heilt stovereint?
Utanfor glasdøra til Feelgood-senteret skjer det som må skje: Bråstopp. Låsen blinkar avvisande raudt, og døra rikkar seg ikkje same kor mykje eg dreg. Eg kastar eit raskt blikk opp mot himmelen. Så det var altså her Vårherre skulle setje ned foten.
Brått glir ein skugge forbi på innsida av glaset. St. Peter? I så fall har han bytt kjønn sidan sist. Men kven veit, etter Pride-markeringa i går er vel takhøgda kanskje utvida der oppe òg. Døra glir opp, og ei kvinne ser mildt på meg.
– Du må legge låsebrikka inntil den rette følaren, seier den moderne portvakta.
Eg slepp inn i heilagdomen. Heilt åleine. St. Peter forsvinn som ei ånd i ein fillehaug.
I tre kvarter let eg tyngdekrafta og mekanikken styre. Det er berre meg og den taktfaste, metalliske lyden av maskiner som bryt sundagsfreden. Eg dreg, pressar og lar fysikkens lover kverne på kroppen til eg pustar som ein prest etter nattverdsvinen. Svetten spring fram i dråpar på panna, samlar seg til små bekkar, og fargar t-skjorta mørk i store, klamme halvmånar under armane. Kvar muskelfiber spenner seg i rein, verdsleg utmatting. Her inne finst ikkje eit einaste fordømmande blikk. Ingen tordentale om synd og skam. Berre den djupe, trygge brumminga frå ventilasjonsanlegget som mildt velsignar ein einsam og drypande mosjonist.
Då eg endeleg kjem ut i friluft att, er all klang fordufta. Det ringes visst ikkje for syndarar. Eg traskar heimover med blikket i asfalten og tungt, bøygd hovud. Ikkje tyngd av all verdas skam og arvesynd. Det er nok berre ein nakkemuskel som har fått køyrd seg.fredag 5. juni 2026
Den gongen våren lukta Jurosan og hestefis
Eg kan ennå kjenna koss sola klistra skjorta til ryggen, og
me berre kasta ho av oss. Det var far som opna det gildet. Han hadde hår over
heile brystkassen, noko eg alltid hadde beundra. Mor var ikkje sein om å henta
krukka med Jurosan i fjosglaset og smurde det utover alle våre bleike
vinterkroppar, bortsett frå på far som hadde pels. Så var me klare. For i min
barndom merka eg aldri at det regna om våren. Sola skein alltid over tørre
bakkar som venta på det årlege gullet: kuskiten.
Vipa skreik over hovuda på oss, eit tydeleg varsel om at
gauken snart sat bak løa og venta på tur. Men me hadde ikkje tid til å fylgja
med på fuglane. Heile familien stod klar med kvar si møkkagreip. Det var ikkje
om å gjera å bli fyrst ferdig; nei, den verkelege kampen stod om kven som fekk klyva
opp og pinnhalda i hestetaumane.
Å måka skiten av kjerra og spreia han, var ein jobb for
fotfolket. Å stå rakrygga i front og styra hesten, det var høgstatus. Så fekk
det heller våga seg at den varme vårlufta vart ein solid lapskaus av ram møkkalukt
og tette, lune hestefisar kvar gong gampen tok i opp dei brattaste kneikane. Me
pusta med munnen og kjempa vidare.
Når middagstida kom, gjekk me ikkje inn. Me kasta oss ned i
graset under open himmel. Mor bar ut skåler med kjølig rabarbrasuppe og surmelk
med sprø kavring. Me fekk og ein pølsesnabb å bita i. Det knaste mellom
tennene, kjølte ned ein sveitt hals, og smakte av ingenting anna enn rein, evig
vår.
Når kveldsskuggane strekte seg lange over nyspreidde bakkar,
leita me fram skjortene igjen. Rista av dei kuskiten som var komen på avvegar,
og dekte oss til. Sola hadde gjort sitt, og huda på skuldrene stramma og brann
mildt, eit tydeleg teikn på at Jurosan-krukka frå fjosglaset kanskje hadde
passert «best-før-datoen» for lengst, og at den neppe kunne skryte på seg nokon
solfaktor. Omgrepet var ikkje oppfunne.
