Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 30. august 2015

"Adle ska him"

Sist eg var i Thailand traff eg eit gammalt ektepar frå Stavanger.  Dei snakka eit språk og berre det eine. Eg kallar det siddis.  Dei hadde reist verda rundt, utan å mestra noko anna.  Dei klarte seg med det. Problema, bøtene og politiforvaringane dei var utsette for grunna komunikasjonsproblem, krydra berre turane deira,  meinte dei. Fantastiske menneske.
Her eg er nå i La Zenia på Costa Orihuela er det engelsk som er talemålet. Eit område dominert av engelskmenn, skottar og ikkje minst irerar. Hyggelige menneske som alle deler den skjebnen at dei kan la skravla gå på same måte anten dei er i heimlandet eller i utlandet. Dei slepp å kople om til noko nytt spor oppe i Brocas senteret. Ofte lurer eg på om det finns fleire språkspor hos dei. Eg har til gode å høyre ein engelskmann snakke utanlandsk. Slik var det og med siddisane eg traff i HuaHin .
I morgen dreg dei engelske heim, iallfall dei med barn i skulealder, iallfall dei som ikkje tør å ta barna ulovleg ut av skulen for å la ferien få vare ei stund til. Den engelske skoleferien er slutt den 1. september. Mange spanjolar  i La Zenia synes det skal bli greitt å få ein pustepause frå dei engelske nå ei stund. La oss få kvile oss nokre veker nå før nordmennene kjem på vinteropplag, sa ein elles trivelig kelner til meg hin kvelden. Om engelskmenne er mange og krevjande på denne kyststripa,  så er dei altså ikkje aleine om å vera det.
I morgon blir det kaotisk på vegane til flyplassen. Alle ska him, som siddisen kanskje hadde sagt. Då skal alle engelske nå Ryanair. Eg skal og nå mitt fly i morgon, men eg reiser mot straumen av norske pensjonistar. Eg reiser med Norwegian til Bergen.
Eg må likevel vera budd på en travel føremiddag på N332. Min overvintrande irske ven Michael, køyrer meg og mi kjære til El Altet. Ein seinsommar er over i varmen...

Blogglistenhits

lørdag 29. august 2015

Å holde hodet kaldt i varmen

For eindel år sidan i Bergen brekte ein spansk bussjåfør armen på ein bergensk bilist som viste han fingeren. Sjåføren i den spanske turbussen hadde rota det til i trafikken, og det sprakk for bergenseren. Men om det sprakk for han, eksploderte det for spanjolen. Han stoppa bussen, gjekk ut og kakka på bilvinduet til bergenseren, som opna. Folk høyrde det knakk, og dei høyrde ein del spanske gloser som ingen skjøna noko av. Bergenseren  løfte korkje arm eller viste finger etter dette.
I går var eg vitne til eit anna opptrinn i trafikken på min handletur til Consumen her i La Zenia. Ein stor trailer skulle levere varer ved lagerinngangen der. Han skulle rygge inn frå gata, men ein ulovlig parkert personbil umuliggjorde det. Den stod på skrå med fronten mot fortauet, ikkje berre på fotgjengerfeltet men og delvis framfor innkjørsel til Consumen sitt lager. Lastebilen stod ute i gata og brukte hornet i eit kvarter. Så kom omsider den spanske ungdommen som hadde feilparkert, vinka kjekt til trailersjåføren, flirde og sette seg inn i bilen.
Eg fekk den spanske bussjåføren i Bergen i tankane. Kva skjer. Blir det nye beinbrot?  Det var varmt og eg svetta. Nå svettar trailersjåføren i hodet,  tenkte eg.
Så  plutseleg ryggar han lastebilen slik at den feilparkerte personbilen blir innesperra mellom fortauet framme og lastebilen bak. Han kjem smilande ut av traileren, passerer den innesperra ungdommen med ei bunke papir under armen. Han går bort til personbilen, klappar den lystig på panseret og forsvinn inn på Consumen.
Når eg passerte staden eit kvarter seinare , var situasjonen den same. Einaste endringa eg observerte, var ein rasande ungdom som tidvis låg på hornet, og tidvis var ute å sparka i eine bakhjulet på lastebilen. Trailersjåføren var ikkje å sjå.
Dei spanske sjåførane har kvar sine måtar å løyse trafikale konflikter på, var min enkle konklusjon.
Nokre brukar hodet, mens andre nyttar dei kroppsdelane som framleis virkar hos dei i varmen.

Blogglistenhits

Middelhavet. Eit farleg hav.

