Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 31. januar 2011

Slaraffenliv i leigebil.

Nå er det andre boller. Forden er komen på plass. Den skal me meska  oss med ei tid framover. Me hadde jo ikkje tenkt å slita oss heilt ut her i Kanariland. Det blei rett nok ein slitsam tur å få bilen på plass. 120 trapper ned, så slalåm mellom timeshareseljarane som absolutt skal vita kor eg kjem frå,  og så 450 trapper opp i slalåm mellom amøbeliknande trappegåarar med god tid, for å henta han på Senter Europa. Den sola som forfølgde meg på turen i føremiddag, og  tidsklemma klokka gav meg, førde i kombinasjon med trappene til eit transpirasjonsanfall som eg ikkje har hatt maken til sidan eg var nær ved å koma forseinka til bror min sin grillkveld, Hua Hin, Thailand 2010.
Når leigepapira skulle signerast, draup svetten på papira som om eg skulle stått  utandørs på Husnes i haustregnet og signert. It's due to the stairs, unnskylde eg meg med til utleigaren. Yes, you really need a  car, sa han og smilde empatisk.
Me køyrde ein tur til Playa de Ingles. Må jo bruka denne bilen, tenkte eg. Der var været berre halvvegs av det me er vane med her. Og lunchen dei serverte der var utan pils. Er det meining i slikt? Men dei kvitløkgratinerte rekene var herlege. Osen står ut strupa så sterkt, at hadde eg blitt stoppa av politziaen i blåsekontroll, er eg viss på at det ville gitt utslag og enda med køyreforbod.
I dag har svigerinna med følgje på 3 landa. Dei bur i Maspalomas. Dei første rapportane derfrå fortel om frostskader og hakkande tenner. Slik er det når ein kjem frå eit ullkledd og skjerma tilvære framføre peisen i Byåsen, og i uvørskap kastar av seg både ullbole og spøtasokkar. Slikt vert det fort appelsinhud av.

søndag 30. januar 2011

Naboskap

Her på Los Veleros har me engelske naboar. Det er kjekt, for då kan me snakka både med dei og om dei. Me kan drøsa med dei når det høver seg slik, og snakka stygt om dei, når me lystar det. Det er jo desse kulturskildnadene som det er morosamt å tulla med. Engelskmenn har eit handikap på det viset. Dei kan jo berre det språket som alle skjønar. Då er det vanskeleg for dei å sitja på terrassen og vera indiskre. Dei har det like vanskeleg med slikt som me har det heime på Husnes med naboane der, om dei kjem for nær. Men det er det jo sjeldan dei gjer.
Naboane på Husnes har eg i snart 34 år halde greitt frå livet. Eg har alltid hatt eit korrekt, men aldri hjarteleg forhold til slike. Dei næraste der helsar eg på og snakkar om brunsneglar med, men det er alt. Eg har aldri vore inne hos dei, eller filosofert saman med dei over ei øl. Eg måtte hit til Puerto Rico for at det skulle skje.
Like ved bustaden vår her, gjekk me på dei. Nei jusses, tenkte eg. Korleis takla dette? Men så kom eg på at nordmenn i syden ikkje er som andre nordmenn. Me inviterte dei såleis med innom der me bur, og gav dei ei øl.
Rart kor venlegsinna ein kan verta i ei slik setting. Me fekk til og med drøst om korleis me har det i husa våre på Husnes, og kor lite me eigentleg veit om kvarandre der.
Dei ønskte å utveksla telefonnr og ymta frampå om å eta saman ute ein kveld. Så kven veit, kanskje har me skaffa oss nye omgangsvener.
Me ser.....

