Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 28. mai 2011

Fjelltur

Nå er det snøfri veg like inn til Samlebu. Det har det sikkert vore lenge. Den nye bilen vår rulla gladleg avgårde, heilt inn til hytteveggen. Han ensa korkje djupe hjulspor eller rasende lemen i vegen.
Hyttå lukta av frisk grønsåpe i alle rom, med unnatak av der alt skittentøyet etter påsken låg. For på heimturen 1. påskedag kunne jo ikkje scooteren køyra. Og difor vart returbøra minimalisert. Sjølv uopna 6-pakkar låg og gliste til meg i øleskapet. Det var i går.
Idag er det eit kvitt dryss i lufta ute. Snø. Men etter all det svarte Islandsdrysset me har hatt heime siste veka, virka dette reinsleg og vakkert. Og så legg det seg ikkje på bakken. Ikkje ennå iallfall.
Eg reknar med snøfri veg heimatt og.
Published with Blogger-droid v1.6.9

torsdag 26. mai 2011

Nå lysnar det visst.

Eg har halde pusten ei veke nå. Ikkje heile tida, men med vekslande intervall og varierande frekvens. Eg plar gjera det når spenninga tek meg, og når tanken på at alt som kan gå gale, går gale. Eg har i så måte full tillit til Murphys lov . Eg ser at brødskiva mi som eg stundom mister på golvet, alltid landar med majonessida ned.
Men nå gjeld det ikkje brødskiver. Dei har Rema 1000 nok av. Eg skal ikkje svelta. I mi verd er det ikkje redsla for brødmangel, som tek pusten frå meg. Norske pensjonistar har nok til brød på bordet, og til salt i grauten. Sjølv om eg nok føretrekk sukker i grauten, men det er ei anna soge.
I dag har eg begynt å pusta normalt igjen. To kjeppar som kunne blitt sitjande fast i hjulet, spaniaturhjulet, er lagt dø. Grimsvötn vulkanen ser ut til å vera ferdig med ejakuleringa, og dei demonstrerande ungdomane i "alle" spanske byar ser ut til å ha gått slagne heim i denne omgangen.
Det er rart med dette spanske demokratiet. Diktatoren Franco døydde jo i 1975, og grunnlova kom i 1978. Einskap, autonomi og solidaritet var dei tre pillarane i den. Og maken til autonomi er vanskeleg å finna andre stader i vestlege demokrati. Eg tenkjer ikkje berre på Baskerland og Catalonia med sine sjølvstyre og sine eigne presidentar. Eg tenkjer og på dei små strukturane som finns f. eks. på Alicantekysten. Albir, Altea, La Nucia og Benidorm. Dette er kommunar som ein greitt vandrar mellom på nokre få timar. Men kvart sitt kommunestyre har dei, og kvar sine styresett. Mykje korrupsjon og mange nasjonalistar gøymer seg i politikarrekkene der. Og valget 23. mai, endra lite på det. I Alfas del Pi vann sosialistpartiet PSOE, mens alle nabokummunane er konservative. PP vann der, eit parti som husar mange gamle Franco tilhengarar, og der korrupsjonen er sagt å vera størst. 
Ungdommen protesterte massivt mot dei fleste etablerte partia og mot alle korruperte politikarar før valet. Alle parti er sagt å hysa politikarar med korrupsjonsanklager mot seg, men folk flest ser ut til å bry seg lite om det. Bortsett frå ungdommen som slit med resultata av ein politikk, som har avla enorme arbeisløysetal blandt dei. Arbeidsløysa er større  her enn i dei fleste Eu-landa.  Ikkje rart at dei gjer som folka på andre sida av Middelhavet: lagar revolusjon.
Eg hadde ikkje tenkt meg  til ein ny  "Spansk borgarkrig". Familieturen i juni/juli er meint å vera berre fryd og gaman. Me vil dit for å kosa oss på solsida. Skyggesida vil me skal vera usynleg dei vekene.
Eg er difor glad for at dei spanske ungdommane har utsett revolusjonen. Om dei held seg rolege mens eg er der med familien juni/juli, skal eg gi dei mi fulle støtte seinare. Kanskje eg skal få regjeringa vår til å styrta Spania sine korrupte politikarar, når dei er ferdige på hi sida av Middelhavet. Om dei har ledige bombefly og fleire bomber att då.