I I romjula 1908 utløyste eit undersjøisk  jordskjelv ein tsunami som drepte rundt 2000 mennesker på Sicilia.  Fleire byar vart jamna med jorda, og påfølgjande brannar dreiv huslause menneske på flukt.
For 3500 år siden var katastrofen ennå større på Santorini, da ei flodbølgje utslette ein heil sivilisasjon. Den minoiske sivilisasjonen.
Det bur millionar av folk langs Middelhavet idag, og  vulkanane og jordskjelva slumrar framleis nedi djupet.  Den afrikanske plata og den euroasiatiske plata ligg og stangar mot kvarandre.  Stundom ristar og dirrer det her i Orihuela Costa, og vi skremmer kvarandre opp på facebookfora, og spør om andre har merka noko. Og det er det ofte mange som har.
Så spørsmålet er vel ikkje om det kan komma ein ny tsunami, men når og kor han kjem ifølgje  Matthew Blackett, senior lektor i fysisk geografi ved Universitetet i Coventry. (Publisert på:  http://theconversation.com/are-we-prepared-for-the-next-big-mediterranean-tsunami-46760).
Så Middelhavet er eit skummelt hav. Det er ikkje berre det havet mange fryktar skal vera den vegen Afrikafolk og Midtøstenmenneska skal strøyme innover vårt kjære Europa og utslette kulturen vår (http://jyllands-posten.dk/debat/kronik/ECE7955069/Vor-tids-folkevandring/). Det er og det havet som kan komme til å utslette heile eller deler av middelhavsivilisasjonen.
Vi lever farleg.  Om vi tek dette på alvor, er det berre ein ting å gjere: Pakke kofferten og reise nordover. Eg pakkar i morgen. Eg vil heim til gamlelandet, til dei gamle fjell i syningom....

Blogglistenhits

fredag 28. august 2015

Eg i min tredje alder og dei andre

Peter Laslett var ein engelsk historikar som døde i 2001. Han framsette ein teori der menneskelivet blei inndelt i 4 ulike aldrar. Han tenkte slik:
" Den første alderen (oppvekst) er prega av avhengighet, sosialisering og utdanning. Den andre alderen (arbeidsliv) prega av uavhengighet, sosialt og familiemessig ansvar. Den tredje (pensjonisttilværelsen) gir mulighet til å realisere ein rekke drømmar og mål. Den fjerde (alderdommen i egentlig forstand) er alderen for ny avhengighet og for kroppsleg svekking ."
Eg reknar meg sjølv å væra i den tredje alderen. Kanskje den minst flatterande av dei fire. Ei tid då ein ikkje lenger er bunden av plikter og oppgåver . Ei tid da drømmar kan levast ut og personlege mål kan få hovedfokus. Den travle tida då pensjonisten skal rekke over alt som er vesentleg for han/ho som einskildmenneske. Ei uttalt egotid. Det hastar avdi den fjerde alderen ligg og truar like bak hjørnet.  Med haltande eldreomsorg og skrantande helse er det ikkje eit ønskjeleg scenario.
Teorien til  Laslett sviktar idag. Den gjeld nok i utstrakt grad i den rike delen av verda, men den rike delen av verda skrumpar. Økonomiske kriser og ikkje minst menneske på flukt frå krig og hunger vil føra til ei utjamning,  ei rettferdig utjamning av velstanden. Menneska i slike situasjonar har ikkje noko tredje alder. Dei har vel ofte ikkje hatt noko første eller andre heller. Skal ein nytta omgrepa til Laslett, må ein vel plassera flyktningane i den fjerde alderen i den forstand at dei er på alle måtar svekka og treng vår hjelp nå. Så la oss gi dei den hjelpa. Vi kan om vi vil.

