Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 31. oktober 2011

Ein kinesisk rundtur.

Eg har aldri vore i Kina. Ikkje ennå. Men neste veke, då er eg der. Billettar og visum låg i postkassa i går. I dag ligg dei i reiseveska mi. Kofferten er ennå tom. Det skal han vist vera under austoverferda, seier kona. Han skal fyllast i Kina. Heilt sidan denne turen var i boks, har det vore uråd å få kjøpa seg nye korkje sokkar eller unikkar. Du skal jo snart til Kina, blir det sagt.
Om pakkinga blir enkel, så har eg budd meg godt på andre felt. Kroppen er vaksinert mot influensa og magesjuke. Sovetablettane som skal verna kroppen min mot 7 timar tidsforskuving, ligg i medisinveska. Så når melatonin-nivået i lekamen er på lågmål, skal eg likevel få meg ein lur. Eg skal lura dette "mørke-hormonet". Eg skal lura det i Beijing.
Kinaturen er ein rundtur. Me reiser til Beijing med Finnair og blir der i 3 dagar. Så går turen med nattog vidare til Xian og etter 2 dagar, dreg me vidagre til Shanghai. Den fjerde dagen der set me oss på flyet og returnerer. Me reiser i gruppe, og eg har nett nå inga peiling på kva slag folk me skal vera rævdiltarar til. Heller ikkje kven som skal henga i ræva på oss. Eg undrast kven som har høve til å setja seg på fly og dra avgarde på denne tida av året. Er det berre pensjonistar, skal tru? Eller er det slike spreke ungdommar som heile tida skal tilby hjelp til oss litt opp i åra. Det kan vera plagsomt og eg vert frustrert av slikt.
Ein slik velmeinar opplevde eg på Haukeliseter sist fredag. Eg skulle kosa meg med rømmegraut, og stod nett å ausa sukker over herligdomen. Då høyrde eg ei stemme bak meg som sa: Skal eg hjelpe deg? Eg prøvde å ignorera førespurdnaden, men nei. Han stod på denne samaritanen. Kvifor det?, ville eg vita. Det ser vanskeleg ut, meinte han. Eg svara ikkje. Alle kan bli stive når dei blir eldre, meinte han. Javel, sa eg. Men eg tenkte: fy flate eller    对不起 som min kinesiske twitter- ven ville sagt. Dette var meir forsmedleg enn då folk reiste seg for meg på bussen i Berlin. Tenke seg...
I Beijing vil det gå greiare, trur eg. Tåka som eg les om i aftenposten idag, vil hjelpa meg. Når flygarane ikkje eingong ser flyplassen, er det vel ingen samaritan som ser vetle meg. Eg får gå i fred på Den Himmelske Freds Plass. Eg kan menga meg blandt dei andre 20% av jordbuarane. Berre eg ikkje går meg vill då...
   

2 kommentarer:

  1. Det skal vere fredeleg på Den himmelske freeds plass nattetid. Anekdoten fortel at Nils Bjarne Bore - ein sporty og smågudeleg redaktør på kinabesøk - tok seg ein grytidleg morgonjoggtur, hadde han plassen for seg sjølv. Heilt til han såg ein mann kome i motsett retning, men i sakte tempo: Jahn Otto Johansen på veg heim frå fest.
    God tur, og god bursdag torsdag, kjære bloggkollega!

    SvarSlett
  2. Takk for hyggeleg helsing. Eg skal lova å ikkje jogga over Den himmelske freds plass.
    Ser fram til nye "Tankar om før og no"

    SvarSlett