Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 12. mars 2010

Tida, nå for tida

Tida gjekk seinare før enn nå, seier folk. Det har nok noko med klokkene å gjera. Gamle mekaniske ur med grove tannhjul, som sleit med store indre friksjonar, kunne sjølvsagt ikkje konkurrere med moderne kvartsur av idag. I dei er det frekvensen på svingningane i kvartskrystallen som driv tida framover. Der er omgrepet friksjon irrelevant eller i det minste ein ikkje-signifikant storleik. Kvartsura skal halda koken og gransemda til tilnærma evig tid. Evig tid, det er lenge det. Det eg likevel lurer på er korleis dei gamle klokkene klarte å halda tritt med jorda sin omlaupsfrekvens rundt sola. Eg trur jordfarten må ha vore mindre då, om det skal stemma det folk seier om tida, før i tida.
Mange syns og at alt går fortare idag enn  før. Eg syns ikkje det. Eg kjenner fleire fenomen som til dømes på 1960-talet gjekk unna i eit heilt anna tempo enn idag. Relatert til meg sjølv og eigne opplevingar, er det nok å nemne  motbakkane, kveldane, hovudet, ølkassen og urinstråla.  Alt dette gjekk jo unna i rekordtempo den gongen.
Einstein sa at tida går fortare for ein som er i røsle, enn for ein som er i ro, om den siste måler tida. Der ligg nok forklaringa på den opplevinga eg har av tidsdiletasjonen her i stolen min idag. Eg skal vera mykje i ro dei neste 4 vekene. Kroppen skal ha best av det. Det blir nok ein tålmodsprøve, men eg er sta og skal stå løpet ut - trur eg.
Eg hatar Einstein med sin relativitetsteori, som kunne stella det til slik for meg.

4 kommentarer:

  1. Jau, Gunnar, tida gjekk mykje seianare før. Iallfall var eit år mykje lengre i nittenfemtiåra enn no i totusenogtiåra. Det beviser eg slik: Då eg var ti år, var det siste året i livet mitt nokså nær 10 % av livet mitt til då. Og no? Siste året av livet mitt har utgjort berre om lag 1,5 % av mitt hittil levde liv. Og kva er størst, 1,5 % eller 10 % av eit levd liv? Eg berre spør.

    SvarSlett
  2. Jo, men kva nyttar det å spørje når spørsmålet er på sida av problemstillinga? Hehe.
    Det eg snakkar om blir meir som å fylla ein liter sprit oppi 10 liter vatn og etterpå fylla ein liter sprit i 63 liter vatn, for så å lura på i kva situasjon ein slo spriten fortast oppi vatnet.
    Einaste ein kan seia sikkert, er at resultatet i den siste situasjonen ikkje vert noko å skryta av. Noko skvip eigentleg.

    SvarSlett
  3. Vyrde fysikar!
    Tida i vårt medvit er mellom anna ei subjektiv oppleving, og tiåringen tykkjer at året er mykje lenger enn den opplevinga sekstifireåringen har av det same året. Det var i grunnen det eg prøvde å forklare.

    SvarSlett
  4. Ja det var mitt poeng og i hovudinnlegget. Så då ser me likt på det, utan å trekka same konklusjon. Me kan leva med det, trur eg.

    SvarSlett