Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 31. juli 2010

Eg vil prolongera august.

Me skriv straks 1. august, som det heiter. Ikkje for det at eg skriv det så ofte nå lenger. Det var før i tida når ein skreiv brev eller hadde ærend på posten, at det var viktig å huska rett dato, og få den ned på papiret. Og i jobben då. I fråversprotokollen der alle elevane som ikkje rakk timen, blei noterte. Då måtte datoen vera rett. Men 1. august skreiv eg aldri der. Læraren hadde fri då.
Sommaren er over når ein skriv 1. august, iallfall nesten. Då startar seinsommaren. Den perioden då ein trur at sommarveret ennå kan komma. Det er når skulane startar at godveret kjem, sa me før. Nå veit eg ikkje lenger. Er litt usikker på kva tid skulane startar også. Det er liksom irrelevant for meg. Eg er meir oppteken av kva tid sommarveret kjem, enn om skulane har starta eller ikkje når det kjem.
August kan vera vakker. Den kan komma med varme dagar og milde kveldar. Med høvlege regnbyger om nettene som gjer vatning av blomsterurnene unødvendig, men som ikkje væter meir enn at plenen greitt kan klyppast utan at graset heng seg fast i holet til oppsamlaren.  Men august er og ein travel månad. Då skal
  • Vårblomstrande stauder delast og plantast om
  • Sommarblomar og roser plukkast for å forlenga sommarsesongen deira
  • Tomat- og agurkplantene gjødslast og haustast, reinskast og snakkast med
  • Plen som er på sitt mest produktive, skal klippast, men og gjødslast for siste gang i år
  • Gamle jordbærplanter skal kastast og nye stiklingar i jorda
  • Brunsneglane skal kverkast, eit arbeid som er delegert til kona
  • Multene skal i hus, eller rettare sagt i hytte
  • Vinterlageret med ved skal fyllast både i hus og i hytte
  • Vinkjellaren skal komplementerast og lageret prøvesmakast og vel så det
Slik kan eg fortsetje i det vide og det breie. Skjønar ikkje at eg får tid til alt dette. Det er godt at også denne månaden har 31 dagar. Onde tunger vil ha det til at Keisar Augustus, som har gitt namn til månaden,  auka talet på dagar i august til 31 for å tilfredsstilla sitt eige sjølvbilete. Han nekta å godta ein månad som var kortare enn juli, som hadde fått navn etter  Julius Cæsar. Det er sjølvsagt berre vrøvl. Eg trur at Keisar Augustus, som den vise og gamle mannen han blei (77 år), gjorde månaden så lang avdi eg og sikkert også andre, skal få tid nok til alt dette. Han såg den problemstillinga.
Eg er Keisar Augustus evig takksam for det. Men han kunne slik eg ser det, godt teke hardare i. Kva med å dobla dagtalet i august. Då kunne seinsommaren vart heilt til oktober. Og så kunne vi hatt september i november.
 

torsdag 29. juli 2010

Noen ganger er det all right å ha høyet i hus

I oppveksten, og for såvidt også seinare i livet, var det årlege faste gjeremål som styrde korleis sjela innanfor skjorta hadde det. Særleg i sommarhalvåret var det hektisk, ja på grensa til febrilsk. Det starta med våronna. Då var bøndene ut av sengene sine før hanen feis, og heldt det gåande til flaggermusa bretta saman vengene, mett etter nattejakta.
Så kom innhaustinga. Blomkål og andre vekster, frå tosifra antal dekar skulle haustast, før slåtten sette inn. Innimellom dette måtte kyrne hentast på beite to gonger om dagen. Melkast, strykast, rosast og skjellast ut.
Ein gjekk i samanhengande arbeidsrus som på mange vis kulminerte med høyinga. Spenninga omkring å få høyet turt i hus før regnet kom, var elektrisk. Og kjensla som med eitt oppstod når ein lukkast med det, var himmelsk.
Eg har ennå den kjensla i meg, den eg fekk når siste høylasset kom inn på låven og regnet begynte, først å drypla, så å ausa ned på låvetaket. Til og med dei vaksne tok seg ein liten pust i høytufta når slikt lukkast.
Denne freden og roen får eg stundom inn over meg nå og,  i vaksen alder. Når alt er gjort til alles beste. Når eg for ei stakka stund har huset for meg sjølv, når ingen ventar noko meir av meg avdi eg har gitt alt og berre kan slappa av. Når høyet er i hus og eg har lov til å kvila litt på laurbera Også då er livet verd å leva.
Idag er ein sånn dag. Trykket er lågt, og eg har hovudet mitt aleine. Noen ganger er det all right,  og heilt okay å ha det slik.