Inne på kjøkenet stod sinkbalja klar med lunka vatn. Me
skrubba og gnei med ei slags heimelaga såpe, men den særprega eimen av ram kuskit
og spenesalve sat som limt i huda. Han flytta med meg inn i stova, opp trappa
og heilt inn under dyna. Ein lukta ikkje reint; ein lukta vår.
Det var den intense, tunge Trøyttleiken med stor T, som nå
tok overhand. Det var ikkje den keisame trøyttleiken ein får av å kjeda seg,
men den djupe, salige dvalen som berre svingande møkkagreiper og tung motbakke
kan gi ein ti år gammal skrott. Armane var som bly, dei seig tungt ned i
halmmadrassen. Før augeloka fann kvarandre, rakk ein akkurat å registrera den
faste rytmen frå hjerteslaga i brystet, før ein slokna fullstendig. Lukkeleg
uvitande om morgondagen, men med ei urokkeleg vissheit om at sola ville skine
like varmt då.
Det er lenge sidan eg har hatt spenesalve på skuldrene. Men
av og til, når våren kjem snikande, tek eg meg i å lytte etter vipa, medan eg
lurer på kvar det vart av den djupe, salige trøyttleiken.
torsdag 21. mai 2026
Venterommet
Sykkelhjelmen sat framleis godt plassert på hovudet då eg svinga inn framfor legekontoret. Timen til den faste halvårskontrollen var ikkje før klokka 13.00, og eg hadde allereie sykla ein unødvendig æresrunde heim att og tilbake berre for å slå i hel tid. Likevel viste urskiva på armen berre fattigslege 12.45 då eg låste sykkelen.
På glassdøra lyste det kvite arket med dei velkjente, strenge bokstavane: «Vennligst ikkje gå inn dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon.» Eg vart ståande og kjenne etter. Det hadde byrja som eit lumskt, tørt rasp i brystet i totida i natt, eit slikt nattestid-angrep som ein gjerne vel å gløyme når sola kjem opp. Eg kika på arket ein gong til, rista diskret på hovudet for å jage vekk minnet om nattas hostekuler, og skreid inn døra med heva hovud men ein bratt synkande sjølvtillit.
Inne på venterommet var stolradene tomme. Berre fjerne lyder av klirrande kaffikoppar og lått frå pauserommet avslørte at dei kvitkledde framleis forsvarte lunsjfreden sin. Eg lista meg inn på ein stol, svelgde tungt og konsentrerte meg intenst om å halde brystet i sjakk. Kvar einaste vesle kiling i halsen kjendest som ei tikkande bombe på eit slikt sprit-reint rom.
Stillheita sprakk då eit eldre ektepar stampa inn. Dei snudde seg synkront rundt, speida over dei tomme stolane og fanga meg i blikket. «Kvifor er det ingen her?» kom det bryskt frå mannen. «Eg er jo her,» svara eg og nikka forsiktig. Dei vart ståande og mønstre meg, som om eg sat der på dispensasjon. Mannen kika demonstrativt på klokka, så mot døra til legane. Eit par minutt på overtid var tydelegvis nok til ein felles dom over helsevesenets somling. Dei konkluderte mutt med at lunsjen i det minste måtte ha vore uvanleg god, før dei seig ned på kvar sin stol.
Vi var tre sjeler og ti ledige sete. Det burde vera rom for dei fleste behov, men då neste kvinne kom inn døra, styrde ho målretta forbi heile det opne landskapet. Ho stoppa ikkje før kåpa hennar subba borti kneet mitt, og fann sin plass nøyaktig på nabostolen. Avstanden krympa til eit minimum. «Eg vil sitja her,» slo ho fast og retta på veska si. Eg pressa fram eit stivt smil, medan tankane flaug tilbake til nattas brysame raling i brystet. Ho skulle berre ha visst kva slags biologisk tidsinnstilt bombe ho akkurat hadde slege leir ved sida av. «Hyggelig det,» svara eg, og kjempa for å halde røysta rein. «Å, eg likar ærlege folk!» kvitra ho kontant attende.
Før eg rakk å skjøna logikken i dette, skifta ho spor utan forvarsel. «Nå er det 21 dagar att til fotball-VM.» «Ja, gler du deg til det?» spurde eg og prøvde å finne den rette, nysgjerrige tonen. «Nei, eg ser ikkje på fotball,» svara ho utan å blunke. «Eg høyrer på lydbok.» Eg mista heilt tråden i den logiske overgangen, og vart sitjande og mulla på ein låg, stadfestande lyd medan eg stirde tomt ut i lufta.
Ein ung mann kom inn og braut den intense kvardagsfilosofien. Han bar høgrehanda i eit litt skittent, heimelaga arrangement av gasbind og netting, tydeleg fiksa ved kjøkkenbenken heime. Mitt tette naboskap reagerte momentant. Ho kasta eit storøgd blikk på den provisoriske bandasjen, kjende ein fare i rommet, og tok eit kontant tak i stolsetet sitt. Med eit hardt rykk riksa ho heile stolen – og seg sjølv – endå nokre centimeter nærare meg.
Vi sat så tett at eg mest kunne kjenne pulsen hennar, då døra inn til korridoren endeleg gjekk opp. Ein lege stakk hovudet ut og leste opp namnet hennar frå arket sitt.
Lufta vende tilbake i rommet då ho reiste seg og forsvann inn døra. Eg fann min eigen personlege sfære att, svelgde unna den siste kilinga i halsen, og innsåg at halvårskontrollar har ein verdi lenge før ein i det heile kjem inn til legen.
søndag 10. mai 2026
Med Brooklyn i handa og Chesterfield i ryggen
Eg trykkjer éin gong, to gonger, heilt til verda fell mjukare rundt øyra mine. Høyreapparatet klikkar på plass i den innstillinga eg ganske enkelt har døypt «Pub». Det blir ikkje heilt stille, berre rimelegare å ha med å gjere. Berre nok til at ekkoet og etterklangen legg seg litt.
På andre sida av bordet sit sonen min. Han snakkar med heile seg, smilande og medrivande, og brukar hendene vel så mykje som munnen. Eg ser smilet før eg fangar orda. Ser at han er nøgd med at vi fekk dette til. Eg nikkar tilbake, nett som om eg fekk med meg kvar einaste staving.
Ein treng trass alt ikkje høyre alt for å kjenne seg med. Ein treng strengt tatt ikkje sjå alt heller.
Det er ikkje konseptet pub i seg sjølv som er nytt for meg. Eg har sanneleg frekventert min del av dei opp gjennom åra, truleg fleire enn kva fastlegen ville tilrådd. Eg hugsar den gamle puben her på Husnes. Den gongen sigarettrøyken låg som eit ullteppe under taket, og latteren sat laust i dei slitne veggane. Då køen strakte seg langt ut i Opsangervegen, og folk song skeivt, men meinte det uendeleg godt. Det var fest og eit rabalder utan like. Høglydt, kaotisk men kanskje ikkje ein stad for folk som hadde tenkt å bli vaksne.
Men dette er noko anna. Dette er Støyperiet. Eg søkk ned i ein Chesterfield-stol og kjenner at eg ikkje har tenkt å reise meg på ei god stund.
Ny pub, nye lydar, nye folk. Dette er ein folkepub, reist på ei dugnadsånd som openbert nektar å døy ut her i bygda. Det er mange år sidan Husnes kjendest slik for meg. Kanskje fordi verda mi naturleg nok har vorte litt trongare med tida. Kanskje fordi kroppen ikkje lenger lystrar kvar einaste ordre frå hovudet, og ein blir gradvis meir varsam med åra.
Likevel er det han som limer kvelden saman. Sonen min held praten i gang, syt for at alt flyt lett og gjer heile kvelden uanstrengt og triveleg. Det handlar ikkje om at han skal ta faren sin med ut på byen, men heller om at vi i lag tek tilbake ein fast plass ved bordet.
Og akkurat det var vi nok modne for begge to.
Eg reiser meg, seint men sikkert. Tyngdekrafta gjer seg framleis gjeldande. Golvet her inne lever tilsynelatande sitt eige liv. Det bølgjer svakt under skosolane mine, eller kanskje det berre er eg som har dårlege sjøbein. Etter éin Brooklyn IPA blir uansett verda litt rundare i kantane. Etter to går eg beint fram småelegant. Eg humrar litt for meg sjølv på veg til toalettet, for det er ikkje lenger berre eit ærend. Det er ein ekspedisjon. Frå bordet til tappen, inn på toalettet, og kanskje ein ørliten omveg tilbake, og eg er ganske sikker på at eg har tilbakelagt same distanse som dei som skryt av trimtur langs vatnet.
