Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 16. august 2012

Hårde tider har vi døyet

Sommaren er den tida på året då eg held meg i ro. Eg har notert i huskeboka mi at i skuleferien skal ingen utanlandsturar tingast. Denne abnorme ideen skuldast ei oppfatning av at: om sommaren er det betre i Norge enn i alle andre land.  Eg har delt ein slags "Johan Borgen oppfatning" av Den norske sommeren. I tillegg har eg tenkt at flysetene bør vera tilgjengelege for den ferierande delen av våre yrkesaktive innbygjarar på denne årstida.
Difor er det at eg har slite meg gjennom dei siste månadene på jakt etter dette solbilete som unntaksvis er å finna på yr.no, storm.no, nrk, tv2 og alle andre stader, unntatt på himmelen over meg. Eg har investert i partytelt og markiser, ikkje for å skugga for sola, men for å stundom kunna sitje ute utan regnkler. La gå at eg har brukt fleece og infraraud terrasseomn, lange unikkar og pledd. Sommaren er jo ei tid for å vera ute. Det fekk eg inn både med mors- og kumelka.
Nå er eg  glad for at denne sommaren går mot slutten. Sjølv me ei aning varme nokre dagar heil på tampen, har han metorologisk sett vore ein trulaus ven i år. Nå gler eg meg til hausten. Då skal pensjonistane igjen fylla flyseta og ribba apotekhyllene for solkrem, idoform og imodium før avreise. Nokon svergar til ei Gamel Dansk i sekken, andre til eit par Fernet Branca. Folk er så ulike, men alle er vi glade for at desse hårde tidene nå er over.