mandag 26. juli 2010

Kvit vin og raud nase

Roar kom innom på veg heim frå danskeferie. Når han kjem hit, vert alltid det gourmetiske sett i høgsetet. Han dreg på handel, kjem heim med bugnande plastposar frå Spar og posar med klukkande innhald frå Polet. Så tek han over kjøkenet, mens eg og mor vert plasserte gjerandslause på altanen med eit velfullt venteglas i handa.
Han serverer aldri ferdigmat. Alt vert tillaga frå grunnen av: føreretten, hovudretten og desserten. Eg har gitt opp å følgja med i prosessane. Eg sit i sola og kosar meg med kvitvinen. Men det tek si tid.
Kvitvinen i glaset reflekterer solstrimene, som nå kjem inn frå vestleg kant. Det eine minuttet avløyser det andre. Sonen pultlar og småsyng på kjøkenet. Sonesonen putlar nede i berhagen.
Og så går det opp for meg: Det er jo desse minuttane som kjem og går som jo er sjølve livet. Det verkeleg gode livet. Det er dette eg må ta vare på, dette eg må åpne sinnet mitt for.
Sitje her i sola med raud nase og kvit vin ein sommardag. Saman med folk som vil meg berre vel.
Slikt er gode greier.

søndag 25. juli 2010

Tomatene raudnar.

Endeleg er eg sjølvforsynt. Eg takkar dei spanske misjonærane som på 1500-talet stjal tomatfrø med seg frå Mexico eller var det Peru, til Europa. Utan det røvartoktet, hadde eg blitt sitjande her å reinska rips med kona. Nå kan eg gå i drivhuset og plukka meg raude tomater. Desse antioksydantbombene som med sitt lykopeninnhald, gjer tomata til verdas viktigaste antioksydantkjelde. Det er, slik eg ser det, mitt store tomatinntak gjennom heile året som held meg så ung, kjapp og stilig.
Og særleg godt smakar dei heimeavla. Frøa kom i jorda innandørs tidleg i mars. Plantene blei sett ut i drivhuset i mai og kom med sitt første raude avkom  tidleg i juli. I løpet av denne tida har eg forsynt dei med kunstig lys i to til tre månader, og elektrisk oppvarming i vekevis i mai og juni. Eg har gjødsla dei og gitt dei nyinnkjøpt så- og plantejord. Kvinnherad energi og FK-butikken har tydlegvis merka seg dette. Dei går ikkje stilt i dørene med slikt.
Tomatene i Sparbutikken kostar for tida rundt 30 kroner kiloen. Det er for ingenting å rekna mot min kilopris. Den passerer nok 100-lappen.
Men så er dei knakande gode og. Det må dei vel vera. Skal tru om det er difor dei raudnar.

fredag 23. juli 2010

Ripsen er raud

Me gløymde å dekka ripstrea med bærnett mot trasta i år. Då plar det bli lite i bøtta, når kona og barnebarna set igang med kanskje sommarens største eventyr. Eg hugsar åra før me oppdaga at det fans bærnot å kjøpa i butikken. Då var det slik at for kvart år som gjekk, vart trasta feitare og feitare, og kona gladare og gladare avdi den evindelege bærrenskinga avtok. Men så kom det til eit punkt der ei avgjerd måtte takast. Skal trea kappast og snittflata penslast med roundup, eller skal med "satsa" vidare. Slik kom bærnota til husar. Denne til tider flokete klumpen som overvintrar i garasjen, og blir leita fram i juni kvart år. Det er litt ottesamt at kona gløymde den iår. Ska tru om ho er gått lei av all reinskinga igjen?
Fuglane er vekke frå hagen. Noko eg skreiv om årsaka til i bloggen "Fugleskrik og barnekvitter". Så ripsbøttene blir fulle i år og, tross manglande bærnot. Barnebarna stiller opp dag etter dag, og det bugnar på kjøkenet og i frysaren. Eg er varsam med å skritta inn på kjøkengolvet. Det er så seigt av bær og sukkerlim at om ein ikkje er rask til fotars, risikerer ein å bli hengande fast der. Då kan det væra vanskelig å sleppa unna bærreinskinga også.
Eg sparar engasjementet omkring rips (og forsåvidt også andre bær), til dei står fristande i syltetøyskåla med ei vakker lita skei oppi. Eg synes naturen kunne gi oss bæra i den utgåva.

onsdag 21. juli 2010

Blodsugarane

Eg var aldri i "Det militære". Å tenkja forsvartaktikk og kampstrategi manglar i mi almenndanning. Når fienden kjem, veit eg ikkje anna enn å veiva med armane og banna for å skrema utyske vekk. Det har flote mykje blod og mange tårer grunna desse angrepa som kjem både bakfra, ovanfrå og frå andre himmelretningar. Fienden kjem snikande nesten lydlaust innpå, og set sine våpen i meg.
Eg tenkjer særleg på to ulike kategoriar, som eg har kjempa mot dei siste vekene.
  1. Myggen. Eller rettare sagt stikkmyggen. Dette svære eksemplaret som ein finn mange av på høgfjellet, og som kan opptre både aleine og i flokk. Stikkmyggen sin snabel har  seks tynne, stive, stikkande munndelar som ligg verna inne i ei tjukk, blautt, røyrforma underleppe. Han har ein slags fjører som vekselvis vert  spente og utløyste og skyt såleis munndelene som piler innover i små rykk i huden min. Om eg då ikkje er lynande rask, noko eg ikkje er lenger, sug han blodet mitt direkte frå ei av mine små blodårer. Det er hoa som stikk. Ho skal ha blod til egga sine, den merra!
  2. Kleggen. Og eg snakkar om storkleggane. Dei kjenner eg berre frå høgfjellet. Dei med svære grøne auge. Munndelane er bygd etter same prinsipp som hos stikkmyggen, men dei er forholdsvis mykje kortare og kraftigare. Dei vert brukt til å skjæra eit lite sår i huden som blodet vert sugd opp frå. Dette tek tid og gjer frykteleg vondt, så før han fekk i seg noko av blodet mitt, hadde eg jaga han vekk. Men han er aggressiv og angrip på nytt. Ein gong beit han gjennom T-skjorta mi. Eg måtte kassera den etter det. Også her er det, nett som elles i livet, hoa som stikk. 
 Ein seier dei går etter lukta, både myggen og kleggen. Veit ikkje om eg skal tru på det. Eg prøvde meg fram med å omgi meg med allslags lukter. Nydusja med sjampolukt, fem dagar gammal svettelukt, diverse myggoljer, urinlukt, skittlukt og brylkrem. Ho skjøna det ikkje, myggo. Gjekk på uansett.  Iherdig i sitt strev for å føra slekta vidare. Fora egga med mitt blod og mine gener. 
Rart å tenkja på at eg, i så høg alder, har spreidd genene mine i eit slikt omfang.

