Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 21. mars 2010

6. Lytta - med øyre, med auge og med kropp

Dette er punkt 6 frå bloggen "Mi Tid".

”Nå skal du høyra”, seier kona. Au då, tenkjer eg. Dette kan bli skummelt. Eg set meg litt opp i stolen, og ventar. ”Høyrer du?”, seier ho. ”Um hm”, seier eg. ”Så sjå på meg då”, seier ho. ”Nei, eg brukar øyrene når eg høyrer”, seier eg. 
Ho sluttar å snakka til meg. Har erfaring frå mi passive lytting frå før. ”Det har eg aldri høyrd”, plar eg i ettertid å seia.  ”Jo, eg har sagt det til deg”; seier ho. Javel. Seier eg.

Kommunikasjon er så vanskeleg. Det er som andre sine tankar skal flyta inn i hovudet mitt, og ta bustad der. Og ikkje berre slå seg til der, dei skal virka på kroppen min. Dei skal påverka adferda mi.  Ja, om eg høyrer etter då.
Det som er poenget, er at kona vil eg skal sjå på henne når ho snakkar til meg. Ho vil sjå om vindauget  inn til sjela mi, er open. Ho vil tolka kroppsspråket mitt. Vurdera den ekte reaksjonen min, som ho seier. Jakta på den minste spasmen i lekamen, som kan avsløra kva eg eigentleg meiner om saka. Vil ikkje berre høyra mine retoriske svar og motinnlegg. Ho vil eg skal lytta med heile kroppen. Det er det som er så skummelt.
Og slitsamt. Kan eg ikkje berre få lov å lytta på min måte, og la det bli med det? ”Nei”, seier kona. ”Mine tankar om deg og om kjøttkakene,  er med og formar  livet ditt”. ”Du må respondera og reagera på det eg seier”.  Javel. Seier eg.
Klart ho har eit poeng. Men likevel må eg seia at eg stundom tenkjer  med  avundsjuke på min stavangerske svoger. Han som kan skrua av høyreapparatet. ”Du vett det e alle desse  beskjedane som komme”, seier han. Får ha hovudet sitt for seg sjølv, og sparar  eindel på det.

Nå er det ikkje mange i mitt miljø som har Demosthenes sine evner. Dei har ikkje så lett for å ordleggja seg, som han. Dei har ikkje trent stemma i motvind med steinar i munnen, heldigvis.  Men eg har gjennom åra registrert at mange blir flinkare  til å få fram bodskapen sin, om eg er flinkare  å lytta til dei. Om eg tek meg tid til å halda augekontakt, smila, nikka og ikkje avbryta i utide, så kjem eg nærare tankeverda deira. Då må eg lytta til dei, ikkje berre med øyre og auge, men med heile kroppen. Med hjarta og.
For eg er nyfiken på kva som bur i folk. Eg er spent på korleis verda ser ut gjennom deira auge. Eg må vita det for å bli eit medmenneske. For å kunna kjenna empati.For å kunna bryta eigne tankar mot andre sine oppfatningar. For å læra å kjenna meg sjølv.
For å byggja mi eiga verkelegheit rett og slett.
Det er slik eg trur det er. Edelt? Jo, men med grove innslag av egoisme. 

3 kommentarer:

  1. Ein gong papen kjefta på bror Steinar, sa guten: "Reis deg opp og høyr når gamle hundar gøyr!" Det enda med latter og forsoning.

    SvarSlett
  2. Det bur ein politikar i alle.

    Det er då retorikken kjem fram.

    Han forstår straks når det er noko han ikke vil høyre. Det er då han alltid må skifte batteri.

    Gunhild

    SvarSlett
  3. Hehe. Ein luring den husbonden din. Han veit å sno seg i heimen

    SvarSlett