Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 28. september 2010

Ei grei nok heimreise

Me bussa frå Nerja og heilt til flyplassen i Malaga, Pablo Ruiz Picasso som han heiter. Det er ein busstur på bortimot to timar når ein reknar med bussbyte i Malaga. Prisen er rundt 6 Euro for meg og noko liknande for kona. For den prisen venta eg ikkje allverden, men bussen var komfortabel og luftkjølt. Sikkerhetsselen sat høvleg rundt magen og beina hadde eit så fritt spelerom at berre stresslessen heime i stova overgår slikt. Om eg skal peika på forbetringpotensiale hos busselskapet, må det vera på personalsida. Her har dei mykje å gå på. Rett nok finns det trivlege spanjolar bak fleire spanske bussratt, men han som køyrde oss i går, virka farlegare enn eit ukastrert hannkveg på "Plaza de toros".
Flyplassen i Malaga har nettopp fått påbygd ein tredje terminal som er lys og trivleg. T1 og T2 er mørkare og sjølvsagt meir slitne. Me fant "gaten" vår i T3, og hadde difor eit greit opphald før boarding. Sjølve boardingen derimot var ei Ryanair-boarding på sitt verste. Alle vaktar på kvarandre for ikkje å gløyma seg når første person stiller seg i køen. Og vips, så er køen der. Eg slår meg fram med armar og bein. Her gjeld det å få seg ein brukbar seteplass, helst saman med skikkelege folk. Eg hamna like ved Elin Tvedt, værdama. Det vart ein sabla bra tur.
På Haugesund Lufthavn har me vore før. Her veit me nøyaktig hylleplassen til dei beste taxfrie varene. Eg og kona fordeler oppgåvene mellom oss, og vips så er me ved kassen med fulle korger , boardingpass og mastercard. Så før dei fleste, stormar vi vidare til koffertbandet.  Nappar bagasjen, retter ryggen og skrir vyrdsamt gjennom grøn sone.
Kva er eigentleg den sikraste måten for å unngå tollkontrollen, har eg grunda på. Er det å

  1. Sjå tollaren rakt i augene og gå forbi
  2. Sjå bort og sjå tankefull ut
  3. Gå saman med ein annan og konversera ivrig 
  4. Sjå søt og uskuldig ut og visa ivrig fram posane sine
  5. Hasta forbi som for å rekka toget
  6. Stoppa opp og drøsa litt med tollaren
  7. ????
Eg veit ikkje. Slike kontrollar er jo eit heft anten ein er ei tikkande smuglarbombe eller ikkje.
Hukka i smugling blir eg likevel aldri. Eg trur det har å gjera med at eg held meg til kvoten. Alltid. Så dei gongene eg vert stoppa, har eg aldri buksene nede. Det var eg særlig glad for i går kveld. Det var kulse på Helganes.

søndag 26. september 2010

Heim i morgon

Det regnar idag. Ikkje huljar ned som på Husnes, men det sildrar og dryp. Nok til at kortbuksa mi får mørke prikkar på seg når eg går opp til Wi-fi området. Nokre gler seg over dette. Gartnarane rullar saman vatneslangane, og bouganvillaen lar seg berusa av desse himmelske dråpane.
Turistane likar ikkje slikt, men bareigarane jublar. Folk stimlar saman rundt diskane for å halda seg turre på utsida av kroppen. Innanfor T-skjorta vert det etterkvart ikkje tørke.
Eg skal pakka idag. Pressa kleda nedatt i Rayanair-formaterte koffertar og passa på at ingen kvasse gjenstandar hamnar i håndbagasjen. Dei tilmålte 10 dagane er over nå.
I går var det utflukt til Torrox. Saman med Kari og Helge låg me og lata oss på stranda mens dønningane rasa over dei som var galne nok til å bada. Kari måtte sjølvsagt utfordra Kong Neptun. Me andre slumra på solseng under bastparasollar. Sidan bussa med opp til fjellbyen der dei bur, inspiserte den koslege bustaden, og fekk med oss gratis lunch og vel så det, før me drog heimatt.
Heime i Norge ventar godveret, seier yr.no. Eg velgjer å tru dei på det, og kan verifisera det i morgon klokka 20.15 på Helganes

