Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 15. desember 2014

God Jul

Eit tynt, kvitt lag av hagl la seg på plenen i natt. Nå er korna vekke og graset er grønt igjen. Eg undrast på om det var kva me fekk av kvit vinter i år. Frosne vassdropar som endra hagen sin framtoning for ei stakke stund tidleg på morgonen. Berre observerbart for dei av oss som var tidleg nok ute or senga.
Det er slik det er blitt nå, seier folk. Kvit jul høyrer fortida til, seier dei og. Men vi som har høyrd Bing Crosby  trøyste seg med draumen om  kvit jul alt for 60 - 70 år sidan, veit at kanskje ikkje alt var som på julekorta før i tida heller.
Eg treng ikkje snø i hagen for å få julestemninga på plass. Å slite på seg prolaps, blærebetennelse og naglebit  med snøskuffel i hand, er ikkje eit vilkår for å kjenne at jula er i kjømda. Ho kjem heilt av seg sjølv, når eg roar meg på sofaen, mens kona steikjer småkaker på kjøkken. Og når ho kjem inn i stova til meg med nytrekt kaffe og varm julebakst for førjulstesting, er det som jula inntek heile kroppen. Det funklar i auga og skin i sjela. Men det vert ytra om at eg må roa meg. Det er jo framleis berre advendt. Skriv heller eit julekort, er alternativet eg får.
Så nå gjer eg det. Iallfall ei førjulshelsing, som eg vonar og kan oppfattast som eit julekort. Eg slit sjølvsagt med kva eg skal skrive. God Jul vert liksom så spinkelt. Difor tullskriv eg litt før eg kjem til poenget. For eigentleg er det God Jul eg ønskjer å seie til alle mine vener. Det er vel greitt nok det?