Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 14. januar 2017

Ute i rett tid

Det har regna i Thailand. Det er inga stor nyhet.  Men slik det var den første veka og halvanna av 2017, har ein sjelden opplevd. Lite kunne vi ane om dette, då reisa vår blei tinga sist sommar. Å komme hit den 10. januar, akkurat første dagen etter at regnet hadde gitt seg og flaumen trekt seg tilbake, var jo full klaff.
Me reiste med KLM i år. Turen gjekk frå Bergen over Amsterdam til Bangkok. Det tyder at returen går same vegen, berre motsett. At bagasjen vert sjekka inn i Bangkok og henta utatt i Bergen er maklege greier for gamle folk. Stresset med å hente ut bagasjen i Oslo, slik Norwegian og Thai Airways driv med, er slitsom. Vi har saktens vore med på det.
Å få repetere sin hollandsk saman med alle desse hollenderane på flyet, er spennande. Artig å oppdage at framleis sit ein del ord og skrøner att, etter den tida eg budde i Holland for 45 år sidan. Artig å sitje å smuglytte til frittalande hollenderar, som ikkje veit at nordmannen ved sida av får med seg det dei seier om han.
KLM er eit framifrå flyselskap. Slik det framstår nå i nært samarbeid med Air France,  virkar det  tillitsvekkande.  Hos KLM er alt inkludert. Puter, tepper, drikke, mat, osb. Hos Norwegian fekk eg som sjuk reisande ifjor, ikkje eingong låna eit teppe til å legga over den frosne kroppen min. Kunne kjøpa eit i butikken deira, sa dei. Men den var jo stengt då. Kjos må skjerpa seg og sine.
Flyplassen i Bangkok, Suvarnabhumi,  er ein fryd for gamlingar. Køane i passkontrollen er enorme, verre enn i Oslo. Men for oss 70+, finns ein eigen passasje. Der går vi saman med dei handikappa og dei gravide. Vi blei nr 5 i køen der. Så er det å prøva seg med eit smil til polisen i kontrollen. Smilets land tenkjer eg. Men i passkontrollen sit smilet langt inne. Rart det der, å sjå thaiar som ikkje smiler. Ansikta deira passar liksom ikkje til det. Eg trur bestemt at dei har gått på smileavvennings kurs.
Hua Hin ligg 240 km sør om flyplassen. Vi reiser med buss. Luksus buss med seter som langt overgår alle kabinseter hos alle flyselskap. Iallfall for oss som reiser på flyet sin økonomiklasse. Ei vakker thaikvinne serverer meg vatn og blir med oss på heile turen. Buss sjåføren er og med. Stødig og å stole på. At bror min og kona hans møter oss på busstasjonen i Hua Hin og køyrer oss til Norway Garden der leiligheten vår står klar, er veldig kjekt.
I Thailand regnar det ikkje lenger. Dokke kom med sola, seier dei her. Solskinnsparet frå Husnes.
Eg er glad me ikkje kom før. Glad for me ikkje kom seinere og. Trur me var ute i rett tid...