fredag 24. september 2010

Ein dagstur til utlandet

I slaget ved Trafalgar i 1805 blei Lord Nelson drepen. Då liket hans vart heimsendt frå Gibraltar til England, fann dei ein framifrå måte å bruka for at liket skulle halda seg. Dei la han i ei tunne og fylte den opp med rom. Då dei åpna tunna i England var liket heilt topp, men all romen var borte. Slik er det med engelskmenna. Dei fornektar seg ingen ting. Dei har bite seg fast der nede i Gibraltar.
Me var der i går. På engelsk jord. Der sel dei øl i pint på brune pubar, og gatene heiter Churchill road og Victoria street.  Der bur der 30000 innbyggjarar på 6 kvadratkilometer. Dei har Europas einaste viltlevande apar eller "not ape but monkey" som sjåføren som køyrde oss opp på den 426 m høge klippa presiserte.
Ved folkeavstemminga i 2002 sa 99% av folket der nei til at Spania skulle ha overherredømme over klippa. Spanjolane er relativt rasande på at britane framleis bit seg fast der, og det er nitidig pass og tollkontroll på grenseovergangen. Like etter grensa ligg flyplassen på Gibraltar. Vegen går tvers over flyplassen. Der får bilane raudt lys når flya skal landa eller letta. Her må ein spara på den vesle plassen ein har.
På Gibraltar er det 55km tunnellar inne i klippa , men berre 35km med veg på utsida. Klippa er og gjennomhulla med kanonhol. Inne i dei står det framleis ladde kanoner retta mot Spania.
I James Bond filmen The Living Daylights, var startscenen teken opp på Gibraltar. 007 rasa nedover i bil frå toppen av klippa, køyrde utfor vegen og løyste straks ut fallskjermen sin. Det er bratt nedover her, men ta det roleg, sa sjåføren vår. Det er fallskjermar under setene. Svanhild vart ikkje roleg etter dette.
Gibraltar er eit konglomerat. Sjølv om dei fleste har engelsk blod i årene, har mange andre typar gener. Det imponerte meg og kor tolerante ein var i høve til ulike religionar. Her var kristne av alle slag, muslimar, jødar, buddistar, hinduistar. Og alle har sine religiøse byggverk .
Attende i Spania. Det er finare her. Gibraltar virka sliten og litt forsøpla. Trur nok David Cameron bør spytta inn nokre pund her. Britiske pund. På Gibraltar nyttar dei gibraltiske pund. Dei har ingen verdi utanlands.

onsdag 22. september 2010

Å vri seg unna oppvasken

Å skriva blogginnlegg her i Villas Capistrano krev sin mann. Det trådlause nettverket er plassert med sin router i resepsjonen og rekk sjølvsagt ikkje ned til oss som bur nokre kvartal nede i bakken. Med Pc-en under armen legg eg difor i veg. Oftast om morgonen like etter frukost. Då er det oppvasktid i leiligheten, og difor eit høvleg tidspunkt til å ha noko anna å gjera.
I resepsjonen som er liten, får eg låna eit mobilt pc-bord av den typen dei sel på Nytt og  Nyttig i Haugesund. Eg har maken til det heime, men ikkje visste eg at Hardtvedten hadde vore her å selt bord. I respsjonen jobbar tre spanjolar. To einegga menn og ei kjekk, vaksen kvinne. Dei pratar som to mitraljøser og ein maskinpistol, når dei snakkar morsmålet. Engelsken deira skjønar eg meir av, heldigvis.
Folk rek innom hit. Gir meg ikkje arbeidsro ved Nytt og Nyttigbordet. Nokre vil ha taxi bestilt, andre søkjer råd om fotturar i fjellet og atter andre vil ha kattane vekk frå området. Å sitje her å skriva og lytta er effektiv utnytting av tida. Mykje informasjon tilflyt meg, utan at eg treng å anstrenga meg i det heile.
Gårsdagen vart nytta til grottebesøk. Ein halv time spasertur frå bustaden vår ligg nokre av verdas flottaste grotter. Dei vart opdaga så seint som i 1958 av nokre gutungar. Dei lurte på kor alle flaggermusene i området opphaldt seg om natta, og sette seg føre å finna ut av det. Slik fann dei den då svært trange inngangen til denne kjempegrotta der ein kan vandra i, om ikkje timevis, så iallfall ganske lenge. Desse gutane la grunnlaget for ein stor turistatraksjon og ei feit inntektkilde for området.
Kari og Helge som bur i nabobyen Torrox var med oss i grotta. Kjekt, særleg å ha Kari med. Ho har jo ein geologibakgrunn, og ser meir enn eg elles ville fått auge på. Etter utflukta bussa med attende til leiligheten, der det blei basseng som forrett, pizza med salat som hovudrett og raud Sangre de Toro som leskedrykk.
I dag vil med bada i Middelhavet denne havarmen som skjer seg inn mellom Afrika og Europa. Der ser eg fram til å plaska litt.
.

tirsdag 21. september 2010

Innelåst

For ca 3 år sidan var eg i Puerto Rico. Det var vinter og ikkje overvettes varmt der heller. Første kvelden satte eg meg på balkongen og lukka igjen døra til leiligheten. Den gjekk i lås. Eg og kona var ute og nøkkelen var inne. Det var i 4.de etasje. Alle andre balkongar var tomme unntatt ein. Der sat det ein svenske.  Tjenare, sa eg. Han lot som om han ikkje høyrde. Eg måtte heva røysta og ropa. Eg er utelåst på balkongen, sa eg. Då har Ni et problem, sa svensken. Etter mykje om og men, henta han hjelp i restauranten ved sida av. Me kom oss inn igjen i varmen til slutt.
I natt var det omvendt. Eg blei innelåst i leiligheiten her i Capistrano. Eg hadde låst porten i den 3 meter høge muren rundt hagen og lagt nøkkelen på avtala stad i øvste venstre kommodeskuff. Utedøra var ikkje låst, så ved leggetid då eg skulle ta nøkkelen ut av skuffa for å låsa døra, rauk skuffehandtaket. Slike gamle kommodar er ofte så vridde og krøkete at skuffene gå svært tregt. Eg måtte legga meg med ulåst dør. Ikkje så nøye tenkte eg, sidan porten var låst. Men i søvne fabla eg heile natta om korleis eg skulle løysa problemet. Eg måtte jo klatra over muren for å koma til resepsjonen. I draumen var eg godt igang med å stabla stolar opp på innsida av muren. Eg kom nesten opp kvar gong, men datt alltid ned igjen når eg nesten hadde lukkast. Og oppe på takterrassen ved sida av sat svensken og lo. Ni har et problem der, sa han.
Eg stod tidleg opp idag. Tok fram universalreiskapen min og demonterte kommoden.
Nå har eg nøkkelen i lomma. Takk og pris for at eg er ein "handy man".
Og svensken? Jammen sat han med si fru på takterrassen ovanfor meg. God morgon, sa han, som om ingenting hadde skjedd.

mandag 20. september 2010

Framme og vel så det

Denne gangen klarte ikkje Ryanair å halda ruta. Kraftige torebyger over Europa hadde seinka flyet frå Malaga til Haugesund. Me kom difor ikkje avgarde før 2 timar etter schedule. Difor vart gleda i hotelsenga på Holiday inn ved flyplassen, kortvarig. Der var planen å slappa av ei natt før turen fullførdes til Nerja neste dag. Eg fekk 3 timar i senga, før eg måtte opp og nyta frukostbuffeten.
Ein veltalande drosjesjåfør overtala oss til å bli drosjeskyssa like til Nerja. Me hadde tenkt å køyra drosje til busshaldeplassen i Malaga, for så å bussa den siste timen til Nerja for ein billeg penge. Slik blei det ikkje, og billeg blei det heller ikkje.Men til gjengjeld blei det ein komfortabel tur med ein fyrrig spanjol bak rattet. Han guida heile vegen og delte stolt med oss sin kunnskap om og kjenskap til Andalucia. 
Villas Nerja Capistrano er ein sjeldan fin plass. Capistrano er eigentleg ein landsby oppe i åsen over Nerja. Her oppe skuar vi nedover og utover Middelhavet Det er eit område der alle utleigehusa er låge og spanske. Eigd av private som leiger ut gjennom diverse firma.Det er eit stort leigeområde med mange basseng og tusen krinkelkrokar. Her kan vi gå oss herleg vill mellom murar og prydbuskar. Då må me innom ein bar eller tapasbistro for å roa oss ned. Her er ingen norske, utanom oss. Det likar me.
Bustaden vår er imponerande i høve til pris. Stor med eit soverom til kvar av oss. Ei stove som minner meg om spansk herskapsbustad, og eit velutstyrt kjøken med vaskemaskin. Badet er større enn heimebadet vårt, og her er alt som overkropp og underliv kan begjæra. Hagen er rundt 50 kvadratmeter med plen, møblement og mobile solsenger. Her kan eg driva hagearbeid mens Svanhild rullar seg på solsenga saman med Gunnar Staalesen.

