Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 1. mars 2010

Mykje å gle seg over heime

Så er vinterferien over - for skulane. Turen vår til fjells med skuleborn og lærarar er og over. Me er heime igjen. Været var ikkje det beste på Samlebu i år. Føret var og elendig. Om me ikkje holdt oss i scooterløypa, sokk eg så djupt at mine edlare delar subba i laussnø. Slikt er ubehagleg.
Men idag vakna eg i heimesenga mi av ei strålande sol, som pressa seg gjennom Ikea-persienna. Snødjupna her er berre halvparten av den eg har vassa i den siste veka, og ingen ny snø å måka i innkøyrsla. Eg ser difor lyst på dei næraste dagane.
Ei ekstra glede var det å sjå at kommunen har verdsett eigedommen min så lågt. Eg skal nok makta å betala den nye eigedomsskatten likevel då. Ingen av dei eg kjenner, har eit mindre verdfullt hus enn meg. Difor må dei betala så det svir. Dei fortener vel det, der dei sit i sine slott - tenkjer eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar