Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 24. mai 2012

På flyplassen

I Boston ligg flyplassen nesten inne i sentrum, iallfall berre 10 minutt derifrå. Og då meiner eg med bil, slik alle amerikanarar meiner når ein spør dei om kor langt vekke ting ligg. "Five minutes up the hill", sa dei  meg i Marlborough, då eg spurde kor langt det var til polet. Det vart ein heisen gåtur med tung last den kvelden.
Eg er tidleg på flyplassen. 3,5 timar før avgang. Umogleg å vite korleis trafikken er ut hit, særleg når eg har bussa frå Salem idag. Trafikken var heftig, men me rulla nokolunde jamnt. Når me nådde flyplassen, hadde bussen trilla ialt 2900 km på desse 14 dagane. Det har gitt meg ei flat rumpe og ein rund mage. Eg må nok legga meg i trening når eg kjem heim, om eg skal få opparbeid sprettrumpa mi igjen. Det er jo det som er inn nå, har eg skjøna.
Gaten til Icelandair er stengd, sikkert i fleire timar ennå. Mannfolka sit og sløvar på benkene, men kvinnene vandrar. Kvilelaust omkring fer dei frå dutyfree til dutyfree. Dei som ikkje har dollar att, ransakar mannen sine lommar. "Kor har du pengane", spør ho. "Nei sei det", seier han. "Finn dei fram", seier ho. "Utan penger er du ingenting verd". Han gir opp, og gir frå seg både pengar og kort.
Icelandair flyg meg til Bergen via Reykjavik. Dei gir meg lov til å sjekka inn to koffertar a 23 kg pr person + 10 kg i håndbagasjen. Dette gir dei det konkurransefortrinnet dei treng, for å klara seg greitt i desse harde tider i lufta. Og så slepp dei ut ei askesky innimellom, noko som set mange konkurrentar på bakken. Men dei er knipne med maten og drykken. Alt må betalast for, noko eg ikkje er van med på andre interkontinentale ruter drivne av andre selskap. Men slik er det vel på Island. Smått med mat og drykk på det forblåste landet.
Det er ei nattflyging eg skal på. Startar kl 21.30 lokal tid og landar i Bergen 12.30 i morgon norsk tid. Då er den biologiske klokka mi, som har stilt seg inn etter amerikansk tid, berre 06.30. Så det blir ein lang torsdag. Eg kallar han langtorsdagen mai 2012. Eg er jo heller ikkje heime når eg kjem til Bergen. Då har eg mest som ei amerikareise att, før eg rekk Husnes.
Trøysta får vera at reisetida for dei fyrste emigrantane som kom med "Mayflower" i 1620, var nokre månader lenger. Så det har jo blitt betre med åra.

tirsdag 22. mai 2012

Ein grå dag i ein liten stat i USA

New Port er ein kystby ved Altlanteren. Den ligg i den minste staten i USA, Rhode Island. Her er det fisk som gjeld. Før var det også kvalfangst og produksjon av kvaloje. Dette er det slutt på nå. Ein har funne anna olje.
I New Port er det kaksane som har sine sommarbustader. Dei kallar det hyttene sine, men dei fleste konkurrerer med Harald sin kåk på Karl Johan. Men storhetstida her var nok på midten av 1800-talet. Mange formuer er smuldra vekk nå. Me var innom eit herskapshus for å hjelpa dei litt med pengar til vedlikehaldet. Det syns dei var fine greier.
Kva lever folk av i Norway, blir eg ofte spurd om,  spesielt ved bardiskane. We are moving money, seier eg. Og  så driv me litt med laks og olje. Norway, the promised land, seier dei, og bartenderen skjenkjer meg eit nytt glas. Han har fått auge på Norwegian kortet mitt.
Kennedy og Jaquelin vart gifte her i Mariakyrkja i New Port. Det syns alle på bussen var stas å få sjå, og der gjekk eit sukk mellom benkeradene då bussen senka farten utanfor kyrkja. Ta bilete her, sa guiden. Og me knipsa. Men eg fekk berre med meg regndråpane som rann ned langs bussvindauga. Ei sørgjeleg hending.
Nå er det heim til hotellet. Det skal pakkast i kveld for i morgon dreg vi heim. Litt sørgjeleg det og. For det har vore mange flotte stunder her.