lørdag 29. januar 2011

Yrkesutdanning og levekår

Eg var der i dag. På den "ekstreme bartenderskulen" i Puerto Rico. Tenkte meg inn der for å sensurera litevetta. Finna ut om fagprestasjonane stod til haud eller laud. Men skulen var stengd. Her i byen er ikkje formell fagkunnskap etterspurd. Om ein kan hoia eit par ord på skandinavisk og setta ein paraply i eit drinkglas, er 70% av turistane nøgde. Eg gjekk på engelsk pub. Der serverte dei pint of bitter og fotball på flatskjerm. How are you, sa dei og. Søren, tenkte eg. Kan ikkje spanjolane få ha arbeidsplassane sine for seg sjølve. Kvifor kjem desse anglosaksane hit? Taxisjåføren som frakta meg heim, var innfødd. Han var hyggeleg, og snakka så godt han kunne på sitt turistspråk. Ein ekte autodidakt, det var klart. Men me kommuniserte. Pensjonist, sa eg. Oh, can you live of that? sa han. When I pensjonist, I get 700 euro pr month. Stakkars deg, sa eg og rauste med dringsen. Eg kom til leiligheten samstundes med reingjeringsdamene. Dei såg trøtte ut idag. Mange rom, mykje skit. Dei fekk aldri utdanning desse kvinnene. Gymnas og høgskule blei ikkje deira greie. Dei tener lite og svettar mykje. Dagane på jobb er lange, og timane heime hos mann og barn er få. Men dei smiler turistsmilet sitt. Ikkje eit ord engelsk kan dei. Men når kona mi set seg ned med spøtet sitt, klarde dei ikkje å dy seg. Quesque? spør dei. Og då er det genuin interesse. Ein vinn innsyn og får perspektiv på livet her i euroland.
Published with Blogger-droid v1.6.6

fredag 28. januar 2011

Strandpromenade med avkastning.

Turen idag hadde same start og mål som igår. Men ruta vart ei heilt anna. Me følgde havkanten. Rett nok vart det ein liten ås å forsera  mellom Nye Puerto Rico der me bur, til Balitico. Men så strandpromenade derfrå og like til Arguinneguin. Å promenera forbi Anfi er alltid ei god oppleving. Dette vakre området som trønderen Lyng bygde opp, er framleis velholdt og innbydande. Men det var ille korleis uværet sist vinter hadde øydelagt den asfalterte promenaden langs sjøen der. Hadde Lyng levd og sett det, hadde han nok rotert i grava.
Samla sett vart dette likevel ein givande tur. Utbyttet kom i form av stor fettforbrenning og kraftig melanin oppbygging. Melaninet skal verna med mot dei skadelege solstrålene, og fettforbrenninga skal gjera magen lettare å bera.
Altså to floger i ein smekk. Eg vert både brun og vakker.

torsdag 27. januar 2011

Høgt og herlig

Aldri  såg eg fjellet grønare i denne klimasonen. To dagar regn har sett sine spor. I dag stråla sola og vinden var gått i hi.
Me drog på fjelltur. Puerto Rico til Arguinneguin. Då er me på 350 moh på det høgste. Me gjekk stiar me aldri før har valgt på denne ruta. 4 timar var me under høg og open himmel.
Folk er kjekke på slike koter. Alle seier noko på norsk. Nesten iallfall. Seier eg hallo får, eg 95% retur av hallo med norsk aksent. Oftast med nordnorsk. Desse stakkars landsmenna som elles hadde frose ihjel i kalde nord.
Korkje kona eller eg har overskot att etter dette. Kokk vil ingen vera. Då er saka klar, det må bli restaurant.
Eg lyt difor fiffa meg opp, praia ein taxi og lita på Norwegian kortet. Eg hentar jo kreditten hos Kjosen iår.

onsdag 26. januar 2011

Tøffe tider.

Skyene er vekke. Vind og sol har hatt dugnad på den saka. Men vinden kan godt løya nå, når jobben er gjort. Me høyrer meldingar om at snøplogane køyrer i eitt på flyplassen på Tenerife. Det syns me er rart her me sit innsmurd i solkrem på Gran Kanari. Men wifi ligg nede og tv er ute, så noko unormalt er det.
Idag gjekk turen til Arguinneguin med buss. På stranda der velta bølgjene frodande langt innover land. Men i solkroken utanfor den Norske klubben var det godt å sitta. Og der sat me ikkje aleine. Norske kvinner og menn med velvaksne magar og tørre struper meska seg i sola. Ein forfulla sjømann  som aldri kom seg vidare etter siste avmønstring, drakk rom og cola. Han hadde vore ute i hardt vær før, kunne eg sjå. Copa Cabana ropa  han til den nydelige svenske glasberarsken. Ho hadde sett gubben før, og visste at sjølv om fyren hadde fått meir enn nok, ville han likevel kunna setja sjøbein og koma seg heim når sjappa  stengde.
Desse akterutseilte nordmenna  ser ein rett mange av her omkring. På barane ser ein tidlegare tvkjendisar som ikkje klarde presset, og som nå har gøymt seg unna her. Dei styrkjer seg på billeg vin og wiskey og lever på minne frå nrk og tv2. Også fordums skulefolk eg kjende frå Husnes, ravar rundt. Livet er tøft for mange.

tirsdag 25. januar 2011

Sunnmøringar og andre naturfenomen.

