Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 25. mars 2010

10. Reisa - men vita kor eg kjem frå

Detter er nr 10 frå bloggen "Mi Tid"

Eg har eit minne om det eg hugsar som mi første reise. Eit godt minne. Tidleg 50-tal, trur eg det var. Sundagstur i robåt på Førdesfjorden til Høieholmen. Ikkje berre ein robåt, men tre. Ein heil armada. Ikkje berre ein, men mange familiar. Ein heil skokk med folk i alle aldrar. Det som overskygga alt anna eg hugsar, var at foreldra tok seg tid til slikt. Det var liv og røre ombord, spennande å leika i stranda på holmen, ei stor oppleving å eta maten som vart varma på grua, men at dei vaksne tok seg tida til dette, var det som fekk oss ungane til å stråla mest av alt.  Her var det ikkje berre målet, men det å vera på reise saman og dela tida med små og store, som vart reiseopplevinga.
”Kvifor likar dei fleste menneske å reisa”, var den stilen eg valde å skriva til eksamen artium i norsk sidemål . Mi reiserøynsle var avgrensa. Utanom nokre berturar, fisketurar, turar etter kyrne på beitet, og friarturar på Karmøy, kom turen til Høieholmen til å forbli noko av det store for meg i lang tid frametter. Den vart difor gjennomgangstema i stilen eg leverte. Eg fekk G på den stilen. Trur ikkje sensor skjøna heilt kva eg skreiv om. Men det kan jo og ha vore rettskrivinga og kommabruken. For eg skreiv jo som Goethe: ”Reis ikkje for å komma fram, men for å reisa”.
Eg trur sensor var ein gammal gubbe som syns reisinga var eit slit, og at det var ein lette å koma fram til målet.  Må jo medgi at eg stundom og har kjent det slik, men helst i toalettkøen på flyet. Men likevel, å komma fram, ta ankerdrammen, pakka ut og så utforska reisemålet. Det er ei god oppleving.
”Å reisa er å leva”, sa H.C. Andersen.  
”Nu siste reis meg forestår, Avsted til himlen farten går”, sa Wergeland. Så folk har ulikt syn på det å forflytta lekamen sin, og ulike mål for reisene sine.
Eg ønskjer å fortsetja reisedilla eg har lagt meg til dei siste åra. Må kompensera for all den bufasta, som dominerte oppveksten min.
Men sjølvsagt må eg vita kor eg kjem frå. Om ikkje, finn eg ikkje heimatt. Om ikkje, veit eg ikkje kva kvote eg har i bagasjen, kva plattform eg  står på i møte med dei andre, kva måleeining eg skal nytta på opplevingane mine. Eg vil vera open, men ikkje ukritisk. Eg vil motta nye impulsar, men tyggja dei med eigne tenner, før eg svelgjer dei.
Og så er det heimen då. Heime best men borte bra, gjeld ei god stund etter  returen. Iallfall ein månadstid. Då tek eg fram reisenettsidene igjen, og studerer valtuakursane. 
”Hadde vore kjekt...”, seier eg til kona ein kveld. ”Ja, nå må me ha oss ein tur snart”, seier ho. ”Kofferten står klar”.

2 kommentarer:

  1. Me har no vore samanmed dykk om ymse, men eg trur ikkje me har vore i lag i båt. Kva skal me gjere med det? Elles kan no både frua di og du bli med oss til Barcelona 26. til 30. april. Men det er vel for smått for dykk som fartar halve jorda rundt.

    SvarSlett
  2. Takkar for tilbodet om samreising, men me sitte på nokre billettar til London den 25. til 29. april. Så me fartar ikkje så langt denne gongen

    SvarSlett