Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 28. mars 2023

Eg treng ikkje smøreteam

Eg har leita fram skia. Dei blei med meg på flyttelasset og låg innst i uteboda. Dei er av typen Landsem smørefrie. Dei er gamle, og så er eg. Å gå på nye ski i påsken, ville vera for ambisiøst. Dei er trufaste desse skia, og har fulgt meg på turar. Både høgt og lågt. Dei var med meg då eg gjekk på Hardanger vidda med min venn Helge. “Du må kjøpa deg fjellski med stålkantar”, sa han. Eg gjorde det. Men dei måtte eg jo smørje. Det vart eit griseri, særleg i påska når snøen var våt og klisteret var klissete. Det var som om Swix klisteret innvaderte heile ryggsekken min, og dei trusene som presumtivt framleis skulle brukast, klistra seg fast på unevnelege stader på kroppen. Det fremja ikkje kjærleikslivet. ”Kan du ikkje heller starta med slalom”, sa kona. Der smørjer dei med Swix Glider. Slik kunne eg ikkje leva. Stålkant skiene vart hengd på hytteveggen, der dei framleis heng. Til helga blir det smørefritt igjen. Mang ein gong har eg hengd i tau bak fullasta snøscoter dei 2 km det er frå Riksveg 9 og inn til hytta vår. Eg ba telemarkingen som stod for transporten, om å ta det med ro. “Eg er oppvokst i fjæresteinane på Haugalandet”, sa eg. “Og så har eg korkje stålkantar eller stålnerver”, sa eg også. Aldri gassa vel Gunnleik meir på enn når eg sa slikt. I 2003 var eg 60 år. Eg stod ved parkeringa å venta på scootertransporten. Ein 80 åring kom å åtvara meg. “Du er for gammal til det der “, sa han. Sjølv la han i veg innover i sporet som om det var han som var 60. På palmelaurdag skal eg avgarde igjen.På gamle trakter. Nå er eg 20 år meir enn 60. Eg har dei same skia med meg. Eg skal ikkje henga i tau bak scooteren. Eg skal leggja i veg innover mot hytta som om eg var 60. Det får bære eller briste. Min ven frå 2003 reknar eg ikkje med å treffe. Men kven veit. Dei er seige som klister nokre av dei telemarkingane. 

mandag 27. mars 2023

Heimreise

Telefonen ringte. “Hola”, sa stemmen. “Eg er transporten din til flyplassen og blir 40 min for sein”, sa spanjolen. Han meinte eg kunne ta det med ro. Eg tekte på seteplassen min i Norwegianflyet. Skulle den stå tom og til inga nytte heile vegen frå Alicante til Bergen? Eg prøvde meg på positiv tenking. Prøvde å koble meg frå mine indre negative dialogar. Tenkte at dei i nabosetet ville få betre plass, og at Norwegian jo ikkje tapte pengar sjølv om eg uteblei. Det var ikkje lett. Eg held meg ofte til Norwegian når eg er oppe i lufta. Dette selskapet som trauste Kjosen starta og dreiv i så mange år, og som på underleg vis framleis skranglar og går. Jo eg har vore trolaus såklart. Brukt seter i både Ryanair, KLM, Easy Jet og andre billege flygemaskinar. Konseptet med fråværande service og minimal bagasje har tiltala meg. Her må ein klare seg sjølv i både initieringsfasen, planleggingsfasen, gjennomføring- og oppfølgingsfasen og i evalueringsfasen. Det einase selskapa gjer er å frakta meg fra A til B, og så selgjer dei rødvin og cognac på nokre pitte små svindyre plastflasker. Eg hadde investert i ny bagasjevekt før turen. Ville vera trygg på at eg fekk utnytta alle tilletne kg i håndbagasjen. 10 kg og 55x40x23cm er de strategiske måla for begge kjønn. Ja og så ei lita sminkeveske som eg kan putta under setet framføre meg i flyet. I lufta er tyngda av flykroppen avgjerande. Oppoverkrafta må vera større enn nedoverkrafta, iallfall i starten om dette skal bli ei vellukka reise. Nedoverkrafta er bestemt av vekta av fly me innhald. Difor er det avgjerande at passasjerane ikkje er overvektige. Kvar kroppskilo, og nokre har mange, tel. Her har selskapa eit uutnytta potensiale for inntening. Personen sin BMI kan vera eit framifrå avgiftsgrunnlag for å auke innteninga. Dette vil vera eit enormt insitament for slangking. Nett som boksarane må slanke seg før innveging framfor ein kamp, vil folk eta seg ned før dei entrar vekta til flyet. Når ein tenkjer på at fedmeepidemien står for rundt 5 % av dei totale helsekostnadene i industrialiserte land, kan såleis flyselskapa stå oss bi i denne kampen. Då kan innspart del av helsebudsjettet vårt overførast til f.eks. Norwegian. Sist mandag reiste eg frå Alicante til Bergen. Eg rakk flyet i tide og glei saumlaust gjennom og forbi alle køar. Noko innveging vart det ikkje. Hverken av kofferten eller av meg.
Blogglistenhits