Hummar på Cape Cod

Bob Dyland på høgtalaren i bussen. The times they are a-changin. Eg syng med av full hals. For den kan eg.
Cape Cod og båttur. Hummar middag. Smikke. Kvinnekelneren instruerer og flørtar. Eg let meg instruere. Kvitvin. Chardonnay. Kombinasjonen tek pusten frå meg. Eg livnar opp til eit nytt liv.
Eg såg alle indianarane i dag. Dei inviterte meg inn i hyttene sine. Where do you eat, where do you sleep, where do you work, spurde eg kvinnene. Right her, sa dei. Where do you fuck, spurde eg. Non of your buisness, sa dei.
J.F.K og heile familien hans har feriehusa sine her på Cape Cod. Eg tok ein båttur ut dit. Look and look, sa skipperen. Fantastic, sa eg. You must be proud, sa eg og. We are, sa han.
Eg tigga 17 lobstersmikker med meg frå hummarrestauranten når eg gjekk. Familyreunion, sa eg.
Så nå er eg budd for familietreffet på Husnes i juni. Berre hummaren gjenstår. Eg vonar nokon fiksar de. Kona har lova å sørga for kvitvinen,
Så det ordnar seg...

lørdag 19. mai 2012

Facing North

Me køyrer inn i Connecticut. Er på veg mot Boston. Godt å få slappa litt av i bussen idag. Gårsdagen baud på mykje farting og mykje folk. Først båtturen ut til Frihetsgudinna og til Ellis Island. Dette var øya der nordmenn og andre emmigrantar blei landsatt for godkjenning, før dei slapp inn i landet. Frå rundt 1890 og like til 1954 foregjekk dette. Nokre blei heimattsendt, men rundt 95% slapp inn. Slik er det ikkje idag, korkje her eller der. Alle dei hundrevis av tusen nordmen som kom hit under emmigrasjonstida, tappa det norske samfunnet for mykje bra folk.
Å vera av norsk avstamming i USA, er stas. Norske turistar er også kjekt for amerikanarane å helsa på og heia til. På 17. mai var det enkelt på restaurantar å bli påspandert, om ein bar dei norske fargane.
Kona og eg tråla Times Square og Fifth Avenu i går. Me var ikkje aleine. Me var i Kina i november. Der var fleire folk. Men der var dei kineserar. I New York er det alle mulige typar folkeslag. Alt frå lndianarane som heng øvst i skyskraparane på byggearbeid eller vindusvask, til dei som ligg lågast i rennesteinen gjerne frå Sør Amerika eller Afrika.Men det er ikkje dei som dominerer bybilete. Det gjer dei som trippar gatelangs for å sjå og ikkje minst for å bli sett.
Etter 3 travle dagar i New York dreg me altså mot nord. Eg gleder meg til å sjå Boston igjen. Eg jobba der i to periodar rundt 1970. Kjernefysikk på MIT var noko av det gjevaste ein kunne driva med på den tida. Iallfall for meg. Nå er eg pensjonist og syns det er gjevt. Alt har si tid.

fredag 18. mai 2012

Dagen derpå

Det er 18. mai. Eg sit i buss på veg frå hotellet i New Jersey og inn til Manhatten. Dette er 3. dagen eg pendlar slik. I går kledd i den beste stasen som kofferten min romma, idag i ei meir høvleg bukse som alt er merka av ei veke som turist i dette landet.
Det blei seint i går. Slik skal det jo vera på ein 17. mai. Opplevingane stod i kø heile dagen. Eg så Upper Manhatten der rikingane og kjendisane bur. Særleg mange observerte eg utan for rettsbyningen i Harlem. Kjendisar på rekke og rad inn og ut frå sine tvistemål.
Eg vandra i Central Park. Eg avslørte kona idet ho hadde sett seg i fanget til H. C. Andersen. Der sat ho saman med den stygge andungen.
Eg var i FN og fekk vite at det norske håndflagget var å sjå på som eit mogleg våpen i sikkerhetskontrollen. Eg fotograferte alle generalsekretærane som hang i glas og ramme. Tryggve Lie knipsa eg to ganger. Eg såg rommet Norge har spandert, sikkerhetsrådet sitt, og eg var nær ved å gå på talarstolen i hovedforsamlinga sitt møterom. Eg meinte å ha noko viktig å seie, men nei. Slapp ikkje til på talarstolen.
Eg gjekk til Sjømannskjerka. Der var alle norske kvinner og menn denne dagen. Ei vakker studine klappa meg på kinnet. "Hei Gunnar", sa ho. Eg gav henne ein god klem, og ønskte henne lukke til med vidare veterinærstudier i California og i Norge. "Hadde ikkje du gitt meg berre 4 i matematikk, så kunne eg vore ferdigstudert sist jul, " sa ho.
"Gratulerer med dagen", sa eg.
Mamma Mia svingte seg på Broadway. Eg trampa takten og klappa dakapo. Utanfor, på Times Square, blenkte reklamelysa slik dei skal gjera der. Folk myldra. New York søv aldri, iallfall i følgje Frank Sinatra.
På veg heimatt til hotellet kolliderte bussen. Det vart for trangt i New York gatene for oss. I tillegg var vi rusa, så ein kunne ikkje forventa anna. Men politiet ordna opp. Det vart ei sein og hard natt.
Eg skriv blogg idag. I bussen på veg inn til byen. Skal til Frihetsgudinna og Ellis Island. Me snirklar. Trafikken her i byen er hakket verre enn på Husnes. Vonar eg rekk båten som skal føra meg til gudinna.