 

torsdag 16. september 2010

Lette koffertar og slanke kroppar

I morgon blir det Ryanair frå Karmøy til Malaga. Etter at eg fekk auga mitt opp for dette lågprisflyselskapet, har eg vore trufast kunde der. Konseptet med fråværande service og minimal bagasje, tiltalar meg. Her må ein klara seg sjølv både i  initieringsfasen, planleggingsfasen, gjennomføring- og oppfølgingsfasen og i evalueringsfasen. Det einaste Ryan gjer, er å frakta meg frå A til B. Ja, og så sel dei skrapelodd på flyet. Mitt matematikkhovud seier meg at eg skal avstå frå slikt. Men etter ein livgjevande cognac som eg vanlegvis finn i taxfree posen i handbagasjen, vert stundom skrape og gnikke lysta for stor. 
Det har blitt investert i fleire bagasjevekter i heimen etter at Rayan kom inn i livet mitt. 10 kg og 15 kg er strategiske massar. Kona har investert i eit sneis ulike handbagasje-koffertar. Kvart år finn ho ein som er lettare enn den ho har. No går det i trillebaggar laga av flortynt stoff med glidelåsar i plast. Taraen må minimaliserast. 55cmx40cmx20cm er blitt dei vitale måla for begge kjønn. Hald ein seg der, er ein velkommen inn i Ryanriket.
I lufta er tyngda av flykroppen med innhald avgjerande. Oppoverkrafta på vengene må vera større enn nedoverkrafta, iallfall i starten om dette skal bli ei vellukka reise. Nedoverkrafta er bestemt av vekta på fly med innhald. Difor er det avgjerande at passasjerane ikkje er overvektige. Kvar kroppskilo, og nokre har mange, tel. Eg tenkte å tipsa Ryan om muligheita som ligg i å avgiftsbelasta dette. Personen sin BMI kan vera avgiftgrunnlaget. Dette vil vera eit enormt insitament for å slanka seg. Nett som boksarane må slanka seg før innveginga framfor ein kamp, vil folk eta seg ned før dei entrar vekta ved innsjekkinga til Ryanairflyet. Når ein tenkjer på at  fedmeepidemien står for 2 - 6 % av dei totale helsekostnadene i industrialiserte land, kan såleis flyselskapet stå oss bi i denne kampen. Då kan deler av helsebudsjettet vårt overførast til Ryanair.
På fredag sit eg meg på flyet. Eg tek knyttnevetesten, som går greit etter at lommen på ryggsetet er fjerna av selskapet. Der eg før lagra raudvinsflasker og plastglas, kan eg nå ha knærne mine.
Eg kjenner den akselererande krafta frå seteryggen. Eg er ein mann på veg opp!

tirsdag 14. september 2010

Til varmare strender







Å vera snikkar i regnvær er travelt. Ikkje før er sag, drill og høvel sett fram, så kjem det ein regnskur. El-verktøy toler lite vatn. Overser ein dette faktum, så gir huset sin jordfeilbrytar melding. Denne veka har eg snikra mellom bøyene. Den viktigaste reiskapen for å få gjort noko, har vore yr.no for Husnes
I slutten av veka dreg eg til syden. Værmeldinga for den spanske solkysten er annleis. Sidan yr har vore så treffsikker i det siste, reknar eg med at dei er å stola på i nokre veker til også på andre breiddegrader. 
Nerja er målet. Der på 36 grader nord finn ein (ikkje overraskande) det såkalla Middelhavsklima. Der kunne eg godt tenkt meg å vera snikkar på denne tida. Der jobbar dei i kortsbukse med magen bar vinteren igjennom, og halve dagen har dei siesta. Då er resten bart også. Om kvelden drikk dei raud, spansk vin og Sangria. Señoritaene dansar flamenco. Det er jo nettopp i denne regionen (Andalucia) at  musikkstilen og dansen flamenco oppstod. Der vert eg kalla señor, og dei meiner det på fullt alvor. Ein vyrdsam tiltale, utan at dei vil gi uttrykk for at eg er ein gammal gubbe. 
Señor carpintero, kan dei kalla meg. Slikt kan eg lika. 

fredag 10. september 2010

Mitt friske hovud

Magnetresonanstomografi er som musikk i øyrene for ein fysikar. Når eg låg i MR tunellen i Haugesund på mandag, var musikken verkeleg. Eg fekk nemleg øyreklokker på, der P4 radioen dura med sin musakk. Hovudmagneten og småmagnetane i aparaturen dura og. Dei fekk alle protona i kroppen min til skiftesvis å spinna i same retning. På denne måten kan innsendte og reflekterte radiosignal "sjå" sentralnervesystemet avdi kontraseten i høve til anna vev vert så stor.
Eg fekk tilbakemelding i går om fagfolka si tolking av bileta dei tok av skalpen min. Nå har me skanna alt som finns å skanna i hovudet ditt, sa dei. Og her på Curato har me ikkje sett eit klarare hovudet på Vestlandet i manns minne. Ikkje noko grums eller syndige tankar inni der. Alt såg så stilt og fredleg ut at me ei stund lurte på om apparaturen hadde svikta.
Eg takkar P4 redaksjonen som sendte slik avslapppande musikk klokka 12.15 til 12.45 mandag den 6. september. I denne halvtimen, då eg låg i MR trommelen, sank hovudet mitt inn i ein harmlaus tilstand. Eg sovna beintfram. Og det er jo ei kjend sak at den som søv syndar ikkje.

torsdag 9. september 2010

Steikje fine tomater

Eg var forsiktig optimist i innlegget i mai. Tomatplantene eg sette ut i drivhuset då, var skrale. Eg skreiv at dei er "blitt alt for høge og spinkle, men dei tek seg nok innatt. Det er jo denne nattefrosten...."
Mine ord er blitt sanning. Dei tok seg innatt. Me et heimeavla tomater på tredje månaden, og i dette septemberveret er produksjonen enorm. Eg reknar med å ha avling like til bursdagen min iår.
Så her i huset smattar me tomater frå frokost, gjennom middagen og til kvelds. Når det gjeld tomatframtoninga, har me landa på følgjande karakteristikk:

Farge og lukt: Klar djup raud. Konsentrert jordsmonnspreg i lukta, mykje raudt og grønt.
Smak: Stort blaut anslag, svært god syre, god munnkjensle, fin kjernesmak, sit veldig godt med mogen frukt og fin friskleik i finishen. 
Vurdering: Ei svært tiltalende tomat som vil utvikle seg vidare i eit par år om ein kokar tomatsaus på ho.
Bruksområde: Til det meste, men ikkje til makrell i boks.
Alkoholinnhald: Skuffande med mindre ein blandar seg ein Bloody Mary
Produsent: Vår Herre, men mest meg sjølv
Distributør: Eg

søndag 5. september 2010

Er dei gamle eldst ska tru?


Eg kom over denne grafen i Teknisk ukeblad av alle plassar. Stikk imot det dei fleste trur, så står nordmenn lengst i arbeid samanlikna med  situasjonen i mange andre land i Europa.
Sjølv pensjonerte eg meg litt før eg vart 64 år, og er i så måte gjennomsnittleg også på dette området. Eg er usikker på om landet er tent med å ha alle desse gamlingane i toppløna arbeid. 
Eit par døme kan brukast til å illustrera kva eg meiner. 
Døme 1: 
Eit par år før eg sjølv pensjonerte meg, kom elevane mine opp til munleg eksamen. Sensor var eldre enn meg, og alderen hadde redusert mykje hos han, særleg hørselen. Under eksaminasjonen såg eg  at han stundom flakka med blikket, og prøvde å gjera øyreflata større ved å nytta handflata som ei slags parabolantenne bak øyra. Han fekk ikkje med seg kva den svært flinke eleven greidde ut om. I karakterfastsetjing etterpå, vart diskusjonen mellom han og meg knallhard, og eg fekk slite jenta opp ein karakter i høve til det han ville gi henne. Ho skulle hatt endå betre, etter mi vurdering.
I den tjomslege atmosfæren omkring rundstykkene på lærarommet etterpå, gav han uttrykk for at han trivdes så godt i jobben at han slett ikkje skulle gi seg før pensjonsreglane  (70 år) tvang han til det.
Døme 2:
For mange år tilbake, då eg var svært ung, hadde eg og ein sensor for elevane mine som var steingammal. Eleven var svak, svært svak. Sensor var heller skranten og mista stundevis papira sine på golvet mens eg eksaminerte og eleven svara i hytt og ver. Då sensor stundom dukka opp bak bordet frå nedturane sine, hadde eleven sagt så mykje dumt at eg frykta for stryk. Dette var bra, sa sensor i diskusjonen etterpå. For første og einaste gongen i livet ville eg setja dårlegare karakter enn sensor. Nei det kjem ikkje på tale med dårlegare enn 5 her, sa sensor.
Lite veit eg om korleis det gjekk med denne eleven seinare, men handbagasjen han hadde med seg i naturfag stemde ikkje med det som stod på utsjekkingspapira. Og den gongen var me nøye på slikt. Idag kan ein jo skaffa seg gode vitnemål på så mange vis.
Eg er komfortabel med at eg gav meg mens eg framleis var brukande. Skjønt det er jo ikkje opp til meg å vurdera om eg var det. At ingen på arbeidsplassen min tviheldt på meg, eller prøvde å overtala meg til noko anna, var kanskje symtomatisk. Kva veit eg i min høge alder?