Ein heil gris gjekk til igår. Han låg blodig på grillen, når me møtte fram kl 19. Det var eit kanarisk svin med varme i blikket og grillolje bak øyro. Etter 2 timar låg kotelettene hans på tallerken min.
Me delte bord med to sunnmøringar. Dei visste å grava til seg. Det gjer jo slike folk. At fyren hadde jobba seg opp frå gravemaskinkøyrar i 1964 til velhalden entreprenør i dag, viser at han hadde næringsvet. Han og kona kjøpte to husvære mens dei var her.
Eg hadde ikkje liknande karriere å skryta  av. Men på dansegolvet slo me dei. For mens kona og eg svingde  oss til spelemannens nostalgiske svisker, sat sunnmøringane att ved bordet bordet og veiva.
I natt tordna det. Kl 04 vakna eg. Det er vanleg at eg gjer det på den tida. Eg trudde med det same at det framleis  var sunnmøringen som buldra , men nei. Ikkje var det kona si snorking heller, ho søv jo på eige soverom og eg på mitt. Det var beint fram eit skikkeleg nordisk toreskrall som rulla mellom kanariberga. Og ikkje berre eit. Regnet som fulgte er ennå ikkje heilt slutt.
Kona sitt i bikini i døropninga akkurat langt nok ute til at sola mellom skyene rekk i henne, men ikkje så langt ute at regnet som skya tidvis slepp frå seg, treff boka ho les i. Ho er smart kona.
Sjølv sit eg godt planta i sofaen. Eg blir her til så lenge.

mandag 24. januar 2011

Det kan bli ein fuktig kveld.

I dag skin sola. Termometeret viser 24, og vinden er snill. Turen går utan paraply og retninga er omtrent vertikal. Først oppover med megen møye, så nedatte  mot leskeplassane der kroppen får attende veskebalansen.
Det er dei norske som går i fjellet her. Sjølvsagt sleng det ein og annan svenske og nokre tyskarar, men dei er i mindretal. At det er så mange nordmenn til fjells tyder ikkje at alle ser like spretne. Mange slit med Bergansekken bak og magesekken framme. Mange ser ut som dei treng hofteoperasjon, og andre kunne hatt trong for å høvla litevetta av prostata. Kona mi ville ut i buskane å livberga ein kar idag. Ho trudde han hadde fått illebefinnande. Men stakkars fyren var berre på jakt etter ein plass å slå lens på. Og det viste seg å hasta.
I kveld skal me menga oss. Det er gillsamkome her på Los Veleros og me er påmeldte. Yr.no har lova regn til kvelden. Godt eg har med meg den kneside, gule regnkappen. Den funker både mot nedbør og raudvinskvetting. Ein må vera budd på all slags fukt i kveld.

søndag 23. januar 2011

Ein fuktig start.

Los Veleros tyder visstnok seilbåt. Men det er og namnet på bustaden min ei tid framover. Her skal eg segla med britar og skandinavar i dust og dawn, som naboen seier.
Reisa tok 5 timar frå Flesland. Me hadde følgje av våre næraste heimenaboar. Det var eit rart slumpetreff. Ennå rarare var det at pensjonistparet i nabosetene på flyet kalla seg Svanhild og Gunnar. Dei var frå Voss og han var pensjonert lærar. Eg måtte konsentrera meg for å få med meg rett Svanhild av flyet. Men då eg sat i hotelldrosjen, var alt under kontroll.
Eg vakna til regn i dag. Det er sundag og lysten til å stella til frukost var på eit lågmål. Utan brød i huset, blei difor vegen kort til næraste english breakfast, og den skal eg seia satt.
Med paraply under armen gjekk me oss ein "sjå oss litt rundt tur". Og den bagasjen vart diverre ikkje til fånyttes. Taxiane hadde ein god dag idag.
Men nå er eg attende på terrassen. Der knipsa eg utsiktsbiletet. Me er nøgde med utsikten, og håpar óg at talet på soltimar vil ekspandera. Men førebels har eg ikkje sløst med solkremen.
Eg er likevel optimist, ein bleik optimist.