tirsdag 20. juli 2010

Namnekonkurranse

Eg kom atttende til heimen igår. Etter 2 veker i fjellet, var det godt å kjenna havlufta fylla lungene igjen. I 2 veker har eg anda i luft med eit luftrykk som ligg rundt 110 hPa under den me har på Husnes. For i dei nedre luftlaga minkar trykket med rundt 1 hPa for kvar 8 meter over Hardangerfjorden. Ei veke i slikt luftrykk, fører til auka produksjon av raude bloceller. Høgdehustrening, kallar ein det innan idretten. Det er ulovleg å vera i høgdehus i Noreg , iallfall for aktive utøvarar. Eg var jysligt aktiv dei to vekene, men forbodet gav eg blaffen i.
Eg skulle kjent høgdeopphaldet sitja igjen i kroppen idag. Eg skulle strutta av energi og oksygenoverskot. Men akk, slik blei det ikkje. Det er tydlegvis og andre faktorar som verkar inn. Kanskje dei og er meteorologiske. Syndefloden har herja med folk og fe før og.
Så idag har eg sete i stova og verna meg mot veta. Men nøgd er eg etter høgdeopphaldet. Jobben blei gjort og resultatet greitt nok for meg. Nå har eg skaffa meg eiga bod til oppbevaring av gass, vatn og øl. Også eit lite lager med skandinavisk, krydra brennevin med 36—41,5 volumprosent alkohol, vert det plass til. I hytta vår har dei fleste rom namn som endar på -bua. Snorkebua, kosebua, urobua og nyebua. Eg tek gjerne mot framlegg om namn på denne nye bua. Ølbua er eit forslag som alt ligg på bordet. Eit godt forslag, men vert det for tamt? Kva meiner du?

tirsdag 13. juli 2010

Som å ha ein okse i band

Idag heng tåkeskyene lågt over Halsenutane. Stundevis styrtregnar det. Regnet var meldt, så eg jobba hardt i gårkveld for å tetta den nybygde gass- og vassbua skikkeleg. Eg og naboane på begge sider av meg sjaua det me orka i den varme og fine sommarkvelden. Me var alle einige om at mitt agregat bråka mest. Dei andre har nye, flotte Honda-agregat. Eg har eit russisk produsert, som eg kjøpte svært brukt i Uskedalen for 9 årsidan. Eit som berre eg kan starta og stoppa. Men det humpar og går, når det er i rette lunet. Dessutan sparar det meg for myggolje. Det er ikkje observert mygg på 10 meter omkrins, når Kenoen spyr ut sin blåsvarte eksos. Men så krev det til gjengjeld saftig, blyhaldig drivstof. Eg mata bensinen med nokre makalause dropar som gjer han blyhaldig. For blybensin forsvann jo frå pumpene for lenge sidan. Nå er det eg og nokre veteranbilar som etterspør slikt stoff.
Til liks med veteranbilane, flyttar agregatet,mitt seg sakte bortetter vegen. Om eg ikkje tjorar det mens eg jobbar, vert ledningen til sirkelsaga for kort. Det nappar seg liksom laus frå arbeidsoppgåvene. Eg trur det vil på fjelltur. Eg har slått ein pele i bakken, og tjora det til den. Nett som å ha ein olm okse i band. Det er ikkje å undra seg over at myggen tek skrekken.

mandag 5. juli 2010

Hu hei på fjellet

Eg er på Samlebu. Her var eg for ein månad siden og. Då var tela her
og, i bakken. Nå er den vekke. Eg fekk starta bygginga, med å grava
ned pelar. 80 cm grov eg. Det få holda. Så blei det å støypa og vatra
å måla og vinkla. I morgom dreg eg ned til bygda og handlar
reisverket. Vitaraen får bera det opp hit på taket. Eg drog ikkje med
meg tilhengaren denne gongen. Var redd den ikkje hadde klart ein
eventuell trafikk kontroll. Det er mangt som skrantart nå for tida,
men eg trur tilhengaren skrantar mest.
Det er mykje saging og banking rundt om i feltet nå. Sommarferien er
tydlegvis igang. Byfolk og anna folk er her og realiserer seg sjølve.
interessa for hyttebygging som alle gutar har, vert videreført i
vaksen alder.
Kvinnene er og her. Men dei snikrar ikkje. Det lengste deira deltaking
strekk seg, er å halda i plankeenden når storeguten ikkje klarar seg
aleine. Kva skal ein med tvinger når ein har konemor?
Utanom dette sit kvinnene på terrassane eller rundt omkring i
vierkrattet. Dei går inspeksjonsturar rundt i feltet, og referere til
gemalen kor langt naboane er komne med sine prosjekt. Slikt inspirerar
gubben til å stå på ennå ei stund, sjølv om han var moden for ein
pause.

--
Sendt fra min mobile enhet

lørdag 3. juli 2010

Mørke skyer på skyfri himmel

Eg var over fjorden på torsdag igjen. Ein strålande dag for båttur når det er vindstille, blå himmel og varmt. Eg reiste i berre silke-tskjorta mi, som eg kjøpte i Thailand, og som såleis er meint for meir eksotiske strøk. Men sidan folk har talt så vel om denne investeringa mi, og sidan været var så uvant  lagleg, valde eg den.
Tide kom ikkje i tide til Sunde. Men at båten tilslutt kom, må ein visst vera nøgd med. Rekk vi over til kvart over tolv, spør eg matrosen. Han fnyser. Vi er på Lervik 12.02, seier han. Ingenting i vegen med optimismen der i gården.
Eg rakk timeavtalen min med augelegen, såvidt. Slike private augelegar har det grådigt travelt. Dei ser ofte godt og grundig, også på klokka. Timeavtaleboka deira er tettskriven, som om det skulle vore handlelista mi på Clas Ohlson. Ikkje rom for dautid der. Mange halv- og heilblinde treng hjelp.
Går det greit med dryppinga, spør han før eg er på plass i pasientstolen. Denne stolen som er omgitt av linsesystem, iltrande skarpe lyskjelder og apparatur som det offentlege helsevesen berre kan drøyme om. Eg smyg meg på plass i eit forsøk på å ikkje  støyta borti og ripe til korkje dei konvekse eller dei konkave fokalane. Eg tenkjer på den gongen på optikklaboratoriet ved Fysisk institutt på Universitetet, då ein amanuensis kom inn med ein skrutrekkar i handa. Han vart utvist frå labben av ein professor  grunna tankelaus åtferd. Farleg våpen slikt, blandt verjelause linser.
Jo det går greitt med dryppinga, seier eg. Er det vanskeleg å huska å drypa seg? Nei, seier eg. Flott, seier han. Han tørrpratar, tenkjer eg. Vil roa meg ned før alvoret startar. Har vel vore på pasientbehandlingskurs, tenkjer eg.
Idag skal du i perimeteret, seier han. Eg stirrar inn i ein lyskasse, der lysglimt blinkar frå alle retningar, og eg skal trykka inn ein knapp kvar gong er ser eit glimt. Datamaskina skriv ut bilete av auge med svarte felt der auga mine ikkje ser lyset. Relativt omfattande skade, seier han. Mest for seg sjølv. Men trykket har gått ned. Det er positivt. Nå har nyare forskning vist at glaukom (grøn stær) ikkje alltid sluttar å utvikla seg sjølv om trykket minkar. Men vi håper det beste, seier han. Fint at han er direkte, syns eg. Du må og ein tur til CT undersøking av heile synsbanane dine, sånn for sikkerhet skuld. Du får innkalling i posten.
Ein halvtime, og eg er på gata igjen. Traskar kvilelaust omkring i 2 timar før Tide hentar meg heim. Over  Klosterfjorden ser eg svarte skyer på den skyfrie himmelen. Eg veit det skuldast indre hallusinasjonar. Sterk oppleving av synsinntrykk utan ytre påverknad. Vrøvl, altså.
Heime er bassenget fullt av glade badegjester. Yrande liv og glede. Eg ser mot himmelen. Han er skinande klar og blå. Eg ser lyst på livet igjen og jompar uti. Flott, sjølv om det blei med eit magaplask. Men den svien er for inkje å rekna