Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 31. mars 2011

På Bokkafe

I kveld har eg vore på bokkafe. Det har eg aldri vore før. Kvinnherad bibliotek arrangerer slike kveldar i varierande grad. Då kjem forfattarar på besøk. Dei fortel om arbeidet sitt og om bøkene sine. Denne gongen var det for meg ein spesiell forfattar. Tore Oksholen som budde i nabogata mi, og som var eleven min i biologi i 1978/79, var eg lysten på å sjå og høyra igjen.
Tore (som du kan lesa om her) hugsar eg som ein original person, som sleit med å komma tidsnok til skulen. Denne eigenskapen var ennå inntakt hos han. Han hadde framleis litt bal med å organisera seg sjølv. Etter at han hadde sete roleg å venta på å starta føredraget, og bilbliotekaren hadde introdusert han og gitt ordet til han, kom han plutseleg på at han måtte henta bøker og papir ute i eit anna rom. Men me som kjente personen frå før, let oss ikkje uroa over å bli sitjande å vente på han ei stund. Hyggeleg å sjå at folk er seg sjølv.
Ei handfull menneske var møtt fram. Nokre fordi dei var tidlegare medelevar eller lærarar til forfattaren, andre tidlegare naboar til guten.  Og så ein journalist med kona si.
Sprudlande drikke var sett fram og me kunne nyta frukt frå innbydande fat. Eg vart sitjande ved sida av ein pensjonert sokneprest, som nok syntes at sprudledrikken berre var sånn passeleg. Etter ei stund kom journalisten å henta fruktfatet. Kona hans måtte og få, sa han. Soknepresten falda hendene sine og sa fram ei stille bøn.
Tore var spennande å høyra på og snakka med. Han har tydlegvis mykje grums i kjellaren sin å ause av. Mykje av dette grumset påstod han å ha sanka på Husnes. Rundt skulane her hendte det tydlegvis meir om kveldane på 70-talet, enn eg har visst om. Iallfall om ein skal tru på forfattaren. Men det skal ein kanskje ikkje. Eg er generelt usikker på fortattarar sin relasjon til fikson og til fakta
Når eg gjekk heimatt i den milde marskvelden, var det med ei signert bok i handa. Eg ser fram til å lesa den.

søndag 27. mars 2011

UTC+2

Tida er transformert. Det skjedde klokka 02 sist natt. Då gjekk me frå UTC+1 til UTC+2. Me la oss 2 timar etter den universale koordinat tida. Mange av klokkene mine står i kontakt med høgare makter, og ventar ikkje på at eg skal stå opp og skrua dei fram ein time. Det har vore krefter i sving i stova i natt. Både mobilen, pc-en og tv-en glimtar mot meg med korrigerte klokkeslett, idet eg tek dei fram for å stilla om til den nye tida - sommartida. Omstillinga er alt utført på ein for meg lettvint måte.
Verre er det med det biologiske uret. Det som ligg i hypothalamus, og som synkroniserer seg med sola. Vår Herre har ikkje gjort noko med soloppgangen. Det gjorde ikkje Odvar Norli heller, då han som statsminister gjekk saman med resten av EU-landa og innførte sommartida på nytt i 1980. Sjølv ikkje Gro som overtok etter Odvar i 1981, fiksa på det. Det hadde nok Gro klart om ho hadde lagt godviljen til.
Eg er av bondeætt. Bønder likar ikkje sommartida. Dei grunngir det med at kyrne ikkje vil ha slik  klokkeskruing. Dei rautar ikkje etter å bli melka før deira biologiske ur, som ligg i juret, ringer. Ingen høyrde etter kva bøndene sa. Å skjula seg bak kua, holdt ikkje i denne saka.
Eg var lærar. Lærarstanden satte stor pris på sommartida. Særleg klokkestillinga i mars var gode greier. Då kunne læraren få dosera i fred dei første timane på dagen. For anten møtte svært få elevar fram så tidleg, og dei som var der, var i ein tilstand av skråsitjande slumring. Om læraren sjølv ønskte å ta det litt med ro framme ved kateteret, syntes elevane det var behagleg med litt ro og fred.
Eg er pensjonist. Gamle menn søv ikkje om natta, sa Jon Hervik Karlsen til Kjell Kristian Rike under ei skiskyttarsending på NRK for ei tid tilbake. Dei karane hadde greie på så mykje, og eg har altid festa stor lit til dei. Difor syns eg omstillinga til sommartida er ei velsigning. At klokka gir løyve til å stå opp ein time før normal UTC+1 tid, gjer pensjonislivet lettare. 
Men så er det dette med nomenklaturen då. Å skildra tida me nå er gått inn i med ordet sommartid, blir så feil. Å stå opp til denne såkalla sommartida, siste helga i mars, når snøen dryss frå innkontinete nedbørskyer, og kvikksølvstripa i gradestokken treng Viagra, gir meg ingen sommarassosiasjonar. Me må slutta å bruka dette namnet på denne tida.
Om ikkje betre forslag dukkar opp, velgjer eg å kalla perioden me entra i natt, for UTC+2. Enkelt og greitt.