torsdag 19. mai 2011

Fornying

Bilete til høgre er frå februar 2000. Det året vart bilen, som me har hatt til nå, kjøpt. Han var på det tidspunktet, tilliks med mykje anna som eg avbilda på den tida, ein energibunt. Rask i motbakkar, stødig på glatta, og hadde god tenning på alle pluggar. I 11 år gav han meg alt. Han sleit trelast opp bakkane frå Haukeligrend til Stokketjønn, førte meg trygt gjennom skandinaviske hovudstadar, var stødig i kolonnekøyring i allslags ver, og gav meg lys og varme i mørke vinternetter. Nå var han trøtt. Han ville at yngre krefter skulle overta. Men det var med tungt hjarta eg høyrde på sukka hans, og tilslutt lot meg overtyde om at han var mogen for utskifting.
I går 18. mai, troppa eg opp hos forhandlaren. Eg peika på kva bil eg ville kjøpa, signerte og betalte. I dag står han i garasjen. Slikt må ein berre få raskt unna. Den nye er i slekt med den gamle, og har same etternamnet. Han er barnebarnet så og seia. Her er alt automatisk og han driv seg avgarde, stundom med 2 og stundom med 4 hjul. Han går framover, bakover, oppover og nedover utan nemneverdig støy og møye. Bakkestartane tek han sjølv, og eg kan kvila klutsjefoten som aldri har likt klutsjinga sidan den lumbale prolaps i 2006.
Det har berre vore 4 bilar hittil i livet mitt. Den første kjøpte eg i Nederland i 1972. Rundt rekna har eg hatt bilane mine i 10 år. Den femte kjøpte eg i går på Husnes. Ein SX4 automatikk.  Om eg skal ha den i 10 år også, må eg vel installera autopilot i han. Eller skaffa meg privatsjåfør. Den som lever, kan sjå.

mandag 16. mai 2011

Dvalen

Sidan eg kom frå Alfaz del Pi, har eg lege nedgreven. Diagnosane har hatt eit vidt spenn. Frå virusjæklar via kyssesjuke og harepest,  til latskap. Mange har uttala seg. Mykje blod er tappa, og sendt rundt til diverse helseforetak. Mykje svette er vaska ut av sengetøyet kvart døger, og mange kilogram kroppsvekt er gått opp i inkje. Kan masse verkeleg forsvinna til inkje, spør eg. Einstein sa at dette ikkje kunne skje. Han sa at masse kan konverterast til energi, men det har ikkje skjedd hos meg. Massen har minka og energien har vore heilt fråverande. Eg må vera eit fysisk unikum.
Det er mykje lemen på fjellet i år. Fjellgudane veit kor mykje infisert lemenpiss det var i snøen eg smelta på vedomnen i påska. Det gir harepest å få slikt i blandevatnet. "Ein tentativ diagnose vert difor harepest", sa den nybaka turnuslegen. Etter ei studiestund, mens eg satt på venterommet, leste han seg opp på denne merklege sjukdommen som han i utgangspunktet ikkje visste noko om, som han sa. Men yngste sonen min, som i si tid hadde kyssesjuka, held ein knapp den. Mens eldste sonen held det meir sansynleg at eg har vore borti harepus, enn at eg har drive med kyssing. Han trur ikkje pensjonistar finn glede i slikt, og støttar såleis turnuskandidaten.
Eg går difor på ein hestekur mot harepest. Ein 10 dagars kur som er slutt den dagen St. Olav i Trondheim har blodprøven ferdig analysert, og kan seia noko om eg har hatt slik pest eller ikkje. Rar rekkefølgje det der.
Men okke som er. Kuren er halvgått, og nå går det "meget bedre". Dvalen er over. Eg frisknar til. Men kva eg frisknar til frå, veit jo ingen.

fredag 6. mai 2011

Mat og estetikk.