Kroppen har ikkje godt av å vite skilnaden uansett.
Bartendaren har skjønt teikninga no. Glaset står klart før eg i det heile rekk å kremte. Fingrane mine manglar finmotorikken dei ein gong hadde, og når ubalansen min får ølet til å skvalpe litt over kanten, spelar det absolutt inga rolle. Det framstår berre som eit litt uvørent, sjarmerande forsøk på å skåle.
Eg lèt meg søkke ned att i Chesterfield-stolen, med Brooklyn-ølen i neven og varmen frå lokalet slåande mot meg. Rundt meg sit folk i mange aldrar, karar og kvinner med forsiktige steg og lange, levde liv bak seg. Andleta vender seg mot lyset, mot kvarandre og mot det pulserande livet her inne. Vi stabba oss kanskje inn, og vi kjem heilt sikkert til å stabbe oss ut att. Men det er fullstendig uvesentleg.
Det einaste som betyr noko, er tida mellom inngangsdøra og den siste slurken.
Og der, midt i hjartet av Husnes, djupt nede i ein raus Chesterfield-stol med sonen min smilande over bordet, slår det meg: Livet er slett ikkje det verste ein har. Særleg ikkje om våren, i godt selskap. På pub
mandag 4. mai 2026
Bussen. Ein kulturarena
Dei seier du lærer mest om verda ved å reise. Eg er heilt einig, men då meiner eg ikkje dei store katedralane, solnedgangane over havet eller restaurantane der kelnaren legg servietten i fanget ditt. Eg meiner å sitje på bussen.
Få stader på jorda er dei kulturelle skilnadene så nakne og
ufiltrerte.
Ta til dømes det enkle spørsmålet: Kor sit du?
Ein forskar frå Yale brukte tre år og tusenvis av kilometer
på å studere akkurat dette. Den største uskrivne regelen på bussen er å ikkje
setje seg ved sidan av nokon om det finst ledige sete andre stader. Bryt du
denne regelen, er du med ein gong den rare.
Men kva er "rare" eigentleg? Det kjem heilt an på
kor du kjem frå.
På ein buss frå Husnes til Bergen set folk seg lengst
mogleg unna kvarandre, helst med to tomme seterader mellom, og unngår
augekontakt som om det var ein smittsam sjukdom. Ein mann i 40-åra set seg ned,
opnar telefonen, og stirrar ned i skjermen. Ei eldre dame med handlepose set
seg heilt fremst og ser rett fram. Ingen snakkar. Nokon les. Ein hostar
forsiktig og ser nesten ut som han vil orsake seg til heile bussen.
På ein busstur i Malaga set ein framand seg rett ved sida av
deg, smiler breitt og spør kvar du er på veg. Innan tre minutt veit du kva ho
hadde til middag i går og at dottera hennar giftar seg til sommaren. Ho viser
deg bilete på telefonen. Du ler. Ho ler. Ingen av dei to variantane er gal, men
møtet mellom dei kan bli litt klossete.
Det er
sjeldan servering ombord. Iallfall ikkje hos Skyss. Folk har med seg
næringa sjølv, og ho kjem i ulike utgåver.
Eg har sete ved sida av nokon som et reker med majones. Dei
knekk skala roleg og systematisk, ein etter ein, og legg restane i ei lita
pose. Eg har kjent lukta av Roquefort og kvitløk spreie seg som ein
stille katastrofe bakover i bussen, sete etter sete, til folk byrja å sjå seg
diskret rundt. Eg har sett ein mann ete eit fullstendig, varmt tre-retters
måltid med bestikk og det heile, roleg, oppreist, med blikket framover. Utan
eitt glimt av skam. Men det var i Kina på vegen mellom Xian og Beijing.
Ein del av meg beundra han.
For i mange kulturar er det å ete kor som helst og når som
helst like naturleg som å puste. Mat er ikkje noko å gøyme vekk, det er noko å
dele, noko å vise stolt fram. Den norske tradisjonen med å sitje og stirre ned
i fanget og late som ein ikkje et nistepakken sin, er faktisk ganske merkeleg
sett utanfrå. Sjølv har eg i all løyndom fått i meg ei skive med brunost og
stundom eit hardkokt egg på akkurat den måten. Det var då eg humpa mellom
Hatvik og Osøyro.