onsdag 19. januar 2011

Fram paa Vetteren stundom han tenkte

Giv eg var i eit varmare Land, skreiv Ivar Aasen på 1860-talet. Sud um Havet han stundom laut skrida, skreiv han og. Eg er usikker på kor det var dette "Sud om Havet", men eg trur ikkje det var til Gran Kanaria. For på Ivars si tid reiste ein ikkje med fly. På den tida var dampskipa nett blitt ein moderne reisemåte, og dei rakk nok ikkje dit med dei før Vetteren forlengs var over og vårsola igjen blenkte i bakkane heime. Og då ville jo ingen ut å reisa, meinte Ivar.
Ivar Aasen var ein klok mann, men nokon utanlandsfarar var han ikkje. Så diktet "Nordmannen" uttrykkjer jo ikkje akkurat gleda ved å reisa til syden på vinterstid. Skal ein finna inspirasjon til slike eksotiske reiser, må ein gå til andre norske diktarar. 
Ein annan måte å la seg inspirera til å reisa til varmare land, er å opna e-postkassa. Der vert ein invitert til alle verdshjørner for ein slikk og ein ingenting. I vinter var det Norwegian som fekk tilslaget frå meg. Dette flyselskapet som er eigd av denne nesten plagsamt glisande Bjørn Kjos, og som eg har boikotta i 5 år, skal forflytta kroppen min i 850 km/t ut av landet. Det var noko med service og bistand som gjorde at eg sette foten ned den gongen. Men ettersom dei fleste flyselskap etter kvart er blitt slike lågprisoperatørar, så er alle av same ulla nå. Dessutan har det ikkje råka Kjosen i særleg grad at eg valde han vekk. Så eg har gitt opp den boikotten.
Til helga set eg meg i flyet på BGO, og rikkar meg ikkje før er på LPA. Der er det lutter sol og glede, vil eg tru.


tirsdag 18. januar 2011

Høgt oppe.

Uvær ute fører til aktivitet inne. Så  då Fargerike lokka med priskupp, var saka klar. 12 liter kvit fløyelsmatt, to kostar og diverse rullar var det som skulle til. Ja og  godt humør då. Det kjem sjeldan av seg sjølv i slike situasjonar. Det er først når jobben er fullført, at humøret toppar seg.
Nå er dei tre strøka lagt på.  Rullar, penslar og tomme spann er i bosset. Hender, ansikt og hår er skrubba. Loftet og eg  sjølv framstår i oppdatert utgåve. Kona skryt og eg er høgt oppe.

lørdag 15. januar 2011

Sms tyranniet

Short Message Service kalla dei det i 1992. Då vart den første meldinga av denne sorten send. Me kallar det sms. I 19 år altså har denne teknologien herja i privatlivet. Mang ein kosleg vennemiddag er blitt øydelagd av desse pipa, som får folk til å spretta opp, avbryta all kommunikasjon med nærmiljø, og fordjupa seg i denne teknologien som ein meistrar i varierande grad. Kvinnfolka er verst. Verst på den måten at iveren er større enn evna. Dei meistrar saktens den kommunikative kunsten, men teknologien er meir på prøve- og feilestadiet. Learning by trying to find the right key, så og seia. 
I kveld fekk eg ein sms. Frå ei kvinne. Eg sat og åt rakaure med Løitens og Hansa til. Då peip det. Eg spratt sjølvsagt opp. Ein skal gjera det, har eg skjøna.
Har du måka hyttetaket, stod det. Nei, bør eg det, skreiv eg. Har du ikkje sett vermeldinga, skreiv ho. Nei, eg sit og et rakaure med Løitens og Hansa til, skreiv eg. Då skulle eg vore hos deg, skreiv ho. Tja, jo. Men eg gir blaffen i hyttetaket.  Iallfall i kveld, skreiv eg. Jo, jo det er di hytte, var siste meldinga eg fekk.
Søren og. Kvelden øydelagt av ei hersens sms. No må eg sjekke her og sjekke der. Kanskje snøfallet brekk ned taket dei neste vekene. Bør eg til fjells før turen til Puerto Rico?
Eg kjenner det på meg. Det vert mykje grubling og lite soving komande natt. Store mengder snø skal ned frå taket, og det i berre pyjamasen. 