lørdag 4. september 2010

Fleire dråpar - meire søl.

Eg krusa i Sunnhordlansbassenget i går. Ein nydeleg dag då sola skein over Svanaheio, og frøken Smiley på Teisten stråla omkapp med morgensola. Ho er viden kjend blandt dei reisande, denne frøken Smiley. Ho sel billettar utan å tåla noko knussel. Ho er sjefen.
På Sundekaien flokkar folk seg nærare landgangen, jo nærare båten kjem til kaien. Denne almenmennesklege drifta som får folk til å stimle saman, er universell. Ein kan sjå fenomenet på alle av jorda sine halvkuler. Ein lidenskap etter å få stilla seg i kø anten det er på flyplassar, kinoar eller toalett. Ei slags murring i kroppen styrer åtferda, særleg i toalettkøane.
Andefuglar kappfyk med Teisten over Klosterfjorden, og slår han med eitpar knopp. Eg skal nå timen min hos augelegen, og er rastlaus.  Ikkje etter å koma fram, men på grunn av spenninga omkring kontrollen. Sist var det jo bra.
Denne gangen var det skitt igjen. Det blei skrive ut resept på fleire flasker. Nye dosar skal i auga. Morgen, morgen og kveld. Nå gjeld det å vera klar i hovudet og stø på handa om dette skal gå bra.
Som ein slags bonus tok Teisten meg på eit skikkeleg Sunnhordlandskrus på heimturen. Både Fjelbergøy og Borgundøy glitra i solskinet. Eg steig av på Sunde. "Takk for turen", sa eg til frøken Smiley. Og tenk, ho såg på meg. Men smilte gjorde ho ikkje.