Blogglistenhits

tirsdag 25. august 2015

Trim for eldre

Å komma seg or senga kan vera hardt. Særleg om morgenen. Særleg når det regnar ute og sydausten kvin rundt novene. Slik er det ofte på Husnes. Difor er eg sjeldan å sjå rekande gatelangs på dei breddegradene før etter 11 om føremiddagen. 
Det er viktig for folk, særleg for dei gamle, å mosjonera. Få litt fart på kroppen om mogleg.  Men kva er nå den rette mosjonen, og kor myke skal ein gjere utav det? Kva kvalitativt og kvantitativt er rett for meg?  
Helsedirektoratet seier:
"Voksne og eldre bør være fysisk aktive med minimum 150 minutter moderat intensitet per uke eller minimum 75 minutter med høy intensitet per uke."
Helsedirektoratet får seie kva dei vil. Eg seier at for meg er det rett å mosjonere på ein måte som eg likar, og gjere det så ofte eg giddar. Eg har heldigvis ein kropp som ennå likar litt action, og som riv meg opp av stolen ofte nok til at det held.
Når eg er på reise til varme strok,  har eg to måtar å få hjerte til å pumpe og musklane til å jobbe. Ingen av desse inneber å springe etter jentene lenger. Det slutta eg med for ei tid tilbake. Avslappande er det og å kunne gå ute, utan å måtte snu seg når nokon plystrar.  Menn over 70 vert ikkje prystra etter, seier kona.
Trimmåte 1 er å nytta mitt medbrakte "treningsstudio",  eit 1,5 m langt gummiband, som eg slit og dreg i alle vinklar og himmelretningar. "Skal du slite det i stykker", spør kona. Og idag sprakk det sannelig på midten. Eg fekk ein skikkeleg smell over den spretne men akk så nakne baken min.

Trimmåte 2 er desse turane. Fortrinnsvis morgenturar her i varmare strøk. Den einaste tida på dagen eg kan lika å gå trimtur,  er før sola har fått lufta til å dirre og gradene til å stige over 25. Både i Thailand og her ved Orihuela Costa på sommaren tyder det at eg bør vera i gang seinast i 7 - 8 tida. Då er det godt å gå. Då er det mogleg å gå utan sviande svette og blendande solskin i auge. Det er som bot og betring for ein gammal kropp. Alle gamle kroppar treng det, om ikke betring så iallfall bot...

Blogglistenhits

onsdag 19. august 2015

Hos tannlegen i Spania

Fyllingane mine kjenner ingen landegrenser. Når dei er mette av dage, fell dei ut og eg kastar dei i restavfallet. Det være seg på Husnes eller i La Zenia. Dei har gjort det før og vil gjere det igjen. Og nå har dei gjort det igjen.
I Spania er det mange reparasjonsverkstader for gamle folk med skranglande fyllingar. Dei underbyr kvadrandre på pris og overbyr kvarandre på service. Gratis undersøking, gratis røntgenbilder,  vakre tannlegesenoritaer og spenstige tannlegesenoraer eller omvendt. Eg held meg til ein svensk klinikk, med det ikkje heilt tillitvekkande navnet "Happy Teeth". Men eg har vore der før, og har opplevd meir urovekkande ting blant svenskar enn der.
"Au det var litt av eit lappeteppe", sa svensken når eg opna kjeften. Skal vi setje på krona, spurte han.
Men nei, det ville eg ikkje. Berre tett holet,  ba eg.
Når den svenske flickan hadde holdt meg i handen i tre kvarter, var han ferdig. Er du nøgd med arbeidet ditt, spurte eg han. Han var det.
Så eg kunne vandre ut frå Happy Teeth som ein happy mann.Blogglistenhits

tirsdag 18. august 2015

I Spania på sommarstid

Eg reiser ikkje til Syden om sommaren.  Det var ei urokkeleg og veletablert sanning. Den vart implementert i livet mitt då Hordaland fylke gav meg avskilsgåva og NAV starta utbetaling av månedlege pengesummar utan at eg trong å løfte eit kritt lenger.
Sommaren er den flottaste tida heime i Norge, meinte eg. Slik har det då også ofte vore. Ingenting har kunna måle seg med dei grøne bakkane,  blåe havet og lyse kveldane. Ingenting har kunne måle seg med mine søte jordbær, raude drivhustomater og kampen mot dei Iberiske sneglane. Kva skal eg til den Iberiske halvøya sommerstid då, tenkte eg.
Men den norske sommaren 2015, blei særdeles annleis, syns eg. Avisene skriv at sommaren ikkje var så spesielt dårlig, men dei får nå skriva kva dei vil. Mi oppleving kan dei ikkje endre.
Så eg drog med mi kjære til den Iberiske halvøya. Her temperaturane skvulpar rundt 30 talet, og magane kan sleppast ut i det fri. Her sneglane ikkje våger seg ut i solsteiken, og ugraset vert lugga av gartnar Michael.  Muy satisfecho, må eg seie.
Eit lite skår i gleda er det dog med desse vermeldingane for heimlandet nett nå. Etter månedsvis med drittver, skal det vera godver heime. Men eg trøster meg med at meteorologane tek feil som vanleg. Gleda med sydenturen min skal dei ikkje få ta frå meg. Sjølv ikkje Gislefoss...

Blogglistenhits