Det finst eit uoffisielt støykart over verda, og det kjem
tydeleg fram på bussen.
I Skandinavia er det å vere stille ein dyd. Iallfall før i
tida. Dei etnisk norske kviskriar ofte i telefonen, som om det å snakke med
normal stemme er å forstyrre i ei gravferd. I allfall før i tida.
I andre delar av verda er bussen ein sosial arena. Musikk
vert spela frå høgtalarar. Familiar ropar til kvarandre over fire seterader.
Ein mann snur seg og held opp telefonen sin, han vil vise ein video til naboen
sin, som han møtte for fem minutt sidan. Eg opplevde det på bussen i Nerja, på
veg opp til Capistrano, og eg sat og flirte heile vegen.
Begge variantar har sine høgdepunkt. Den stille bussen kan
vere fredeleg og deileg. Den høglydte kan, på ein god dag, kjennast som ein
liten fest du ikkje visste du var invitert til.
Og så er det dei historiene som ikkje handlar om kultur i
det heile, berre om menneske som er menneske.
Som dama på den raude ikoniske bussen i London, som brukte
sitt eige hår som tanntråd. Stille, konsentrert, heilt i sin eigen verd. Eller
den eldre herren som roleg tok fram ei eske med Viagra frå ein farmasipose, las
bruksanvisninga grundig, side for side, og svelgde ein tablett med ein liten
slurk vatn. Midt på bussen. Utan å sjå opp.
Ingen av desse er kulturelle misforståingar. Dei er berre
livet, rart, uføreseieleg og aldri kjedelig.
Eg har floge business class frå Paris til Bangkok med varme
handklede og champagne. Eg har teke taxi i København frå Nyhavn til Bartofs
kafe med varm kaffi og Gammel Dansk i handa. Men ingenting slår å sitje
på bussen når det gjeld rein, ufiltrert menneskeleg mangfald.
På bussen møter du verda slik ho faktisk er, ikkje slik ho
ser ut på Instagram. Du sit skulder ved skulder med nokon du aldri ville møtt
elles. Du ser vanar, høyrer språk, kjenner lukter og ser reaksjonar som minner
deg om at det finst tusenvis av måtar å vere menneske på.
Nokre av dei er litt annleis enn din eigen. Nokre er heilt
uforståelege. Og nokre er så rare at du sit og flirer heilt til du er framme.
lørdag 2. mai 2026
Tankar om sirkus ved min altan
Eg reiste vekk nokre dagar. Då eg kom heim att, stod framleis teltet der. Eg skylde den brukte koppen og trekte meg ein ny. Sette meg på altanen og tenkte vidare.
Eg vasa meg inn i å tenkja på alle dei andre draumane som desse omstreifarane der på grusplassen nedanfor altanen min kanskje gjekk og bar på.
Mannen bak teltet
Inne i teltet flyg kvinner. Dei flyg som om tyngdekrafta er noko som gjeld andre folk, som gjeld dei som sit og ser opp med opne munnar og popkorn i fanget. Musikken dundrar. Direktøren ler med heile kroppen sin, ein latter han har øvd på, slipt på heilt til han sit.
Bak teltet er det ein mann.
Han heiter noko som folk her ikkje greier å uttala, så dei kallar han noko anna, noko kortare. Han har lært seg å snu seg når dei seier det. Det er nok.
Han kom hit for to år sidan, eller tre — det er vanskeleg å hugsa når dagane liknar så mykje på kvarandre. Kvar by er ein ny plass som likevel er den same plassen. Eit jorde. Eit telt. Ein direktør med store armar. Dyr som luktar dyr. Og han, med kosten sin, med bøtta si, med ryggen som har begynt å seia ifrå om morgonen. Han hadde tenkt seg noko anna. Det er ikkje slik han seier det til seg sjølv, for det gjer vondt å setja ord på — men det ligg der, stille og tungt, som noko han bar med seg over grensa og ikkje fekk levert frå seg sidan.
Han har ein mobiltelefon med ein sprekk i skjermen. Kvar kveld når førestillinga er godt igang, finn han seg ein plass bak teltet der det er litt mindre vind, og ringjer heim. Det tek nokre sekund før stemma kjem. Han spør korleis det går med dei. Seier at det går fint her. Seier ikkje at han stod på ein grusplass i dag og såg ein fugl han ikkje kjende att, og at det slo han, akkurat der, kor langt heimanfrå han er. Han seier at han sender pengar snart. Det er alltid sant.