torsdag 2. september 2010

Overdraginga

Eg har vore på overdraging. I går ringde det i mobilen min, ein HTC S740, med eit fortryllande flott ringesignal. Polyfonisk. Du er invitert som gjest ved overdraginga av den nye vidaregåande skule, sa Berit på kontoret. Det skjer klokka 12.30 og det vert servering i etterkant. Kjem du? Ja takk, klart eg kjem. Overdraging har eg jo aldri vore på før, sa eg.
Flaks at eg nett hadde kjøpt meg ny finjakke på YouWho. Ei jakke eg hadde gått og sikla etter ei stund, men som eg ikkje slo til på før eg hadde innkjøpsjefen med meg. Den kledde du, sa ho. Men ho er dyr, sa eg og stussa. Ja, men det får gå for denne gongen, sa ho.
Eg dusja meg to gonger, før eg kledde meg. Ingen skulle få setja ut rykte om at pensjonistane ikkje er nøye med hygienen. Eg brukte både den thailandske og den amerikanske deodoranten under armane. Eit slag under kvar arm. Eg tenkte på den måten å skapa eit inntrykk av noko internasjonalt. Den kosmopolitiske pensjonisten, var det eg ville folk skulle få ei aning av. Med ei romsleg Hugo Boss trøye, som ein effektiv men kledelig magekamuflator, Levis beinklær og altså denne dyre finjakka eg nett hadde kjøpt, la eg avgarde. Etter 33 år på denne arbeidsplassen visste eg at å gå dit tek meg 5 min og 45 sekund, om eg ikkje vil svetta.
Eg gav meg 20 minutt. Ikkje verd å koma forseint til overdraginga, tenkte eg. Å koma for seint til noko, er for meg utenkjeleg. Eg hatar slike uvanar nokre folk har. Dei kjem diltane etter at klokka forlengst har  passert dødlinja, og ser ut som om vi som er komne tidsnok, skal vera begeistra for at dei kjem. Såvidt eg hugsar har eg forsove meg berre ein gong i løpet av mi yrkeskarriere, men då ringde eg jobben og sa at eg var sjuk. Ingen skal ha det på meg at eg ikkje er presis. Sjukdom styrer vi jo ikkje over.
Berre lydfolka var på plass idag då eg kom. Det undra meg. Overdraginga skulle jo starta om knappe kvarteret. Etterkvart kom dei andre spesielt inviterte. Pensjonistane først. Alle hadde jo høyrd om eit gratis måltid. Så kom dei andre. Dei som skulle seia fram talar og rekka over skulen til dei som var eit hakk under dei på hakkestigen. Til slutt fekk rektor skulen, sjølv om han jo hadde brukt han i vekevis før dette. Men det var vel andre sin skule han hadde brukt då. Nå var skulen hans, og det han dreiv med blei på ein måte legalisert.
Tekstar av m.a. Henrik Ibsen, Haldis Moren Vesaas og Odd Nordstoga framførd av ei fortryllande, men avgått elevkvinne og hennar musikantar, sjarmantiserte og trollbatt oss. Ho fekk oss til å føla at det ikkje berre var marsipankaka som var rosina i kaka idag.
Ikkje alle gamle folk er pensjonistar. Nokre held ut i jobben. Skulen sin eldste lærerar, ein ikkje ukjend bloggar, held framleis fana høgt. Han er m.a. historielærar og nyttar sine kunnskapar i mange praktiske situsjonar. Det er jo vanlegvis prisverdig at fagfolk deler sine kunnskapar med ikkje-faglærde.
Ser du brukar Hugo Boss skjorte, sa han henvendt til meg. Ja, eg likar snittet, meinte eg.
Han forma og ut SS-uniformene til tyskarane, sa han. Ja det var flotte klær, sa eg. Men eg trakk nyejakka litt betre omkring meg, før eg gjekk til kakebordet.
Det var godt med søtsaker etter denne overdraginga.

onsdag 1. september 2010

Nyttig arbeid

Den 16. desember i fjor skreiv eg første innlegget i bloggen min "Observasjon og tolking". Dette er innlegg nummer 121. Det vert rundt rekna eit innlegg annankvar dag.
Kvifor driv eg eigentleg på med slikt, har eg tenkt. Bør eg heller gjera noko nyttig arbeid, har eg og tenkt.
Men nyttig arbeid, kva er nå det.  Eg er jo pensjonist, og ferdig med arbeidslivet. I 42 år tente eg opp poeng i Statens Pensjonkasse, og vart lønna av stat, fylke og kommune. Då må eg ha utført nyttig arbeid.
 Eg har jo alltid tenkt nytteverdi, når eg har brukt av energien min. Det må vera fysikkutdanninga som har sett sine spor.  I fysikkverda er det jo slik at ein definerer ulike kvalitetar for energien: Ei energiform er høgverdig dersom ho kan brukast til nyttig arbeid. Om ho ikkje kan det, er energiforma lågverdig. Energien i meg har avteke, og kvaliteten minka. Det er eindel av den naturgjevne nedbrytingsprosessen som herjar i kroppen til pensjonistar. I den grad eg prøver meg på nyttig kroppsarbeid nå, vert eg avslørt. Dei unge 40-åringane som eg er i slekt med, har  energi og  kraftressursar som eg har gløymt ut at eg nokon gong har hatt.
Såleis er det ikkje imponerande det eg kan framvisa av høgverdig energi, for tida. Men lågverdig energi er det framleis mykje igjen av. Liksom slik at eg vil mykje, men får det ikkje heilt til.
Skriva blogginnlegg er eindel av dette lågverdige. Men eg gir blaffen i om det er slik. Eg kan då sitja fredleg i stova med pc-en i fanget og la tankane driva. Reflektera og assosiera, drøyma og gløyma. Terapeutisk. Og tastane, ja dei finn eg endå.
Men nyttig arbeid, nei det er det ikkje.