På den store jubileumsturen, som kjem om nokre veker, skal det ikkje mangla høgdepunkt. Eit felles måltid for 17 blir eit av dei. Her er det ikkje snakk om korkje Peppes eller McDonald. Korkje kjøtkaker eller fiskepudding. Me siktar nærare sentrum på blinken, og går for ein innertier.
Difor avslutta me gårsdagen med ein mat- og estetikk inspeksjon. Me hadde høyrd mange lovord om restauranten Nuevo Alcazar i La Nucia. Difor køyrde drosjen oss dit.
Me lista oss inn, forsiktige som me alltid har vore. Eg sjekka om kredittkortet framleis låg trygt i innerlomma på den stilege dressjakka som eg kjøpte på Youhou på Husnes.
Me ville testa menyen og fekk bord like ved sida av akvariet, der den levande hummaren levde sine siste timar. Det blei ein firerettar med både kvit og raud drikke. Her må me eta fint, meinte kona.
Og fint blei det, og godt var det. Stemning vart lausare etter kvart, og me enda kvelden saman med sjefen i ein planleggingsfase. Det komande måltidet for 17 stod på dagsorden. Og tenk, han tok meg i handa då eg gjekk.
Dette må berre bli bra.
Published with Blogger-droid v1.6.8

torsdag 5. mai 2011

Inspeksjon

Buss nr 10 køyrer strekninga Benidorm - Alfaz - Albir - Altea og retur. Heile dagen køyrer han med ein frekvens som stort sett ligg på 4 i timen. Folk skravlar og sjåførane bannar. Fartshumpane er potensielle kastreringsreiskap, så om du er mann i forplantingsdyktig alder bør du heller ta taxi. Eg tok buss. Begge vegar. Så det ikkje prostataoperasjonen har utført, tok buss nr 10 seg av.
Men hensikten heillegar middelet. Vår intensjon var inspeksjon av badestrendene. Eg ville sjekka vasskvalitet, botnmateriale, strandbarar og bikiniane. Det å reisa frå Benidorm til Altea, er som å reisa langs ein økonomisk akse. Frå Benidorm med sin masseturisme, til Altea med meir kresne gjester. Men badestrendene er det så som så med på denne strekninga. Benidorm har mykje fin sand, men dårleg vasskvalitet. Albir har reinare sjø, men knapt med sand. Her er mykje rullestein på storleik med testiklane til ekte spansk tyr. I Altea er situasjonen og slik.
Eigentleg kunne eg spart meg heile bussrunden. Ein øl og ein prat med ein innfødd var mykje meir informativ.
Dei gode strendene her omkring er Playa Pontiente Finestrat og Villajoyosa. Og dit går ikkje buss nr 10.
Published with Blogger-droid v1.6.8

onsdag 4. mai 2011

Rekognosering

Eg er i Albir, og eg er ikkje åleine nordmann her. Det vert sagt at i området er det fleire busette frå Norge enn det er spanjolar. Svensken eg delte skyss med frå flyplassen, repeterte dette for meg så mange gonger, at eg trur den pensjonerte mannen må ha vore pedagog. Sist 17. mai var sjølvaste statsminister Jens her og tala, sa han med ei mine som var vanskeleg å tolka. "Politiken lemnar me hemma ", sa han og kneisa med hovudet.
Me bur på Albir Palace. Eit nytt og flott anlegg ikkje langt frå fyret. Det er Henry som driv staden. Henry er norsk. Han reiser heim til Romsdalen for å vera med på konfirmasjon idag. Henry er ein flott fyr. "Du får klara deg med spanske damer mens eg er borte", seier han. Eg ler, men kona set strenge auger i han då.
Idag skal me ut å observera og rekognosera .Siktemålet med denne raske turen til spanien nå, er å legga alt klart til den store jubileumsturen i juni/juli. Då skal den raude løparen vera på plass, og alle vimplar vera oppe. Iallfall biledleg tala.
Her skin sola, det er stille og varmt. Det vert ein framifrå dag for både Observasjon og Tolking.
Published with Blogger-droid v1.6.8