Inne i teltet er det applaus. Nokon har floge, og nokon har fanga. Dei vil sjå at nokon kan sleppa taket og bli tatt imot — at fallet ikkje kjem. Han veit ein del om fall. Han veit også at hender ikkje alltid grip.
Han ringjer likevel, kvar kveld, bak teltet, der ingen ser han.
Klovnen
Han kjem ut bakvegen med sminka ennå på.
Direktøren la handa på skuldra hans etterpå, sa det han alltid seier når det har gått bra. Og det gjekk bra. Publikum lo på dei rette stadane. Men han veit — på same måten som ein musikar veit når fingrane fann alle tonane, men noko anna var borte. Han jobba for hardt for det i kveld. Latteren kom fordi han pressa på, ikkje fordi noko opna seg.
Han set seg på ein kasse med hatten i fanget og ser på sminka på fingrane sine. Den kvite, den raude. Klovn er eit yrke der du ikkje får lov til å vera trist. Det er heile poenget. Du tek tristheita og vrengjer ho og gjer ho til noko folk kan le av utan å vita at dei ler av noko verkeleg. Når det verkar, er det det vakraste han veit. I kveld verka det ikkje. Ikkje for han.
Han sit der til det er tid for finalen. Då går han inn og bukkar saman med alle dei andre, med den store måla munnen sin, og tenkjer at neste gong skal han få det til.
Det er det som held han gåande. Ikkje klappinga. Berre det eine løftet han gir seg sjølv, kvar kveld:
Neste gong.
Trapeskvinna
Ho har si eiga campingvogn.
Det veit alle. Det er eit teikn — på status, på posisjon, på at ho er noko dei andre ikkje er. Og det er sant, ho er det. Når ho er i lufta, er det som om resten av verda held pusten, som om tre hundre menneske samlar seg om eitt einaste punkt, og det punktet er ho.
Etterpå går ho inn i vogna si og låser døra.
Ikkje av arroganse. Folk trur det, ho veit dei trur det — at ho held seg for god, at stjerna ikkje vil bry seg med resten. Men det er ikkje det. Det er berre at ingen kjem bort til henne på same måten som dei kjem bort til kvarandre. Dei seier hei, dei smiler, dei er høflege som mot nokon dei beundrar og ikkje heilt trur er verkeleg. Ingen spør om ho vil vera med å eta. Dei reknar med at ho har noko betre å gjera.
Ho har ingenting betre å gjera.
Ho sit i vogna med te som blir kald, og høyrer latteren frå dei andre utanfor, og tenkjer at det er ein merkeleg pris å betala for å vera den dei alle ser på. At di meir synleg du er, di meir åleine kan du bli. At lyset som treffer deg i manesjen kastar skugge over alt det andre.
Ho flyg best av alle. Det veit ho. Det er ikkje skryt, det er berre sant, det er det ho har ofra alt anna for.
Av og til lurer ho på om det var eit godt bytte.
Rivinga
Siste framsyning er over. Det er laurdagskveld.
Riggarane er alt i gang før publikum er ute av parkeringsplassen. Slik er det alltid. Det er ingen tid til å kjenna på noko — berre arbeid, og hendene som veit kva dei skal gjera utan at hovudet treng å spørja.
Veggane i teltet forsvinn først. Det er alltid litt brutalt, det augeblikket — når sidene fell og himmelen kjem inn og det som var ei lukka verd plutseleg berre er eit jorde att. Så innreiinga. Setene, trappene, manesjen. Til slutt linene, dei som bar alt, dei som ingenting hadde hengt utan.
Mannen med sprekken i mobiltelefonen har blanda seg med alle dei andre. No er det ikkje hierarki, ikkje rangorden — no er det berre hender som må til, og alle må delta, og det må gå fort. Han ber det han kan bera. Alle ber det dei kan bera. Det er kanskje den einaste tida dei verkeleg er like.
Dei skal nå ferja over Hardangerfjorden.
Eg ser det heile frå min altan.
Teltet som forsvinn bit for bit, lastebilane som fyller seg, menneska som rører seg idet mørket faller på. Det er noko stille og fint over det — ei heil verd som pakkar seg saman, krympar seg ned til det som fekk plass på eit jorde i to dagar, og snart er borte som om det aldri var her.