tirsdag 15. mai 2012

Philadelphia downtown.

Philadelphia var hovedstad i USA i 10 år. Landets første president George Washington, budde her då. I denne byen, i denne staten som engelskmannen Penn fekk i gåve frå den engelske kongen, avdi kongen skulda pengar til Penn sin far. Det var ei stort skogområde Penn fekk, og kongen insisterte på at dette skulle vera ein stat med namnet "Penn sine skogar" eller altså Pennsylvania. Denne staten som amerikanarane oftast forkortar til Penn.
Det regnar i Philadelphia. Ikkje kvar dag, men diverre i dag. Når guiden jagar oss ut av bussen for byvandring, hyljar det ned. Me, som trudde sola alltid skein i Pennsylvania, fekk det vått heilt inn til skinnet. Kona som betalte middagen i går kveld blandt anna med paraplyen sin, la beslag på min idag. I amerika er jo alle menn gentlemenn. Iallfall når ein går i regnver med 30 tilskodarar. Då let ein det ikkje regne på kona.
"Liberty bell," sa guiden. Og eg strekte hals og nakke så langt plastposen på hovudet mitt tillot. "Independant house, her vart uavhengighetserklæringa skriven". Eg frigjer meg frå plastposen og får med meg nokre gullkorn.
Etter to timar i regnver er fotturen over. Buksa er blaut og humøret er ikkje på topp. Når me stig innatt i bussen, skrattar den greskfødte sjåføren av meg. "I will excuse your bad look," seier han. Og så skin sola opp og regnet er faren sørover. Og når me entrar den irske puben for å innta lunchen, må eg kasta jakka.
Men som så ofte på slike pubar, vart det fuktig der og.

mandag 14. mai 2012

Benjamin Franklin sine tabbar

Benjamin Franklin tok feil. Ein feil som me i fysikken godt kunne vore forutan. Alle dei fysiske lovane innan elektrisitetslæra baserer seg på feilen hans. Han meinte at straumen gjekk frå + til - polen om ein kopla ei leidning mellom polane. Det bør ein sjølvsagt ikkje gjera om ein er glad i batteriet sitt, for då spring alle elektrona over frå minuspolen til plusspolen, og batteriet vert ganske snart utlada. Benjamin trudde straumretninga var frå pluss til minus. Ein stygg tabbe, som eg har måtta oppklara for elevane mine i ein mannsalder. For å endra på alle lovane etter at ein oppdaga feilen, vart for bale. Så Bejamin sin tabbe lever med vidare med og vil fortsetja med det.
Benjamin Franklin brua kryssar grenseelva, Delaware river, mellom Pennsylvania og New Jersey. Når eg kikkar ut vindauga mitt her på hotellrommet i Philadelphia, ser eg brua rett over hovudet mitt så og seia. På denne brua går straumen begge vegar.  Heile døgeret sidan 1926 har bilar, tog og fotgjengarar nytta ho. Ein gong verdas lengste hengebru. I natt kunne eg tenkt meg at straumen hadde tatt ein pause, iallefall ein liten stopp. At uteliggarane under brua får sova er ein ting. Det tyder ikkje at eg som ligg i senga mi på Comfort Inn blundar like lett. Enda ein tabbe av denne mannen altså.
Huen ta Bejamin Franklin and his bridge.