lørdag 19. mars 2011

Kvinnherad Grand Prix

Ein bloggekollega og tidlegare arbeidskollega hadde tidleg i denne veka eit blogginnlegg som han kalla: Fest. Ikkje uventa av den karen å bruka slike ord. Det er ikkje få festar han har arrangert opp gjennom åra. Og ennå fleire har han delteke i og stundom har han "Stått med glans". Blogginnlegget hans finn du ved å klikka her.
Han avsluttar innlegget sitt slik:
 "Har eg fått med det viktigaste no? Viss ikkje, les eller syng visa "Stå med glans" av Kjartan Fløgstad. Vestlandsfanden har visa på plate".
Då rann det meg i hug. Kvifor gå til Vestlandsfanden når han og eg og ein god del andre kollegaer frå Kvinnherad vidaregåande skule på 80-talet, framførde denne visa i Samfunnshuset på Husnes som eit konkurranseinnslag ved Kvinnherad Grand Prix. Kjartan Fløgstad sin tekst skreiv norsklærarane i truppen litt om, og vips så hadde me ein tekst som passa for oss lærarar.
Eg rota i VHS samlinga mi, fann kassetten og kopierte han over til PC-en min. Nå ligg han på youtube. Eit opptak som vart gjort av ein publikummar frå salen i 1983??, og som er blitt transponert og transportert gjennom mine leidningar og duppedittar, er jo prega av tida si tann. Men det er artistane og. Så sidan dei er så uidentifiserbare, tok eg risken på å dela opptaket med heile cyberspace. 
Her kan du nyta innslaget til sang og dansetruppen "Kviso".  Klikk, klikk om du vil sjå og nyta.

torsdag 17. mars 2011

Å hei! Å hi! Å tiriliti!

Når gata er snøfri og strøsanden ligg einsam att på asfalten, dalar kostebilen ned. Han er ein av trekkfuglane våre som overvintrar sør i Europa i vinterhalvåret. Ja, så langt sør som i Sahara, har ein observert dei på vinterstid. Der har dei rikleg tilgang på næring, og der et dei seg skikkeleg opp før den energikrevjande reisa mot nord. 
Turen nordover går over Gibraltarstredet der dei slår seg ned eit par kviledøger for å feia opp billege kvasi Eu-sneipar langs fortauskantane. Turen nordover går greiare om dei får bygd energireservane sine med basis i variert ernæring.
Så ein dag tidleg i mars vert dei observerte på veg innover Jæren. Stavanger Aftenblad skriv:
"En glad leser fra Ytre Tasta melder at han for første gang i år hørte kostebilene mandag morgen. Det skjedde klokka 06.20. Det var til og med flere eksemplarer som priste våren med sin muntre sang. Tidlig hver vår skjer dette på de samme Tasta-jordene."
Så etter nokre dagar nordover langs vestlandskysten, landar dei på Husnes. Dei kvitrar seg oppover Haugavegen med våryre kosterotasjonar, og eg kjenner ei indre glede som eg jublande deler med alle: 
Våren er her. Å tiriliti!  