Så, i eit lite glimt trur eg at eg ser henne.
Gul vest. Hjelm. Ho ber noko tungt og går med raske steg mot ein av lastebilane. Det kan vera ho. Det er noko med måten ho beveger seg på, noko eg kjenner att frå der oppe i lufta, ei slags ro i kroppen sjølv når alt rundt er kaos.
Eg blir glad av det.
Så er ho borte att, inn i mylderet, og eg veit ikkje lenger. Kanskje var det ho. Kanskje var det berre ein av dei mange, ein av alle dei eg ikkje kjenner namna på. Kanskje hallusinerte eg fordi eg ville at ho skulle vera der — ute blant dei andre, med gul vest og hjelm og eit tak å bera i saman med resten.
Eg veit ikkje.
fredag 1. mai 2026
Frukost ved Karmsundet
Eg fann meg eit bord med utsikt. Karmsundet låg der, tilsynelatande roleg på overflata, men med dei kraftige straumane drivande under, akkurat som det alltid har gjort. På andre sida klamrar Storasund seg fast. Eit par standhaftige hobbybønder held liv i det grøne, som om dei på trass nektar å gi slepp på det som var. Eg sat der og trekte pusten djupt, nesten i von om å kjenne eit blaff av møkk. Berre for å kjenne att noko handgripeleg og ekte frå ei svunnen tid. Men lukta kom ikkje. Heller ikkje den stramme, tunge lukta frå sildoljefabrikkane som ein gong la seg som eit tjukt teppe over sundet og fortalde oss at det var liv og arbeid i sikte. No luktar det mest... ingenting. Reint. Kanskje litt for diesel nokre køyretøy som ennå ikkje har konvertert.
Eg bur på Radisson, berre tre steinkast frå dei nøyaktige koordinatane der eg sleit ut skorne mine gjennom sju år på barneskulen. Den gongen var det jord her. Skikkeleg mold som la seg under neglene, og traktorar som tok seg god tid og følgde sine eigne, naturlege rytmar. No er heile fundamentet bytta ut. Asfalt, stål, glas og parkeringsplassar så langt auge rekk. Utvikling, kallar dei det visst. Eg får la det ligge til frukosten er fortært.
Eg har familie i desse traktene. Folk eg deler genmateriale med, men sjeldan kvardagar. Reint statistisk treffest vi stort sett berre når nokon døyr. Det er ein litt upraktisk og dårleg vane, eigentleg. Så denne gongen fann eg ut at eg skulle introdusere ein ny variabel: å berre vere her, heilt utan svart dress og dempa stemmer. Berre sitje her og sjå kva som skjer når ein ikkje følgjer det faste mønsteret.
Frukostmetten sig etter kvart på, tung og behageleg. Eg tek med meg lekamen ut i kaffisalongen – eller «lobbyen», som dei no seier sjølv her ute, som om det var eit naturleg norsk ord. Eg finn meg ein stol og let menneska passere. Prøver å unngå å setje krokfot på dei.
Tvers over gata ligg Rikets sal. Det er stille der i dag. 1. mai er ikkje ein dag dei markerer med flagg og hornmusikk. Dei har visst andre sigrar å feire for tida, av den litt meir juridiske sorten. Høgsterett og det heile. No er det vel tilbake til vanleg drift. Eg dreg på smilebandet og ser føre meg at Vårherre òg lyt ha fått seg ein ergonomisk kontorstol og fast arbeidstid der inne ein stad.
Eg nikkar litt for meg sjølv, tek ein slurk av kaffien og let blikket gli sørover.
Der ligg Karmsund bru. Framleis den finaste i verda. Ein elegant, kompromisslaus bue i stål som har trassa både vêr og vind. Eg har meint det sidan den 22. oktober 1955. Då stod eg der, tolv år gammal, side om side med kronprins Olav då han klipte snora, medan eg og resten av klassen ropte hurra så lungene nesten brast. Eg var ganske sikker på at sjølve verda byrja akkurat der, på det brudekket.
Olav er borte no. Det er mange andre òg.
«Men merket det stend, um mannen han stuper.»
Og eg sit her, mett av både bacon og minne, og tenkjer at stål, naturlover og nokre gode ord i grunnen held i massevis for i dag.