fredag 11. mai 2012

Lang dags ferd mot USA

Icelandair har funne nisja si. Ta europerane med til USA, men ikkje med direktefly. La dei bli med på ein mellomlanding på Sagaøya, før dei blir vidare befrakta til Washington. Då dreg dei føgjande fordeler:
- drivstoff tankane treng ikkje vera smikkfulle i Bergen
- drivstoff kan etterfyllast på Keflavik
-  det skal ikkje mange dråpane av etterfyling for å frakta lystige nordmenn frå Keflavik til The Unaiten. Dei er jo alt oppe i skyene før takeoff.
Då kan dei gi velhaldne kvinnheringar og andre norske pensjonistar,  2x23 kg innsjekka koffertar og 10 kg handbagasje i tilegg. Det som ikkje bensintankane treng, vert oppfylt med den bagasjen dei kjøpelystne Husnesingane treng av bagasjevekt.
I tillegg nyt dette nasjonale Islandselskapet godt av å sleppa alle flyplassavgiftene på Øya, som dei andre må betala.
Mange slit på  Island, men Icelandair klarar seg - så langt.
Eg er over Ottava nå. Det syner skjermen på seteryggen framføre meg. Kona og eg har slite oss gjennom drosje., snøggbåt, flyplassar, raudvin, kvitvin og Gran Marier i dag. Nå ser me fram til landinga i Washington. Der ventar guiden med norsk flagg og gode sko. Me ska ut på middag med ein heil gjeng, som sikkert sit på dette same flyet, men som eg ikkje veit kven er ennå. Kanskje like greitt. Eg vert vel tidsnok påminna om at eg sov med beina ut i midtgangen og banna høgt men mildt på alle som støyrde borti meg. Særleg den høgre foten. Den er var for slik aggresiv atferd. Det er jo den som ødelegg for min stødige gange, ikkje minst etter eit par flasker raudvin,

onsdag 2. mai 2012

Kvite hus.

I 1798 blei The White House kvitmalt. Dette var året etter at den første presidenten i USA, George Washington,  blei avløyst av den neste. Likevel trur ein at Martha Whasington hadde ei hand på malarkosten under fargelegginga. Ho var nemlig oppvaksen på faren sin gård, som var kalla The White Plantation.
Slik er det med haldninga ein pådrar seg i oppveksten. Den tida då koplingane i hovudet vart lodda i hop hos kvar og ein på sin spesielle måte, og då kjensler og meiningar vert meisla ut for resten av livet. Sidan både kona og eg er oppvaksne i kvite hus på Haugalandet, vart det ingen diskusjon i 1978, då fargen på det nye huset vårt blei bestemt. Det måtte sjølvsagt bli bli kvitt.
Då Barack Obama flytte inn i The White House meinte onde tunger at huset burde malast svart. Det skjedde ikkje. Tvert om skin huset kvitare enn nokon gong. Det er nok ikkje noko å utsetje korkje påvedlikehaldet eller arbeidsmoralen der i gården.
Hos meg var det verre. Kvitfargen var nå i ferd med å endra seg, både mot svart og grønt. Soppen er svart og grønska er, ikkje uventa, grøn. Noko måtte gjerast. Det kvite huset mitt måtte shainast opp.
Eg kontakta eit av barnebarna, ein svær og røsleg kar, som straks skjøna at farfar trengde hjelp om huset ikkje skulle forfalla. Han starta med Idealvask i trykksprøyta, skura og spylde så all dritten fordampa. Det vart så bra at eg lurde på om  beisen eg hadde kjøpt for tusenvis av kroner hos OBS, kunne returnerast til butikken. Men det blei til at me strauk han på veggen. Me nytta denne flotte veka i mai, Arbeidernes dag inkludert, til å hengja i stegen og dryppa beis i både eigne auge og andres hår. Men litt kom jo på rett plass også då. I tillegg til det kvite, vart noko raudt. Så pass skulda vi arbeiderrørsla. Og kona gjorde Einar Gerhardsen og OBS Bygg sine ord til sine då ho henngde opp denne plakten på inngangsdøra. "Hele folket i arbeid"
Om ei veke dreg eg til USA. Eg startar i Washington. Det skal bli spennande å utveksla erfaringar omkring kvite hus "over there". Og om eg får høve til det, skal eg tipsa Obama om sonesonen min Morten. Han er nok moden for større oppdrag etter dette.