tirsdag 15. mars 2011

Tankar i dusjkøen

Det har lenge vore graving på andre sida av gata. Byggservice har fått ein jobb hos kommunen, og driv på i rykk og napp. Kommunen skal setja opp bustad for narkomane eit stykke oppe i gata. Dei vert næraste nabo til helsesenter og sjukeheim på eine sida av gata, og til gravferdbyrå på andre sida. Våre folkevalde tenkjer funsjonalitet og rasjonalitet. Ei slik plassering gir handterlige transportkostnader, og kort veg til medisinskapet i legekontora på nattetid.
Mange gruar seg til desse nye naboane. Dei som har fått nabovarsel i saka, har og fått tilbod om kommunalt kurs i korleis ein skal "møta" slike naboar. Eit kurs i folkeskikk relatert til narkomane. Dette tilbodet har falle på steingrunn. Ein av dei eg snakka med, ein nordlending, banna foraktleg over  kursinnvitasjonen. "Ka f...", sa han . "Det er vel ikkje me som treng kurs". I eit lite sekund virka som om han heller ønskte seg våpenløyve.
Eg skjønar at folk vert usikre og engstelige når dei får avvikarar tett inn på kvardagen sin.  Synet på kven som er avvikarar har endra seg opp gjennom åra. Eg berre nemner i fleng taterar, nordlendingar, ml-fanatikarar, innvandrarar og Jehovas vitner. Å få slikt pakk i nabolaget, har øydelagt nattesøvnen for mang ein rettruen statskyrkjeleg borgar.
Nå er det sjuke folk det gjeld. Folk ein ikkje kan stola på, men som likevel treng omsorg og husvarme. Eg minnes ei anekdote om ein samaritan som ikkje berre stelde såra til den forulykka, men og betalte for opphaldet hans på eit vertshus.
Så får det heller kosta meg litt å akseptera at og slike folk må få leva, og at eg er nøydd for å sjå på slikt i nabolaget.
Men ein ting er eg galen for: Kommunen varsla vatnutkopling kl 8 i dagtidleg. Den dusjkøen som oppstod i huset frå kl 7.30 var uuthaldeleg. Enda surare blir eg når eg ser at vatnet i skrivande stund kl 11.00, ennå ikkje er utkopla.
Trøysta får bli at sjølv om dei narkomane kanskje kan skremma vatnet av nokon kvar, så sender dei ikkje falske varslingar om vatnstenging.

lørdag 12. mars 2011

Gudskjelov kvelden

Ein laurdagskveld er ikkje som andre kveldar. Heilt sidan eg var liten gutunge, har eg skjøna det. Ei strevsam arbeidsveke var komen til ein ende. Då var det lov å pynta seg litt ekstra og vera blid. Å skeia ut med noko varmt om kvelden anten det nå var av det eine eller andre slaget, var ikkje uvanleg. Dette er av dei tradisjonane som ennå sit djupt i hugen min.
Laurdagskvelden – Gudskjelov kvelden som Jens Book-Jensen song om.
I dag er det laurdag. Eg går kvilelaust rundt i huset. Det er dette med laurdagsgodtet som ikkje er på plass. Klokka dreg seg mot 17, og det begynnar å hasta. Lite er det å finna i huset, men butikkane har jo ennå åpent. Eg slengjer meg i bilen og køyrer til Eurospar. Det skal bli laurdagsgodt til kvelds. Eg handlar, og oppdagar då eg kjem heim, at eg har fått med meg følgjande  ingredienser:
Filet av svin
Sjampinjong
purre 
fennikel
grønnsakbuljong (utblandet)
crème fraîche orginal, 35 %
malt muskat


Créme Brullée


I kjellaren finn eg me ei flaske spansk raud vin, Condado de Haza, Ribera Del Duero 2007. Mens tenna mine skranglar i vatn, set eg alt fram og er klar til å gi meg hen til kokkeleringa. Men først må raudvinen opnast. Den skal luftast, heiter det seg. Slik eg har oppfatta det ved å observera fleire matlagingsprogram på fjernsynet, tyder dette å slå raudvinen over i glas og småsmatta på han mens maten fresar på steikepanna. Det er difor biletet syner at glasa er på plass alt før steikinga tek til.
Så er det å gå i gang. Eg er ikkje vel forspent med kokkeklær, så eg må bruka det som fungerer. Hygiene er viktig, difor dekker eg både hår og gylf. Ein kan invende her at folk kan tru det står sjømat på menyen. Det er feil.


Så er bordet dekka. Eg ønskjer kona velkommen til bords, og ønskjer alle lesarar ein god laurdagskveld.

tirsdag 8. mars 2011

Ei åtferdstudie

Når eg ser på uteværet idag, er eg svært nøgd med at heimreisa frå fjellet var igår. Me starta i overskya men stille vinterver, noko som holdt seg til Vågsli. Over Ulevå friskna det på med vinden, og like før innkøyringa i Haukelitunnelen var det på grensa til kolonnekøyring. Men me kom oss gjennom med eige syn. Det hadde me ikkje klart idag, ser eg på vegmeldingane.
Likevel blei det kluss på vestsida. Oppe i Austmannalia stod ein semitrailer på tvers i vegen. Ein svenske. Det var mest som å sjå Marcus Hellner på 30 km i Kollen. Feil skodd i vinterværet. Vår svenske køyrde på kjettingfrie gummidekk.
Det er ei studie i menneskleg åtferd å sitja i bilen og observera aktiviteten i slike situasjonar. Eg meiner å kunna dela folket i køen som straks oppstod, i følgjande kategoriar:

  • Dei som straks er ute av bilen sin på veg mot det sperrande køyretøyet. Dei har verken tanke for eller kunskap om  korleis ein legg kjetting på ein trailer. Dei vil dit primært av to grunnar: Mobba svensken og vera den som etterpå kan gå langs bilradene å informera om kva dei sa han.
  •  Dei som vert sendt ut av ektefellen for å samle inn data, og raskast mogleg returnera for å dela desse med henne.
  • Dei som har ei velmeint hensikt om å hjelpa til, men som berre vasar i vegen og seinkar arbeidet.
  • Dei som ikkje går ut av bilen sin, men sit inni, bannar, slår i rattet, i dashbord og på ungane.
  • Dei som ikkje går ut av bilen sin, men tek fram termos og matpakke og kosar seg over den smule underhaldning som heilt uventa og gratis dukkar opp på heimturen frå hytta.
  • Og til slutt, dei som har kompetanse på området. Norske trailesjåfører med gule refleksvestar, hender som tåler høgfjellskulde og som veit opp og ned på ein piggkjetting. 
Det var slike folk som løyste situasjonen for oss i går. Det var dei som viste at det ikkje berre er Northug som er rå i bakkane. Eg skal aldri meir nytte eidar mot desse cowboyane. Sjølv om eg skulle hamne bak dei frå Røldal til Hordadalen - trur eg.

søndag 6. mars 2011

Vinerferie på hyttå

Vinerferien har aldri vore mi favorittid på fjellet. For 10 år sidan blei eg einig med kona om at me står over fjellet i februar. Snøen vart for laus, djup og strevsam. Då var me tett oppunder 60 år, og kreftene var ikkje så voldsomme lenger. Me sleit og strevde med dobbeltaka og dobbelthaka på veg innover fjellet til Samlebu, hytta vår. Men ettersom nye barnebarn vaks til, blei freistinga for stor igjen. Me la på nytt opp til at vinterturane til sommarvarmen under andre lattitudar vart avslutta i tide, slik at me igjen kunne ta del i desse vinterekskursjonane til 900 meter høgde oppe i Telemark. I år vart det ein suksess. Været vart strålande, føret fast og fint, og Norge tok 50% av gullmedalje i Vm i Oslo. Dette minner meg om første året me eigde Samlebu. Då var det OL på Lillehammer. Nå som då stod kampen mellom å nyta det gnisrande skiføre her i heiane, eller la seg klistra til tv~ruta. Det blei fleire flotte skiturar i år,både på eigne bein og på Petter og Marit sine. Nå er barn og barnebarn reiste heim. Dei har ikkje pensjonistane sin fridom til å bli i fjellet utover sundagen. Me gamle dryger det litt ekstra. Den siste sundagen her skal nytast, og hytta skal vaskast. Dette er slikt ein kan kosa seg med når ein er blitt pensjonist.
Published with Blogger-droid v1.6.7

onsdag 2. mars 2011

Flate former er attraktivt

Det blir ein dag på kne. Flatpakkane eg henta på Ikea i Åsane, skal opnast, innhaldet monterast og plasserast. Å montera Ikea-møbler plar vera eit greitt arbeid, om ein berre har unbrakonøkkel då. Og det har ein jo, til og med motorisert i desse moderne tider. Monteringsforklaringane er utan ord. Dei er samansette av teikningar aleine. På det viset kan ein kinesar like greitt som meg, skjøna framgangsmåten. Ja ikkje berre ein kinesar, men ein mann i eitkvart av de 38 landa der Ikea har utsal, vil skjøna kva ein skal gjera. Kor mange av kvinnene som og vil skjøna det, er eg usikker på og vil difor ikkje talfesta.
I morgon dreg eg til fjells. Om det vert ein dag på kne eller på trynet får tida visa. Av kroppslege grunnar har eg ikkje vore særleg på ski dei siste 2 åra. Den utfordringa som ligg i første nedoverbakken frå parkeringsplassen med pulk på slep, er alltid spennande. Og i år vil dette gi spenning i overkant, trur eg. Eg har førebudd meg som best eg kan mentalt. Følgt nøye med på korleis Petter Northug og Marit Bjørgen tek nedoverbakkane, og gjennomgått løypa i hovudet fleire gonger. Så ånden er villeg med kjøtet er om ikkje skrøpleg, så iallfall litt skjelvent. Men sidan ånd er kraft, går det nok bra i år og. Så når eg først er komen meg ned denne bakken, på eit eller anna vis, er det flate viddene innover til hytta.
Flate pakkar og flate vidder, det er praktisk og håndterbart. Iallfall om dei flate viddene også er horisontale.