fredag 14. januar 2011

Buksepress

NRK herjar med samvitet mitt. Kvar mandag i beste sendetid fortel ein overivrig sogning med lustramål og målpris, at eg nyttar for vid buksestorleik. To storleika ned på fire veker, vil han ha meg. Oppskrifta er klar: Gi og du skal få.
Gi blaffen i godsaker og stressless, kom deg på beina og bruk det som er att av rørsleenergi i lekamen. Han førespeiler inga gledesopplevingar, men fire veker med hardt og vondt arbeid. Så etter 4 veker skal ein stå der, utsliten og med ein buksegarderobe som ikkje høver til kroppen lenger. Då må ein anten ut på buksehandel, eller legga seg til ein saggestil der lågthengjande bukser er noko av kjenneteiknet.
Ikkje for det: nokre ungdomdsbukser har eg gøymt unna denne rydde- og kastebølgja som har ridd heimen den siste tida. Eg brukte eindel av dei på hagearbeid i sommar. Då forlenga eg linninga med ein taustump. Det er vel desse sogningen vil ha meg inn att i nå. 
Eg er ikkje komen igang med treninga ennå. Planane er klare, men som pensjonist slit ein med å få lange nok dagar.  Det er heise mykje som skal gjerast, og eg kan ikkje prioritera alt. Og om eg skulle trena i tillegg, ville dette frårøva meg verdfull tid og setta meg i ei enda større tidsklemme.
Men som sagt, planane ligg der. Ein dag skal eg plukka dei fram og tenkja over kva eg kan bruka dei til.

torsdag 13. januar 2011

Broddar på beina og i hovudet.

Broddar er etterspurde for tida, ikkje berre av pensjonistar, men og av meir motemedvitne folk. Ein har skjøna noko av det fysikken forklarar om samanhengen mellom frikson og underlag. Friksjonskrafta kan aukast på to måtar. Anten ved å gjera seg tyngre, eller å endra kontaktflata med vegen. 
Men sjølv om julehøgtida med mykje godt på bordet har gjort ein god del  med vekta hos folk flest, er dette likevel langt frå nok når det gjeld å ha eit trygt fotfeste om dagen. Difor må det gjerast noko med kontaktflata ein har med vegen, og her kjem broddane inn. For å unngå uønska nærkontakt med bakken, set ein på seg piggar og tek styring over situasjonen.
Å stå på eigne bein er noko å streva etter i mange situasjonar. Vil ein unngå nærkontakt med omgivnadane, er det såleis enklast om ein set piggane på. «Sagen er den, ser I, at den stærkeste mand i verden, det er han, som står mest alene», sa doktor Stockmann. Det kan vel henda at Ibsen trekte dette vel langt. Stockmann fekk ikkje utført all verden, men han fekk jo tenkt sjølvstendige tankar. Verda treng folk som kan det. Ideskaping kjem ofte frå annleis tenkjande.
Å gå gjennom livet utan piggar, er risikabelt. Det fører lett til at omgivnadane kjem så nær innpå kroppen, og ein kan bryta  bein og ta skade på sjela si. Ein blir sårbar, og kanskje eit lett bytte for dei luringane som då kan koma ein alt for nær. Nå er ikkje alle medmenneske i utgangspunktet luringar, men det er likevel best å setja grensepinnane i god avstand frå den innste marka. Berre nokre få skal inn dit. Men nokre må ein ha der, om ikkje gror innmarka til og blir liggande som ei mental og kjenslemessig brakkmark. 
Finns det ein fornuftig konklusjon på dette? Tja, det må jo bli: 
Ha piggane på når du vandrar på usikker grunn, men ta dei av når du er i trygge omgivnadar.
Det er det fine med broddar, dei kan fjernast når dei ikkje trengs lenger. Då kan ein gå vidare med trygge steg utan å trengje så stor friksjon mot verda omkring seg. Eigentleg likar eg meg best der. På bar mark i oversiktleg lende.

fredag 7. januar 2011

Blanke ark og tomme skap

Min morfar, Far Myklabust som me kalla han, var ein stor samlar. Han hadde ikkje spesialisert seg innanfor eit felt, men samla på alt mogleg. Alt kjem til nytte ein eller annan gong, meinte han. I verkstaden/garasjen hans var det ikkje lov for borna å vera aleine. Dei gongene eg var der, var det saman med han. Der var det mykje spennande saker og ting i kaotisk orden. Sjølv hevda han å ha oversikt og fann oftast det han var på jakt etter.
Han budde i etasjen over garasjen, og hadde såleis full kontroll over om den knirkande garasjedøra vart opna. Då var han på pletten, ikkje uvenleg, snarare litt engstleg og undrande. Sakene sine i garasjen ville han ha kontroll på.
Morfar var ein samlar, det er sonen min og. Eg trur difor  eg og kanskje har ein bit av dette samlargenet. Kona mi er ikkje i tvil. Du må kvitta deg med dette rotet, får eg ofte høyra.
I går blei presset for stort. På loftet mitt var det mykje rart, eg innrømmer det. Så eg tok på meg ansiktsmaske og hanskar, og gjekk igang. Ting skulle vekk. Tjuefem årgangar av Gjør Det Selv, Bauer smalfilmkamera, Tandberg lydband, platespelar, eksevis med diskettar, Cd-ar, skulebøker, skrivar til PC, hyllemeter med bruksrettleiingar, ein gammal symaskin pluss ennå mykje meir. Til og med mp3-spelarar gjekk på lasset.
Eg pakka bilen full, og køyrde til SIM. Eg var lei meg. Kvifor var eg så svak og ikkje stod imot. Morfar var ein mild og lun kar. Men når det gjaldt å ta vare på ting, var han sterk og stod imot alt press. Eg rekk han nok ikkje til knea på det feltet.
I dag har eg ein ny dag med blanke ark. Men fargestiftane gjekk visst i bosset. Lurer på kva eg skal med alle desse tomme skapa og hyllene på loftet.
Når skal du rydda i garasjen?, spør kona. Ikkje ennå, seier eg

onsdag 5. januar 2011

Trettandedagen

I morgon er det 13. dag jul. Tradisjonen tru skal med avslutta julefeiringa då. Dette er dagen då inneklima hos oss er på sitt verste. Mykje inneliv, steikeos og julepynt i alle krør har sett sine spor. I morgon skal eg ta tak i dette. Få reinska opp så og seia. Fjelledelgrana har gjort jobben sin, det har ribba og. Den plassen som grana har okupert, vert med eit frigitt på stovegolvet. Slik er det ikkje med pinnekjøt, ribbe, sylte, waldorfsalat, osb, osb. Den plassen dette har okkupert, vert ikkje frigitt i morgon. Det ligg rundt vomba om ikkje til evig tid, så iallfall i uoverskodeleg framtid.
Den 13. dag jul kjem julebukkane. Nokon kjende, andre framande. Men dei fleste er born. Då er tida der for å tøma huset for karbohydrat og kaloriar. Då er tida der for å høyra julesongane i reprise. Ingen julebukkar får noko utan å ha prestert noko først. Då tyr dei fleste til ein julesong. Hos meg er det prestasjonsløn som gjeld. Klar i røysta og glad i hugen, gir meir i posen.
Den 13. dag jul er og ein viktig merkedag for været. Om det vert fint klarver på denne dagen, så blir det eit godt og grøderikt år. Dessutan kjem været me får denne dagen, til å vara i 13 dagar.  Yr.no gir lite håp om godt ver for trettandedagen. Sanneleg er eg glad for at turen til varmen er i boks.

mandag 3. januar 2011

Nytt år. Ny dans

Året 2011 starta sosialt i Haugavegen. Både Askøy, Karmøy og Husnes hadde representantar på altanen, då folk skaut året inn. Det einaste som blei skote opp frå mi rampe, var champagnekorken. Den small godt, fauk langt og vakte eigentleg meir åtgaum enn innhaldet i flaska. Men litt skrau skal ein jo ha i nasen på ei slik natt.
At 2010 er slutt, er eg glad for. Mykje av det som skjedde med meg då, var ofslege greier. Alt for mykje bruk av ultralyd, magnetresonanstomografi , røntgen og skalpell på lekamen min, gav slitasjar på kroppen og på hugen.
Glaukomdiagnosen likte eg og lite. Eller rettare sagt: Eg kunne vore utan den .  Men slik er dette livet. Det er ein dans på roser. Om ein er heldig set ein ikkje føtene på rosestilkane under dansen. Der er jo tornene, og dei gjer  vondt.
Eg er glad for at 2011 er på gang. Eg skal dansa vidare, men ikkje på roser.
Eg skal kasta meg ut i andre prosjekt enn dei eg har delt med Helse Fonna. ”Kom hit nå, kjærring, så tek vi en dæins.” sang Prøysen. Det var ingen dans på roser. Det var ein laussluppen og utfordrane affære, eit ja til å leva livet på eigne premiss. Vera glad og gi blaffen i "folk som går utafor på vegen i kvell, og som lure på å æ dette for spell". Slik vil eg 2011 skal bli for meg.
Vonar alle kunne få eit slikt år. Då vert det mykje gøy rundt omkring, trur eg.